Øyvind Bratberg og Kristin M. Haugevik (red.)

(2012). Det glemte partnerskapet. Norge og Storbritannia i et nytt århundre.

Oslo: Akademika forlag ISBN: 978-82-321-0103-0 Sider: 160

Medan banda mellom Noreg og Storbritannia aldri har omfatta så mange område som i dag, så har merksemda kring forholdet gått i motsett retning, og sjølve relasjonen blir i dag vigd lite systematisk merksemd og kritisk diskusjon. Dette paradokset er utgangspunkt for boka Det glemte partnerskapet. Norge og Storbritannia i et nytt århundre, og forfattarane har som formål å snu denne tendensen.

Boka er delt inn i tre hovuddelar og ni kapittel: Den fyrste delen samanliknar det politiske systemet i dei to landa. Den andre delen tar for seg dei utanrikspolitiske relasjonane, medan den siste delen ser nærare på politiske og kulturelle område der Noreg og Storbritannia har vore inspirasjonskjelder for kvarandre. Boka har ti bidragsytarar, dei fleste med ein statsvitskapleg bakgrunn, men fagfelta historie og litteraturvitskap er også representerte.

Dei politiske systema

Delen om dei politiske systema startar med Øyvind Bratberg og Trond Nordbys kapittel om norsk og britisk parlamentarisme. Her er det overordna spørsmålet kvifor dei to landas styreformer utvikla seg slik dei gjorde: Kva slags drivkrefter og idear påverka utviklinga? Bratberg og Nordby går systematisk gjennom historisk utvikling og særtrekk, og diskuterer også eksplisitt Storbritannias påverknad på utviklinga i Noreg. Sjølv om dei startar allereie på 1700-talet og har liten plass å boltre seg på, er det imponerande kor mange nyanser og moment dei greier å få med utan at det det overordna biletet går tapt. Avsluttingsvis drøftar dei stoda i dag og utfordringane dei to systema står overfor, utfordringar som i seg sjølv illustrerer dei historiske skilnadene mellom systema: Fører det norske konsensusdemokratiets vekt på samspel til ei pulverisering av ansvar? Og motsett i Storbritannia; har vekta på fleirtalsstyret ført til at samspelet med parlamentet og partia utanfor regjering er blitt for svakt?

Ein viktig og svært interessant forskjell mellom dei to politiske systema er valordninga, og dette er temaet i kapittel to som er skrive av Bernt Aardal og Dag Einar Thorsen. Kapitlet har som det førre ein godt strukturert og nyansert gjennomgang av den historiske bakgrunnen for dei to landas ulike ordningar. Utgangspunktet for dette kapitlet er at måten representantar veljast på seier mykje om dei verdiane som leggast til grunn for forholdet mellom veljarar og representantar. Ei historiserande samanlikning av dei to svært ulike valsystema gjev slik også auka forståing for både betydinga av ulike forståingar av demokratiet og veksleverknaden mellom politisk kultur og dei politiske institusjonane.

Sentralt i eit kvart demokratisk system står sjølvsagt også dei politiske aktørane, og då særleg dei politiske partia. Partirelasjonar på tvers av grensene er tema for det siste kapitlet i denne delen, der Øyvind Bratberg tar for seg banda mellom norske og britiske parti med utgangspunkt i ideologiske grunnposisjonar og politiske strategiar. Det er i hovudsak dei tre klassiske søsterpartirelasjonane som drøftast, dvs. tilhøvet mellom høvesvis Høgre og Det konservative partiet; Venstre og Liberaldemokratane og Arbeidarpartiet og Labour. Bratberg viser korleis samarbeidets form og omfang har variert og har vore avhengig av ei rekkje faktorar, bl.a. nasjonale skilnader, ulike ideologiske svingingar, enkeltpersonars interesser, personrelasjonar og kjemi, og ikkje minst om søsterpartia sat med regjeringsmakt samstundes. Avsluttingsvis trekkast også Framstegspartiets relasjonar til det konservative partiet inn, bl.a. med utgangspunkt i Carl I. Hagens sjølverklærte politiske oppvakning i studietida i Newcastle og dei ideologiske likskapane med delar av det konservative partiet.

Dei utanrikspolitiske relasjonane

Heilt sidan Noreg starta utforminga av ein sjølvstendig utanrikspolitikk etter unionsoppløysinga i 1905, har Storbritannia vore blant Noregs viktigaste allierte, og landa har framleis mange fellestrekk på den utanrikspolitiske arenaen. Trass i dette er relasjonane mellom dei to landa sjeldan emne for kritisk og systematisk merksemd, hevdar Kristin M. Haugevik i det fyrste kapitlet i delen om dei utanrikspolitiske relasjonane mellom Noreg og Storbritannia. Ho gjev eit syntetiserande historisk riss av dei ulike fasane i relasjonane etter 1905 og drøftar avsluttingsvis også kva som kan ligge bak det ho oppfattar som «forholdets beskjedne profil i dag». Som moglege forklaringar trekkjer ho blant anna fram den endra internasjonale konteksten som følgje av globaliseringa, andre alternative partnarar, manglande møteplassar samt landas ulike utanrikspolitiske profilar.

Jan Erik Grindheims kapittel tar for seg «Den besværlige unionen» og dreier seg om Storbritannia og Noregs forhold til europeisk integrasjon. Med utgangspunkt i den geopolitiske og idéhistoriske bakgrunnen drøftar han dei to landas forhold til Europa i eit sentrum-periferi-perspektiv og viser korleis dette har vore med på å forme landas syn på integrasjonsprosessane i Europa etter den andre verdskrigen. Grindheim åtvarar mot fara for at Noreg og Storbritannia kan bli politisk isolert i det framtidige europeiske samarbeidet dersom det fortset å utvikle seg i ulike hastigheitar, og konkluderer med at ingen av landa kjem unna den «besværlige unionen», sjølv om begge landa førebels «forblir interessert og assosiert, men ikkje absorbert».

Det tredje kapitlet i denne delen (og kapittel seks i boka som heilskap) dreier seg om det energipolitiske samarbeidet, eller som det blir omtalt som i kapittel-tittelen, «nykomaren» i det norsk-britiske forholdet. Kapitlet er skrive av Christina Solli og drøftar korleis dei nære banda mellom Noreg og Storbritannia har vore synlege i forvaltninga av ressursane i Nordsjøen og kva konsekvensar dette har hatt. Solli understrekar at samarbeidet heile tida har vore prega av ein høg grad av gjensidig tillit og god dialog, og ho meiner at samarbeidet ikkje berre byggjer på geografiske føresetnader, men også på sams haldningar og retningsliner for korleis ein skal utnytte petroleumsressursane og produsere energi. I sum konkluderer ho at det dermed er eit godt grunnlag for å hevde at energipolitikken i dag utgjer den viktigaste komponenten i det bilaterale forholdet mellom Noreg og Storbritannia.

Gjensidige inspirasjonskjelder, politiske og kulturelle spegelbilete?

Dei tre siste kapitla i boka tar for seg ulike politiske og kulturelle resepsjonsprosessar: om Storbritannia sett frå Noreg og Noreg sett frå Storbritannia. Atle Wold viser korleis det skotske nasjonalistpartiet (SNP) har nytta Noreg som modell når det gjeld bruk og forvalting av oljeinntektene. SNP har også ytra ynskje om å importere den sosialdemokratiske velferdsmodellen og har dessutan vektlagt likskapstrekk mellom landa når det gjeld naturressursar. Wold peikar likevel også på område der det er ein stor avstand mellom politikken til SNP og den norske modellen, og også mellom Noreg og Skottland generelt. Wold drøftar også kva SNP vil med modellen, og stiller spørsmål ved om ein oppriktig trur at Skottland kan bli det nye Noreg, eller om det primært dreier seg om ein strategisk retorisk bruk av modellen.

Det andre kapitlet i denne delen er skrive av Tore Rem og dreier seg om ei anna type utveksling, nærare bestemt den litterære utvekslinga over Nordsjøen med utgangspunkt i mottakinga av forfattarskapa til Dickens og Ibsen i høvesvis Noreg og Storbritannia. Rem understrekar at forholdet ikkje nødvendigvis har vore prega av gjensidigheit og likskap, men snarare av asymmetri der provinsen Noreg har måtta relatere seg til sentrumet Storbritannia. Dette har også påverka resepsjonen av Dickens og Ibsen: Medan «det engelske» ved Dickens sine tekstar ikkje var noko problem i den norske resepsjonen (og det framande blei oppfatta som positivt), var det som blei oppfatta som «det norske» i Ibsen sine tekstar eit problem når det gjaldt mottakinga i Storbritannia. Rem hevdar at desse konnotasjonane også kom til å farge dei meir generelle oppfattingane av Noreg og Skandinavia, og at ein slik sett kan snakke om ein tovegs fortolkingsprosess der idear om Ibsens nasjonalitet blir lese inn i tekstane hans, mens tekstane på si side blir oppfatta som representasjonar av det norske. Her understrekar Rem at det likevel også er snakk om ulike tidsfasar; Ibsen blei seinare gjort mindre framand og i aukande grad også anglifisert.

Det siste kapitlet i boka ser nærare på framstillinga av det britiske samfunnet i norsk offentlegheit. Jan Erik Mustad understrekar at Storbritannia i lang tid har hatt ei særstilling i norsk offentlegheit, men stiller spørsmål ved om det norske biletet av Storbritannia kanskje dreier seg meir om korleis Storbritannia var, enn korleis det er i dag? Mustad meiner at det i undervisninga om Storbritannia har blitt gjeve meir merksemd til historiske enn nyare forhold, og etterlyser auka analytisk merksemd kring den samtidige britiske kulturen. Når det gjeld medias dekning meiner Mustad at det i dag er grunn til å vere nøgd både med omfanget og kvaliteten. Mustad peikar også på at media truleg spela ei meir dominerande rolle i høve til nordmenns førestellingar om Storbritannia tidlegare enn det gjer no. Biletet har blitt meir mangfaldig og har også fått fleire kjelder.

Boka som heilskap

Dei aller fleste kapitla er historisk orienterte, og den systematiske samanlikninga og historiseringa av dei norsk-britiske relasjonane på ulike felt er ei av bokas klare styrkar. Bokprosjektet er også eit nybrottsarbeid, særleg fordi det samlar kunnskapane om norsk-britiske relasjonar mellom to permar. Eg syns også det er ein styrke at boka er eit resultat av eit tverrfagleg samarbeid og samlar tematikkar som normalt sett ikkje blir presentert saman. Dette kan gje lesarane nye innfallsvinklar og opne horisontar både hjå studentar og ålment interesserte. Kanskje er det slik at lesaren som i fyrste rekke er interessert i Sollis analyse av det energipolitiske samarbeidet, også gjennom boka vil fatte interesse for analysen av resepsjonen av Dickens og Ibsen, og vice versa.

Dei ni kapitla i boka er av til dels ulik karakter. Nokre artiklar er djupdykk i meir avgrensa emne, andre tar for seg lengre liner. Og medan fleirtalet av kapitla er utprega fagtekstar med hyppige referansar til faglitteraturen, fins det også meir essayistiske kapittel med færre referansar til faglitteraturen. Bratberg og Haugevik gjer ein god jobb i innleiinga med å binde tematikkane saman langs ulike aksar, men boka har likevel ikkje som heilskap eit veldig einskapleg preg. Det må likevel her leggast til at med såpass ulike tematikkar samla i ei bok, går det sjølvsagt ei grense for kor einskapleg boka kan bli.

Det overordna omgrepet «partnarskap» som bl.a. løftast fram i tittelen på boka, skaper også visse utfordringar med tanke på heilskapen. Kva partnarskap er det snakk om? Bokas tittel indikerer at det er snakk om ein partnarskap, og ein får i fyrste omgang inntrykk av at det dreier seg om partnarskapen mellom statar. Likevel er det i praksis naturlegvis stor skilnad på dei britisk-norske relasjonane i t.d. Haugeviks analyse av det utanrikspolitiske samarbeidet og Rems studie av litterær utveksling. Ein del av tekstane fortel om andre typar partnarskap enn den statlege, og i mange tilfelle er det også snakk om relasjonar som ikkje utan vidare kan kallast «partnarskap». I mange av artiklane er dessutan vekta lagt like mykje på ei rein samanlikning av den norske og britiske utviklinga som på det konkrete eksplisitte tilhøvet. Eg likar samanlikningane svært godt, og ville absolutt ikkje vore dei forutan, men dette illustrerer at partnarskapomgrepet ikkje alltid er like fruktbart. Så sjølv om partnarskapomgrepet signaliserer politisk aktualitet (og passar godt for nokre av analysane), så står det litt i fare for å underspele mangfaldet og nyansane, både internt og i relasjonane mellom landa, som tekstane sjølve løftar fram.

Boka er ikkje lang (om lag 150 sider), og mange stader fekk eg lyst til å vite meir, og å lese meir om dei ulike emna. Men det må kunne seiast å vere eit godt teikn når ei bok gjer ein lyst til å lese meir. Eg trur boka vil vere aktuell både for dei som er interesserte i norsk-britiske relasjonar generelt og dei som er interesserte i dei ulike emna spesielt. Boka er lettlest og ho vil også kunne fungere godt som innføring retta mot den interesserte ålmenta og studentar. Til dømes vil den fyrste delen som samanliknar dei politiske systema i Noreg og Storbritannia, kunne utgjere interessante problematiserande og kontrasterande døme og slik vere eit verdifullt pensum-tillegg til innføringsbøkenes meir generelle framstillingar.

Det argumenterast fleire stader i boka for at det bør skrivast meir om nettopp dei norsk-britiske banda fordi det er snakk om ein viktig relasjon for Noreg i dag. Eg vil ikkje nødvendigvis avvise dette, men likevel syns eg dette argumentet blir gjeve litt for mykje vekt i den overordna legitimeringa av boka. Denne tematikken er interessant av mange andre grunnar enn at det er ein viktig relasjon for Noreg i dag – noko tekstane sjølv demonstrerer.