Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Refleksjon og læring i praksisstudiane i psykisk helsevern ved hjelp av dagbøker

PhD, førsteamanuensis, Høgskolen i Sør-Trøndelag, kirsti.torjuul@hist.no

Cand.san., høgskolelektor, Høgskolen i Sør-Trøndelag, margret.g.wangen@hist.no

Cand.polit., høgskolelektor, Høgskolen i Sør-Trøndelag, guri.rasmussen@hist.no

Cand.polit., høgskolelektor, Høgskolen i Sør-Trøndelag, aase.fjortoft@hist.no

Denne artikkelen er eit resultat av ei gransking av innhaldet i dagbøker skrive av sju sjukepleiarstudentar og ein ergoterapistudent som deltok i eit prosjekt medan de hadde praksisstudiar i psykisk helsevern. Formålet var å belyse korleis studentane reflekterer og lærer i praksis gjennom å skrive dagbøker. Innhaldet blei analysert ved hjelp av Malterud sin analysemodell i fire trinn. Hovudtema i dagbøkene var studentane sine opplevingar, tankar og kjensler når dei prøvde å etablere kontakt med brukarane. Fem undertema i læreprosessen til studentane blei identifisert: møte med den andre, møte med seg sjølv, møte med den andre sine erfaringar, møte med den andre som likeverdig og møte med fagetiske dilemma. Funna tyder på at dagbokskriving kan vere eit nyttig reiskap i læreprosessen til studentane når dei skal oppøve relasjonelle ferdigheiter.

Nøkkelord: dagbøker, praksisstudiar, relasjonelle ferdigheiter, relasjonsbygging

Reflection and learning in clinical placement in mental health care by writing diaries

This paper is a result of analysis of diaries written by seven nursing students and one occupational therapy student, participating in a project in clinical placement in mental health care. The aim of the paper was to illuminate students’ reflection and learning in clinical placement through an examination of their diaries. Solicited diaries written by eight students were analyzed using a four-step model developed by Malterud. The main theme in the diaries was students’ experiences, thoughts and feelings when trying to develop relationships with patients. Five subthemes were identified: the encounter with the other, encounter with oneself, encounter with the other’s perspectives, perceiving the other as an equal and encounter with ethical dilemmas. The findings suggest that writing diaries may be useful in learning and developing students’ interpersonal skills.

Keywords: Clinical placement, interpersonal skills, relationship forming, solicited diaries
Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon