Reform 97 innførte seksåringsreforma med skulestart for seksåringar og ti år grunnskule. Lovnadene om kva denne reforma skulle gje av auka kunnskapar for elevane, var store. Artikkelen drøfter i kva grad desse lovnadene har vorte oppfylte. Det teoretiske grunnlaget for analysane er tidlegare reformforsking. I samsvar med denne forskinga er det lagt stor vekt på å gjere greie for dei politiske prosessane før, under og etter reforma, og kva dei har hatt å seie for utviklinga og resultata. Data er henta frå relevante nasjonale og internasjonale undersøkingar. Resultata tyder på at ambisjonane ikkje er nådde. Hovudforklaringa er knytt til ideologisk usemje, manglande oppslutning, sviktande politiske prosessar og lovnader som ikkje lét seg oppfylle.