I den første delen av artikkelen gjer vi i korte trekk greie for historia bak den nye barnehagelærarutdanninga. Den andre delen av artikkelen tek opp ulike sider ved iverksetjinga av den nye utdanninga frå myndigheitene si side og i institusjonane. Den tredje delen tek opp særleg utfordrande trekk ved reforma som resultat av iverksetjinga. Grunnlaget for artikkelen er den rapporten som vart utarbeidd av det faglege sekretariatet og følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga etter det første året av reformarbeidet.