Når elevar i skulen viser uro, har vi hatt lang tradisjon for å sjå på utfordringar hjå den einskilde eleven og eventuelt omgjevnadane. I liten grad har fokuset vore retta mot faktorar knytt til skulen som organisasjon. Det kan vere grunn til å sjå nærare på samanheng mellom kvaliteten av skulen som organisasjon og førekomsten av uro i skulen. Resultata frå denne studien tyder på at skulane der elevane rapporterer mest uro, har svakare profesjonell kultur enn skular med lite uro.