Terje Tvedt si bok Det internasjonale gjennombruddet (2017) skapte skarp debatt, og eit høgdepunkt i omfang og negativ kritikk var Jostein Gripsrud sin pamflett Norsk Hamskifte? (2018). Den akademisk funderte kritikken av Tvedt har med få unntak vore negativ, men fleire enn underteikna har nok vore engasjert uengasjerte: Vi har kjent at noko har stått på spel, men vi har også opplevd debatten som eit rom ein ikkje vil gå inn i, eit rom prega av epistemisk og politisk uvennlegheit.

Er det så mogleg, to år etter at det heile starta, å foreta ei relativt nøktern vurdering av desse bøkene, å prøve å rekonstruere og vurdere argumentasjonen deira på ein måte som gjer at teksten blir vurdert som tekst, utan at han vert teken til inntekt for den eine eller andre «sida» i ein polarisert debatt?

I forsøket på å gjere det, vil eg innleiingsvis skilje mellom ein kritisk-konstruktiv og ein avslørande lesemåte av tekstar. Ein kritisk-konstruktiv lesemåte søkjer etter ei plausibel og mest mogleg overtydande tolking av hovudargumentasjonen i ein tekst. Han søkjer å lokalisere veikskapar i analysen og sterke motargument som forfattaren burde handtere dersom bidraget skal verte meir interessant og overtydande. Og han kviler på eit symmetri-prinsipp: Teksttolkaren har som utgangspunkt at skribenten er han likeverdig, at skribenten er eit relativt fornuftig menneske som søkjer gode argument for sin posisjon. Då bør ein velje tolkingar der skribenten kjem ut som relativt fornuftig, og søkje å rydde unna inkonsistensar eller veikskapar som svekkar hovudargumentasjonen – også når ein sjølv meiner andre posisjonar samla sett er meir sakleg grunngjevne eller moralsk forsvarlege enn den posisjonen skribenten tek.1

Den avslørande lesemåten, derimot, søkjer primært etter veikskapar i teksten, relativt uavhengig av om desse er avgjerande eller mindre relevant for hovudanalysen. Han kan ha gode motiv, vere basert på meir eller mindre velgrunna fordommar mot skribenten eller teksten, eller han kan oppstå under lesinga, til dømes fordi teksten bryt med sjangerkrav til ein akademisk tekst. Og han kviler på antakinga om ein asymmetrisk relasjon mellom kritikar og skribent: Kritikaren overskuar noko skribenten sjølv ikkje ser eller ønskjer å halde skjult. Ein vanleg versjon av denne lesemåten er mistankens hermeneutikk, som i visse former for ideologianalyse. I slike versjonar vert diskusjonen lett vedvarande regressiv: A (skribenten) avslører ein ideologi som B (kritikaren) vert assosiert med, og B avslører ideologien som A nyttar som premiss for ideologianalysen som råkar B. Ein slik gjensidig avsløringslogikk kan medføre at spelereglane for debatten vert endra frå akademiske normer om saklegheit og etterettelegheit, til politisk retorikk der det handlar om å «vinne» debatten ved å tilbakevise motparten sine svakaste argument, heller enn å gje seg i kast med dei sterkaste argumenta, eller ved å så tvil om motparten sine kognitive eller moralske kvalitetar.

Begge desse lesemåtane kan vere intellektuelt produktive. Men eg trur vi ofte står oss på å nytte den kritisk-konstruktive lesemåten når vi diskuterer samfunnsfaglege bidrag som omhandlar tema der politisk polarisering verkar som kraftfelt som trugar med å underminere dei krava vi normalt stiller til ein opplyst, akademisk samtale. Eg skal difor, i denne vurderinga av Tvedt og Gripsrud sine bøker, søkje å gje ei kritisk-konstruktiv tolking – av begge bøkene.

Det internasjonale gjennombrotet

Med omgrep som godheitsmakt og godheitsregime har Loga (2002) og Tvedt (2005) synleggjort at det på visse politikk-område med «gode føremål» er etablert maktstrukturar som vert understøtta av ein diskurs som utdefinerer saklege motargument som umoralske. Med eit slikt perspektiv har Tvedt tidlegare gjort interessante analysar av bistandspolitikken, og eg høyrer til dei som har meint det også kan vere fruktbart for å analysere andre felt, som helsepolitikken (Bringedal & Osland, 2010). Det internasjonale gjennombruddet inneber ei utviding av denne type analyse til innvandringspolitikken og meir generelle utviklingstrekk i norsk politikk.

Hovudtesen til Tvedt er at Noreg i løpet av 50–60 år har blitt dramatisk forandra som nasjonalstat og samfunn. Tvedt analyserer endringsprosessar på tre ulike felt (s. 15): 1) bistandspolitikken, der Noreg har teke ein sentral posisjon som stormakt i eit internasjonalt bistandsregime dominert av idealistiske, men indirekte også nyttemaksimerande organisasjonar, 2) innvandringspolitikken, der Tvedt særleg er opptatt av innvandring frå land utanfor EØS, og den relativt store andelen immigrantar frå Asia og Afrika, og 3) framveksten av ein ny politisk elite som har fått definisjonsmakt på desse to politikkområda (det Tvedt kallar internasjonaliseringsprosessane) og på det han omtalar som «nasjonens dannelse» (s. 15). Denne nye eliten gjev han nemninga «det humanitær-politiske komplekset».

Denne eliten representerer eit godheitsregime som reduserer svært kompliserte politiske spørsmål til enkle moralske dikotomiar (s. 272), han ser på seg sjølv og grunngjev maktutøvinga si med «…en «sense of moral distinction», det vil si; med en følelse av moralsk overlegenhet» (s. 286). I boka vert omgrepet ytterlegare skjerpa og omtalast som godheitstyranni, inspirert av omgrepet «soft totalitarianism», for å fange inn «utøvelse av totalitær makt skjult bak moralsk makt» (s. 272). Godheitstyranniet tek form av ulike legitimeringsstrategiar på ulike politikkområde: I bistandspolitikken er menneskerettar overordna ideologi, i innvandringspolitikken er det multikulturalismen.

Datagrunnlaget omfattar analyse av politiske dokument, særleg NOU-ar og stortingsmeldingar, vitskaplege og andre offentlege publikasjonar og medieoppslag. Sentralt i analysen er studiet av den politiske retorikken og konsensusen om nokre kjerneverdiar som er felles for alle parti – med unnatak av Framstegspartiet. Studiet av bistandsfeltet rommar også fleire case-studiar av mislukka bistandsprosjekt, det mislukka statsbyggingsprosjektet i Sør-Sudan og krigen mot Libya.

Analysen av innvandringsfeltet startar med å skildre endringar i befolkningsstruktur «med radikale følger på en lang rekke områder som ennå ikke kan overskues» (s. 17), i eit land som i løpet av nokre tiår er omforma frå ein homogen nasjonalstat til eit multikulturelt samfunn med 700 000 innvandrarar og 150 000 innbyggjarar født av innvandra foreldre. Tesen er at styresmaktene har mangla ein overordna innvandringsstrategi, innvandringspolitikken og innvandringa er driven fram av mekanismane i asylinstituttet, familieinnvandring og opphald på humanitært grunnlag. Denne analysen baserer seg serleg på stortingsmeldingar, studiar av politisk retorikk og av media. I ein periode med ein liberal innvandringspolitikk og sterk innvandring frå muslimske land, er mediebiletet ifølgje Tvedt prega av at ein ikkje ønskjer å skape fiendebilete. Leiarskribentane «…utviste en bemerkelsesverdig tilbakeholdenhet når det gjaldt å knytte islamisme til terrorisme og islamisme til islam» (s. 198).

Tvedt sin diagnose er at den politiske eliten ikkje lenger er i stand til å formulere kva norsk politisk kultur er eller bør vere. Norsk statsbyggingsideologi har tradisjonelt vore prega av ei forståing av demokratisering og nasjonsdanning som integrerte prosessar, og byggjing av politiske institusjonar som har bygd bru over klassemessige og kulturelle konfliktliner og har skapt eit relativt egalitært samfunn. Dette er no historie. Ifølgje Tvedt «er det mulig å si at prosjektet med å dekonstruere nasjonalstaten langt på vei hadde vunnet intellektuelt hegemoni i 2008« (s. 226), og den politiske leiinga har «sluttet opp om en multikulturell statsbyggingsideologi som vektla aksept av kulturell forskjell og verdipluralisme som samfunnsnorm» (s. 158).

Gitt mi tolking av hovudtesane i boka, peikar nokre hovudspørsmål seg ut: i) Er analysane av dei to politikkområda bistands- og innvandringspolitikk velgrunna, empirisk og analytisk? Kor velgrunna er analysen av samanhengen mellom dei i form av, ii) legitimeringsstrategiane «universelle menneskerettar» og «multikulturalisme» under vignetten «godheitstyranni», som også er det ideologiske grunnlaget for iii) ein ny politisk elite som kan konseptualiserast som «det humanitær-politiske kompleks»? Og iv) kva er gyldigheitspretensjonen for Tvedt si analyse? Analysen viser utover desse to politikkområda, og mot noko han kallar «nasjonens dannelse» og «statsbygging», men kva ligg det i det?

Pamflett mot Tvedt

Gripsrud presenterer boka si som ein pamflett, som ein reaksjon på at han irriterte seg sterkt over hovudpåstandar i boka til Tvedt og måten ho vart diskutert på. Han omtalar Tvedt som «en særs ambisiøs historiker» som lanserer og argumenterer for tre hovudtesar (s. 14–15):

  1. ein tese om fire fasar i Noregs utvikling dei siste 200 åra, der den fjerde fasen er det internasjonale gjennombrotet (1963–2004/15),

  2. ein historisk-sosiologisk tese om framveksten av ein ny politisk elite som har erobra definisjonsmakta og «…implisitt, ført folket bak lyset for å fremme sine egne interesser gjennom både statlig finansiert global bistand og massiv innvandring». Tesen til Tvedt er «konspiratorisk vinklet» og formulert med vidtrekkande konsekvensar: Ifølgje Tvedt «fins det ikke lenger noen norsk nasjonalstat, ikke noe nasjonalt fellesskap (…) Og dette er «bistandseliten(e)s (etc.) verk».

  3. «…en slags ideologihistorisk tese som går ut på at eliten(e) han mener har tatt makten, har innført menneskerettighetene som en slags «sekulær religion» og gjort multikulturalismen til «statsbyggingsideologi».

Gripsrud innleiar boka si med fleire tema som peikar utover det å tilbakevise desse tesane. Han startar med å adressere den politiske mottakinga ho fekk, og begeistringa ho vekte blant innvandringskritikarar som Hege Storhaug. Han går vidare med ein retorisk analyse som tek sikte på å avsløre Tvedt sin sjølviscenesetjing som historikaren med olympisk overblikk, for så å presentere ein kritikk av at Tvedt bryt med akademiske normer, som krav til presis omgrepsbruk, referanse- og kjeldebruk.

Slik Gripsrud ser det, heng alle tre tesene han tilskriv Tvedt på « … påstanden om et epokalt brudd i 1962–63. Derfor er denne påstanden et hovedmål for kritikk i denne boka.» (s. 46). Gripsrud brukar difor mykje plass på å dokumentere at «…bildet av Norge som en fredsnasjon med humanitær profil går langt over hundre år tilbake i tiden» (s. 72), med innlagte skildringar av Bjørnson, Nansen, Nobelkomiteen, misjonstradisjonen, norsk barnekultur og Erik Bye som «godheitstyranni-agent» før det påstått epokale brotet.

Gripsrud nyttar også mykje plass på kritikk av Tvedt sine perspektiv på menneskerettar. Han framhevar at menneskerettar har ein lang tradisjon i norsk historie, og at dette ikkje er utelukkande vestlege verdiar, «[m]en det viktigste Tvedt i sin kritikk av den «vestlige» såkalte menneskerettighetsuniversalismen unnlater å ta opp, er forholdet mellom genese – opprinnelse – og gyldighet». Det at Menneskerettserklæringa « …ikke har oppslutning og ikke praktiseres overalt i verden, heller ikke i Vesten, er helt irrelevant for om den kan sies å ha universell normativ gyldighet» (s. 128).

Boka munnar ut i ein analyse av norsk innvandringsdebatt, som først og fremst har «… vært preget av en bred konsensus i partipolitikken om at Norge skal ha en kontrollert, regulert innvandring preget av humanitære hensyn og hensynet til internasjonale konvensjoner» (s. 180). Og debatten har romma eit mangfald av synspunkt, som dei nyanserande stemmene til Ottar Brox og Unni Wikan, og sterke motstemmer ifrå slike som Arne Myrdal på 80–90-talet, og sjølvsagt, og ikkje minst, Framstegspartiet .

Den avslørande lesemåten

Det er ikkje heilt opplagt kva det bør innebere å gje ei kritisk-konstruktiv tolking av boka til Gripsrud. Med sjangernemninga pamflett har han gjeve seg sjølv rom for å renonsere på saklegheitskrava til sin eigen tekst, mens han opprettheld dei ovanfor Tvedt. Truleg er den viktigaste veikskapen ved boka som mobiliserande pamflett, at Gripsrud tidvis går så langt at også mange meiningsfellar vil meine at han går altfor langt i å tilleggje Tvedt ytterleggåande motiv og meiningar – som her: «En leser som vet dette, vil måtte spørre seg om Tvedt egentlig vil gå tilbake til tvangsassimilering og marginalisering av samer samt kvener, rom, romanifolket, skogfinner og jøder…» (s. 50). (Det lesaren har fått vite av Gripsrud, er at Tvedt underbyggjer ein påstand om regjeringa sin politikk med ein fotnote som ikkje dokumenterer dette.)

Eg skal ikkje forfølgje spørsmålet om korleis boka fungerer som pamflett, men vende merksemda mot spørsmålet om Gripsrud sin kritikk er godt grunngjeven. Kva skal vi så meine om det?

Eit av dei områda der Gripsrud sin kritikk gjennomgåande verkar godt belagt og framstår som alvorleg og velgrunna, er påpeikinga av at Tvedt si bok er prega av lite transparent, manglande eller feilaktig bruk av referansar og kjelder (s. 46 osb.). Denne type feil og manglar, som også har gått igjen i kritikken frå andre, set kontrakten mellom lesar og forfattar i spel. Sjølve grunnlaget for å diskutere ein samfunnsfagleg tekst er at argumenta kan etterprøvast, logisk og empirisk. Kritikken omhandlar slik meir enn spørsmålet om dei konkrete påstandane har eit empirisk belegg som ikkje går fram av referansane, eller om manglane omfattar påstandar som er sentrale for hovudanalysen (sjå til dømes debatten mellom Pharo (2019) og Tvedt (2019)). Han omhandlar brot på normene som regulerer den akademiske samtalen.

Derimot er eg skeptisk til Gripsrud sin rekonstruksjon av fleire av Tvedt sine tesar. Eg kan ikkje sjå at han har godt grunnlag for påstanden om at Tvedt har ein tese om fire fasar i Noregs utvikling dei siste to hundre åra, der Tvedt er skildraren av den fjerde fasen. Ein kan sjølvsagt sjå Tvedt sin bruk av Jens Arup Seip sin tale om eittpartistaten i 1963 som uttrykk for at han med dette pretenderer å gå inn i tradisjonen frå Seip og andre historikarar som har hatt slike ambisiøse mål. Men det er langt meir rimeleg å sjå Tvedt sin bruk av Seip som det han sjølv seier det er; eit bilete av samfunnet anno 1963. Eg kan ikkje sjå at Tvedt har ambisjonar om ein heilskapleg analyse av norsk politisk utvikling dei siste 60 åra.2 Og eg kan heller ikkje sjå at Gripsruds gjennomgang av Noregs langvarige historie som fredsnasjon svekker Tvedt sin analyse av perioden frå 1960-åra og utover; tvert om kunne han vore nytta for å belyse godheitsregimet sine historiske røter.

Konspirasjon? Ideologi-analysen som tolkingsproblem

Den politiske kritikken av Tvedt er meir vrien, og for å få tak på det, trur eg vi først bør sjå nærare på visse problem ved ideologianalysen hans. Eg skal illustrere det gjennom framstillinga hans av Noregs «krig for menneskerettar i 2011», då norske jagarfly, under NATOs leiing, spela ei nøkkelrolle i bombinga av Libya og Gaddafi-regimets fall. Tvedt legg sterk vekt på legitimeringsgrunnlaget, som i dette sitatet frå dåverande utanriksminister Gahr Støre sin tale 1. mai: «Verdenssamfunnet sier klart fra om at universelle menneskerettigheter er nettopp det – universelle og gjelder for alle.» (s. 100). Og Tvedt hevdar vidare at ingen av politikarane på Stortinget eller «lederne i det humanitær-politiske komplekset» seinare har lært noko av eller teke ansvar for dei feilvurderingane dei gjorde denne våren.

Ei første velviljug tolking kan vere slik: Den norske politiske eliten si forståing av menneskerettar som universelle, rommar manglande evne til å anerkjenne at dei sjølve er aktørar i ein politisk og tidvis militær kamp der dei søkjer å nedkjempe andre verdiar. Dei søkjer å universalisere menneskerettane – om naudsynt med militær makt. Og dei manglar evne til å diskutere og korrigere eigne feilvurderingar, som når humanistisk motiverte intervensjonar kolliderer med ein røyndom prega av framveksten av fundamentalistisk islam – tidvis, som i tilfellet Libya, i kjølvatnet av intervensjonane.

Vidare kan ein argumentere for at analysen til Tvedt rommar relativt ukontroversielle analytiske utgangspunkt (noko som ikkje tyder at dei er uproblematiske, men den diskusjonen høyrer ikkje til her). Han er – som mange samfunnsforskarar – oppteken av ideologiar og legitimeringspraksisar. Han drøftar ikkje normative spørsmål (til dømes om menneskerettane bør vere universelt gyldige), men studerer verdiar og normer som empiriske fenomen. Her finn eg Gripsrud sin kritikk lite overtydande.

Tvedt argumenterer vidare for at ideologien om universelle menneskerettar har fått ein status og betydning i den politiske debatten som utdefinerer sakleg kritikk som umoralsk eller irrelevant, og som hindrar meiningskorreksjon: Den politiske retorikken rommar bilete av korleis verda med rette skal forståast, som hindrar eit adekvat blikk på korleis ho er. Her vidarefører Tvedt kritikken han over fleire tiår har retta mot norsk venstreside og bistandsorganisasjonar. Også dette er ein analyse som i alle høve langt på veg kan diskuterast på eit empirisk grunnlag.

Derimot finn eg andre trekk ved ideologianalysen til Tvedt meir problematiske.

  1. Eg finn det litt vrient å få tak på Tvedt si forståing av forholdet mellom aktørane sine legitimeringspraksisar og motiva og analysane deira. Når Tvedt sardonisk skildrar Støre si vektlegging av universelle menneskerettar som grunnlag for intervensjonen i Libya, får eg nesten inntrykk av at han trur Støre og andre politikarar trur på sine eigne argument. Ei alternativ tolking kunne ta feste i ei etablert forståing av det norske engasjementet i Afghanistan: Vi er med der NATO går, medan humanitære omsyn og demokrati er argument formulerte for å få legitimitet i heimleg opinion (Matlary, 2012). Då Toje (2012) argumenterte for at det norske narrativet i Afghanistan henta inspirasjon frå bistandsdiskursen (nettopp med referanse til Tvedt) munna det ut i ei drøfting om i kva grad slike legitimerande narrativ styrer forståinga av røyndommen. Det er merkverdig at Tvedt sjølv i liten grad går inn i denne type alternativtolkingar i denne boka.

  2. Tvedt sine analysar er prega av at dei vekslar mellom reint deskriptive og meir normativt evaluerande utsegner. Dette gjeld både på førsteanalysenivå, når han er tett inn på teksten, og kombinerer sitat frå aktørane med eigne utsegner om at aktørane er ureflekterte og prega av eit forenkla og sjølvgodt verdsbilete (jf. Libya-dømet ovanfor). Og det gjeld i valet hans av analytiske omgrep, ikkje minst omgrepet godheitstyranniet, som ikkje berre skildrar eit fenomen, men også rommar ei sterk evaluering av dette fenomenet.

Eg ser altså nokre vesentlege tolkingsproblem og veikskapar ved ideologi-analysen til Tvedt. Gripsrud går imidlertid lenger: «Boka presenterer i bunn og grunn en konspirasjonsteori med mange og lange fotnoter.» (s. 20). Gripsrud vrir her uklarheitene og det problematiske i Tvedt sin ideologi-analyse, til ein eintydig posisjon som eg ikkje kan sjå at han har grunnlag for.

Derimot synes eg Gripsrud si påpeiking av den politiske verknadskrafta til Tvedt er interessant. I kva grad og på kva måte står ein samfunnsforskar ansvarleg for den politiske bruken av ei bok? Spørsmålet vert skarpstilt i ei tid då tekstbrokkar og -tolkingar sirkulerer på nettveven, med stor fart og i komplekse og uoverskodelege mønster, i ulike ekko- og motlydskammer, til dømes på Facebook. Og ein kan argumentere for at det er urimeleg å halde ein samfunnsforskar ansvarleg for den politiske sirkulasjonsverdien til ein tekst; han kan berre gjerast ansvarleg for haldbarheita av analysen.

Eg trur likevel ikkje dette er eit tilstrekkeleg forsvar for Tvedt, av to grunnar. For det første fordi dette omhandlar politisk sirkulasjon av deskriptivt-evaluerande analyser og omgrep. Med godheitstyranniet har Tvedt mynta eit omgrep som er sterk og gangbar valuta for dei som er innvandringsmotstandarar, og omgrepet er, slik eg ser det, unødig og feilaktig moralsk lada. Å omtale normaldiskursen på bistandsområdet som utøving av totalitær makt skjult bak moralsk makt, inneber både å relativisere det totalitære og å gjere politikarar som Gahr Støre til representantar for totalitær tenking.

For det andre rettar Tvedt kritisk merksemd nesten eintydig mot det han omtalar som det humanitær-politiske komplekset, ikkje mot den samla diskursen på innvandringsfeltet. Ein breiare analyse ville – som Gripsrud viser – ha inkludert ein analyse av ideologien til Framstegspartiet og figurar som Sylvi Listhaug.

Det er slik interessant at Tvedt sin analysestrategi er runnen ut av ein maktkritisk tradisjon innafor norsk samfunnsforsking som oftast understøttar politisk maktkritikk frå «venstresida», medan vi her står andsynes ei bok som omhandlar felt der den politiske maktkritikken kjem frå «høgre», også frå aktørar som har eller spelar på rasistiske motiv. Då får denne type samfunnsfagleg maktkritikk heilt andre politiske konnotasjonar og verknader – og kritikk.

Element i ein positiv rekonstruksjon av Tvedt sin argumentasjon

Ei vennleg lesing av Gripsrud kan vere at han har skrive ein pamflett mot det han oppfattar som ein pamflett frå Tvedt si side. Han avslørar avsløraren Tvedt. Men kanskje kan denne konfliktlina rekonstruerast om vi framleis tek Tvedt si bok på alvor som samfunnsvitskapleg bok og nyttar kritikken som har kome til å nyansere gyldigheita av argumenta hans. Eg skal avslutningsvis, ved å vende attende til dei hovudspørsmåla eg stilte til analysen innleiingsvis, og nytte Gripsrud og andre (særleg Grete Brochmann sine innlegg i Morgenbladet) sin kritikk av Tvedt, skissere nokre element i ein slik rekonstruksjon. Skissa har sjølvsagt, sidan innvandrings- og integreringspolitikken ikkje er mitt forskingsfelt, tentativ karakter.

  1. Tvedt kunne klarare ha situert analysen sin innafor innvandrings- og integreringspolitikken som heilskap, eit politikkområde som mellom anna omfemnar EØS-avtalen og arbeidsinnvandringa. Tvedt gjer ikkje noko klart skilje mellom det nesten alarmistiske rommet han etablerer (700 000 innvandrarar med sine radikale følgjer), og den delen av innvandringspolitikken som analysen hans omfattar. Og han kunne ha situert ideologianalysen sin i høve til institusjonelle ordningar som er sentrale i politikkutforminga, som UDI-regimet med sine særeigne omsyn og dilemma i konkretiseringa og vektinga av menneskerettsomsyn, velferdsstatsinstitusjonar som arbeidsinkluderingsregimet, og skulen som kultur- og integrasjonsinstitusjon. Ein annan veikskap ved analysen av den politiske diskursen er som nemnt at han langt på veg ekskluderer ein sentral aktørar som Framstegspartiet, som har sete i regjering og hatt dei fleste justisministrane sidan 2013. Det er grunn til å tru at slike breiare analyser ville ha nyansert og kanskje beint ut avkrefta Tvedt sin tese om multikulturalisme som den dominerande ideologien innan feltet (jf. til dømes Brochmann & Djuve, 2013).

  2. Eg finn det problematisk at Tvedt rubriserer legitimeringsstrategiane «universelle menneskerettar» og «multikulturalisme» under vignetten «godheitstyranni». Tvedt hadde stått seg på å nedtone det «totalitære» ved godheitstenkinga, og vende attende til Weber sitt omgrep om sinnelagsetikk. Weber skildrar «den avgrunnsdype motsetningen» mellom det å handle etter den sinnelagsetiske maksima, der ein gjer det ein meiner er rett, og legg følgjene i Gud eller lagnaden sine hender, «og det å handle etter den ansvarsetiske maksime, som sier at man må svare for følgene av sine handlinger.» (1971, s. 42). «(…) [A]nsvarsetikeren føler seg ikke i stand til å velte ansvaret for følgene, så langt han kan forutse, av egne handlinger over på andre. Han vet: Disse følgene blir ført tilbake til mine handlinger.» (s. 43) Ved å skilje mellom dårleg empirisk informert sinnelagsetikk og godt empirisk informert ansvarsetikk, kan ein truleg få klarare fram kva som vantar i mange politiske diskusjonar. I eit slikt lys er ikkje problemet med intervensjonen i Libya nødvendigvis at ein utøver vald for å realisere menneskerettar; det kan vere ein paradoksal, men naudsynt del av politikken. Problemet er dei utilsikta verknadane av intervensjonen og at kunnskap om dei ikkje verkar meiningskorrigerande i eit sinnelagsetisk univers.

  3. Tvedt har gjeve gode analyser av elitegrupperingar som legitimerer seg gjennom sinnelagsetiske argument, men han er ikkje overtydande når han omtaler dette som «det humanitær-politiske kompleks» som har hegemoni i innvandringspolitikken og andre meiningsdannande felt. Problemet med at han utdefinerar andre elitesjikt frå analysen, vert tydeleg om vi ser utover norsk politikk og til land der nye politiske elitegrupperingar har vunne politisk makt gjennom mobilisering av etnisk fellesskap og innvandringsmotstand. Desse nye politiske elitegrupperingane hentar støtte frå eit mangfald av sosiale grupper, og sterk merksemd mot veljargrunnlaget deira i arbeidarklassa og marginaliserte grupper som er lydhøyre for «elitekritikk», kan forblinde oss frå å sjå den sterke støtta dei også har frå elitegrupper i næringsliv og media. Analyser som berre rettar merksemda mot andre, tradisjonelle elitesegment (som Tvedts «humanitær-politiske kompleks») blir både sosiologisk og politisk sett eindimensjonale.

  4. Tvedt sin hypotese om eit statsbyggingsprosjekt i forlegenheit og politiske elitegrupperingar som famlar etter samanbindande og mobiliserande forteljingar, kunne vore endå meir interessant dersom han vart kontrastert til konkurrerande elitegrupperingar som har meir profilerte og eintydige bodskapar basert på etnisk-nasjonal mobilisering og som søkjer å inkorporere den folkeleg-demokratiske statsbyggjingshistoria i si forteljing. Ein slik kontrast kunne kanskje ha styrka grunngjevinga for og innhaldet i Tvedt sin analyse. Det er eit ugjenkalleleg faktum at Noreg i løpet av nokre tiår har blitt endra til eit multikulturelt samfunn, og at dette stiller oss i ein situasjon der forteljinga om kva Noregs politiske fellesskap består i, må omskrivast. Det gjer analysen av ideologien og retorikken til ansvarlege politikarar til eit sentralt studie- og diskusjonsobjekt.

Polemikkens pris

Eg trur altså det burde finnast møtepunkt mellom Tvedt og kritikarar av Gripsrud sin type. Gripsrud har sjølv etterlyst ein innvandringspolitisk debatt prega av «…saklige diskusjoner hvor reelle uenigheter skilles fra skinnuenigheter, og der mulighetene for brukbare kompromisser undersøkes.» (s. 257). Det stiller, må vi tru, også krav til den akademiske samtalen. Men vi har altså vore – og er – vitne til ein polarisert debatt med svært sterk ordbruk, også blant akademikarar, til heilt i det siste (jf. Bangstad & Abdi (2019).

Det er sjølvsagt usikkert kva samfunnsvitskapen kan yte i møtet med ein polarisert offentlegheit. Men vi kunne håpe at akademikarar og intellektuelle kan verke som integrerande element, ikkje berre i kraft av at vi – som mange andre – ser at vi i innvandringspolitikken står overfor store og vanskelege dilemma, men også i kraft av måten vi snakkar på, evna vår til å sortere ut mistydingar og reformulere konfliktar til produktive meiningsskilnader. Det er kanskje for mykje å håpe på. Men det er, trass i alt, noko av det etiske fundamentet for det vi driv med. Då kan vi kanskje avslutte med eit anna Weber-sitat: «Den som i det hele tatt vil drive politikk, og især som yrke, må være klar over de etiske paradokser som knytter seg til den politiske virksomhet, og over sitt ansvar for hva det blir av ham selv under trykket av disse paradokser.» (s. 47) Og vi kan tenke over korleis dette sitatet skulle omskrivast for dei av oss som vil drive samfunnsforsking, og har det som yrke.

Referansar

Bangstad. S & Abdi, M. (2019). Tvedts metode. Nytt norsk tidsskrift, 36(1), 64–76. https://doi.org/10.18261/issn.1504-3054-2019-01-07

Bringedal, B. & Osland, O. (2010). Primum non nocere? Om overmot og varsomhet i helsetjenesten. Nytt Norsk Tidsskrift, 27(4), s. 355-366.

Brochmann, G & Djuve A.B. (2013). Multiculturalism or Assimilation? The Norwegian Welfare State Approach. I P. Kivisto & P. Wahlbeck & Ö (Red.). Debating Multiculturalism in The Nordic Welfare States (s. 19–246). Basingstoke: Palgrave MacMillan.

Gilje, N. (2019). Hermeneutikk som metode. Ein historisk introduksjon. Oslo: Det Norske Samlaget.

Gripsrud, J. (2018). Norsk hamskifte? En kritikk av Terje Tvedt, et betinget forsvar for godheten og en etterlysning av midtbanen i innvandringsdebatten. Bergen: Vigmostad og Bjørke.

Loga, J. M. (2002). Godhetens makt og den norske offentlighet. Kvinneforskning 4/02.

Matlary, J.H. (2012). Fornektelse og forpliktelse i Afghanistan. I Dyndal, G.L & Knutsen, T.L. (Red.), Exit Afghanistan (s. 110–119). Oslo: Universitetsforlaget.

Pharo, H.Ø. (2019). Terje Tvedts historier. Historisk tidsskrift, 98(2), s. 191-202. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2019-02-05

Toje, A. (2012). Fortellingens makt. Narrativer i Afghanistan-operasjonen. I Dyndal, G.L & Knutsen, T.L. (Red.), Exit Afghanistan (s. 194–202). Oslo: Universitetsforlaget.

Tvedt, T. (2005). Det nasjonale godhetsregimet. Om utviklingshjelp, fredspolitikk og det norske samfunn. I I. Frøysnes. & L. Kjølsrød (Red.), Det norske samfunn (s. 482-510). Oslo: Gyldendal Akademisk.

Tvedt, T. (2017). Det internasjonale gjennombruddet. Fra «ettpartistat» til flerkulturell stat. Oslo: Dreyers forlag.

Tvedt, T. (2019). Om verdien av besinnelse og uavhengighet i vitenskapen. En kommentar til Helge Pharo. Historisk Tidsskrift, 98(3), s. 265–273. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2019-03-05

Weber, M. (1971). Makt og byråkrati. Oslo: Gyldendal Forlag.