Fra evig vekst til grønn politikk er ei viktig bok som går rett i kjernen av det kanskje mest prekære spørsmålet i vår tid; korleis vi kan utforme ein miljøpolitikk som gjer oss som samfunn i stand til å møte utfordringane klimaendringane stiller oss overfor. Det er også ei svært ambisiøs bok. Hammer søkjer å utforske den grøne politikken sine moglegheiter og retningsval. Han søkjer også å vise dei mange og komplekse samanhengane som har ført til den vekstdiskursen som dominerer dagens samfunn, og som setter rammer for kva miljøpolitikk det er mogleg å føre. Gjennom ei rekke eksempel frå ulike historiske epokar viser Hammer korleis det han ser som ulike politiske, teknologiske og kulturelle strømmingar får kraft til å endre røynda. Han viser framveksten av nyliberalismen og ein sterk vekstdiskurs, og korleis denne dels blir vidareført og dels utfordra gjennom framveksten av ulike grøne alternativ. Boka er såleis ikkje berre ein analyse av grøn politikk med sine nyansar og mange dilemma, men også ein omfattande analyse av kva ideologiar og praksisar som utgjer vilkåra for ein politikk som tar økologisk berekraft som utgangspunkt. Hovedfokus i boka er på brytninga mellom økonomisk vekst og økologisk avgrensning.

Boka bygger på eit diskursteoretisk utgangspunkt. Hammer er ein av pionerane i diskursanalyse i norsk samfunnsforsking. I innleiingskapitlet gir han ei god og pedagogisk innføring i korleis diskursanalyse kan nyttast for å utforske komplekse politiske landskap, som miljøpolitikken sine mange utfordringar. Ved hjelp av diskursanalyse utmeislar Hammer det han ser som tre viktige diskursar: 1) ein sterk vekstdiskurs som over tid har prega vestlege samfunn, 2) økologisk modernisme som søkjer å foreine vekst og miljøomsyn, og 3) ein meir radikal økologisk diskurs, forankra i kravet om grøn transformasjon. Som diskursar har dei formande effektar; dei pregar det vi oppfattar som sant, viktig og naudsynt. Tesen som ligg som eit premiss for boka er at diskursen om økonomisk vekst og velstand dominerer på tvers av andre ideologiske skiljelinjer og dermed utgjer eit taust premiss for all politisk debatt – også den grøne politikken. Den økologiske modernismen, argumenterer Hammer, er den dominerande – og dermed mest formande – diskursen i dagens politiske klima. Han omtaler denne som ein både–og-diskurs, kor ein fokuserer på effektivt miljøvern samstundes som vekstdiskursen blir vidareført. Vekstdiskursen står så sterkt at han synes vanskeleg å problematisere. Ein konsekvens er at sjølv om mest alle aktørar i dagens politiske landskap ønskjer å vere miljøbevisste, hentar dei stort sett verkty frå vekstpolitikken si verktykasse.

Boka er delt inn i to delar, kor del A tar for seg vekstdiskursen og del B den økologiske modernismen og den meir radikale økologiske diskursen. Gjennom sine analysar får Hammer fram korleis dei ulike diskursane, både vekstdiskursen og dei ulike grøne alternativa, er samansette og fulle av brytningar og dilemma. I del A drar han dei lange linjene gjennom menneskeheita si historie, med referansar til alt frå Mosebøkene til Adam Smith og Karl Marx, frå den industrielle revolusjonen til utviklinga av nasjonalismen og den sosialdemokratiske velferdsstaten. Med referanse til m.a. Naomi Klein, argumenterer han for korleis marknadsdiskursen har prega våre møte med miljøproblem og klimaendringar – med kvotehandel som eit viktig grep. Forfattaren viser korleis naturen blir innlemma i eit økonomisk språk og korleis vekst er blitt eit taust og udiskutabelt premiss. Han argumenterer for at Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet opererer i eit felles diskursivt rom kor denne vekstdiskursen framleis står sterkt. I del B diskuterast framveksten av grøn motmakt, kor ikkje minst Miljøpartiet Dei Grøne gis ei viktig rolle og stor plass. Også her er analysane ambisiøse, med gjennomgang av korleis berekraft blei løfta inn i politikken gjennom Brundtlandkommisjonen, korleis vi gjennom m.a. FN sitt klimapanel har fått auka medvit om alvoret i klimaendringane, og korleis omgrepet antropocen blir brukt for å skildre tidsepoken vi er kome i; ein epoke kor vi menneske er i ferd med å endre kloden for all framtid. Han viser til at grøn politikk kan ta ulike former, som teknologioptimistisk økologisk modernisering – som han ser som ei samanveving av liberalisme, sosialisme og økologisme, eller som grøn transformasjon – kor økologien står sentrum. Økologismen drøftast opp mot og sjåast i samspel med andre ideologiar: liberalisme, sosialisme, konservatisme, anarkisme og feminisme. Med referanse til m.a. Arne Næss og pave Frans, drøftast etiske og moralske perspektiv, og moglege alternativ kor fokus flyttast frå materiell vekst til livskvalitet.

Sjølv om det er lett å sympatisere med forfattaren sitt ønske om å vise at endringsprosessar ikkje er eintydige, og at alt heng saman med alt, blir gjennomgangane av ulike ideologiar tidvis litt vel grundige, på grensa til tverande. For denne lesaren, som nok er over middels interessert i miljøpolitikk, er del B den mest interessante – særskilt den delen som omhandlar radikal økologisme. Hammer viser her korleis kravet om meir radikal grøn transformasjon veks fram som ein reell utfordrar til vekslinga mellom vekst og grøn modernisering. Dei politiske brytningane handlar om verkemiddel og tempo på vegen fram til eit klimavennleg samfunn. Eit voksande miljøradikalt perspektiv utfordrar ideen om at vegen til eit grønare samfunn kan gå gjennom framleis auka vekst. I avslutninga diskuterer Hammer ulike moglege kompromiss i miljøpolitikken, og argumenterer (om enn forsiktig) for at det å skape ei berekraftig framtid krev ein radikal kritikk av det etablerte vekstsamfunnet.

Hammer er sosiolog, men har også politisk erfaring – frå Høgre og seinare MDG. Det utgjer eit spanande utgangspunkt for boka, at analysane av vilkåra for grøn politikk kjem frå ein som både har norsk politikk som forskingsfelt og erfaring frå å stå i politiske dragkampar – i politiske parti forankra i ulike og konkurrerande diskursar. Sjølv seier Hammer at han har etterstreva å vere balansert i sine analyser. For å skrive boka har han trekt seg ut av politisk arbeid for å kunne’innta forskerens betraktende ståsted’ (s. 22). Han meiner debatten om klimaendringar og politiske løysingar er prega av at aktørane har manglande forståing for kvarandre sine tankesett. Dette ønskjer han at boka skal vere ei motvekt til, ved å fokusere på grunnlaget for og samspelet mellom ulike diskursar. For meg er insisteringa på eit nøytralt blikk overraskande, ikkje minst gitt forfattaren sitt vitskapsteoretiske utgangspunkt. Slik eg ser det, lykkast Hammer med sine ambisjonar om å vise ulike ståstader. Eg kunne likevel ønskje at forfattaren gjorde meir ut av sine politiske erfaringar. I strevet etter nøytralitet har han kanskje mista litt av den brodden analysen kunne hatt om han var mindre opptatt av å vere pragmatisk?

Hammer skriv godt og lettlese om viktige og kompliserte samfunnsprosessar. Fokuset på endring er styrken i boka. Utgangspunktet er heile vegen at den voksande erkjenninga av at effektane av klimaendringane kan bli katastrofale utløyser endringskraft. Det er denne krafta forfattaren vil forstå. Det grøne skiftet blei av Norsk språkråd kåra til årets nyord i 2015. Også her var argumentet fokuset det sett på endring. I klimadebatten og forskinga snakkar ein ikkje lenger berre om klimatilpassing, stadig fleire peiker på behovet for radikal transformasjon om vi skal kunne nå måla i Paris-avtalen. Men korleis få til eit grønt skifte, i spenninga mellom kravet om framleis vekst og økologisk avgrensing? Dette er eit tema mange politikarar, planleggarar, forskarar, studentar og alle andre som prøver å forstå og medverke til strategiar for slik omstilling, strevar med. Her er Svein Hammer si bok eit nyttig inntak som hjelp til å sjå komplekse samanhengar, men vonleg også til å utmeisle nye grøne alternativ som utfordrar den dominerande vekstdiskursen.