Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Bygdetun – museum, musealisering – remusealisering

Bygdetun – museum, musealization – remusealization
Ph.d., fyrstekonservator, Anno museum, og fyrsteamanuensis II i kulturhistorie/museologi, Universitetet i Oslo

f. 1972. Haugen disputerte i 2015 på avhandlinga «Virkningsfulle tekstiler – i østnorske bønders draktpraksiser på 1700-tallet». Han har erfaring frå fleire kulturhistoriske museum, og drakthistorie er hovudfeltet hans. Haugen har også publisert om museumshistorie.

«Museum» er eit samansett og ueinsarta omgrep som femner om ei lang rekke ulike institusjonar. Denne artikkelen følgjer ein type museum, «bygdetunet», frå etablering i mellomkrigstida og gjennom fleire endringsprosessar. Eg hevdar at dei som etablerte «bygdetunet», med Riksantikvarens Halvor Vreim i spissen og lokale lekfolk som Gunnar Tanga frå Solør, gjorde det som ein eigen sjanger av museumsliknande institusjonar. Dei posisjonerte bygdetunet som noe anna enn andre former for lokalmuseum, gjennom ein musealiseringsprosess. Frå 1970-åra er museumssjangeren bygdetun remusealisert gjennom andre museumssjangrar og framstår etter to museumsreformer som delar av større museumseiningar. Det avsluttande spørsmålet for artikkelen er kva utgangspunkt det historiske grunnlaget skapar for å diskutere museum i dag.

Nøkkelord: bygdetun, museologi, museumshistorie, museumssjanger, musealisering, remusealisering

The concept of “museum” is complex and contains a well of different institutions. This article discusses one kind of Norwegian local community museum, the bygdetun, from the time it was musealized during the 1930s and through several processes of change. I claim that those who first argued for the bygdetun rendered it a specific genre of museum, in contrast to other museums. From the 1970s onwards, the bygdetun museum genre was “remusealized” more than once, and the bygdetun appears in today’s museum landscape as smaller units of larger organizations. The concluding question of this paper concerns how the historic concept can be part of today’s discussions of what a museum should be.

Keywords: museology, local museum, museum history, museum genre, musealization, remusealization

Folkemuseum, universitetsmuseum, bymuseum, lokalsamling, naturmuseum, bygdemuseum, økomuseum og universalmuseum – omgrepet «museum» femner svært vidt. Mellom dei mange museumsliknande institusjonane finst også ei gruppe som kallar seg bygdetun; dei fleste blir oppfatta som del av det norske museumslandskapet i dag. Men kvifor heiter dei «tun» og ikkje «museum»? Ligg det noe i namnet på ein museumsliknande institusjon som vitnar om kva han var tenkt som, og kva han vart? Denne artikkelen følgjer ein type museum, bygdetunet, frå etablering og gjennom fleire endringsprosessar. Diskusjonen gjer greie for korleis denne museumstypen vart forhandla fram og vidareført, og målet er å legge eit grunnlag for framtidig refleksjon over korleis bygdetunet plasserer seg i museumslandskapet i dag. Artikkelen fører vidare perspektiv på utvikling av norske friluftsmuseum som eg tidlegare har handsama i Norsk museumstidsskrift nr. 2, 2019.1

Eg voks opp som frivillig på eit bygdetun. Dette var den sjølvsagte museumsforma for meg. Fyrst visste eg ikkje av andre museumsformer; sidan var bygdetunet ei naturleg museumsform mellom fleire. Den fyrste museumsjobben eg fekk, var også på eit bygdetun. Eg hadde ei forståing av at nokre bygder var tidleg ute med å skipe museum; desse musea var gjerne større og heitte folkemuseum. I andre bygder kom museumsarbeidet seinare i gang, og i mange av desse kom det bygdetun. Men det eldste bygdetunet, lærte eg, var Trysil bygdetun, som vart skipa i 1901, nett like tidleg som mange av dei større folkemusea. Det vart difor logisk for meg at bygdetunet var den minste museumseininga, for ei bygd, mens folkemusea var større einingar. Det at så mange bygdetun vart skipa seinare enn folkemusea, skapte ikkje problem i min museumshistorielogikk. Dei vart til i ei andre bølge av nasjonale straumdrag under og rett etter andre verdskrigen. Eg sette det til og med på prent.2

Det var fyrst etter at den såkalla museumsreforma vart sett i gang og gjennomført, at eg byrja å tenkje på bygdetunet som noe eigentleg anna enn andre friluftsmuseum.3 Visst er bygdetunet del av Hans Jacob Aagotnes’ «folkemuseumsparadigme», men likevel ein eigen kategori av museum inne i den store gruppa av friluftsmuseum.4

Dette problemkomplekset dveler eg ved i denne artikkelen. Eg drøfter bygdetunet frå tre innfallsvinklar. For det fyrste gjer eg greie for korleis fenomenet bygdetun kom til, og korleis bygdetunet posisjonerte seg som noe anna enn andre typar museum. Så diskuterer eg kva plass bygdetunet fekk i det norske museumslandskapet etter etableringsfasen. Til slutt løftar eg fram enkelte perspektiv på kva som har skjedd med bygdetunet gjennom to museumsreformer.5

Eg hadde tre bygdetun omkring meg i oppveksten. Det var Odalstunet i mi eiga heimbygd Sør-Odal. Så var det Gruetunet på Kirkenær i Solør, som vi kunne lesa om i lokalavisa, helst når det vart arrangert fest der. Og så var det Finnetunet på Svullrya i Solør, der dei erklærte seg som sjølvstendig republikk ei helg kvar sommar.6 Dei tre musea er omtrent jamgamle, Gruetunet og Finnetunet er begge skipa i 1942 og Odalstunet i 1948. Bygdetunet eg styrte frå 1996 til 2003, Eidsvoll bygdetun, skriv seg frå 1950. Da eg byrja å undersøke kvar og kva tid fenomenet bygdetun kommer frå, viste det seg raskt at tida under og rett etter andre verdskrigen var den viktigaste skipingstida for bygdetun.

Illustrasjon 1.

Nemnda for Odalstunet har endeleg fått tomt i gåve frå Trine Grundseth. Den mannsterke komiteen er på synfaring på Osåsen. Foto: Odalstunets fotosamling.

Gruetunet

Eg held meg førebels ved det lokale, ved skipinga av Gruetunet i Solør. Så vil eg gå vidare derifrå til å falde ut ein etableringsfase for bygdetun.

I løpet av kort tid våren og sommaren 1942 vart eit nytt museum skipa i Solør-Odal. I seg sjølv var det ikkje overraskande at det kom eit museum i regionen; det var det kjempa for i førti år allereie.7 Det var museumsforma – eller sjangeren – som var ny og framand, eit bygdetun.

Kulturhistorikaren Anne Eriksen diskuterer i boka Museum. En kulturhistorie museet som sjanger. Med støtte frå litteraturteori og diskursanalyse hentar ho sjangeromgrepet ned og brukar det til å forstå norsk museumshistorie. Eriksen skriv: «En sjanger er et sett konvensjoner eller løse regler som sammen definerer en kategori.»8 Eg vil i denne artikkelen føre sjangeromgrepet vidare for å gjera tydeleg korleis bygdetunet vart skapt som ein sjanger mellom fleire museumssjangrar, kva sjangermarkørar som avgrensa bygdetunet frå andre museumsformer, og korleis dei som arbeidde for bygdetunet, også arbeidde med å skapa sjangerforståing hos museumsfolk, styresmakter og publikum.

Bygningen på Nygard i Grue var freda av Riksantikvaren etter fredingslova frå 1920. Eigaren hadde alt sidan 1931 kjempa ein kamp for å få lov å rive huset for å bygge nytt. Riksantikvaren hadde vori involvert i saka heile vegen, og da dei skjønte at eigar ikkje ville setta huset i stand, freista dei å få Glomdalsmuseet på Elverum eller Kongsvinger Folkemuseum til å overta bygningen, men ingen ville. Riksantikvaren skreiv også til lensmannen i Grue med spørsmål om ikkje eit ungdomslag eller anna kunne berge huset. Så stilna saka i ti år, før eigaren på nytt vende seg til Riksantikvaren med søknad om riving.9 Difor kom det brev til Grue kommune i april 1942, med førespurnad om kommunen kunne ta over bygningen, flytta han og setta han oppatt. Grue kommune sende førespurnaden vidare til Kirkenær Vel ved formannen, direktør Rolf Petersen. Kirkenær Vel sende skrivet over til Gunnar Tanga medio mai 1942.10 Gunnar Tanga blir den sentrale mannen her. Han hadde alt lenge markert seg i museumsarbeidet i regionen, var lærar, historielagsmann, ungdomslagsmann og museumsmann, og etablerte nå eit museumslag.11 Bygningen vart kjøpt inn som byrjinga på eit bygdetun. Dei tilkalla raskt Riksantikvarens rådgjevar i slike saker, Halvor Vreim, som kom på synfaring til den aktuelle plassen for å attreise huset.12 Vreim blir den andre sentrale personen i dette arbeidet.

Vreim godtok plassen og merkte ut tomta for Nygardsbygningen. Her vart også planen om å reise eit tun i samband med bygningen meir konkret. Seinare på hausten sende han skisse over tunet med plassering av hus og dei tre delane som tunet etter kvart kom til å omfatte – hovudtun, husmannsplass og setervang.13 Gruetunet i Solør vart ein realitet, og står på mange vis som eit tydeleg døme på korleis fenomenet bygdetun vart til.

Illustrasjon 2.

Plan for Gruetunet, teikna av Halvor Vreim, 1943, frå Riksantikvarens teikningsarkiv.

Musealisering

Denne prosessen, som gjekk føre seg over lang tid, frå fredinga via diskusjonane om riving eller flytting til meir eller mindre etablerte museum, er delar av ein musealiseringsprosess. Omgrepet «musealisering» går, slik det blir drøfta i verket Ästetische Grundbegriffe, attende til filosofen Joachim Ritters artikkel frå 1963, med tittelen «Musealisierung als Kompensation».14 Ritter såg musealisering som ein reaksjon mot modernismen, og omgrepet står slik i skyldskap til «nostalgi» så vel som det nyare omgrepet «historiebruk». Frå at eit fenomen inntil sist på 1800-talet var del av menneska si livsverd, vart dei same fenomena nå institusjonaliserte på 1900-talet, slik Ritter tolka tida.15 Musealisering har seinare gått inn i den museumsfaglege sjargongen, og det blir flittig brukt. Nokre gongar har omgrepet konnotasjonar til «folklorisme» eller «revitalisering», andre gongar er det berre ei skildring av korleis noe «kom på museum». På engelsk blir omgrepet til «musealisation» eller «musealization», og med referanse til filosofen Jean Baudrillard blir også «museumification» brukt.16 Som museum er del av kulturarvfeltet, blir «musealisation» del av «heritagisation».17

Musealisering handlar om prosess, og omgrepet peikar altså både på den samanhengen eit fenomen kommer frå, og den samanhengen det nå er i. Omgrepet har vori relevant for nyare museologisk forsking fordi det sett fokus på prosessen som skjer når noe «kommer på museum» eller «blir til museum».

Den svenske museologen Kerstin Smeds brukar «musealisering» om dei heilt konkrete handlingane som omkransar ein museumsgjenstand på veg inn i museet. Ho held fram at eit objekt ikkje kommer til museet som ferdig skapt, men må gjennom faste prosessar av ymse slag, som reingjering, katalogisering og magasinering, før det er å rekne som ferdig musealisert.18 Eg har tidlegare freista å utvide omgrepet for å diskutere prosessen i forkant av at eit heilt museum blir til eller ikkje blir til.19 Poenget er at fenomenet som blir musealisert, må gjennom ein eller fleire prosessar, og at ulike fenomen som hus, ting, dokument, lovverk, organisasjonar og einskildmenneske kan vera del av desse prosessane.

I denne artikkelen får omgrepet stå for både dei prosessane som førte fram til den nye delsjangeren bygdetun, og for korleis bygdetunsjangeren vart endra gjennom ei «remusealisering».

Lokalmuseum

Men kva er nå eigentleg eit bygdetun, eller rettare – kva var det tenkt som den gongen dei vart etablerte? Det er eit lokalmuseum, og på det viset skil bygdetunet seg ikkje frå eldre lokalmuseum. Museologen Lise Talleraas, som har skrivi om museumspolitikk på 1900-talet i ph.d.-avhandlinga «Et uregjerlig mangfold», viser korleis dei mange små og lokale musea voks fram.20 Dei fyrste kom alt samtidig med dei regionale musea, med Trysil bygdemuseum frå 1901 som det fyrste. I mellomkrigstida kom dei som regionale og lokale etterfølgjarar av Norsk Folkemuseum og dei større distriktsmusea. Dei bygde på same ideologi som dei tidlegare musea, og fekk oftast same form. Dei vart hus-museum, eller friluftsmuseum med eit meir nøytralt omgrep. Dei lokale musea som vart etablerte, vart likevel ikkje kalla bygdetun, men bygdemuseum.

Talleraas kommer i liten mon inn på ideologiane som ligg til grunn for etableringa av ulike museum; det er museumspolitikken som er hennar undersøkingsområde. Anne Eriksen har i sine museumshistoriske undersøkingar heller ikkje skrivi om bygdetuna spesielt.21 Kunsthistorikaren Tonte Hegard har teki føre seg dei eldste friluftsmusea, og kommer difor ikkje inn på fenomenet bygdetun.22 Det same har idéhistorikar og museolog Mattias Bäckström gjort.23 Arkeologen og museumskonservatoren Haakon Shetelig, som har skrivi det einaste oversiktsverket over norske museum, publiserte arbeidet sitt alt i 1944, og da var bygdetuna for unge til å gjera seg markerte.24 I det heile er, så vidt eg kjenner til, forholdet mellom bygdemuseum og bygdetun lite undersøkt.

Kven kom fyrst?

Lise Talleraas har laga eit oversyn over kva museum som vart etablerte kva tid. Dei eldste ho nemner som bygdetun, er Volda, Skogn og Hol bygdetun, alle etablerte før 1920. Men alle desse vart etablerte som bygdemuseum, og omgrepet «bygdetun» har dei teki seinare. (I Hol heiter det forresten framleis «bygdemuseum».) Så har Talleraas eit døme på at «bygdetun» blir brukt i museumsnamnet så tidleg som 1929, i Tydal. Spørsmålet er berre om det verkeleg vart kalla bygdetun frå starten, for i Haakon Sheteligs museumshistorie står det oppført som Tydal bygdemuseum.25 Det neste er Bygland Tun i Setesdal. Der hadde dei kjøpt ei gammal røykstove og brukt henne som heradshus frå 1897. I 1937 vart det bygd nytt kommunehus, og den antikvariske bygningen vart flytta og sett opp som byrjinga på «Bygland Tun» – etter råd frå Halvor Vreim.26

Spydeberg bygdetun står oppført med 1938 som året for etablering, sjølv om initiativet kom alt i 1929. Men det vart ikkje resultat av arbeidet før 1947. Det ser ut som «bygdemuseum» også er brukt om dette anlegget i byrjinga.27 Det same ser ut til å vera tilfellet fleire stader. Til dømes Berg bygdetun, også i Østfold, som reknar 1940 som stiftingsåret sitt, vart også kalla bygdemuseum. Skedsmo bygdetun i Akershus har nett same soga.28

«Det første en tenker på er bygdetun»

Uansett kven som kom fyrst, gjev dette vesle oversynet eit tidsperspektiv: Bygdetun vart etablert frå like før andre verdskrigen. Oversynet gjev også eit sentralt namn; arkitekt Halvor Vreim hos Riksantikvaren var involvert som konsulent for omtrent alle tiltaka. Vreim var utdanna tømrar, vart amanuensis ved Norsk Folkemuseum i 1921, og frå 1927 fekk han oppdrag for Riksantikvarens antikvariske bygningsnemnd.29 Vreim vart tilkjend status som arkitekt frå 1936, og året etter vart han tilsett som antikvar hos Riksantikvaren.30 Han er også den som fyrst arbeidde med omgrepet «bygdetun». Det gjorde han i boka Norsk trearkitektur i 1939:

Når enkelthus eller hele tun tross alt settes utenfor det praktiske liv, må en søke å få dem bevart for framtida på andre måter. Det første en da tenker på er bygdetun. Et slikt anlegg kan også skapes ved å flytte sammen enkelthus, og det kan på nytt trekkes inn i det levende liv, men det må bli på en annen måte enn før. Det kan bygges ut som et kultursentrum for bygda, med boksamling, plass for studielag, møter og fester. I nærheten av et bygdetun vil det også være naturlig å anlegge idrettspark og friluftsteater. Husene kan også bevares ved at de flyttes til et vanlig friluftsmuseum.31

Her legg Vreim grunnlaget for dei mange bygdetuna rundt i landet, som han så var konsulent for, teikna kart til og valde ut hus til. I tekstutdraget er det fleire ting å setta merke ved. Utsegna «Det første en da tenker på er bygdetun» gjev argumentet hans eit skin av at dette er eit etablert omgrep, eit omgrep med fagleg tyngd og avklara innhald. Slik var det slett ikkje, og eg tolkar formuleringa meir som eit uttrykk for at Vreim sjølv har tenkt ei stund på bygdetun.

Alt frå 1928 finn eg kimen til Vreims idé om bygdetunet. Da vart Trøgstad museum opna, etter Vreims plan, og blir i avisa Nationen omtala som at det er bygd etter eit anna prinsipp enn andre bygdeumuseum: «Planen gaar ut paa aa faa et ekte gammelt Trøgstadtun med de hus som hører til.»32 I 1930 skriv Vreim sjølv i Nationen om svenske museum, og held «hembygdsgårdar» for å vera ein modell vi bør følgje etter i Norge. Her er fyrste gongen eg finn at han nemner «bygdetun» som eit namn ein kan bruke på slike museum.33

Nå, noen år seinare, vil han ha med seg andre på same tanken, og difor nyttar han boka si til å forklare kva han meiner med omgrepet; han vil skapa sjangerforståing. Difor listar han opp sjangermarkørane for bygdetunet.

Alt i fyrste setning presenterer Vreim målet med bygdetunet, det er å «bevare» hus som er sett ut av det «praktiske liv», med andre ord hus som må reddast frå å bli rivne. Bygdetunet skal altså vera ein plass for bygningsvern, og skil seg på det viset ikkje frå andre friluftsmuseum.

Vreim bygger like fullt opp argumentet gjennom å framstille bygdetun som noe anna enn andre friluftsmuseum. Setninga «Det første en da tenker på er bygdetun» står i tydeleg kontrast til siste setninga: «Husene kan også bevares ved at de flyttes til et vanlig friluftsmuseum.» I dette ligg det eit skilje mellom lokalt bygningsvern framfor regionalt eller nasjonalt bygningsvern. Vreim heldt altså ei varing i lokalmiljøet for å vera det beste, anten ved at hus eller tun vart tekne vare på der dei sto og fekk ny bruk som bygdetun, eller at dei vart flytta til ein betre eigna plass i bygda. Eit vanleg friluftsmuseum, i praksis distriktsmuseet, har lågare prioritet.34

Det neste som er verdt å merke seg, er at husa «kan på nytt trekkes inn i det levende liv» sjølv om det må bli på ein annan måte enn før. Det skulle framleis vera liv i husa, dei skulle ikkje assosierast med museumsstøv, magasinering eller vitskapeleg distanse. I staden brukar Vreim ord som «møte» og «festar», «idrettspark» og «friluftsteater». Gjennom musealiseringa skulle hus og gjenstandar omskapast frå «det praktiske liv» til dei på bygdetunet i ny tolking vart del av «det levende liv».

Det minner mye om ei programerklæring for kva eit bygdetun skulle vera når Vreim slik tar føre seg musealiseringa og set opp sjangermarkørane for bygdetunet. Det skulle vera noe anna enn dei tidlegare kjende friluftsmusea; det skulle vera liv, fest og teater.

Illustrasjon 3.

Halvor Vreim. Foto: Schrøder, Trøndelag folkemuseums arkiv.

«Fra museum til bygdetun»

Dette var tittelen på ein artikkel Vreim publiserte i arkitekturtidsskriftet Byggkunst i 1940. I denne og ein annan artikkel same plassen, «Livet og bygningshistorien. Gamle hus og nye krav», utdjupa og tydeleggjorde Vreim argumenta han presenterte i boka si året før. Når det gjeld bygningsvaring, er Vreim oppteken av at det beste for eit hus er at det blir halden vedlike der det står. Fredingslova av 1920 er det beste argumentet for denne forma for vern, held han fram.35 Før lova kom, var friluftsmusea den einaste planmessige forma for bygningsvern, skriv Vreim vidare. Og sjølv om denne verneforma er radikal samanlikna med å verne eit bygg på plass – friluftsmusea både er og har vori viktige vernetiltak, slår han fast.

Dei ulike formene for friluftsmuseum som finst på dette tidspunktet, gjer Vreim greie for i den neste artikkelen.36 I tillegg til spesialmuseum har vi i Norge tre former, hevdar han. Den fyrste gruppa er «sentralmuseer, distrikts- og fylkesmuseer». Den andre er «bygdemuseet som omfatter et herred». Den tredje forma er bygdetunet, som Vreim argumenterer for som ein kontrast til bygdemuseet. Sjangermarkørane blir også sett opp gjennom motsetnader til alt etablerte museumsformer. Mens bygdemuseet deler skjebne med mange sentralmuseum, distriktsmuseum og fylkesmuseum som «mindreverdige, fordi materialet, så å si, er rakt sammen og satt inn i husene temmelig skjødelsløst», er bygdetunet eit betre alternativ.37 Dei eldre lokale museumssamlingane hevdar Vreim er «forvirret» og utslag av «en nytteløs interesse for ting som folk ikke vet noe om».38 Musealiseringa til bygdemuseum er feil; museumsarbeidet må inn på eit betre spor:

Et hyggelig bygdetun eller bygdeheimen bør komme i stedet for det mindre hyggelige bygdemuseum som nærmest bare skaper forvirring, og arbeidet i denne bygdeheimen legges så nær opp til det daglige, aktuelle liv som mulig. Gjenstandene her taler for seg selv, de kjedelige etikettene kan sløyfes.39

I dette sitatet kommer det fram at Vreim ikkje har låst omgrepet heilt til bygdetun enno. Han opnar for at den nye museumssjangeren kan kallast bygdetun eller bygdeheim. Etter kvart vart «bygdetun», eller «-tun» i ulike former, det einerådande omgrepet. Det er samstundes verdt å merke seg at Vreim held bygdetunet for å vera ei museumsform mellom fleire. Sjølv om artikkeloverskrifta peikar mot bygdetunet som noe anna enn eit museum, argumenterer Vreim for at det er fleire variantar av friluftsmuseum, og inkluderer bygdetunet i eit overordna museumsomgrep. Dette prinsippet held eg fast ved når eg drøftar korleis ulike museumsinstitusjonar blir musealiserte og remusealiserte.

Kjedelege etikettar og trøyttande stemne

Mye av argumentasjonen Vreim bygger opp, handlar om det som i dag blir rekna til formidlingsarbeidet ved eit museum og museet som sosial møteplass.40 Bygdetunet skal vera hyggeleg. Det bør bli plassen for lokale festar. Dette skulle bidra til at ungdommen heldt seg i bygda i staden for å flytta til byen. Slik var ideen om musealisering til bygdetunet også eit distriktspolitisk tiltak: «Landsungdommen kjeder seg og søker til byen, først jentene og så guttene reiser vekk under presset av kjedsommelighet og mangel på sjelelig innhold.» Og difor måtte programmet på eit bygdetun ikkje vera så trøyttande som «de store og temmelig kjedsomelige innendørs, til dels utendørs, museumssamlingene som ofte etterlater tomhet eller som folk kanskje ikke orker å se».41 For å få dette til tar Vreim til orde for at bygdetunet skal lokaliserast i lag med ein folkepark med idrettsplass og kanskje friluftsteater. Det lokale forsamlingshuset og boksamlinga bør også ligge nær bygdetunet, meiner han.

Gjenstandane skal tala for seg sjølve, skriv Vreim. Dei skal vera i bruk. Dette er ei radikalt annleis tilnærming til museumsgjenstandar enn innan andre museumssjangrar. Mens andre museum skal vara gjenstandane og husa, helst for æva, skal dei i bygdetunet komma innatt i det daglege livet. Eg tolkar dette som eit medvite grep om at gjenstandane skal brukast og haldast ved like; dei skal ikkje stillast ut som lausrivne og distanserte objekt. Dette stiller også krav til at musealiseringa gjer tydeleg for gjevarar og seljarar kva museumssjanger bygdetunet er.

Det er altså ein mindre museal museumssjanger Vreim vil skapa, med meir vekt på den levande samtida enn på den daude fortida.

Komplette bygdetun

I desse fyrste framlegga for den nye museumssjangeren kommer det fram at sjølve samlinga skulle vera annleis enn for dei eldre bygdemusea. Dette er nokså knapt formulert hos Vreim, men blir etter kvart tydelegare hos fleire av dei som talar for bygdetunet. Om Vreim var ideologen som sto bak både omgrepet og dei fyrste avklaringane av innhaldet, måtte han ha fleire med seg som forhandlarar for å etablere bygdetunet som ein sjølvstendig museumssjanger. I Solør fann han ein våpendragar i Gunnar Tanga.

Fyrste gongen Gruetunet blir omtala i lokale aviser, er i Kongsvinger Arbeiderblad i juni 1942, berre to månader etter at eigaren av Nygardsbygningen søkte om rivingsløyve.

I avisreferatet blir omgrepa «museum» og «tun» brukte litt om kvarandre, men så kommer Tanga med ei klargjering:

Vi får en progresjon når det gjelder musea: fra bygdetunet som den minste eininga – til ei samling som omfatter flere bygder – til et stort museum som omfatter et heilt dalføre – til folkemuseet som omfatter heile landet.42

I juli same året vart Tanga intervjua av lokalavisa, og på spørsmål om det var eit museum dei nå heldt på å reise, svara han: «Det er ikke riktig å kalle det for et museum det som vi driver og skal få i stand i Grue. Det blir ingen systematisk samling av gamle ting. Vi skal få i stand et Gruetun og så rekker ikke oppgaven videre.»43

Her veks skiljet mellom bygdetun og museum fram gjennom Tangas ord. Bygdetunet skal vera den minste, lokale museumseininga, det skal berre omfatte det som hører heime på eit gardstun, med hus og inventar. Og det skal ikkje ha systematiske samlingar. Vidare i intervjuet siterer Tanga Vreim for å klargjera skiljet mellom bygdetun og museum. Slik bygger den lokale museumsmannen opp sjangerforståing i lokalmiljøet ved hjelp av nasjonale autoritetar. For å legitimere valet og forståinga av bygdetunet ytterlegare, vende Tanga seg til Hans Aall ved Norsk Folkemuseum, som svara slik: «Det gleder undertegnede meget at De vil sette opp en gammal gard. Å gripe saken an på denne måte er unektelig mye bedre enn å lage små bygdemuseer, som likevel ikke kan bli til noe tilfredsstillende.»44

Same typen argumentasjon kommer frå begge dei nasjonale kapasitetane Vreim og Aall: Bygdemuseet har vist seg ikkje å vera eit tilfredsstillande lokalmuseum. Dei systematiske samlingane ein har freista å få til der, har like gjerne vorti usystematiske og kuriøse.

Med ordval frå i dag er det altså to ulike samlingsstrategiar som ligg til grunn for bygdetunet og bygdemuseet. Mens bygdemuseet samlar utvalde hus (som ofte blir tilfeldige hus, slik bygdetunforkjemparane argumenterer) og bygger andre samlingar attåt, skal bygdetunet berre samle til tunet er komplett med hus og innbu. Dette fyller ut det Halvor Vreim hevda to år før: «Får bygdetunet mer enn det som hører til et komplett utstyrt hjem og gårdsanlegg, bør det leveres til distrikts- eller sentralmuseet […].»45

Det var med andre ord strenge sjangerkrav Vreim og Tanga stilte for bygdetunet. Dei måtte avgrense innsamlinga si, og om dei fekk tilbod utover det, måtte dei levere frå seg dublettar og gjenstandar som ikkje passa inn på tunet, til andre museum. I tillegg kommer det tydeleg fram at dei fullgode bygdetuna berre kunne bli til om husa vart vara på opphaveleg plass; flytting var siste utveg. Komplette tun vart haldne fram som føredøme.

I 1944 fekk Vreim brei spalteplass i riksdekkande aviser med argumentasjon om kor vellukka det ville bli med eit komplett bygdetun i Alvdal. Det var Husantunet som Alvdal kommune tok over og musealisert til eit bygdetun verna på rot.46 Dette var den mest fullkomne forma for bygdetun, argumenterte Vreim. Alle hus som hørte til på ein gard, vart der verna på sin opphavelege plass. Gjennom denne mest ideelle forma for bygdetun kunne ein sameine varingstankane som var utvikla etter fredingslova frå 1920, med formidlingstanken og den distriktspolitiske ideen som låg bak bygdetunet. Der det ikkje var tilgang til den ideelle forma, kunne ein flytta hus. Men både den ideelle og «nest beste» forma for bygdetun måtte ha sine sjangerforhandlarar for å få forståing og aksept.

Lokalt og nasjonalt arbeid

Gunnar Tanga brukte dei nasjonale autoritetane aktivt mens han etablerte Gruetunet. I tillegg til at Halvor Vreim var på fleire synfaringar og teikna skissene, og Hans Aall slutta seg til, vart riksantikvar Harry Fett også sitert flittig. Fett la ikkje skjul på at han likte små museumsinstitusjonar og hadde ein kjærleik for bygdetuna.47 Dei lokale museumsetablerarane hadde dermed god støtte frå leiande menn innan museum og kulturminnevern på nasjonalt plan.

Mye av dette grunnleggande arbeidet med å etablere bygdetunsjangeren gjekk føre seg mens det var krig i landet. Den politiske situasjonen kommer berre indirekte fram gjennom artiklar og arkivalia. Ettersom Vreim heldt fram med same type argumentasjon i dei same avisene både før og under andre verdskrigen og materialet eg brukar, fyrst og fremst er Vreim og Tanga sine eigne tekstar, gjer eg ikkje grundigare tolkingar av nazifiserte aviser og i kva grad dei gav trykksverte til ulike stemmer. Museumsrørsla under andre verdskrigen er elles eit interessant emne for vidare studium, men det blir for omfattande å trekke dette inn her. Eg stør meg i staden til etnologen Ragnar Pedersens konklusjon om at krigstida vart ein idémessig konstruktiv periode, ei form for kulturell mobilisering med voner om ei betre framtid.48

Korrespondansen mellom Tanga og Vreim drøfter ikkje den politiske situasjonen, men gjev små glimt av tidsbiletet da bygdetuna vart reiste. Vreim takkar for det trivelege opphaldet han hadde hatt i Grue sommaren 1943, og så takkar han spesielt for «pultosten som min kone satte særskilt stor pris på da det er overordentlig snaut med pålegg om dagen».49 Slik held korrespondansen fram, og familien Tanga sender fleire pakker med pultost til konservatoren i byen. For Tanga og Vreim utvikla det seg ein venskap frå eit fagleg interessefellesskap.

Arbeidet med å etablere bygdetunet som ein sjølvstendig museumssjanger gjekk likevel ikkje berre føre seg gjennom nasjonalt leiande fagfolk sine autorisasjonar av lokale initiativ. Gunnar Tanga tok også del i det nasjonale ordskiftet. I tidsskriftet Heimen publiserte han artikkelen «Bygdetunet».50 Der går han ikkje nøye inn på definisjonane, men viser til at Vreim har gjort greie for det i ein tidlegare artikkel i Heimen. Vreims artikkel sto i 1946–48 og var i samsvar med det Tanga allereie under krigen hadde skildra i fleire avisartiklar, og det som Vreim hadde slått fast som ei programerklæring i tidsskriftet Byggekunst i 1940.

Det same skjedde fleire plassar. I einskilde fylke var det nå oppretta fylkeskonservatorstillingar, til dømes i Østfold. Der gjorde Lauritz Opstad nett det same som Tanga gjorde i Solør-Odal. Han spreidde forståing for sjangeren bygdetun: «Det kan i denne forbindelse være på sin plass å minne om det forholdsvis nye begrep ‘bygdetun’ som man har funnet fram til som den beste form for et vanlig bygdemuseum.»51 Årsmeldinga for fylkeskonservatoren vart trykt i Sarpsborg Arbeiderblad, og Opstad rapporterte at han hadde vori med og sikra fagleg grunnlag for dei mange lokale musea som vart etablerte i fylket.

Da Eidsvoll museumslag vart stifta i 1950, var verken Tanga, Aall, Opstad, Fett eller Vreim involverte. I staden var det to andre kapasitetar som hjelpte dei lokale med stiftinga. Det var lektor Edvard Bull og konservator Hilmar Stigum. Dei var på den tida engasjerte i arbeidet med bygdebøkene for Eidsvoll, Bull med bygdehistorie og Stigum med bygningshistorie. I møtet tok Stigum til orde for at det måtte bli eit bygdetun dei skipa i Eidsvoll, og ikkje eit bygdemuseum. Argumentasjonen er lett å kjenne att frå Vreim, Opstad og Tanga:

Når det gjelder bygdemuseer, mente kons. Stigum at det kan sies mye både godt og vondt om disse. Valg av hus og inventar har ofte vært tilfeldig. Han mente at det mest ideelle er å lage et bygdetun og la det bli så representativt som råd for et bestemt tidsrom. Anlegget bør da gi bildet av et levende gardssamfunn og ikke bli en lagerplass for alskens bohave og bruksting.52

Det er ingenting i møtereferatet som fortel meir om kva eit bygdetun er eller skal vera. Museumssjangeren tar nå til å bli såpass innarbeidd at dei lokale skiparane på Eidsvoll visste skilnad på eitt og hitt.

Motstand

Når så mange av dei sentrale museumsautoritetane i tida slutta opp om ideen om bygdetunet, er det lett å tru at ingen tok til motmæle, anna enn dei som konkurrerte med eit bygdetun som samlingsområde. Dette er likevel for enkelt. Det var etter det eg kan sjå, ingen open debatt i aviser eller tidsskrift om bygdetunet som fenomen, men ein mektig motstandar presenterte seg indirekte. Det var Norske Museers Landsforbund, personifisert ved generalsekretæren, dr.philos. Eivind S. Engelstad. I 1947 vedtok landsmøtet i forbundet «Landsplanen for museumsvesenet i Norge», der dei kulturhistoriske musea vart delte inn i seks grupper. Spesialmuseum, sentralmuseum, landsdelsmuseum, fylkesmuseum og regionmuseum var dei fem fyrste, og så kom by- og bygdemuseum som den sjette kategorien. Motstanden gjekk i fyrste omgang ikkje ut på at bygdetun ikkje fanst eller kunne bli etablerte, men at dei ikkje vart handsama som ein eigen kategori – ein eigen sjanger – av dei kulturhistoriske musea.53

Bygdetun er slegne saman med bygdemuseum, og i tillegg er dei i same gruppe som bymuseum. I ein kronikk i Aftenposten den 13. januar 1948 gjer Engelstad greie for inndelinga. Både planen og kronikken inneheld dei vesentlege delane av det Vreim, Tanga og andre alt hadde merkt opp for sjangeren bygdetun. Men Engelstad brukar både «bygdemuseum» og «bygdetun» som nemning på sjangeren. (Bymuseum er mest ikkje nemnt eller drøfta i det heile.) Han vil altså at innhaldet i fenomenet bygdetun skal vera det førande for utviklinga av bygdemuseum, men rettkjenner ikkje bygdetunet som ein eigen sjanger. Slik skulle sjangerforhandlingane ikkje ende.

Illustrasjon 4.

Plan for tun og seter ved Trysil bygdemuseum, teikna av Halvor Vreim i 1943. I Trysil låg ungdomshuset ideelt til som næraste nabo til bygdetunet. Teikning i Riksantikvarens arkiv.

Bygdemuseum blir til bygdetun

Alt i 1944 tok arbeidet med å omforme bygdemuseum til bygdetun til. Fyrste museum ut var det eldste mellom bygdemusea, Trysil bygdemuseum frå 1901. I Nationen den 6. juni 1944 blir det presentert at Halvor Vreim har arbeidd fram plan for at bygdemuseet skal gjennomgå «hel omlegging til bygdetun med sæteranlegg». Museet i Trysil hadde til da sett opp fem hus, men ufullstendig og usystematisk. Nå kunne omlegginga gi dei eit fullstendig bygdetun, meinte Vreim: «Husene som mangler i et komplett tun er fôrlåve, stallåve, fjøs og småkrøtterfjøs. Av hus som ligger utenom det egentlige tun har en sikret seg badstue og stampe. Smie og oppgangssag kan skaffes.»54

Bygdetun var altså ikkje noe som berre kunne etablerast frå grunnen; det var muleg å omforme bygdemuseum til bygdetun. Eg vel å kalle dette ei remusealisering. Eg meiner omgrepet «musealisering» gjeld like godt for ein heil museumsinstitusjon som for einskildgjenstanden, og at dei forhandlingane som skjer for å knyte eit museum til ein museumssjanger, kan samanfattast som ei musealisering. Når så ein sjanger ikkje lenger passar, er avleggs eller av andre årsaker skal bytast ut, skjer det gjennom nye sjangerforhandlingar ei remusealisering.

Vreim og felagane hans greidde å etablere bygdetunet som ein så attraktiv sjanger at stadig fleire bytta namn på institusjonane sine og arbeidde etter dei nye sjangerkrava. I tillegg vart det skipa nær 40 nye lokalmuseum mellom 1946 og 1960.55 Sentrale fagfolk var uroa over mengda museum og om dei lokale eldsjelene greidde å følgje opp initiativet. Debatten gjekk i det nystifta fagbladet Museumsnytt i 1952–1954.56 Gjennom ordskiftet blir det klart at bygdetunet får tona ned rolla som bygningsvernar og auka vekt på å vera ein «bruksting» i lokalsamfunnet, eller som Gunnar Tanga formulerte det i Heimen i 1949: «Hovudsaka er ikkje å vara dei gamle husa og dei gamle tinga, hovudsaka er at dei skal verke positivt interessevekkjande på dei som ser.»57

Lise Talleraas har løfta fram at debatten i Museumsnytt også gav ny energi til arbeidet med å plassere alle dei ulike musea inn i dei seks kategoriane i museumsplanen frå 1947.58 Der kom forhandlingane om kva som hørde til sjangeren bygdemuseum, og kva som var bygdetun, opp i ny form. I 1955 sette styret i Norske Museers Landsforbund ned ein komité som skulle sjå på forholdet mellom bygdemuseum og bygdetun. Komiteen hadde som målsetting å «utrede mulighetene for en fremgangsmåte som medfører de offentlige myndigheters kontroll av museumsanleggene».59 I utgreiinga er det definisjonen av bygdetunet som blir ført vidare, med idealet om eit samla tun, med samlingar som er avgrensa til det som historisk har hørt heime i slike hus. Om musea ikkje følgjer sjangermarkørane, til dømes ved «å anlegge spesialsamlinger som sprenger rammen», da «kommer anlegget inn under begrepet bygdemuseum». Det er tydeleg at «bygdetun» nå har vorti honnøromgrepet, og om eit museum skal «med rette kunne bære navnet, må det i hovedsaken svare til de krav som er nevnt».60 Arbeidet med å etablere bygdetunet som eigen sjanger var på mange vis fullført i 1955.

Vellukka stemneplass

Korleis gjekk det så med alle desse bygdetuna, både dei nystifta frå omkring andre verdskrigen og dei remusealiserte eldre bygdemusea? Vart det stemneplass og ny kveik for bygdeungdommen? Kvar sto bygningsvernet, og vart samlingane ferdigstilte? Eg tar vegen tilbake til Eidsvoll bygdetun, Odalstunet og Gruetunet, og bruker dei som døme.

Illustrasjon 5.

Eidsvoll bygdetun var ein vellukka festplass i 1950-åra. Jonsok i 1954 ordla A. Tyrihjell seg slik i prologen som vart framført: «Ja, fager er lien en mittsommerdag når all ting ånder fest. Men når ungdommen, livsfrisk og sunn, holder lag og morer seg som best og synger og danser og leiker og ler mens livet i solskinn og lykke den ser, – ja, da vet vi vår ungdom langt fagrere er […].» Foto: Eidsvoll museums fotosamling.

Odalstunet skriv seg frå 1948 og har same skipar som Gruetunet, Gunnar Tanga. Men alt i 1943 freista Sør-Odal historielag å laga eit bygdetun. Dei vende seg som så mange andre til Halvor Vreim, men han var ikkje positiv. Det primære var å ta vare på hus på opphaveleg plass, forklarte han historielaget, og rådde dei til å registrere hus i staden for å flytta dei.61 Dette er eit døme på at Vreim og Riksantikvaren freista å hindre at det skulle bli for mange bygdetun. Sjølv om historieformidlinga sto sentralt også hos dei, var likevel varingstanken viktigast.

Noen år seinare vart det bygdetun i Odalen likevel, og sjølv om dei freista etablere det på eit eksisterande tun, lukkast dei ikkje med det, og på Odalstunet er alle husa flytta. Slik vart ikkje bygdetunet eit anna og betre varingsprosjekt der. Eidsvoll bygdetun, derimot, vart etablert på småbruket Klokkerenga, som ligg på opphaveleg plass. Der vart stemnelyden raskt så stor at scene og dansegolv måtte flytta ut av sjølve tunet.62

Stemne, prolog, festtale, historiske opptog, leikarring, amatørteater og dans – slik annonserte Eidsvoll museumslag arrangementa ved Eidsvoll bygdetun gjennom 1950-åra.63 Og bygdefolket kom, såg, hørde og dansa. Den optimistiske stemninga i tidleg etterkrigstid i par med dårleg etterkrigsøkonomi og enkle fordringar for underhaldning la grunnlaget for dei mange bygdetuna som vellukka festplassar. Den gjeldande dansemusikken var framleis enkle grupperingar av trekkspel, gitar og bass, med repertoar som var lett å kople saman med gamle hus og historiske opptog. Ingen artist var større enn trekkspelaren Carl Jularbo frå Sverige. Han trakk tusenvis på alle arenaer.

Så kom rocken! Instrumenta bytta frå akustisk til elektrisk, artistane frå lokale til nasjonale og internasjonale, repertoaret frå Ønskekonsertens slagerar til amerikansk rock.64 Bygdetuna var i liten grad rusta for endringane som skjedde med festkulturen gjennom 1960-åra. Da disko vart den nye ungdomsmusikken i 1970-åra, var ikkje bygdetuna ungdommen sin arena lenger. Dessutan hadde ikkje bygdetunet virka på det viset skiparane sikta mot; ungdommen flytta i hopetal frå bygda til byen.65

Festarenaen vart endra, men frå denne tida har mange bygdetun framleis si fremste rolle som stemningsskapande møteplass, utleigelokale for familiære livshøgtider og formidling av ei romantisert fortid.66

Remusealisering

Gruetunet, som var eit klassisk redningsprosjekt for bygningsvernet og vart ein attraktiv festplass, skulle snart sprenge grensene for kva eit bygdetun kunne vera.

Alt i slutten av 1950-åra var det klart at Gruetunet hadde samla mange fleire gjenstandar enn det som var naudsynt for å fylle stuer og uthus.67 Bygdetunet likna i så måte meir på bygdemuseet. Dublettsamlingane kom inn fordi det var vanskeleg å si nei til gåver, og fordi samlarane truleg var av nett same slaget som dei som tidlegare samla til bygdemuseum. Sjangerforståinga var altså ikkje gjennomført i alle ledd. Eit objekt som braut tydelegare med sjangeren, måtte koma for å utløyse sjangerdiskusjonen. Den kom da ein av eldsjelene foreslo å ta inn og restaurere Grues fyrste bil, frå 1908. Bilen passa ikkje inn! Sjangeren bygdetun var for trong for dei som ville inkludere bilen i samlinga. Debatten enda med at bilen vart teken inn i samlinga, sjangeren var nå tydeleg sprengt, og etter nokre år førte sjangerbrotet til at også bygdetunet vart remusealisert. Gruetunet gjekk frå bygdetun til museum.

Den formelle endringa kom fyrst i 1970-åra, med eit generasjonsskifte der Birger Nesholen vart styreleiar.

Etter museumsreforma i 1970-åra var ikkje lenger «bygdetun» eit honnørord. Formidling og festplass skugga for det seriøse museumsarbeidet som kunne gi status som «halvoffentleg museum».68 Ved Gruetunet fekk museet administrasjonslokale utanfor bygdetunet, det vart oppretta fotoarkiv, og ein byrja samle privatarkiv. Vedtektene vart tilpassa meir museumsretta verksemd, og namnet vart endra til Gruetunet museum. Det var eit sentralt poeng å endre gruesokningane sitt syn på bygdetunet som ein festplass til at dei nå forsto det som eit museum.69

Remusealiseringa vart gjennomført i passande tid for den store museumsreforma som kom med tilskotsordninga for halvoffentlege museum frå midten av 1970-åra. Nesholen vart løna styrar for museet i 1981, og han styrte det heilt til dei slo seg saman med Finnetunet og to historielagssamlingar til Norsk skogfinsk museum i 2005 – som framleis er den gjeldande museumsinstitusjonen der, med Nesholen som spesialkonsulent.

Mens Gunnar Tanga arbeidde iherdig for å etablere Gruetunet som bygdetun – og definere det som noe anna enn andre friluftsmuseum, arbeidde Nesholen for å remusealisere bygdetunet.

Dette har skjedd mange stader, på litt ulike vis. Eidsvoll bygdetun er eit anna døme. Bygdetunet hadde nettopp hadde fått nye vedtekter og skifta namn til Eidsvoll museum da eg tok til der i 1996. Bygdetunet som var utgangspunktet, har ei heilt parallell utvikling med Gruetunet, Finnetunet, Odalstunet og svært mange andre bygdetun. Men i Eidsvoll fekk kommunen bygdetunet som gåve frå det frivillige museumslaget i 1970, og midt i 1980-åra laga John Aage Gjestrum og Arne Julsrud Berg ein ny utviklingsplan. Da vart det fastsett at vidare utvikling av museet skulle skje etter økomuseumsmodellen.70 Sjølv om Gruetunet og Odalstunet si utvikling ikkje har hatt økomuseumsmodellen like uttalt som plangrunnlag, er mange av strategiane frå denne innbakt også der. Museet måtte få administrasjonslokale, magasin og tilsette – som skulle samlast i eit dokumentasjonssenter. Nye hus og anlegg skulle ikkje primært flyttast til bygdetunet, men varast på sin opphavelege plass. Og så måtte dansegolvet bort!

I alle fall var det den rådande haldninga hos leiande museumskapasitetar frå 1970-åra og framover. Nå har ikkje det skjedd, verken på Gruetunet eller Eidsvoll. Men Odalstunet er reinsa for det sjangerforstyrrande dansegolvet, til liks med større museum som Hedmarksmuseet på Domkirkeodden, Glomdalsmuseet på Elverum og Stenberg på Toten.

Denne remusealiseringa av bygdetuna gjorde dei også til sjølvsagte partar i den store museumsreforma som har gått føre seg i Norge dei siste 15 åra. Der inngår bygdetuna saman med eldre folkemuseum som for Hedmarks del omfattar både Domkirkeodden og Glomdalsmuseet, meir reindyrka økomuseum som Eidskog museum og Blokkodden i Engerdal, og spesialmuseum som Kvinnemuseet og Norsk skogmuseum.

Reform og sjangerforståing

Bygdetunet voks fram som ein eigen sjanger mellom norske kulturhistoriske museum i tida mellom 1930 og 1955. Bygdetunet hadde fleire sjangerforkjemparar, både lokale og nasjonale, lek og lærd. Bygdetunet tok opp i seg den autoriserte forståinga av at det var bonden si historie det var viktig å musealisere, og at det best kunne gå føre seg i og med lafta hus. Det nye var at alle bondens hus skulle med, både innhus og uthus, og at dei helst skulle stå på opphaveleg plass. Det nye var også at vekta låg på å føre hus og reiskap innatt i det lokale bygdelivet på ein ny måte. Det skulle skje gjennom bruk i staden for utstilling, gjennom kombinasjonen av historieformidling og sosiale samkome. Sjangerforhandlingane for bygdetunet førte fram; ei stadig auke av bygdetun etter andre verdskrigen og ei omforming av eldre bygdemuseum til «komplette bygdetun» vitnar om det.

Spørsmålet eg interesserer meg for nå, ved slutten av artikkelen, er kvar bygdetunet står i dag. Bygdetunet har vori gjennom fleire remusealiseringar frå 1970 til i dag. Eg spør i kva grad desse ideologiske og programmessige endringane er forankra i alle ledd av verksemda, korleis sjangerforståinga er. Mitt inntrykk er at programmet for bygdetuna fekk breitt gjennomslag hos dei som var med i etableringsfasen. Så er sjangeren formidla vidare gjennom stadig nye frivillige som har gitt av tida si til den lokale museumsinstitusjonen. Men om alle aspekt av ideologi og program etter remusealiseringane er forhandla fram til felles sjangerforståing hos alle involverte, det er eg ikkje sikker på.

Den siste museumsreforma vart til som ei administrativ reform.71 Fleire av evalueringane av dei reformerte musea viser at det har vori lite debatt om korleis dei ulike museumssjangrane fungerer i hop. Den nasjonale diskusjonen om korleis dei mange museumssjangrane på ulike vis pregar dei nye musea, har vori fråverande. Spørsmålet blir så om dei nye museumseiningane også er vortne ein ny sjanger. Kven har i så fall sett opp sjangermarkørane for han, og korleis er sjangerforståinga etablert? Bygdetunet finst i stort tal rundt omkring i landet, men plassen det har i remusealiserte fellesskap av ulike kulturhistoriske museum, framstår mindre klar i dag enn han gjorde i 1955.

1Bjørn Sverre Hol Haugen, «Museet som aldri ble til», Norsk museumstidsskrift 5, nr. 2 (2019): 141–155, DOI: https://doi.org/10.18261/issn.2464-2525-2019-02-05.
2Bjørn Sverre Hol Haugen, Eidsvoll bygdetun gjennom 50 år, 1950–2000 (Eidsvoll: Eidsvoll museum, 2000).
3St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving: Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet (Kulturdepartementet, 1999).
4Hans-Jakob Ågotnes, «Lokalmuseet i det sosiale landskapet: Fortidsformidling i Hordaland gjennom hundre år», i Kulturelle landskap: Sted, fortelling og materiell kultur, red. Torunn Selberg og Nils Gilje (Fagbokforlaget, 2007), 45–67, her 50.
5St.meld. nr. 93 (1971–1972) Om museumssaken (Kirke- og undervisningsdepartementet, 1972); St.meld. nr. 22 Kjelder til kunnskap og oppleving. Mine perspektiv er eit utval mellom fleire interessante spor å følgje. Til dømes kunne påverknaden frå den svenske heimbygdsrørsla vori interessant å diskutere, men det finst berre få og spreidde spor av dette i kjeldematerialet mitt. Eg går heller ikkje grundig inn i det politiske feltet; eg trekker det berre inn der det er relevant for diskusjonen av bygdetunet som fenomen. I staden er eg meir oppteken av korleis lokale museumsskiparar og nasjonale fagpersonar arbeidde fram bygdetunet.
6Anders Gustavsson, «The Finnish Settlers’ Days as a Process of Revitalization: A Finnish Community’s Attempt to Retain Its Identity in Norwegian Society», Arv (1987) 59–71; Torunn Selberg, «Livet på Finnskogen», i Historien in på livet: Diskussioner om kulturarv och minnespolitik, red. Anne Eriksen, Jan Garnert, og Torunn Selberg (Lund: Nordic Academic Press, 2002), 85–106.
7Haugen, «Museet som aldri ble til»; Bjørn Sverre Hol Haugen, «Museum i byparken», Solør-Odal 50 (2018): 12–16.
8Anne Eriksen, Museum: En kulturhistorie (Oslo: Pax, 2009), 15.
9Riksantikvarens arkiv, RAKV-S-6224-D-Db-Db04-0031-0026-0001.pdf.
10Gunnar Tanga, «Gruetunet: De første år». Artikkelmanuskript i Anno museum Kongsvingerregionens arkiv.
11Bjørn Sverre Hol Haugen, Dag Raaberg og Jan Schrøder, Varden 100 år: Beretning til Vardens 100-årsjubileum ([Sagstua]: Fylkeslaget Varden, 2000); Gunnar Mandt, Varden-boka: 25 års festskrøfte før fylkeslage «Varden» ([s.l.]: [Laget], 1925); Gunnar Tanga, Varden-boka: Tiårs-tillegget 1925–1935 (Kongsvinger: Fylkeslaget Varden, 1935); Gunnar Tanga, Frilynt rørsle i Solør-Odal: Varden i 50 år (Kongsvinger: Fylkeslaget Varden, 1949); Hans Marius Trøseid, «Fra Solør-Odal Historielag til tidsskriftet Solør-Odal», Solør-Odal 26, nr. 4 (1994): 12–20; Bjørn Sverre Hol Haugen, «Gunnar Tanga som museumsetablerar», Solør-Odal 51, nr. 4 (2019), 11–23.
12Tanga, «Gruetunet: De første år».
13Tanga, «Gruetunet: De første år».
14Karlheinz Barck, Martin Fontius, Dieter Schlenstedt, Burkhart Stewachs, Friedrich Wolfzettel, Ästetische Grundbegriffe. Historisches Wörterbuch in sieben Bänden (Berlin: Metzler, 2005), 7:149.
15Sharon Macdonald, Memorylands. Heritage and Identity in Europe Today. (New York: Routledge, 2013), 138.
16Macdonald, Memorylands, 138.
17André Desvallée og François Mairesse, Key Consepts of Museology (Paris: ICOM, 2010), 50.
18Kerstin Smeds, «Hvad är museologi?», Rig 90, nr. 2 (2007): 65–81.
19Haugen, «Museet som aldri ble til».
20Lise Emilie Talleraas, «Et uregjerlig mangfold? Lokale og regionale museer som saksfelt i norsk kulturpolitikk 1900–cirka 1970» (ph.d.-avhandling i museologi, Institutionen för kultur- och medievetenskaper, Umeå universitet, 2009).
21Eriksen, Museum: En kulturhistorie; Anne Eriksen, «Fra stevneplass til dialoginstitusjon: Norske kulturhistoriske museer 1950–2010», i Samling og museum: Kapitler av museenes historie, praksis og ideologi, red. Bjarne Rogan og Arne Bugge Amundsen (Oslo: Novus, 2010), 61–77.
22Tonte Hegard, Romantikk og fortidsvern: Historien om de første friluftsmuseene i Norge (Oslo: Universitetsforlaget, 1984).
23Mattias Bäckström, Hjärtats härdar: Folkliv, folkmuseer och minnesmärken i Skandinavien, 1808–1907 (Östersund: Gidlund, 2012).
24Haakon Shetelig, Norske museers historie: Festskrift til Thor B. Kielland på 50-årsdagen 9.12.1944 (Oslo: Cappelen, 1944).
25Shetelig, Norske museers historie, 293.
26Johannes Sæterskar, Det norske næringsliv: Aust-Agder fylkesleksikon (Bergen, 1954), 172.
27Fylkeskultursjefen Østfold, Museumsstrukturen i Østfold: Innstilling om organisering av kulturhistorisk arbeide i Østfold (Moss: Fylkeskultursjefen i Østfold, 1983), 27.
28Shetelig, Norske museers historie, 247.
29Tonte Hegard, «Halvor Vreim», i Norsk kunstnerleksikon (2. oktober 2015), https://nkl.snl.no/Halvor_Vreim.
30Arne Berg, «Halvor Vreim», i Norsk biografisk leksikon (25. februar 2020), https://nbl.snl.no/Halvor_Vreim.
31Halvor Vreim, Norsk trearkitektur, Kunst og kulturs serie (Oslo: Gyldendal, 1939), 135.
32 Nationen, 25. juli 1928.
33 Nationen, 19. april 1930. Påverknaden frå Sverige er tydeleg, men sjeldan eksplisitt i seinare diskusjonar av bygdetunet.
34Dette var ein gammal debatt i Museums-Norge. Alt i 1907 gav Rikard Berge ut den vesle boka Bygdesamlingar, der han posisjonerte lokalmuseet (bygdesamlinga) mot nasjonale og regionale museum (bysamlingar): «Fyrimaale er aa berge desse tingi for bygdi, fyrr dei vert selde eller burt-tynte. Di-næst aa arbeide imot den uskikken, at alt som er noko skal sendast til byane og samlast i store haugar der, til liten eller ingin nytte for bøndane sjølve.» Rikard Berge, Bygdesamlingar (Kristiania: Eigin kostnad, 1907), 3.
35Halvor Vreim, «Livet og bygningshistorien: Gamle hus og nye krav», Byggkunst 22 (1940), 105–109, her 107.
36Halvor Vreim, «Fra museum til bygdetun», Byggkunst 22 (1940): 110–112, her 110.
37Vreim, «Fra museum til bygdetun», 111.
38På dette tidspunktet hadde Norske Museers Landsfobund byrja samle inn dokumentasjon om stoda ved lokalmusea i landet. Gisle Midttun vart sendt ut som reisande konservator på Austlandet i 1936 og Robert Kloster på Vestlandet året etter. Dei rapporterte om bygdemuseum som hadde vorti «rene pulterkamre» i staden for naturtru illustrasjonar av gamle gardsinteriør (rapportar frå konservatorane, her henta frå Talleraas, «Et uregjerlig mangfold?», 203).
39Vreim, «Fra museum til bygdetun», 111.
40Se også Eriksen, «Fra stevneplass til dialoginstitusjon».
41Vreim, «Fra museum til bygdetun», 112.
42 Kongsvinger Arbeiderblad, 25. juni 1942.
43 Kongsvinger Arbeiderblad, 11. juli 1942.
44Gunnar Tangas privatarkiv, Kongsvinger museum.
45Vreim, «Fra museum til bygdetun», 111.
46 Nationen, 11. august 1944.
47Harry Fett, «På kulturvernets veier og kulturforskningens», i Årsberetning, red. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring (Oslo: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, 1944), 1–264.
48Ragnar Pedersen, Hedmarksmuseet 100 år (Stiftelsen Domkirkeodden, 2008), 131.
49Brev i Anno museum Kongsvingerregionens arkiv.
50Gunnar Tanga, «Bygdetunet», i Heimen 8, nr. 1 (1949), 12–14.
51 Sarpsborg Arbeiderblad, 21. januar 1948.
52Eidsvoll bygdetun, protokoll I, Eidsvoll museums arkiv.
53I fleire andre avisinnlegg og rundskriv frå landsforbundet tar Engelstad også til orde for å vera restriktiv med å etablere bygdetun. Han meinte tydelegvis at dei kunne li same skjebne som dei eldre bygdemusea; dei kunne bli raritetskabinett, og dei kunne bli vanrøkta.
54 Nationen, 6. juni 1944.
55Talet er henta frå Talleraas, «Et uregjerlig mangfold?», 274.
56Talleraas, «Et uregjerlig mangfold?», 276.
57Tanga, «Bygdetunet», 13.
58Talleraas, «Et uregjerlig mangfold?», 280.
59Protokoll frå Norske Museers Landsforbund, styremøte 14. april 1955. Takk til Lise Talleraas, som delte kjeldematerialet med meg.
60Notat frå komiteen Norske Museers Landsforbund sette ned 14. april 1955, der dei fremjer forslag til definisjon av bygdetun/bygdemuseum, signert Bjørn Hougen, Arne Nygård-Nilsen og Eivind Engelstad.
61Riksantikvarens arkiv, RAKV-S-6224-D-Db-Db04-0021-0001-0001.pdf.
62Haugen, Eidsvoll bygdetun gjennom 50 år, 14.
63Haugen, Eidsvoll bygdetun gjennom 50 år, 11.
64Stein Erik Skar, Da rocken kom til Hamar: Minner og historikk fra Hamar-området 1954–1967 (Hamar: Pan, 2007).
65Asbjørn Fossen, Flukten fra landsbygda, 50 år etter (Oslo: A. Fossen, 1996).
66Bård Kleppe, Der gresset er grønt og toalettene rene: Om bygdetunets betydning i dag (Bø: B. Kleppe, 2007).
67Birger Nesholen, «Gruetunet Museum – lokalhistorisk databank fyller 50 år», Solør-Odal 24, nr. 4 (1992), 30–39.
68Sigrid Bø og Turid Følling Eilertsen, Framover med fortida (Oslo: Samlaget, 1994), 25; Innstilling om de halvoffentlige museers virksomhet og drift (Bergen: Museumskomitéen, 1970); Geir Vestheim, Museum i eit tidsskifte, Samlagets bøker for høgare utdanning 4/94 (Oslo: Samlaget, 1994).
69Nesholen, «Gruetunet Museum – lokalhistorisk databank fyller 50 år».
70John Aage Gjestrum og Marc Maure, Økomuseumsboka: Identitet, økologi, deltakelse; Ei arbeidsbok om ny museologi (Tromsø: Norsk ICOM, i kommisjon hos Totens Bokhandel, distribuert av Vest-Agder Fylkesmuseum, 1988).
71St.meld. nr. 49 (2008–2009) Framtidas museum: Forvaltning, forskning, formidling, fornying (Kultur- og kirkedepartementet, 2009); Knut Fossestøl et al., Organisering av museene: En evaluering av organisasjonsformer i kjølvannet av museumsreformen (Oslo og Bergen: Norsk kulturråd / Fagbokforlaget, 2013).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon