Artikkelen presenterer framlegg til lesingar av tre av den norske poeten Olav H. Hauges (1908–1994) dikt frå 1960-talet.
Perspektivet er dei for den seine Martin Heidegger så sentrale tankane om ein spesifikt poetisk måte å «byggja bu tenka» på, som
ein av artiklane hans heiter. Tidsmessig blir Hauges kjennskap til Heidegger forankra, ved hjelp av dei publiserte dagbøkene hans,
til tida då han arbeidde med den fornyinga av forfattarskapen som munna ut i diktsamlinga På Ørnetuva (1961). Dei tre dikta frå
denne boka som blir undersøkte, er «Til eit Astrup-bilete», «Kveld i november» og «Kvannskorane». Dikta er valde ut fordi dei på
ein særleg treffande måte står til Heideggers tankar, utan at sambandet med naudsyn begrensar seg til desse.
The article suggests readings of three of the Norwegian poet Olav H. Hauge’s (1908-1994) poems from the 1960s. The perspective is
the later Martin Heidegger’s central thoughts on a specifically poetic way of «Building dwelling thinking», as one of his article
titles read. Chronologically, Hauge’s knowledge of Heidegger is established, based on his published diaries, at the time when he
worked on the renewal of his authorship which resulted in the poetry collection På Ørnetuva (1961). The three investigated poems
from this book are «Til eit Astrup-bilete», «Kveld i november» and «Kvannskorane». The poems have been chosen because they in a
particularly striking way fit Heidegger’s thoughts, but the connection might have further significance.