Olav H. Hauge (1908–1994) frå Ulvik i Hardanger: verdspoet, gjendiktar, dagbokforfattar, brevskrivar. Dikta hans har truleg fått meir kritisk merksemd enn nokon annan norsk poet både frå akademikar- og forfattarhald. Idar Stegane, Katherine Hanson, Jon Fosse, Staffan Söderblom, Hadle Oftedal Andersen og underteikna har alle skrive avhandlingar og/eller gitt ut bøker om dikta hans, Knut Olav Åmås har skrive biografi og Einar Økland, Jan Erik Vold, Atle Kittang, Jørgen Sejersted, Eirik Vassenden og ei rad andre har levert sentrale bidrag i Hauge-resepsjonen. Diktbøkene til Hauge kom jamnt med fem års mellomrom frå og med debuten med Glør i oska i 1946: Under bergfallet (1951), Seint rodnar skog i djuvet (1956), På Ørnetuva (1961), Dropar i austavind (1966), Spør vinden (1971). Neste «bok», Janglestrå, kom så fyrst i 1980, men då berre som ein del av Dikt i samling. Sjølv om «kjelda [då] var tom» som han pla seie, betyr ikkje det at han ga opp diktinga. Han heldt fram med å pusse, flikke og forbetre dei dikta og diktbøkene som alt var komne, heilt fram til livsslutten. Såleis kom det fleire utgåver Dikt i samling, alle med undertittelen Ny og auka utgåve, heilt fram til 1994 då boka berre hadde tittelen Dikt i samling. Sjølv om ein ikkje kan vere heilt sikker i og med at det gjekk fleire månader mellom Hauges dødsfall og bokutgjevnaden, har Bjorvand Bjørkøy truleg rett i at dette må reknast som den forfattarautoriserte utgåva. Det er såleis denne som burde ligge til grunn i forvaltninga av forfattarskapen når fleire utgåver av Dikt i samling, nye diktutval, omsetjingar, mv. skal gjevast ut (sjølv om det diverre ikkje alltid har vore realiteten så langt). Som Hauge-forskar vart eg rimelegvis glad og nøgd då Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy i si edisjonsfilologiske doktoravhandling frå 2015, Verkets hviskelek. Teksthistorien til utvalgte norske skjønnlitterære verk utgitt gjennom 1900-tallet, innlemma eit hundresiders kapittel nettopp om dei justeringane, endringane og omkalfatringane av dikt og diktbøker Hauge arbeidde med gjennom heile forfattarskapen sin, og eg tenkte som så: Dette kapitlet kan med fordel kondenserast til enkle og oversiktlege grafiske framstillingar og synoptisk samanstilling av dikt, gjerne i form av ein nettpublikasjon til bruk i Hauge-forsking og formidling − dét ville gi eit unikt og direkte innblikk i skrivarverkstaden, og ein kunne studere korleis ein meisterpoet stadig utbetra bøker og enkeltdikt. Når eg så las Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt (2016) på 267 sider, trudde eg lenge at eg hadde med ei utviding av avhandlingskapitlet å gjere, heilt til eg kom til ein fotnote s. 258 der Bjorvand Bjørkøy (langt om lenge) opplyser om at avhandlingskapitlet faktisk er ein kortversjon av boka. Som i avhandlinga blir forfattarskapskronologien følgd bok for bok og delvis også ord for ord og avsnitt for avsnitt, men talet på dikt som blir kommenterte, er større. I bokversjonen finst òg eit kapittel om Hauges barnedikt, og innhaldet i avslutningskapitlet «Forvaltning og forvandling» er meir innhaldsrikt enn i avhandlinga, mellom anna med ein gjennomgang av Hauges plass i ulike diktantologiar.

Bjorvand Bjørkøy har altså vald å utgi det som avhandlingskapitlet var eit konsentrat av. Om ho derimot hadde kondensert avhandlingskapitlet ytterlegare, så hadde resultatet vore langt meir interessant og forskingsnyttig, og ikkje minst: Bjorvand Bjørkøys styrke som forskar ville kome til sin rett. Og den styrken ligg i sjølve det edisjonsfilologiske arbeidet, ikkje i diktlesing. Samstundes ville ho ha unngått å gå i den fella som mange som har skrive om Hauge etter at fem-bands verket med dagbøkene hans kom rett etter årtusenskiftet, nemleg der å lete med lys og lykte etter «bevis» for eiga diktforståing utan tilstrekkeleg refleksjon over sjølvframstilling, skrivesituasjon, sjanger, osb, kort sagt å skilje mellom ein personleg sjanger som dagboka er, og det Hauge sjølv kalla «kaldsmidde vers».

Hauges revisjonar, Bjorvand Bjørkøys repetisjonar

I debutboka Glør i oska var det 53 dikt. Nokre av desse dikta skriv seg heilt tilbake til seint 1920-tal, og i og med at dei til skilnad frå dikta i dei seinare bøkene er skrivne i tradisjonelle, metriske former, utgjer dei ein eigen fase i forfattarskapen. Lyrikkhistorisk høyrer boka heime i mellomkrigstida og høver inn i den nynorske tradisjonen med Olav Nygard, Olav Aukrust, Kristofer Uppdal, m.fl. Sett mot ein slik bakgrunn, som er lite drøfta av Bjorvand Bjørkøy, er det kanskje ikkje så rart at boka vart gjenstand for omfattande revisjon. Eit døme henta frå Bjorvand Bjørkøys bok (21): 21 av dei opprinnelege dikta er fjerna, og andre – 15 stk. − er komne til, og av desse 15 vart eitt fjerna i 1993-utgåva. I tillegg er 31 dikt reviderte, nokre av dei opptil fleire gonger. Berre to dikt er intakte frå originalen: «Svarte krossar» og «Elden». For ein edisjonsfilolog må naturlegvis Glør i oska vere litt av ein godbit, men i bøkene utover på 50-talet og enda meir i bøkene frå 60- og 70-talet får filologen stadig mindre å setje tennene i; endringane er langt frå så drastiske. Nett på 60-talet og i åra framover driv Hauge eit intensivt revisjonsarbeid, og det kunne vore interessant å sjå om og eventuelt korleis Hauges skriftpraksis og poetologi i bøker som På Ørnetuva, Dropar i austavind og Spør vinden verkar inn på revisjonsarbeidet. Som eg har vist i Fansmakt og bergsval dom. Studier i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), forblir Hauge romantikar all sin dag sjølv om det motiviske og tematiske vengespennet blir større nettopp på 1960-talet. Hauge held òg fram med å dyrke det metriske og strofiske diktet, perfeksjonert i den striktaste av alle former: sonetten. Ein kunne til dømes spørje: Framstår ikkje mange av dikta i den originale Glør i oska frå 1946 som dvaske og snakksame «rimeri» samanlikna med den strengheit og konsentrasjon sonetten krev, og som Hauge innlemma i alle samlingar frå og med 1951 til og med 1971? Diverre stiller ikkje Bjorvand Bjørkøy slike og liknande spørsmål. I staden blir vi presentert for mange og lange sitat frå Hauges dagbøker saman med mange og lange gjentakingar frå Hauge-resepsjonen, ein sjeldan gong, heldigvis, med nokre verdifulle justeringar av tidlegare lesningar, som regel på mikro-nivå og ikkje som heilskapelege tolkingar.

Bjorvand og Hauge-resepsjonen

I motsetning til diktbøkene har dei øvrige sidene ved Olav H. Hauges forfattarskap vore nokså lite påakta i vitskapleg samanheng. Pr. dato finst til dømes ikkje noko større arbeid om dei fem store banda med dagbøker trass i at sjølvframstillinga som skriftmodus er i vinden som aldri før, og trass i at Hauges dagbøker gjennom 70 år på om lag 3500 sider er blant dei mest omfattande i verdslitteraturen. Vitskapleg er dagbøkene soleis framleis å sjå på som jomfrueleg område, og å bruke desse dagboksinnførslane som hjelpemiddel i diktlesinga krev både varsemd og klokskap og i det minste ei utgreiing av og refleksjon over problematikken. Dette saknar ein hos Bjorvand Bjørkøy som les dagbøkene endeframt og enkelt som glassklar sakprosa, og som òg i altfor stor grad ser bort frå at dagbøkene fyrst og fremst er litteratur om annan litteratur, om verdslitteraturen, ikkje om eigen litteratur.

Eit anna problem i Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt er Bjorvand Bjørkøy sitt forhold til sekundærlitteraturen om Hauge – på fleire nivå. Ein stad (s. 51) blir det vist til mi hovudfagsavhandling utan at ho finst i litteraturlista til slutt. Sidan det ikkje gjekk fram av litteraturlista, måtte eg ta fram både doktoravhandlinga og bokversjonen av den (som kom i den litteraturvitskaplege Perspektiv 17 X 24-serien på Unipub forlag i 2000) for å finne ut kva som var meint med «Ole Karlsens avhandling» for å kunne sjekke sitat og samanhengar. Slikt småslurv med akribi kan sjølvsagt vere ein glipp, sjølv om ein ikkje ventar slikt, særskilt ikkje frå ein edisjonsfilolog. Meir djuptgripande problematisk er utvalet av sekundærlitteratur og bruken og forståinga av litterære omgrep. I tillegg til avhandlinga mi står Idar Steganes Olav H. Hauges dikting. Frå «Glør i oska» til «Dropar i austavind» (1974) og Hadle Oftedal Andersens Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge (2002) særleg sentralt. Kvifor ikkje Katherine Hansons avhandling Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry (1978)? Og kvifor nett desse bøkene av trioen Stegane, Oftedal Andersen og Karlsen, truleg om lag halvparten av det dei alle har publisert om Hauge? Ein kan rimelegvis ikkje vente at all sekundærlitteraturen om Hauge skrive av dei tre «utvalde», skal vere relevant for prosjektet, men ein kunne vente ei grundig grunngjeving for valet. Og når boka også inneheld eit kapittel om Hauge-forvaltninga, så blir problemet enda meir akutt. Kvifor berre gå «i dialog med» tre litteraturvitarar og ingen av dei forfattarane (Fosse, Vold, Økland, Söderblom og andre) som har vore så sentrale i Hauge-resepsjonen og i Hauge-forvaltninga?

No skal det seiast at Bjorvand Bjørkøy jamt over gjev att både det eg og andre har skrive lojalt og på ein fair måte. Det kan sjølvsagt skje at lange resonnement kan bli «aborterte», eller at hovudsynsmåtar blir gløymde og ofra på detalj-alteret. Det er såleis sentralt å gjere greie for kva som har vore hovudintensjonen med dei ulike Hauge-tilnærmingane i ulike forskingsarbeid før ein går laus på detaljane og pressar dei inn i si eiga forståingsramme. Bjorvand Bjørkøy er særs ivrig etter å saumfare kva forskarane har meint om utviklingsfasane i forfattarskapen, sjølv om det finst fleire døme på åtvaringar mot at nett denne forfattarskapen skal underleggjast ein slik «utviklingsoptikk». Dette blir særs problematisk også fordi det knyter seg saman med grunnleggjande omgrep som ikkje blir gjennomdrøfta. Eksempelvis gjeld dette romantikkomgrepet. Når ein les Bjorvand Bjørkøy, får ein inntrykk av at Idar Steganes romantikkoppfatning i boka frå 1974 er den same som den eg har i 2000. Strengt tatt kan ein nesten snakke om ein eple- og pære-distinksjon når det gjeld romantikkoppfatningane som kjem til uttrykk i dei to bøkene ettersom romantikkomgrepet gjennomgår ei kraftig omkalfatring nettopp i dei tre tiåra som skil Steganes bok frå mi. Kva Stegane og eg legg i omgrepet, kjem godt fram hos båe, og i tillegg: I min disputas vart nett romantikkomgrepet gjenstand for diskusjon mellom førsteopponent Stegane og doktoranden. Hadde Bjorvand Bjørkøy orientert seg litt vidare i Hauge-resepsjonen, ville ho ha funne fram til den trykte versjonen av disputasen (i Nordica Bergensia, 25/2001) der romantikk-omgrepet blir ytterlegare klargjort. Denne er ikkje nemnd korkje i brødtekst eller litteraturlista og har tydeleg gått under Bjorvand Bjørkøys radar.

Eit dikt vert aldri ferdig

Eit dikt vert aldri ferdig er hovudtittelen på boka. Dette Hauge-sitatet er nokså representativt for Hauges diktsyn; som vi har sett, filte han på dikta sine i årevis sjølv om dei var «ferdige» i den forstand at dei var komne på prent og i bokform. Hauge hadde sin eigen høge kvalitetsnorm. Eg spurde han ein gong kvifor han stadig heldt på med å skrive sonettar. «Dei beste dikt i verdi er sonettar, veit du!», var svaret. Underforstått: Eg vil skrive dikt som kan haldast opp mot dei store klassikarane i verdslyrikken. Med eit så høgt ambisjonsnivå er det ikkje merkeleg i det heile at han stadig måtte fli på dikta sine og aller mest på Glør i oska som litterært sett var (og er) den svakaste. Bjorvand Bjørkøy siterer tingdiktet «Femstein» (frå Under bergfallet, 1951) i avsnittet «Kan eit dikt bli til eit anna?»: «Femsteinane mine / er skitne og gråe vortne, / og feitute / av mange fingrar. / Granneborni / skal alltid ha tak i dei / når dei kjem. // I elvi skal eg / finne meg / ny femstein; kvite steinar / med korn som glitrar / i soli / når me spelar.» I revidert versjon vert dette til: «Femsteinane / er skitne og grå vortne, / av mange fingrar. / I elvesanden / skal me finna oss / ny femstein. / Kvite steinar / som glitrar i soli / når me spelar.» Ifølgje Bjorvand Bjørkøy skal den reviderte versjonen vere eit nytt dikt. Vi har såleis med to dikt å gjere, og såleis seier ho samstundes at dikt faktisk blir «ferdige», også hos Hauge. At vi skal ha med to dikt å gjere, fører ho prov på slik (223): «Viss tekstene A1 og A2 genererer analysene a1 og a2, må analysene a1 og a2 vere gyldige både for A1 og A2 for at A1 og A2 skal kunne kvalifisere som to versjonar av eitt og same verk.» Kva som er meint med analyse framgår ikkje klårt, men på bakgrunn av parafraser av dei to versonane blir det fastslått at dei genererer to ulike tolkingar. Det kan så vere, men kva om «provet» byggjer på feil premissar? I elementær forstand er naturlegvis båe versjonane dikt, det er så å seie institusjonelt bestemt i og med at båe er utgjevne i diktbøker. Men ein habil diktlesar vil snart sjå at «versjon» nr. 2 er eit langt betre dikt enn den langt meir taletrengte «versjon» nr. 1. Dikt nr. 2 er eit (enda meir?) «ferdig» dikt, kan hende heilt ferdig også slik Hauge såg det. Dermed skjer det etter mitt syn også noko med versjon nr. 1 som blir redusert til eit utkast, ein mellombels-tekst på vegen mot eit særs godt, meir gjennomført, meir konsentrert og meiningstett dikt. Eit prinsipielt spørsmål om kvalitet oppstår såleis, eit spørsmål som Bjorvand Bjørkøy ikkje adresserer skikkeleg korkje i dette avsnittet eller andre stader i boka. Spørsmålet er avgjerande av fleire årsaker. For det fyrste rører det ved den mest grunnleggjande årsaka til at Hauge dreiv sitt innbitte revisjonsarbeid: Diktet heldt ikkje mål i forhold til Hauges eigen målestokk, det var ikkje godt nok enno. For det andre opnar det for ein diskusjon om kva for tekstgrunnlag ein som litteraturvitar (og ikkje som edisjonsfilolog) skal forhalde seg til; dei (mest) ferdige tekstane eller utkasta. Nett eit slik aspekt ved tekstgrunnlagsdiskusjonen saknar ein i denne boka. Likevel er «Femstein»-eksemplet særs velvalt ut frå eit anna perspektiv: ein synoptisk samanstilling av utkast og endeleg versjon gir eit unikt gløtt inn i diktarverkstaden og syner direkte og pedagogisk fram dei grepa poeten tek i arbeidet med diktet til det finn si endelege form. Nett her syner styrken seg ved Bjorvand Bjørkøys tekstfilologi, og vonleg tek nokon hansken opp og arbeider vidare med utgangspunkt i det solide grunnarbeidet som her er gjort.