Dette nummeret av Nordand markerer overgang til nytt forlag, nemleg Universitetsforlaget i Oslo. Redaksjonen ser på dette som svært lovande, og vi gler oss til eit langvarig samarbeid. Med nytt forlag har tidsskriftet fått ei forbetra heimeside som vi anbefaler lesarane å besøke, www.idunn.no/nordand. Ei anna endring som vi vil gjere merksam på, er at Nordand frå og med dette nummeret går over til elektronisk publisering og e-abonnement. Abonnentane vil såleis ikkje lenger motta tidsskriftet i papirutgåve. Dette kan kanskje bli eit sakn for somme lesarar, men redaksjonen har i samarbeid med Universitetsforlaget gått inn for denne ordninga ettersom vi ser det som eit første steg mot såkalt «gull open access» og større utbreiing av tidsskriftet. Ordninga med elektronisk publisering per i dag er såkalt «grøn open access». Det vil seie at forfattaren kan arkivere den versjonen av manuset som blir antatt for publisering av redaksjonen (før språkvask o.l.) i det opne arkivet til sin institusjon og på eiga heimeside, utan embargo. Universitetsforlagets mål er å få tidsskriftet over på Open Access så fort det lar seg gjere, men det eksisterer dessverre enno ikkje ei god nok finansieringsordning for å opne nordiske tidsskrift. Redaksjonen vil orientere lesarane undervegs når vi veit meir om stoda.

––––––––––––––––––––––-

Som vanleg presenterer vi også i dette nummeret fire artiklar, og dessutan har vi til slutt ei oversikt over phd-avhandlingar frå perioden 30.06.2015, t.o.m. 31.12.2016.

Dei fire artiklane kan alle plasserast innan kvalitativ forsking med fokus på skolen og klasserommet. Både tekstanalyse, lingvistisk-etnografisk tilnærming og aksjonsforsking er representert.

Magnussons artikkel følgjer opp temaet om nyankomne barn og unge i forrige nummer av Nordand, og ho ser på kva for forståing av andrespråksutvikling som ligg til grunn i Skolinspektionens granskingar av undervisning for nyankomne elevar og andrespråkselevar i Sverige. Gjennom nærlesing av Skolinspektionens rapportar kjem det fram at andrespråksutvikling i varierande grad blir tematisert, og at det dessutan varierer i kva grad ein trekker inn innsikter frå andrespråksforsking. I ein av rapportane er andrespråksperspektivet heller fråverande. Magnusson held fram at dette påverkar det biletet som blir gitt av skolen og lærarars arbeid og føresetnader, og vidare kva type undervisning og støtte som blir foreslått. Ein representant for Skolinspektionen, som uttalte seg på Sveriges radio om kva som kunne gjerast for å endre dårlege skoleresultat for nyankomne elevar, er sitert i artikkelen: «Det finns så enkla knep som att lära ut til alla sinnen…». Magnusson viser til den oppsikt det vekte at den komplekse og teoretisk baserte undervisninga som lærarar utfører, blir omtalt som enkle knep.

Dei andre tre artiklane i dette nummeret kan nettopp lesast som ei motsegn til ei slik enkel framstilling av kva som foregår i klasserommet, og dei illustrerer på kvar sin måte at det foregår ulike typar velfundert kreativt pedagogisk arbeid som fremjar læring og der fleirspråklegheit blir gjort til ein ressurs.

Daugaard og Dewilde skriv om fleirspråklege lærarar i det danske og det norske skolesystemet. Metodisk er det tale om to lingvistisk-etnografiske undersøkingar som til saman dannar empirien for artikkelen. Frå ein teoretisk ståstad ser forfattarane på språk som ei form for oppfinning, og dei kontekstualiserer denne forståingsmåten i forhold til mytar om språkundervisning og -læring, som lærarane utfordrar. I tillegg til å vera ei spanande teoretisk velforankra forteljing og analyse i seg sjølv, er denne artikkelen også eit formeksperiment. Dewilde og Daugaard både argumenterer for ei ny forståing av språk og fleirspråklegheit på teoretisk nivå, og dei praktiserer denne forståinga gjennom sin eigen tekst som er skriven på dansk og norsk.

Det er nettopp fleirspråklegheit og tekstskriving som er tema i Wedins artikkel. Ho rapporterer frå eit aksjonsforskingsprosjekt som blei gjennomført på ein skole i Sverige (på 4. årstrinn) der ein stor del av elevane var fleirspråklege. Klasseromsobservasjon av arbeidet med «identitetstekstar» og intervju med elevane viste m.a. korleis tradisjonelle oppfatningar omkring morsmål og heimland blei utfordra, og at språkleg medvit hos både elevar og lærarar auka gjennom prosjektet. Men det kom også fram at det å inkludere mange språk i det daglege klasseromsarbeidet krev organisatorisk støtte og samarbeid for å fungere godt.

Fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet blir også løfta fram i Hedman og Magnussons artikkel. Undersøkinga som ligg til grunn for artikkelen såg på korleis elevar i vidaregåande skole (högstadielever) som er tospråklege i svensk og spansk, agerer og samtalar om læreboktekstar. Det empiriske grunnlaget for studien består av innspelte samtalar mellom elevane på både spansk og svensk. Halvparten av elevane hadde ifølge læraren ei form for lese- og skrivevanskar. Hedman og Magnusson legg omgrepet «textrörlighet» til grunn for analysen. Dette omgrepet relaterer til lesarens personlege, allmenngyldige og/eller kritiske forhold til teksten. Resultata tyder på at graden av «textrörlighet» ikkje varierer ut frå språk (spansk eller svensk), noko som i sin tur viser eit gjensidig avhengigheitsforhold mellom elevane sine to språk. Vidare finn Hedman og Magnusson at det hos elevar med oppfatta lese- og skrivevanskar kom til uttrykk lågare grad av «textrörlighet» enn hos dei elevane som ifølge læraren ikkje hadde slike vanskar. I denne samanhengen fremhevar Hedman og Magnusson også det støttande potensialet som den fleirspråklege samtalen kan utgjere i form av didaktisk reiskap for flerspråklege elevar med ulik erfaring og bakgrunn.

––––––––––––––––––––––-

2017 er eitt av dei åra vi er så heldige å kunne møtast til Nordand-konferanse, denne gongen i Vasa den 8. og 9. juni. Vi vil oppfordre alle til å sende inn konferanse-foredraget sitt til tidsskriftet, og vi ser fram til å bli oversvømte av manuskript av høg kvalitet og relevans til hausten.