Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Fløyelsrevolusjonen i 1989 - ingen reprise på Praha-våren

Dr. polit., førsteamanuensis, Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo, elisabeth.bakke@ stv.uio.no

  • Side: 117-144
  • Publisert på Idunn: 2015-06-17
  • Publisert: 2015-06-17

Abstract: The Velvet Revolution of 1989 – No Replay of the Prague Spring

The Prague spring started on 5 January 1968 with the election of Alexander Dubcek as first secretary of the Communist Party and ended with the Warsaw Pact invasion on 21 August 1968. The Velvet Revolution was sparked off by a student demonstration on 17 November 1989, and culminated in the election of dissident playwright Václav Havel as president on 29 December. Twenty-five years on, Havel is the unequivocal symbol of the revolution, while Dubcek is still the man from ‘68. This article recounts the story of the Prague Spring and the Velvet Revolution and explains why the 1968 elites failed to make an impact in 1989 despite the fact that they organised early and that the memories of 1968 played an important symbolic role in the events leading up to, and during, the Velvet Revolution.

Keywords: Prague Spring, Velvet Revolution, Alexander Dubcek, Václav Havel, elites, Civic Forum

 

* Takk til deltakarane på NOPSA-konferansen i Göteborg 12.–15. august 2014 for nyttige kommentarar til ein tidlegare versjon. Takk også til dei anonyme fagfellene.

Talet 68 snudd på hovudet er 89. Dette var eit takknemleg motiv for revolusjonens ikonografi. Det vi sådde våren 1968, hausta vi hausten 1989. (Jirí Suk 2006: 23)

Valet av Alexander Dubcek som førstesekretær i kommunistpartiet 5. januar 1968 blir i litteraturen rekna som starten på Praha-våren, ein liberaliseringsperiode i Tsjekkoslovakia som tok slutt da styrkar frå Warszawa-pakta invaderte landet 21. august same året. Påskotet for invasjonen var at «sosialismen var truga», slik det seinare vart formulert i Brezjnev-doktrinen (Ouimet 2003: 67). Fløyelsrevolusjonen starta 17. november 1989 med ei offisiell markering til minne om studentoppstanden mot naziregimet i 1939.1 Etter forhandlingar mellom regimet og den demokratiske opposisjonen utnemnte president Gustáv Husák 10. desember ei regjering «for nasjonal forståing» der kommunistane var i mindretal for første gong sidan 1948, og gjekk deretter av. 29. desember presiderte Alexander Dubcek over valet av dissidenten og dramatikaren Václav Havel som ny president (Ash 1999: 78 ff.; Meyer 2009: 175 ff.; Suk 2003). I mellomtida hadde Sinatra-doktrinen2 avløyst Brezjnev-doktrinen, og Austblokklanda kunne gjera det «på sin måte».

Sett frå ein statsvitskapeleg synsvinkel er forskjellane mellom Praha-våren og fløyelsrevolusjonen mest slåande: For det første var aktørane forskjellige. Der Praha-våren vart drive fram av aktørar innafor det statsberande kommunistpartiet med Dubcek i spissen, sprang fløyelsrevolusjonen ut av krefter utanfor og i opposisjon til det statsberande partiet. For det andre var målet heilt forskjellig: Praha-våren handla ikkje om å innføre demokrati, men om å reformere kommunismen, og var meir i slekt med Mikhail Gorbatsjovs glasnost og perestrojka enn med fløyelsrevolusjonen. Det var snakk om liberalisering innafor rammene av eit ikkje-demokratisk regime (Linz & Stepan 1996: 3). For det tredje var utfallet sjølvsagt heilt forskjellig: Praha-våren enda i invasjon og politisk istid (Sikora 2013), medan fløyelsrevolusjonen gjorde slutt på over 40 år med kommunistisk styre og munna ut i frie val. Slik sett kan ein seia at ‘89 var ‘68 snudd på hovudet på meir enn ein måte.

Men samtidig spelte minna om Praha-våren ei viktig rolle på symbolplanet, både før og under fløyelsrevolusjonen, spesielt på tsjekkisk side: I Praha fann dei første store demonstrasjonane stad på 20-årsdagen for invasjonen, 21. august 1988. Før det hadde både ‘68-arane sjølve og Charta 77 brukt hendingane i 1968 som utgangspunkt for kritikk av regimet. Under den såkalla Palach-veka i januar 1989 vart det halde ein serie demonstrasjonar til minne om Jan Palach, studenten som i januar 1969 sette fyr på seg sjølv i protest mot okkupasjonsmakta. I den tidlege fasen av fløy-elsrevolusjonen stod dessutan oppgjeret med eliten som var ansvarleg for invasjonen og normaliseringa sentralt, og Dubcek var sjølv eit symbol for håpet om politisk endring. Dette kom til uttrykk gjennom tilropet «Dubcek til borgen» da han talte til folkemassane i Praha 24. november (Ash 1999: 95). Likevel var det ikkje han, men Václav Havel som vart president. ‘68-arane spelte i det store og heile ei overraskande marginal rolle under fløyelsrevolusjonen trass i at dei var tidleg ute med å organisere seg: Inspirert av Gorbatsjovs perestrojka og glasnost og i håp om eit maktskifte internt i kommunistpartiet, grunnla dei Obroda (fornying) allereie i 1988 (Císar 2005: 1155; Bencík 2012: 193–94).

Det finst ein omfattande litteratur både om Praha-våren og fløyelsrevolusjonen (sjå under), og dei overordna årsakene til kommunismens fall og overgangen til demokrati er grundig drøfta i forskingslitteraturen. Vellykka demokratisering blir forklart både med strukturelle forhold og forholdet mellom aktørar (sjå Bakke 2015 for ein gjennomgang av denne litteraturen). Formålet med denne artikkelen er meir avgrensa: å forklare kvifor ‘68-arane og ideane deira hadde så lite gjennomslag hausten 1989, og dermed også kvifor det var heilt uaktuelt å «vende tilbake» til 1968. Svært mange var involvert både i Praha-våren og i fløyelsrevolusjonen, og det er ikkje praktisk mogleg å ta for seg alle som på ein eller annan måte var aktive på dei to tidspunkta. Sidan eg primært er opptatt av dei som stod i første rekkje i 1968 og 1989, og ikkje dei som slutta seg til undervegs, har eg vald å leggje hovudvekta på dei sentrale elitane. Alle dei viktigaste aktørane på begge sider under Praha-våren var medlemar av leiinga i kommunistpartiet. I 1989 dominerte nomenklaturaen 3 framleis på regimesida, medan dei to paraplyrørslene Borgarforum (OF) og Opinion mot vald (VPN) dominerte den breitt samansette demokratiske opposisjonen. Dei mest sentrale aktørane var medlemar av (den utvida) krisestaben og/eller deltok i rundebordsforhandlingane (sjå også vedlegg).

Det er ikkje her plass til å gå detaljert inn på alt som skjedde under Praha-våren og fløyelsrevolusjonen. Institutt for samtidshistorie ved det tsjekkiske vitskapsakademiet (Ústav pro soudobé dejiny AV CR) har samla omfattande dokumentasjon, og Emmert (2007, 2009) har gjeve ut «krøniker» som går kronologisk gjen-nom begge hendingane i tekst, bilde og originale lydfiler. Hoppe (2009) tar for seg opposisjonen utanfor kommunistpartiet under Praha-våren. Ei rekkje av aktørane frå 1968 har gjeve ut memoarar, blant dei Dubcek (på norsk i 1993), Mlynár (1980), Hájek (1994), Císar (2005) og seinast Bilák (ein utvida versjon av memoarane hans kom post mortem i 2014). Valenta (1991) og Pauer (2004) har skrive om invasjonen i august 1968. Sikora tar for seg Praha-våren og «normaliseringa» sett frå ein slovakisk synsvinkel i to bøker (2008, 2013). Av eldre litteratur kan nemnast Kusin (1971), Williams (1997) og Kun (1999). Den mest inngåande analysen av fløyelsrevolusjonen er Jirí Suks murstein Labyrintem revoluce (2003), men sjå også Ash (1999), Blažek (2005), Hoppe og Suk (2008), Meyer (2009) og Mechýr (1999). Analysen byggjer i stor grad på primærkjelder i form av dokument frå revolusjonen, memoarar og intervju med folk på begge sider. Deset pražských dnu (1990) er ei omfattande samling av tekster og intervju. Hanzel (2006), basert på autentiske lydopptak, gir eit godt innblikk i rundebordsforhandlingane. Intervju med sentrale aktørar finst i Müllerová og Hanzel (2009), Hvíždala (2000), Spácil og Sýs (2009) og Long (2005), men sjå også Suk (1997, 1998), Havel (2009) og Pithart (2009).

Resten av artikkelen er delt i tre. Først gjer eg greie for den historiske bakgrunnen, deretter kjem ein gjennomgang av Praha-våren og fløyelsrevolusjonen, før eg avsluttar med ei drøfting av kvifor 1968-eliten mislykkast med å gjera seg gjeldande i 1989.

Frå maktovertakinga til Praha-våren

Tsjekkoslovakia var det siste av austblokklanda som fekk kommunistisk styresett, gjennom eit statskupp i februar 1948. Det vart halde eitt tilnærma demokratisk val etter krigen, i mai 1946, som Kommunistpartiet (KSC) vann med 38 prosent. I 1945 hadde alle tillatne parti vorte samla i den nasjonale fronten. Etter valet fekk KSC statsministeren (Klement Gottwald) i nasjonal front-regjeringa, og kontrollerte dessutan innanriksdepartementet og politiet, men dei andre partia hadde saman fleirtal i regjeringa. Da dei ikkje-kommunistiske statsrådane i regjeringa Gottwald trekte seg i protest mot maktmisbruk i politiet i februar 1948, vart president Edvard Beneš pressa til å utnemne ei ny regjering av kommunistar og medløparar (Staar 1982: 76). Ved valet i mai 1948 stilte den nasjonale fronten ei felles liste.

Etter maktovertakinga stramma kommunistane grepet. Det sosialdemokratiske partiet vart tvangssamanslått med kommunistpartiet hausten 1948, medan dei partia som fekk halde fram vart redusert til «satellittparti» utan sjanse til å føre ein uavhengig politikk. Fagforeiningar og frivillige organisasjonar vart nedlagt eller innlemma i den kommunistkontrollerte nasjonale fronten (Balík et al. 2005: 1251–52; Kaplan 2012: 16–17). I neste omgang kom turen til partiorganisasjonen: heftig rekruttering hadde ført til at KSC hadde 2,7 millionar medlemar i 1948, men gjennom utreinskingar vart talet redusert med 37 prosent mellom 1948 og 1952, før det igjen begynte å stige (Wong 1996: 65, 67; Staar 1982: 164). I samband med dei politiske prosessane mot høgtståande kommunistar vart dessutan den tidlegare generalsekretæren Rudolf Slánský og ti andre hengt i desember 1952, medan ei rekkje andre vart fengsla, deriblant Gustáv Husák (Brzezinski 1958: 81–84).

Som dei andre kommunistiske regima tvangskollektiviserte KSC landbruket, nasjonaliserte næringsliv og fast eigedom og innførte planøkonomi. Gjennom nomenklatura-systemet hadde partiet kontroll over alle viktige posisjonar i partiet, statsapparatet og samfunnet elles (Furtak 1990: 6–8, 10–11). Politiske rettar som ytringsfridom, forsamlingsfridom og organisasjonsfridom var sterkt avgrensa, og dei folkevalde forsamlingane var reine sandpåstrøingsorgan som møttest berre nokre få dagar i året (Furtak 1990: 11). I motsetnad til representative demokrati, der den politiske eliten (Bottomore 1993; Carlton 1996) typisk er statsoverhovudet, regjeringsapparatet og medlemmane av parlamentet, var den politiske eliten under kommunismen toppleiinga i partiet. Den mektigaste var generalsekretæren eller førstesekretæren (som dermed også var den faktiske statsleiaren), følgd av presidiet og sekretariatet. Sentralkomiteen, formelt det øvste organet i femårsperiodane mellom partikongressane, spelte ei viktig rolle først og fremst når ulike fraksjonar stod mot kvarandre, slik tilfellet var før og under Praha-våren. Det var dessutan sentralkomiteen som hadde det formelle ansvaret for sentrale utnemningar via nomenklatura-systemet, og dermed for utreinskingar. Det var likevel betydeleg overlapp mellom parti- og statsapparatet. I 1971 sat 44 prosent av sentralkomiteen og heile presidiet i det føderale parlamentet, bortsett frå Ludvík Svoboda, som var president og dermed ikkje valbar (Dinka & Skidmore 1973: 418).

All elitelitteratur viser at den politiske eliten ikkje er representativ for folk flest, men utgjer ein elite også på andre måtar – sosialt, kulturelt, økonomisk og ikkje minst når det gjeld utdanning. Politiske elitar er typisk menn, middelaldrande og høgt utdanna (Best & Cotta 2000). Slik var det også under kommunismen, sjølv om det var eigne kvoter for eksempel for arbeidarar, kvinner og nasjonale minoritetar ved val til parlamentet. Eit sentralt funn i elitelitteraturen er dessutan at politiske kriser fører til høg utskifting av politiske elitar, medan kontinuiteten aukar når institusjonar får sett seg (Putnam 1976).

Praha-våren i 1968

Valet av Alexander Dubcek som ny førstesekretær 5. januar 1968 var utfallet av ein langvarig maktkamp i kommunistpartiet der reformkommunistar allierte seg med nasjonalt orienterte slovakar og folk som var mest opptatt av å bli kvitt Antonín Novotný (for ei inngåande skildring, sjå Dubcek 1993: 124–139; Bilak 2014: 60–72). Dette blir i litteraturen rekna som starten på Praha-våren, men det skjedde ei viss (motvillig) oppmjuking allereie under Novotný, blant anna i form av mildare sensur og større kulturell fridom. Slovakiske historikarar omtalar derfor perioden 1963–1967 som «for-våren» (predjarie) (Sikora 2008: 11).

Drivkreftene for Praha-våren var både eksterne og interne. Ein viktig ekstern faktor var «tøvêret» etter Stalins død i 1953, som førte til krav om rehabilitering av ofra for dei politiske prosessane. Rehabiliteringa var eit særleg brennbart spørsmål i Slovakia, der kommunistar som hadde kjempa for slovakisk autonomi hadde vorte dømt for «borgarleg nasjonalisme» (Sikora 2008: 15). Samtidig viste den sovjetiske reaksjonen på 1956-oppstanden i Polen og ikkje minst invasjonen i Ungarn kvar grensene gjekk: Sovjetleiarane ville ikkje ha noko av fleirpartisystem eller utmelding av Warszawa-pakta (Kramer 1998: 174). Ein viktig intern faktor var den økonomiske krisa som førte til at den tredje femårsplanen vart oppgjeven i 1962. Ein kommisjon under leiing av økonomen Ota Šik fekk i oppdrag å foreslå økonomiske reformer, men møtte motstand i sentralkomiteen (Dubcek 1993: 116). I Slovakia spelte dessutan det nasjonale spørsmålet ei viktig rolle. Slovakia hadde etter krigen fått eit visst sjølvstyre gjennom det slovakiske nasjonalrådet, men dette vart redusert frå 1948, og den sosialistiske 1960-grunnlova fjerna dei siste restane av makt. Dette skapte misnøye i Slovakia og munna ut i eit krav om føderalisering av staten i 1968 (Sikora 2008).

I første omgang kom liberaliseringa under Praha-våren til uttrykk gjennom open kritikk av feil som hadde vorte gjort under Novotný, det vart gjort nokre få utskiftingar i toppen, og det vart sett ned ein komité4 for å lage nytt handlingsprogram (Dubcek 1993: 143). Fleire utskiftingar skjedde i mars og april; Ludvík Svoboda overtok som president etter Novotný, og dei fleste av Novotnýs gamle støttespelarar i partileiinga og regjeringa vart skifta ut med meir reformvennlege krefter. Dubcek fekk derimot ikkje gjort noko med det konservative fleirtalet i sentralkomiteen, som var vald av partikongressen. Men tidleg i mars vart sensuren i praksis oppheva, noko som bana vegen for frie massemedia, og dermed for kritisk diskusjon av regimet. Det var presset frå opinionen som fekk sentralkomiteen til å stemme for handlingsprogrammet på møtet 5. april.

I den nye opne og kritiske atmosfæren blomstra kultur og vitskap, og rolla til den nasjonale fronten vart sett under debatt. I Slovakia hadde den nasjonalkommunistiske grupperinga rundt Gustáv Husák det politiske hegemoniet, men i dei tsjekkiske landa fekk partia i den nasjonale fronten fleire medlemar, og nye interesseorganisasjonar søkte om medlemskap. Det oppstod uavhengige politiske initiativ, som KAN – klubben for engasjerte ikkje-partimedlemar, og K231 – ein organisasjon av tidlegare politiske fangar som kjempa for rehabilitering. Forsøket på å starte opp igjen det sosialdemokratiske partiet lykkast derimot ikkje. Fleirpartisystem var uakseptabelt også for reformkommunistane (Hoppe 2009; Císár 2005: 855).

Dubcek sjølv oppfatta handlingsprogrammet som «noe av den viktigste arven fra Praha-våren», og meir enn antyda at Praha-våren ville ha ført til reell demokratisering dersom ikkje invasjonen hadde kome imellom (Dubcek 1993: 143, 195). Dette er nok ei etterrasjonalisering frå hans side. Handlingsprogrammet tok rett nok til orde for politisk liberalisering i form av lausare band både mellom partiet og statsapparatet (regjering, parlament og domstolar) og mellom partiet og den nasjonale fronten. Programmet ville gje folk ytringsfridom og fridom til å reise utanlands, og partiet skulle «gjera seg fortent» til si leiande rolle, men det var ikkje snakk om å tillate reell opposisjon og kamp om makta. Dette går tydeleg fram av offentleg tilgjengelege møtereferat frå presidiet i KSC («Handlingsprogram… [1968]»: 310–18, 321–23; sjå også Stenografický záznam… 1968: 2, 10, 17; Ústav pro soudobé dejiny AV CR). I realiteten vart lite gjennomført før invasjonen. Berre to viktige lover vart vedtatt: den eine innførte pressefridom og den andre rehabiliterte ofra for dei politiske prosessane.

Også i den økonomiske delen av programmet la partiet opp til mindre politisk innblanding, eit noko større privat innslag i økonomien og større vekt på forbrukarindustri, men planøkonomien skulle ikkje avviklast, og statleg eller kollektivt eige skulle framleis vera hovudregelen («Handlingsprogram… [1968]»: 331). Det var altså i beste fall snakk om ein «tredje veg» mellom planøkonomi og marknadsøkonomi. Alliansetilknytinga låg dessutan fast. Det einaste punktet på handlingsprogrammet som vart gjennomført fullt ut (etter invasjonen) var føderalisering av staten med sikte på likestilling mellom tsjekkarar og slovakar. Dette var mogleg fordi begge fløyer i partiet var samde om at det var nødvendig og fordi det sovjetiske eksemplet kunne leggjast til grunn: grunnlovsendringa i oktober 1968 henta inspirasjon frå den stalinistiske 1936-grunnlova (Chovanec & Mozolík 1994: 48–52).

Samtidig som frie media var til hjelp i å få vedtatt handlingsprogrammet, skapte dei problem for Dubcek både internt, overfor dei konservative i presidiet og sentralkomiteen, og vis-à-vis leiarane i andre Warszawa-paktland. Dei andre kommunistleiarane såg på frie media som bevis for at KSC var i ferd med å miste kontrollen, og var misnøgde med innhaldet i media. Særleg kritiske var dei til «2000 ord»-manifestet, trykt 27. juni i fleire aviser, som dei oppfatta som kontrarevolusjonært. Forfattaren var Ludvík Vaculík, som etter ein tale på forfattarkongressen året før hadde vorte ekskludert frå partiet, og manifestet var underskrive av ei rekkje framståande intellektuelle og kunstnarar (Císar 2005: 875).

Partileiinga var dermed delt i to fløyer: ei reformorientert fløy rundt Dubcek og ei konservativ fløy som motarbeidde reformene aktivt. Dei fremste av desse var Drahomír Kolder, Alois Indra og førstesekretæren i Slovakia, Vasil Bilak (Kun 1999: 63, 71). Saman med Antonín Kapek og Oldrich Švestka skreiv dei under på det famøse «invitasjonsbrevet» til Brezjnev i forkant av invasjonen, der dei bad om hjelp til å stoppe «kontrarevolusjonen». Švestka stod ifølgje Císar (2005: 761) opphavleg mellom fløyene, saman med Piller, Barbírek, Rigo og Lenárt, den einaste av Novotnýs sentrale støttespelarar som hadde ei karriere før, under og etter Praha-våren. På Dubceks side spelte Oldrich Cerník, Josef Smrkovský og František Kriegel sentrale roller: Cerník som medlem av presidiet og seinare som statsminister frå april 1968, Smrkovský som formann i nasjonalforsamlinga og Kriegel som leiar for den nasjonale fronten. Ota Šik og Jirí Hájek spelte viktige roller som visestatsminister og utanriksminister, og Cestmír Císar som formann i det tsjekkiske nasjonalrådet frå juli 1968. Zdenek Mlynár var hovudmannen bak den politiske delen av handlingsprogrammet. Bohumil Šimon spelte ei viktig rolle som førstesekretær i Praha, og Venek Šilhán organiserte den ekstraordinære partikongressen i august 1968 (sjå også vedlegg).

Etter invasjonen natt til 21. august 1968 vart reformkommunistane i presidiet ført til Moskva, der dei vart sett under sterkt press for å ta avstand frå reformene. Dei nekta. Ein offisiell tsjekkoslovakisk delegasjon under leiing av president Svoboda slutta seg til, og dei mest moskvatru i presidiet vart bodsendt. Enden på visa var at den tsjekkoslovakiske leiinga skreiv under på at dei skulle reinske ut «antisosialistiske» element, gjeninnføre sensuren og forby ikkje-sosialistiske parti og masseorganisasjonar (den såkalla Moskva-protokollen), men «normaliseringa» starta ikkje med ein gong. Massemedia hadde relativt fritt spelerom også hausten 1968, og utreisefridomen stod ved lag til 1969. Meir enn 100 000 nytta høvet til å emigrere i denne perioden, og intellektuelle og kunstnarar var klart overrepresenterte blant desse (Krejcí & Machonin 1996: 196). Innstrammingane starta for alvor først etter at Husák overtok som førstesekretær i april 1969. Dei sentrale figurane i Praha-våren – og alle andre som hadde støtta reformene – vart nå ekskludert frå partiet. Medlemstalet gjekk ned med 473 731 mellom 1968 og 1970, det vil seia 28 prosent; av desse vart nesten 330 000 ekskludert, medan resten leverte inn medlemskortet «frivillig» (Belda 1993: 99). Verst gjekk det ut over intelligentsiaen, som ved tap av medlemskap også fekk yrkesforbod og ofte vart pressa over i manuelt arbeid. Presidiet i kommunistpartiet vedtok i februar 1970 å opprette eit register over «høgreavvikarar» som var utestengde frå posisjonar i statsapparatet, skulen, media, kultur og særleg vitskap (Belda 1993: 99). Ifølgje nettstaden totalita.cz vart over 10 000 personar foreslått til dette registeret, men berre 6335 vart ståande der til slutt.

Fløyelsrevolusjonen i 1989

Dei grunnleggjande årsakene til kommunismens fall var dei same over heile Aust-Europa. For det første var det for lengst klart at dei kommunistiske regima hadde spelt fallitt, politisk, økonomisk og moralsk. Trugsmålet om ein sovjetisk invasjon var i siste instans det som heldt dei ved makta. For det andre bidrog Mikhail Gorbatsjov til å undergrave dei upopulære regima ytterlegare etter at han kom til makta i Sovjetunionen i 1985, både gjennom reformpolitikken knytt til glasnost og perestrojka, og ved å gje opp Brezjnev-doktrinen. For det tredje spelte dominoeffekten ei viktig rolle: etter at Solidaritet vann det delvis frie valet i Polen 4. juni 1989 og Tadeusz Mazowiecki i august vart innsett som den første ikkje-kommunistiske statsministeren i eit austblokkland etter 1948 – utan at sovjetleiarane greip inn – var det eit tidsspørsmål før dei andre regima fall (Bakke 2015).

I Tsjekkoslovakia sat den generasjonen som kom til makta etter invasjonen i 1968 framleis ved makta 20 år seinare. Da fløyelsrevolusjonen starta, hadde 14 medlemar av det føderale parlamentet sete samanhengande sidan 1968, ytterlegare 8 sidan 1969 og 26 sidan 1971. Berre tre av dei som skreiv under «invitasjonsbrevet» var i live, men både Bilak og Indra sat i det føderale parlamentet (Indra var endatil formann), medan Kapek var partisekretær i Praha fram til 1988. Gustáv Husák, som hadde stått fram som ein leiarfigur for dei konservative kreftene under Moskva-forhandlingane, hadde gått av som generalsekretær i 1988, men var framleis president. Etterfølgjaren Miloš Jakeš var også blant dei konservative i Moskva-delegasjonen.

Trua på at det var mogleg å reformere regimet innafrå fekk seg ein alvorleg knekk etter invasjonen i 1968, og utreinskingane tidleg på 1970-talet utraderte reformfløya i partiet, samtidig som det vaks fram ei gruppe utstøytte intellektuelle med lite å tape. Desse overtok føringa i opposisjonen frå midt på 1970-talet, og danna ei kritisk masse som sanksjonar ikkje verka mot (jf. Karklins & Petersen 1993). Etter at Charta 77 vart grunnlagt fokuserte opposisjonen på tsjekkisk side mest på menneskerettar (Otáhal 2005: 25–34), medan opposisjonen i Slovakia var meir nasjonalt og religiøst orientert.

I Bratislava arrangerte katolske dissidentar lys-demonstrasjonar for religiøse og borgarlege rettar våren 1988, med 10 000 deltakarar. Dei første store demonstrasjonane i Praha fann derimot stad 21. august 1988, på 20-årsdagen for invasjonen. Under Palach-veka i januar 1989 brukte politiet tåregass og vasskanonar mot demonstrantane, og ei rekkje opposisjonelle vart fengsla, blant dei Havel. Dette var bakgrunnen for petisjonen «Nekolik vet» (nokre setningar), som Havel skreiv saman med Jirí Križan og Charta 77-talsmannen Alexandr Vondra. Krava var reell forsamlingsfridom, frigjeving av alle politiske fangar og fri diskusjon av Praha-våren, invasjonen i 1968 og normaliseringa. Petisjonen vart signert av rundt 37 000 personar mellom juni og november 1989 (Emmert 2009: 26–27).

I løpet av 1988 og våren 1989 oppstod det fleire uavhengige frivillige organisasjonar, og dei første protopartia vart danna (illegalt) utanfor den nasjonale fronten. ‘68-arane begynte så smått å organisere seg i Obroda i 1987, og i januar 1988 gjekk dei offentleg ut med «standpunkt til 20-årsjubileet for januar 1968». Seinare same år markerte dei 20-årsjubilet for vedtaket av handlingsprogrammet, og hausten 1988 søkte dei om registrering. Forsøk på å få kommunistpartiet til å endre kurs fall på steingrunn. Dubcek hadde eit møte med Obroda under Palach-veka, men valde sjølv å stå utanfor. Med på dette møtet var fleire av dei sentrale aktørane frå 1968, blant andre Hájek, Šimon, Císár, Slavík og Šilhán (Bencík 2012: 193–94; Císar 2005: 1155).

Sjølve fløyelsrevolusjonen starta 17. november 1989 med ei offisiell markering til minne om studentoppstanden mot naziregimet i 1939. Demonstrasjonen førte til samanstøytar mellom politi og fredelege demonstrantar i sentrum av Praha. 555 personar vart såra, og det gjekk (feilaktige) rykte om at ein student var drepen (Emmert 2009: 36). Dagen etter begynte studentar og teaterarbeidarar å streike, og tok til orde for generalstreik 27. november. 19. november samla fleire tusen seg i Praha sentrum, der dei tente ljos og ropte slagord mot regjeringa. Etter den brutale framferda mot studentane 17. november fekk politiet beskjed om å halde seg i ro, og veka etter hadde talet på demonstrantar i Praha sentrum passert 300 000. På det meste deltok over ein halv million menneske frå heile landet.

Dei første dagane spelte studentar og teaterarbeidarar ei avgjerande rolle: den offisielle ungdomsorganisasjonen SSM stod som arrangør for demonstrasjonen 17. november, men uavhengige studentgrupper spelte ei viktig rolle både i organiseringa og gjennomføringa (Deset pražských dnu 1990: 558 ff.). Det tok likevel ikkje lang tid før Charta 77 og andre opposisjonsgrupper reagerte. Som Havel (2008: 75) påpeikte, ville det ha vore «uansvarleg å overlate det heile til studentane, all den tid det allereie fanst ein organisert opposisjon som var kjent heime og i utlandet». Etter stiftinga 19. november spelte Borgarforum ei hovudrolle i fløyelsrevolusjonen saman med den slovakiske parallellen Opinion mot vald (VPN), som vart danna dagen etter. Teateret Laterna Magika i Praha var hovudkvarteret for revolusjonen, der Havel skreiv dreieboka, hadde regien og sjølv spelte hovudrolla (Ash 1999: 79).

I motsetnad til i 1968 fanst det ikkje eitt felles «handlingsprogram» for fløyelsrevolusjonen, men krava var likevel overraskande samstemte. Dette skuldast nok både ein viss smitteeffekt og effektiv samordning via Borgarforum. I starten dominerte to typar krav: krav knytt til hendingane 17. november og menneskerettskrav. Studentane kravde full informasjon, at valdsutøvarane vart straffa, at dei ansvarlege gjekk av og ein offentleg granskingskommisjon. Dei kravde dessutan etterleving av den lovfesta forsamlingsfridomen, frigjeving av politiske fangar, legalisering av Lidové noviny (ei illegal opposisjonsavis) og dialog mellom kommunistpartiet og alle delar av samfunnet. Desse krava fekk raskt allmenn tilslutning, og kravet om legalisering vart seinare utvida til alle uavhengige media. I stiftingserklæringa 19. november gjekk Borgarforum eit steg vidare og kravde at dei politisk ansvarlege for politivalden måtte gå, det vil seia innanriksministeren og partisjefen i Praha. Borgarforum bad dessutan namngjevne medlemar av presidiet (blant andre Husák, Jakeš, Fojtík og Indra) som hadde vore delaktige i invasjonen i 1968 og/eller normaliseringa om å trekke seg. I dagane etterpå kom også partilag og fagforeiningar på banen med krav om ein ekstraordinær partikongress og utskifting av partileiinga (sjå dokument i Deset pražských dnu 1990: 48, 111, 117).

Ein tredje type krav handla om overgang til demokrati. Først ute var Demokratisk initiativ (grunnlagt i 1988) med Emanuel Mandler i spissen, som allereie 19. november kravde at regjeringa måtte gå av innan 25. november, og frie val innan 1. februar. Samtidig foreslo dei samtalar med sikte på ei overgangsregjering beståande av «ikkje-kompromitterte» medlemar av den sitjande regjeringa, eliten frå Praha-våren med Alexander Dubcek i spissen og den uavhengige opposisjonen med Václav Havel i spissen (Deset pražských dnu 1990: 48–49). Kravet om frie val fekk raskt allmenn oppslutning, og både Borgarforum og Opinion mot vald kravde demokrati og marknadsøkonomi da dei presenterte programma sine 25. og 26. november (Deset pražských dnu 1990: 503–506; Suk 1997: 75–76). Trepartsmodellen vekte derimot ingen entusiasme. Forsøket på å inkludere Obroda som eigen forhandlingspart vart kontant avvist, og det same gjeld forslaget om at Obroda skulle vera representert i regjeringa «for nasjonal forståing» (Suk 1997: 119; Císar 2005: 1178; Bencík 2012: 247). I staden vart kontakt mellom partane frå starten formidla av Michael Kocáb og Michal Horácek i MOST (bru), som allereie før 17. november hadde etablert ein kanal mellom Charta 77 og den føderale statsministeren Ladislav Adamec. Dette gjorde det mogleg å koma tidleg i gang.

Under den to timar lange generalstreiken 27. november stod heile landet stille, men slaget var i realiteten allereie vunne. Allereie 21. november hadde Borgarforum den første uformelle kontakten med Adamec, der han lova ikkje å bruke makt mot demonstrantane. 26. november starta forhandlingane. I mellomtida (24. november) hadde Miloš Jakeš og resten av presidiet vorte pressa til å gå av på eit ekstraordinært møte i sentralkomiteen. 29. november oppheva det føderale parlamentet grunnlovsparagrafane om kommunistpartiets leiande rolle og om marxismen som ideologisk rettesnor. Samarbeidet mellom Borgarforum og Opinion mot vald var særleg tett i samband med forhandlingane om ei overgangsregjering og val av president, der begge deltok i dei avgjerande forhandlingane med regimet frå 6. desember. Representantane for satellittpartia kom i ein litt pussig mellomposisjon, sidan dei formelt deltok på regimesida, samtidig som dei også var med i Borgarforum.

Forhandlingane munna 10. desember ut i utnemninga av ei breitt samansett regjering «for nasjonal forståing» under leiing av Marián Calfa, der kommunistane var i mindretal for første gong sidan 1948. Satellittpartia fekk – i motsetnad til Obroda – eigne representantar i regjeringa. Dei mest kompromitterte medlemane av det føderale parlamentet vart skifta ut allereie i desember 1989, og 28. desember valde det føderale parlamentet (framleis beståande av nesten berre kommunistar) Dubcek til formann, slik at han dagen etter kunne presidere over valet av Havel som president. På nyåret vart (i påvente av valet i juni) rundt halvparten av dei kommunistiske representantane skifta ut og nye representantar for opposisjonen kooptert inn (Ash 1999: 78 ff.; Meyer 2009: 175 ff.; Suk 2003; Emmert 2009). Alle dei sentrale figurane frå normaliseringsperioden vart ekskludert frå partiet i 1989–1990.

1968 og 1989: Kvifor hadde ‘68-arane så lite gjennomslag?

Der nomenklaturaen spelte hovudrolla på begge sider i 1968, dominerte krefter utanfor partiet den breitt samansette opposisjonen i 1989. Charta 77 utgjorde kjernen i Borgarforum, men ei rekkje andre organisasjonar og enkeltpersonar opererte under den same paraplyen; menneskerettsorganisasjonar, fredsinitiativ, studentorganisasjonar, miljøaktivistar, fagforeiningar, representantar for kulturlivet, kyrkja og vitskapen, og politiske grupperingar som Obroda, Demokratisk initiativ og satellittpartia. Strukturen var erklært flat, med eit «samordningssenter» (KC OF) i Praha, der totalt over 100 aktivistar var involvert på eitt eller anna tidspunkt (sjå liste i Suk 1997: 13). 14 av desse stod på svartelista frå 1971.

Dissidentar, kulturarbeidarar og akademikarar var kraftig overrepresentert i dei inste sirklane i Borgarforum – både i «krisestaben» på 8–10 personar som leidde arbeidet, og i forhandlingsdelegasjonen. I samband med regjeringsforhandlingane i desember vart det dessutan danna ein «utvida krisestab» som også inkluderte representantar for Opinion mot vald og to av satellittpartia. Den utvilsame leiaren var Václav Havel, og han utgjorde saman med Alexandr Vondra og Jirí Križan (medforfattarar av Nekolik vet) kjernen i «krisestaben», medan Radim Palouš styrte ordet på plenumsmøta (Suk 2003: 94–95). Šimon Pánek representerte studentane i Borgarforum, medan Martin Mejstrík leidde streikekomiteen til studentane. Begge var sjølvsagt for unge til å ha spelt ei rolle i 1968.

Ved sidan av Havel sjølv var det berre Vladimír Hanzel, Havels personlege sekretær, som deltok i alle forhandlingsmøta. Michael Kocáb i MOST og dissidenten Petr Pithart, som seinare vart tsjekkisk statsminister, deltok i nesten alle møta og Vondra og Križan i over halvparten. Av slovakane var det den katolske dissidenten Ján Carnogurský som deltok i flest. Totalt deltok 33 personar (av desse hadde 12 underteikna Charta 77) på eitt eller fleire av desse forhandlingsmøta, og 11 deltok på fleire enn fire møte (Hanzel 2006). Den einaste kvinna, Eda Kriseová, kjende Havel frå dissidentkretsar og meldte seg til teneste da ho høyrde at han hadde stifta Borgarforum (intervju i Long 2005: 70). Zdenek Jirínský, som hadde vore med og utforma den føderale grunnlova i 1968, var den einaste frå Obroda (han deltok i to av ti møte). Dubcek hadde ingen formell posisjon korkje i Borgarforum eller Opinion mot vald.

På regimesida dominerte representantar for den føderale regjeringa, med Adamec og Calfa i spissen. Dette skuldast delvis at Borgarforum frå starten føretrekte å forhandle med regjeringa framfor leiinga i kommunistpartiet, og dels at presidiet gjekk av før forhandlingane kom i gang. Adamec tilhøyrde same generasjon som normaliseringseliten, men sjølv om han hadde vore medlem av sentralkomiteen sidan 1966, hadde han ikkje spelt ei aktiv rolle i 1968, og han hadde berre vore statsminister i eitt år. Etterfølgjaren Calfa var ein generasjon yngre og ein pragmatisk karrierepolitikar. Det var han som sytte for at kommunistane i det føderale parlamentet stemte for Havels kandidatur som president, og som foreslo å kooptere inn representantar for Borgarforum og Opinion mot vald (Havel 2009: 71–74; Suk 2003: 226). Andre sentrale aktørar på regimesida var Miroslav Pavel, generaldirektør for tsjekkoslovakisk fjernsyn, Bohuslav Kucera, leiar i satellittpartiet CSS sidan 1968, og Vasil Mohorita, leiaren i SSM, som representerte først SSM og så KSC. Han stilte seg tidleg på studentane si side, og vart i desember 1989 vald til nestleiar i partiet.

Grunnane til at ‘68-arane hadde så lite gjennomslag i 1989 er samansette. For det første var ‘68-arane «feil generasjon». Som i 1968 var dei viktigaste aktørane i 1989 menn i alderen 38 til 50 år. Dette er i tråd med det ein kan forvente ut frå internasjonale elitestudiar (Best & Cotta 2000: 503). Dei to eldste i 1968-eliten (Kriegel og Smrkovský) døydde på 1970-talet, og dei som framleis var i live da muren fall var fødde mellom 1913 og 1930, det vil seia at dei var mellom 59 og 76 år i 1989. Dei var dermed ein generasjon eldre enn fleirtalet i Borgarforum. Folk som var i 20-åra eller tenåringar i 1968 dominerte dei inste sirklane (figur 1). Havel (f. 1936) var sjølv ein av dei eldste, og berre 10 prosent var over 60 år. Det var derfor ikkje rimeleg å vente at «dei gamle menn» frå 1968 skulle få ein ny sjanse. Store utskiftingar i eliten er dessutan vanleg i samband med politiske omveltingar (Putnam 1976).

Figur 1. Aldersfordeling i Borgarforum, november 1989

For det andre utgjorde ikkje reformkommunistar lenger nokon hovudstraum i opposisjonen til regimet i 1989. Politisk sprikte opposisjonen i alle retningar. Ut over ønsket om demokrati var det ikkje ideologien som batt dei saman, men ei felles erfaring av å stå utanfor og ein gjensidig tillit som var bygd opp over år med undergrunnsverksemd, som ‘68-arane med få unntak ikkje var ein del av. Det var dette «parallellsamfunnet» som tok styringa og som dreiv fløyelsrevolusjonen. Det var rett nok mange tidlegare medlemar av kommunistpartiet både blant dei som vart svartelista og blant dei som underteikna Charta 77, og nokre av dei hadde også sentrale posisjonar under Praha-våren (som Mlynár og Hájek), men fleirtalet av dei som mista levebrødet etter 1968 var intellektuelle, mediefolk og kulturarbeidarar. Dei få i Borgarforum som hadde spelt ei rolle i 1968 var dermed typisk studentleiarar, mediefolk, akademikarar eller hadde deltatt i uavhengige initiativ, som for eksempel Rudolf Battek og Jaroslav Kohout (som var med og grunnla KAN og K231 i 1968). Desse var heller ikkje den gongen med i den kommunistiske eliten, men var snarare ein del av sivilsamfunnet.

Særleg blant dei yngre i Borgarforum var det ein betydeleg mistillit til ‘68-arane og det dei stod for. Križan viser til at Obroda, representert ved blant andre Císár og Šilhán, nekta å underskrive petisjonen Nekolik vet, og konkluderer med at dei i 1989 «ikkje ville ha demokrati, men reformkommunisme» (intervju, Müllerová & Hanzel 2009: 131). I eit intervju (Long 2005: 53–54) karakteriserte Kocáb det som eit «lykketreff» at han og Horácek hadde etablert ein kanal mellom Charta 77 og Adamec allereie før fløyelsrevolusjonen starta, slik at ikkje Obroda greidde å tilrane seg ei slik rolle. Han gjekk bevisst inn for å halde Obroda utanfor forhandlingane, fordi han ikkje ville ha noko av at dei skulle lage noko kompromiss à la 1968. Formålet med brubygginga var fredeleg overgang til demokrati, ikkje mellomløysingar som minna om Praha-våren, glasnost og perestrojka. Som Císar (2005: 1179) litt bittert slo fast i memoarane sine, var det berre ’68-arar som hadde underskrive Charta 77 som hadde ein sjanse.

Da Dubcek for første gong viste seg på balkongen til forlaget Melantrich i Praha side om side med Havel 24. november vart han møtt med jubel og tilropa «Dubcek til borgen!» (Ash 1999: 95). Jirínský foreslo han som president, og Obroda støtta Dubceks kandidatur, men dei toneangjevande i Borgarforum og Opinion mot vald ville ha Havel (Suk 2003: 190–226, 235–238). Dei sistnemnte føretrekte også dissidenten Miroslav Kusý (ein av dei få slovakiske Charta 77-underskrivarane) framfor Dubcek. Vondras hovudargument mot å velja Dubcek som president var at dette ville vera å sende heilt feil signal, fordi det ville gje eit (feilaktig) inntrykk av at ein ønskte å vende tilbake til «sosialisme med eit menneskeleg ansikt». Vondra ville ha ein president for framtida (intervju i Müllerová & Hanzel 2009: 250).

Dubcek gret og nekta lenge å gje opp draumen. Dubceks tårer overbeviste Fedor Gál i Opinion mot vald om at det var eit rett val: «Vi kunne ikkje ha ein president som grein som ein liten unge!» (intervju, Müllerová & Hanzel 2009: 87). Ein av dei sentrale personane i Obroda, historikaren Antonín Bencík, hevdar derimot at aversjonen mot ‘68-arane generelt og Dubcek spesielt botna i maktbegjær (Bencík 2012: 249). Dette står ikkje heilt til truande, sidan det er velkjent frå litteraturen at Havel måtte overtalast til å bli president (sjå også Havel 2009). Derimot spelte det nok ei rolle at slovaken Calfa var påtenkt som ny statsminister, etter at opposisjonen hadde avvist forslaget til Adamec om ei overgangsregjering med 75 prosent kommunistar. Ein slovakisk statsminister frå regimesida opna for ein tsjekkisk president frå opposisjonen.

For det tredje hadde ‘68-arane heller ikkje nokon posisjon eller noko nettverk å snakke om i partiet. Alle dei sentrale figurane som stod på Dubcek si side i 1968 hadde vorte ekskludert i samband med normaliseringa, og to av dei (Mlynár og Šik) hadde dessutan emigrert. Dubcek vart tett følgd av tryggingspolitiet og var ganske isolert. Så lenge den generasjonen som kom til makta etter invasjonen i 1968 sat ved roret, hindra dei alle forsøk på reform og betrakta stadig Praha-våren som ein kontrarevolusjon. Da den nye leiinga i partiet i eit desperat forsøk på å halde på makta plutseleg ville rehabilitere alle som vart ekskludert etter invasjonen og bekjente seg til arven frå Praha-våren, bidrog det berre til å auke mistilliten overfor Obroda og ‘68-arane. Forslaget om at Obroda skulle vera eigen forhandlingspart kom frå kommunistane og vart av opposisjonen oppfatta som eit forsøk på å skaffe seg dobbeltstemme. Det hjelpte heller ikkje på tilliten til ‘68-arane at Mlynár vendte heim frå eksil for å forsvare kommunistpartiet i ein TV-debatt tidleg i desember, etter at Adamec hadde lagt fram det famøse forslaget til ny regjering som opposisjonen hadde avvist (Suk 1997: 120).

Det korte svaret er at både ‘68-arane og ideane deira hadde gått ut på dato; dei leiande figurane i Borgarforum og Opinion mot vald stolte ikkje på dei og gjorde det dei kunne for å halde ‘68-arane utanfor.

Vedlegg 1: 1968-eliten (Kjelder: totalita.cz; Wikipedia; Emmert 2007)

Reformatorane

fødd – død

rolle under Praha-våren

under normaliseringa

Alexander Dubcek

1921–1992

førstesekretær i KSC frå januar 1968, medlem av presidiet 1963–september 1969

MP 1960–70,ekskludert 1970

František Barbírek

1927–2001

medlem av presidiet KSC april–august 1968; før det minister

kandidat til presidiet i KSC august 1968–april 1969, MP 1969–71, ekskludert 1971

Oldrich Cerník

1921–1994

statsminister april 1968–1970,medlem av presidiet 1966–1970

ekskludert 1971, med i Obroda

Cestmír Císar

1920–2013

partisekretær KSC april–august 1968, leiar av det tsjekkiske nasjonalrådet frå juli 1968

ekskludert 1970, med i Obroda

Jirí Hájek

1913–1993

utanriksminister frå april 1968

ekskludert 1970Charta 77-talsmann, stifta Helsinkikomiteen, med iObroda

František Kriegel

1908–1979

leiar for den nasjonale fronten, medlem av presidiet frå april 1968, den einaste som ikkje skreiv under Moskvaprotokollen

ekskludert 1969, Charta 77-grunnleggjar

Zdenek Mlynár

1930–1997

forfattar av handlingsprogrammet (den politiske delen), Partisekretær frå juni KSC, medlem av presidiet frå august 1968

ekskludert 1970, blant initiativtakarane til Charta 77, emigrerte til Austerrike

Štefan Sádovský

1928–1984

kandidatmedlem presidiet KSC januar–april 1968, etter det i sekretariatet

slovakisk statsminister januar–mai 1969, førstesekr. KSS 1969–70, MP 1969–71, ekskludert 1971

Josef Smrkovský

1911–1974

parlamentsformann frå april 1968, medlem av presidiet frå april 1968

ekskludert 1970

Václav Slavík

1920–

sekretariatet april 1968–mai 1969

svartelista, signerte Charta 77, med i Obroda

Ota Šik

1919–2004

økonom, visestatsminister april 1968, hovudarkitekt for økonomisk reform, medlem av sentralkomiteen 1962–69

emigrerte til Sveits, ekskludert 1969,mista statsborgarskapet

Venek Šilhán

1927–2009

blant organisatorane av den ekstraordinære partikongressen i august 1968, førstesekretær medan Dubcek var i Moskva

ekskludert 1970, svartelista, signerte Charta 77, med i Obroda

Bohumil Šimon

1920–2003

leiar for økonomiseksjonen i KSC, forfattar av handlingsprogrammet, kandidatmedlem av presidiet frå juni og medlem frå august 1968

medlem av presidiet august 1968–april 1969, ekskludert i 1969, med i Obroda

Josef Špacek

1927–2004

medlem av presidiet januar 1968–april 1969

sekretariatet nov. 1968–mai 1969, ekskludert 1970, Obroda, OF 1990

Ludvík Vaculík

1926–

journalist, forfattar av «2000 ord»

ekskludert i 1968, signerte Charta 77

Martin Vaculík

1922–2001

Partisekretær fram til april 1968, kandidatmedlem presidiet 1963–juni 1968, underskreiv «2000 ord»

MP 1960–69, svartelista 1971

Vedlegg 2: «Normaliserings»-eliten

Namn

fødd – død

rolle under Praha-våren

under normaliseringa

Gustáv Husák

1913–1991

visestatsminister april–desember 1968

medlem av presidiet frå nov. 1968, førstesekretær april 1969–87, president 1975–89

Pavel Auersperg

1926–1987

leidde arbeidet med handlingsprogrammet

leiar for avdeling for internasjonal politikk under sentralkomiteen 1966–74, MP 1969–86

Vasil Bilak

1917–2014

førstesekretær i KSS januar 1968–august 1968; medlem av presidiet i KSC april 1968–desember 1988, signerte «invitasjonsbrevet»

Partisekretær i KSC, medlem av presidiet april 1968–desember 1988, MP 1960–89, ekskludert des. 1989

Martin Dzúr

1919–1985

forsvarsminister april 1968–1985

MP 1971–85

Evžen Erban

1912–1994

i sekretariatet juni–august 1968

medlem av presidiet august 1968–1976, leiar for den nasjonale fronten 1968–71, MP 1969–90

Jan Fojtík

1928–

viseredaktør Rudé Pravo 1967–1968, medforfattar av handlingsprogrammet

sjefsideolog KSC frå 1969, spelte ei hovudrolle i utreinskingane, partisekretær 1969–november 1989, medlem av presidiet 1982–89, MP 1969–89, ekskludert 1990

Alois Indra

1921–1990

Partisekretær i KSC april 1968–69, medlem av sentralkomiteen 1968–71, signerte «invitasjonsbrevet»

medlem av presidiet 1971–desember 1989, formann i det føderale parlamentet 1969–89, ekskludert 1990

Miloš Jakeš

1922–

deltok i Moskva-forhandlingane etter invasjonen i 1968

medlem presidiet 1981–89, partisekretær 1977–87, generalsekretær 1987–89, MP 1971–89, ekskludert i 1989

Antonín Kapek

1922–1990

kandidatmedlem presidiet KSC 1962–1968, signerte «invitasjonsbrevet»

medlem av presidiet 1970–88, ekskludert 1990, tok sjølvmord

Drahomír Kolder

1925–1972

Partisekretær KSC juni 1966–august 1968, medlem av presidiet 1962–august 1968, signerte «invitasjonsbrevet»

MP 1960–72, minister 1969–72

Jozef Lenárt

1923–2004

statsminister 1963–april 1968,partisekretær april 1968,medlem av presidiet KSC 1962-68 (kandidat april 1968–1969)

førstesekretær i KSS 1970–88, medlem av presidiet 1970–89;ekskludert 1990

Jan Piller

1922–1995

medlem av presidiet KSC januar 1968–februar 1971

MP 1964–71, fagforeiningsformann 1970–71

Emil Rigo

1926–

medlem av presidiet KSC januar–august 1968, stemte mot fordømming av invasjonen

MP 1971–1989; bytta ut i samband med koopteringa

Lubomír Štrougal

1924–

i sekretariatet KSC januar–april 1968, partisekretær april–juni 1968, visestatsminister april–desember 1968

statsminister 1970–88

Ludvík Svoboda

1895–1979

president mars 1968–mai 1975, hadde ingen sentrale partiverv

gjekk av pga. sjukdom

Oldrich Švestka

1922–1983

sjefredaktør Rudé právo, medlem av presidiet KSC april–august 1968, signerte «invitasjonsbrevet»

Partisekretær 1970–1983, MP 1971–83

Oldrich Voleník

1919–1987

i sekretariatet KSC april–august 1968

MP 1962–71, 1971–87 (CNR)

Vedlegg 3: 1989-eliten

Opposisjonen

Fødd – død

bakgrunn, rolle i 1989

Václav Havel

1936–2011

skodespelforfattar og dissident, tidlegare Charta 77-talsmann, leidde «krisestaben» og delegasjonen frå Borgarforum i rundebordsforhandlingane, president frå 29. desember

Ján Budaj

1952–

miljøaktivist, hovudtalsmann for VPN

Ján Carnogurský

1944–

jurist, katolsk dissident, visestatsminister frå 10. des. (VPN)

Jirí Dienstbier

1937–2011

radiojournalist 1968, ekskludert 1969, Charta 77-talsmann to gonger, pressetalsmann for Borgarforum, utanriksminister frå 10. desember

Fedor Gál

1945–

leiar for samordningssenteret i VPN

Vladimír Hanzel

1951–

musikkskribent, Havels personlege sekretær, deltok i alle rundebordsforhandlingane

Michael Horácek

1952–

journalist, MOST

Zdenek Jirínský

1929–

jussprofessor, Charta 77-underskrivar, ekskludert frå KSC 1969

Václav Klaus

1941–

økonom, finansminister frå 10. desember

Milan Knažko

1945–

skodespelar (VPN)

Michael Kocáb

1954–

rockemusikar, MOST

Eda Kriseová

1940–

forfattar, talskvinne for Borgarforum

Jirí Križan

1941–2010

scenograf, Charta 77-underskrivar, Havels nestkommanderande

Miroslav Kusý

1931–

filosof, dissident, (VPN). Charta 77-underskrivar, ekskludert frå KSC i 1969

Václav Malý

1950–

katolsk prest, Charta 77-underskrivar

Martin Mejstrík

1962–

teaterstudent, medarrangør av demonstrasjonen 17. november, leiar av streikekomiteen til studentane

Petr Miller

1941–

metallarbeidar, streikegeneral, arbeidsminister frå 10. desember

Radim Palouš

1924–

filosof, Charta 77-underskrivar, ordstyrar i plenum og den utvida krisestaben

Šimon Pánek

1967–

studentleiar

Petr Pithart

1941–

utdanna jurist, Charta 77-underskrivar, tsjekkisk statsminister frå februar 1990

Jan Ruml

1953–

dissident, Charta 77-underskrivar

Pavel Rychetský

1943–

jurist, Charta 77-underskrivar

Richard Sacher

1942–2014

generalsekretær, CSL frå 27. november (reformfløya), innanriksminister frå 30. desember

Jan Škoda

1936–

generalsekretær, CSS

Alexandr Vondra

1961–

geograf, Charta 77-talsmann, Havels nestkommanderande

Regimesida

fødd – død

Mest sentrale deltakarar i rundebordsforhandlingane

Ladislav Adamec

1926–

Føderal statsminister, medlem av sentralkomiteen sidan 1966

Marián Calfa

1946–

Føderal statsminister frå 10. desember 1989

Oskar Krejcí

1948–

rådgjevar for statsminister Adamec

Bohuslav Kucera

1923–2006

formann, CSS 1968–1989, var med til Moskva i august 1968

Vasil Mohorita

1952–

leiar for SSM, MP 1986–1992

Miroslav Pavel

1941–

generaldirektør tsjekkoslovakisk fjernsyn

Alle unntatt Ruml deltok i rundebordsforhandlingane, og alle unntatt Mejstrík var sentrale medlemar av «krisestaben» og/eller medlemar av den utvida krisestaben. Sacher og Škoda deltok formelt på regimesida under forhandlingane, men var samtidig med i den utvida krisestaben. (VPN = Opinion mot vald). Kjelder: Hanzel (2006); Suk (1997: 14–15); Wikipedia.

Litteratur

17. listopad 1939 po 55 letech (1994) Brno: Doplnek.

Ash, Timothy Garton (1999) We the People. The Revolution of ’89 Witnessed in Warsaw, Budapest, Berlin and Prague. London: Penguin.

Bakke, Elisabeth (2015) «Demokrati i det postkommunistiske Europa» i Raino Malnes & Dag Einar Thorsen (red.) Demokratiet – historien og ideene. Oslo: Dreyer (381–403).

Balík, Stanislav, Jan Holzer & Jakub Šedo (2005) «Komunistická strana Ceskoslovenska» i Jirí Malír & Pavel Marek (red.) Politické strany. Vývoj politických stran a hnutí v ceských zemích a Ceskoslovensku 1861–2004. II. Díl. Brno: Doplnek (1243–70).

Belda, Josef (1993) «Konecná fáze likvidace obrodného procesu» i Ceskoslovensko roku 1968. 2. díl: pocátky normalizace. Praha: Porto & Ústav Mezinárodní vztahu (83–122).

Bencík, Antonín (2012) Téma: Alexander Dubcek. Praha: Krestanskosociální hnutí.

Best, Heinrich & Maurizio Cotta (red.) (2000) Parliamentary Representatives in Europe, 1848–2000: Legislative Recruitment and Careers in Eleven European Countries. Oxford: Oxford University Press.

Bilak, Vasil (2014) Až po mé smrti. Praha: Nakladatelství BVD (den opphavlege versjonen av memoarane hans, skrive på 1980-talet, kom ut mot Bilaks vilje i 1991. 2014-versjonen oppklarer spørsmål knytt til blant anna invitasjonsbrevet og invasjonen i 1968).

Blažek, Petr (red.) (2005) Opozice a odpor proti komunistickému režimu v Ceskoslovensku 1968–1989. Praha: Dokorán.

Bottomore, Tom (1993) Élites and Society. London & New York, NY: Routledge.

Brzezinski, Zbigniew (1958) The Pattern of Political Purges. Annals of the American Academy of Political and Social Science 317 (1): 79–87.

Carlton, Eric (1996) The Few and the Many. A Typology of Elites. Aldershot: Scholar Press.

Chovanec, Jaroslav & Peter Mozolík (1994) Historické a štátoprávne korene samostatnosti Slovenskej Republiky. Bratislava: Vydavatelstvo Procom.

Císar, Cestmír (2005) Pameti. Nejen o zákulisí Pražského jara. Praha: SinCon.

Deset pražských dnu. 17.–27. listopad 1989. Dokumentace (1990) Praha: Academia.

Dinka, Frank & Max J. Skidmore (1973) The Functions of Communist One-Party Elections: The Case of Czechoslovakia, 1971. Political Science Quarterly 88 (3): 395–422.

Dubcek, Alexander (1993) En selvbiografi. Oslo: Aschehoug.

Emmert, František (2007) Rok 1968 v Ceskoslovensko. Praha: Vyšehrad.

Emmert, František (2009) Sametová revoluce 1989. Praha: CPress.

Furtak, Robert K. (1990) Elections in Socialist States. New York, NY: Harvester Wheatsheaf.

«Handlingsprogram for Tsjekkoslovakias kommunistiske parti [1968]» i Alexander Dubcek (1993) En selvbiografi. Oslo: Aschehoug (299–349).

Hanzel, Vladimír (red.) (2006) Zrychlený tep dejin. Reálné drama o deseti jednáních. Praha: Galén.

Hájek, Jirí (1994) 1968. Praha: Logos.

Havel, Václav (2009) To the Castle and Back. London: Portobello.

Hoppe, Jirí (2009) Opozice ‘68. Sociální demokracie, KAN a K231 v období pražského jara. Praha: Prostor.

Hoppe, Jirí & Jirí Suk (2008) Dvojí identita Klubu angažovaných nestraníku. Praha: Euroslavica.

Hvíždala, Karel (2000) Výslech revolucionáru roku ‘89. Praha: Primus.

Kaplan, Karel (2012) Národní fronta 1948–1960. Praha: Academia.

Karklins, Rasma & Roger Petersen (1993) Calculus of Protesters and Regimes: Eastern Europe 1989. The Journal of Politics 55 (3): 588–614.

Kramer, Mark (1998) The Soviet Union and the 1956 Crises in Hungary and Poland: Reassessments and New Findings. Journal of Contemporary History 33 (2): 163–214.

Krejcí, Jaroslav & Machonin, Pavel (1996) Czechoslovakia 1918–92. A Laboratory for Social Change. London: Macmillan.

Kun, Miklós (1999) Prague Spring – Prague Fall. Blank Spots of 1968. Budapest: Akadémiai Kiadó.

Kusin, Vladimir (1971) The Intellectual Origins of the Prague Spring. Cambridge: Cambridge University Press.

Linz, Juan J. & Alfred Stepan (1996) Problems of Democratic Transition and Consolidation: Southern Europe, South America, and Post-Communist Europe. Baltimore, MD & London: Johns Hopkins University Press.

Long, Michael (2005) Making History. Czech Voices of Dissent and the Revolution of 1989. Lanham, MD: Rowman & Littlefield.

Mechýr, Jan (1999) Velký prevrat ci snad revoluce sametová? Prague: Ceskoslovenský spisovatel.

Meyer, Michael (2009) The Year that Changed the World. The Untold Story behind the Fall of the Berlin Wall. London: Simon & Schuster.

Mlynár, Zdenek (1980) Nattfrost. Om försöken att bygga en mänsklig socialism i Tjeckoslovakien. Nacka: Ordfronts förlag.

Müllerová, Alena, Vladimír Hanzel a kol (2009) Albertov 16:00. Príbehy sametové revoluce. Praha: Edice Respekt.

Otáhal, Milan (2005) «Programová orientace disentu 1969–1989» i Petr Blažek (red.) Opozice a odpor proti komunistickému režimu v Ceskoslovensku 1968–1989. Praha: Dokorán (25–40).

Ouimet, Matthew (2003) The Rise and Fall of the Brezhnev Doctrine in Soviet Foreign Policy. Chapel Hill, NC: University of North Carolina Press.

Pauer, Jan (2004) Praha 1968. Vpád Varšavské smlouvy. Praha: Argo.

Pithart, Petr (2009) Devetaosmdesátý. Praha: Academia.

Pražské jaro 1968 – príciny, prubeh, duvody neúspechu (1992) Ostrava: ITEM.

Putnam, Robert (1976) The Comparative Study of Political Elites. Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall.

Sikora, Stanislav (2008) Rok 1968 a politický vývoj na Slovensku. Bratislava: Pro Historia.

Sikora, Stanislav (2013) Po jari krutá zima. Politický vývoj na Slovensku v rokoch 1968–1971. Bratislava: Historický ústav SAV.

Spácil, Dušan, Karel Sýs a kol. (2009) Videno deseti. Praha: Futura.

Staar, Richard Felix (1982) Communist Regimes in Eastern Europe. Stanford, CA: Hoover Press.

Stenografický záznam diskuse na 63. schuzi predsednictva ústredního výboru KSC k návrhu Akcního programu KSC a k politické situaci (21. brezen 1968) Praha: Ústav pro soudobé dejiny AV CR. Tilgjengelig på http://www.68.usd.cas.cz/cz/dokumenty-2.html. Lesedato 11. mars 2015.

Suk, Jirí (1997) Obcanské fórum. Listopad – prosinec 1989. 1. díl: Události. Brno: Doplnek.

Suk, Jirí (1998) Obcanské fórum. Listopad – prosinec 1989: 2. díl: Dokumenty. Brno: Doplnek.

Suk, Jirí (2003) Labyrintem revoluce. Praha: Prostor.

Suk, Jirí (2006) «Rok 89 jako konec dejin, brána do kyberprostoru a jedno nevyporádané dedictví» i Vladimír Hanzel (red.) Zrychlený tep dejin.Reálné drama o deseti jednáních. Praha: Galén (13–39).

totalita.cz (udatert). Centrální evidence neprátel režimu – predstavitelu demokratizacního procesu 1968. Tilgjengelig på http://www.totalita.cz/vysvetlivky/exp_prav_smernice.php. Lesedato 1. juli 2014.

Ústav pro soudobé dejiny AV CR. Omfattande dokumentasjon både om Praha-våren og fløyelsrevolusjonen. Tilgjengelig på http://www.usd.cas.cz/. Lesedato 11. mars 2015.

Valenta, Jiri (1991) Soviet Intervention in Czechoslovakia 1968. Anatomy of a Decision. Baltimore, MD & London: The Johns Hopkins University Press.

Williams, Kieran (1997) The Prague Spring and its Aftermath. Cambridge: Cambridge University Press.

Wong, Raymond Sin-Kwok (1996) The Social Composition of the Czechoslovak and Hungarian Communist Parties in the 1980s. Social Forces 75 (1): 61–90.

1Under feiringa av nasjonaldagen 28. oktober 1939 førte samanstøytar mellom politi og demonstrantar til at ein student døydde. Etter nye demonstrasjonar svarte naziregimet med å likvidere 9 studentleiarar, stenge alle universitet og høgskular, og sende 1264 studentar i konsentrasjonsleir. Etter 1948 vart demonstrasjonane i 1939 utlagt som støtte til kommunismen og minna kvart år (17. listopad 1939 po 55 letech 1994: 8).
2Det var den sovjetiske UD-talsmannen Gennadij Gerasimov som gav doktrinen dette spøkefulle namnet, etter Frank Sinatras hit «My way», spelt inn i 1968.
3Nomenklatura-omgrepet vart i kommunisttida brukt både om listene over posisjonar som kommunistpartiet bestemte over, og om den kommunistiske eliten som vart utvald via dette systemet.
4Forfattarar var utanom Pavel Auersperg (som leidde arbeidet), Zdenek Mlynár, Bohumil Šimon, Jan Fojtík (sjefsideolog under normaliseringa), filosofane Radovan Richta og Stanislav Provazník, historikaren Karel Kaplan og økonomen Antonín ?ervinka. I tillegg spelte økonomane Karel Kouba og Ota Šik ei viktig rolle i utarbeidinga av den økonomiske delen (Pražské jaro 1968 – p?í?iny, pr?b?h, d?vody neúsp?chu 1992).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon