Revolusjonsåret 1989 starta i Polen, der den uavhengige fagrørsla Solidaritet vann ein overraskande braksiger i delvis frie val 4. juni, og kulminerte i Romania første juledag da diktatorparet Elena og Nicolae Ceausescu vart avretta for opent TV-kamera. Sjølve symbolet på det delte Europa – Berlinmuren – fall 9. november 1989. Innan året var omme stod alle dei kommunistiske regima i Sovjetunionens «ytre imperium» for fall – Polen, Ungarn, Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia, Romania og Bulgaria. Alle austblokklanda heldt heilt eller delvis frie val i 1990 eller 1991, og i desember 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing. Utviklinga i retning av demokrati verka på denne tida som «ei nesten uimotståeleg global tidevassbølgje» (Huntington 1991:21). 25 år etter murens fall kan 13 av dei 29 postkommunistiske statane karakteriserast som demokrati, ni som hybridregime og sju som autokrati.1 Alle demokratia og eit fleirtal av hybridregima ligg i Europa (11 av demokratia er medlemar av EU), medan autokrati er vanlegast blant dei postsovjetiske statane i Sentral-Asia (Bakke 2015).

Murens fall var eit tidsskilje også i forskingslitteraturen. Før 1989 var det først og fremst områdespesialistar som interesserte seg for auststatsforsking (Ekman og Linde 2002). Etter 1989 har forskinga vorte meir (sub)disiplinbasert og meir spesialisert, både tematisk og geografisk. I tråd med den optimismen som herska i 1990 plasserte Samuel P. Huntington (1991) overgangane i dei postkommunistiske landa inn i ei tredje demokratiseringsbølgje, saman med overgangane i Sør-Europa og Latin-Amerika på 1970- og 1980-talet (sjå også Linz & Stepan 1996). Det vart likevel tidleg reist tvil om kor mykje overgangane i det postkommunistiske området likna på regimeendringar andre stader (Bunce 1995; Schmitter & Karl 1995). I starten handla dette mest om drivkreftene for demokrati: Kor unike var kommunistiske regime, og kor mykje skilde overgangane seg frå tidlegare regimeendringar? Etter kvart som det vart klart at overgangen frå kommunisme ikkje nødvendigvis var ein overgang til demokrati, vart det påpeikt at heller ikkje utfallet var det same. Ein logisk konsekvens var at dei postkommunistiske tilfella burde betraktast som ei eiga «fjerde bølgje» (McFaul 2002). Etter tusenårsskiftet har fokuset i transisjonsforskinga skifta frå demokratisering til større vekt på hybridregime og autoritære regime (sjå for eksempel Bunce mfl. 2010; Levitsky & Way 2010; Saxonberg 2013), samtidig som heilt andre problemstillingar dominerer forskinga om dei postkommunistiske demokratia.

Dette temanummeret reflekterer spennet både i utfall og forskingstema, sjølv om hovudvekta ligg på demokrati og hybridregime i det postkommunistiske Europa, og ikkje på autokrati. Elisabeth Bakke tar for seg forholdet mellom Praha-våren i 1968 og fløyelsrevolusjonen i 1989 frå eit eliteperspektiv. Tsjekkoslovakia var det siste av austblokklanda som fekk kommunistisk styresett, gjennom eit statskupp i februar 1948. Praha-våren var eit forsøk på å reformere kommunismen innafrå, som vart brutalt stoppa av invaderande styrkar frå Warszawa-pakta 21. august 1968. Invasjonen gav opphav til Brezjnev-doktrinen, som gav dei andre rett til å gripe inn når «sosialismen var truga» i eitt land. Fløyelsrevolusjonen i 1989 starta med ein offisielt tillyst studentdemonstrasjon, og gjorde i løpet av litt over tre veker slutt på 40 år med kommunistisk styre. Valet i juni året etter arta seg som ei folkeavstemming om demokrati. Der Praha-våren vart drive fram av aktørar innafor det statsberande kommunistpartiet med Alexander Dub?ek i spissen, sprang fløyelsrevolusjonen ut av krefter utanfor og i opposisjon til det statsberande partiet. Artikkelen har som formål å forklare kvifor ‘68-arane – trass i at dei var tidleg ute med å organisere seg – hadde så lite gjennomslag hausten 1989, og dermed også kvifor det var heilt uaktuelt å «vende tilbake» til 1968.

Joakim Ekmans artikkel om haldningar til demokrati i Baltikum tar utgangspunkt i forskinga om politisk kultur, eit forskingsfelt som fekk eit oppsving etter kommunismens fall (jf. Ekman & Linde 2005). Innføringa av demokratiske styresett gjorde det mogleg å gjennomføre store fleirnasjonale haldningsundersøkingar i Sentral- og Aust-Europa. Dermed vart det også mogleg å undersøkje demokratiets forankring – eller manglande forankring – blant vanlege borgarar, og vurdere graden av «demokratisk konsolidering» i den postkommunistiske regionen (Linz & Stepan 1996; Rose et al. 1998). Den underliggjande ideen i forskingslitteraturen er at eit politisk system som manglar støtte i folket vil fungere dårleg eller i verste fall bryte heilt saman (jf. Ekman, Linde & Sedelius 2014).

Ekmans artikkel byggjer på opinionsundersøkingar gjennomført våren 2014 både blant majoritetsbefolkninga og dei russisktalande etniske minoritetane i Estland, Latvia og Litauen. Ekman syner at det er ei relativt utbreidd misnøye blant så vel majoritetar som minoritetar, og særleg i Latvia. Eit gjennomgåande mønster er også at misnøye med demokratiet verkar å vera meir utbreidd i dei russisktalande minoritetsgruppene enn i majoritetsgruppene. Det er særleg dei russisktalande som gir uttrykk for sovjetnostalgi og misnøye med den dagsaktuelle situasjonen i eige land. Det er også først og fremst dei russisktalande gruppene som kan tenkje seg eit anna styresett enn demokrati (jf. Ehin 2007; Lühiste 2008). Dette inneber ikkje at demokratiet i Baltikum er direkte truga innafrå. Likevel kan denne misnøya gje auka grobotn for populisme, radikalisme og etniske spenningar, særleg i Latvia, der den politiska misnøya verkar å ha auka det siste tiåret.

Temaet for Mats Öhlén og Martin Karlssons artikkel er ideologisk konvergens mellom politiske parti i Vest-Europa og det tidlegare Aust-Europa. Dette inngår i ein ny komparativ forskingstradisjon som tar for seg likskapar og forskjellar mellom dei nye demokratia i det postkommunistiske Europa og eldre demokrati i Vest-Europa. Öhlén og Karlsson tar utgangspunkt i dei tre viktigaste partifamiliane i Europa – den kristendemokratiske EPP, den sosialdemokratiske PES og den liberale ALDE. I starten var det relativt store forskjellar mellom dei opphavlege vesteuropeiske partia i desse partifamiliane og dei nye partia frå postkommunistiske land. Forfattarane undersøkjer i kva grad aust–vest-forskjellane har vorte større eller mindre over tid, både langs høgre–venstre-aksen og i synet på EU, nasjonalisme og multikulturalisme.

Eit temanummer om postkommunistiske land 25 år etter kommunismens fall ville ikkje vera komplett utan ein artikkel om Ukraina. I skrivande stund er det framleis uvisst korleis konflikten mellom Russland og Ukraina kjem til å utvikle seg. Daniel Silander og Martin Nilsson diskuterer føresetnadene for ei demokratisk utvikling i Ukraina, ikkje berre ut frå russiske interesser i regionen, men også i lys av EUs demokratifremjande tiltak. Ukraina er eit kroneksempel på eit land mellom vest og aust, mellom Brussel og Moskva, og ikkje minst – mellom demokrati og diktatur. Silander og Nilsson diskuterer landets ømfintlege geopolitiske posisjon og kva for konsekvensar dette har for den ukrainske politiska eliten og viljen til å demokratisere landet. Kapitlet illustrerer godt korleis forskinga om demokratisering blir rikare av å lyfte inn eksterne faktorar i analysen, og ikkje berre – som i tidlegare forsking – nasjonale faktorar som kan tenkjast å ha noko å seia for eit lands demokratisering (jf. Bridoux & Kurki 2014). Sjølv om Ukrainas demokratiutvikling sjølvsagt ikkje berre er avhengig av dei internasjonale maktforholda, viser Silander og Nilsson korleis dei eksterne aktørane deler Ukrainas politiske elitar i to leire – ein orientert mot EU og ein orientert mot Russland. Dette har representert ei klar utfordring for demokratiseringa av landet det siste tiåret.

Ideen til temanummeret oppstod i samband med konferansen som Nordic Political Science Association (NOPSA) arrangerte i Göteborg 12.–15. august 2014, der vi (som vanleg) hadde ei gruppe om postkommunistiske land. Vi nyttar høvet til igjen å takke for gode og givande diskusjonar, og ønskjer god lesnad!

Litteratur

Bakke, Elisabeth (2015) «Demokrati i det postkommunistiske Europa» i Raino Malnes og Dag Einar Thorsen (red.) Demokratiet – historien og ideene. Oslo: Dreyer (381–403).

Bridoux, Jeff & Milja Kurki (2014) Democracy Promotion – A critical introduction. London: Routledge.

Bunce, Valerie (1995) Should Transitologists Be Grounded? Slavic Review 54 (1): 111–127.

Bunce, Valerie, Michael McFaul & Kathryn Stoner-Weiss (2010) Democracy and Authoritarianism in the Postcommunist World. Cambridge: Cambridge University Press.

Ehin, Piret (2007) Political Support in the Baltic States, 1993–2004. Journal of Baltic Studies 38 (1): 1–20.

Ekiert, Grzegorz & Stephen E. Hanson (2003) Capitalism and Democracy in Central and Eastern Europe. Cambridge: Cambridge University Press.

Ekman, Joakim & Jonas Linde (2005) Communist Nostalgia and the Consolidation of Democracy in Central and Eastern Europe. Journal of Communist Studies and Transition Politics 21 (3): 354–374.

Ekman, Joakim & Jonas Linde (2002) «Svensk Östeuropaforsking och det nya Europa», Nordisk Østforum 16 (1): 19–32.

Ekman, Joakim, Jonas Linde & Thomas Sedelius (2014) Demokratiseringsprocesser. Nya perspektiv och utmaningar. Lund: Studentlitteratur.

Huntington, Samuel P. (1991) The Third Wave. Democratization in the Late Twentieth Century. Norman: University of Oklahoma Press.

Levitsky, Steven & Lucan Way (2010) Competitive Authoritarianism: Hybrid Regimes After the Cold War. Cambridge: Cambridge University Press.

Linz, Juan & Alfred Stepan (1996) Problems of Democratic Transition and Consolidation. Baltimore: Johns Hopkins University Press.

Lühiste, Kadri (2008) Support for Strongman Rule in Ethnically Divided Societies: Evidence from Estonia and Latvia. Democratization 15 (2): 297–320.

McFaul, Michael (2002) The Fourth Wave of Democracy and Dictatorship. World Politics 54 (2): 212–44.

Rose, Richard, William Mishler & Christian Haerpfer (1998) Democracy and its Alternatives: Understanding Post-Communist Societies. Baltimore: Johns Hopkins University Press.

Saxonberg, Steven (2013) Transitions and Non-Transitions from Communism: Regime Survival in China, Cuba, North Korea, and Vietnam. Cambridge: Cambridge University Press.

Schmitter, Philippe C. & Terry Lynn Karl (1995) The Conceptual Travels of Transitologists and Consolidologists: How Far to the East Should They Attempt to Go? Slavic Review 53 (1): 173–185.