Normalization and Charter 77: Violence, Commitment, and Resistance in Czechoslovakia

Jouni Järvinen

Helsinki: Kikimora Publications 2009

336 sider. ISBN 9789521051524

Anmeldt av Elisabeth Bakke [førsteamanuensis, Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo]

Den finske historikaren Jouni Järvinen har skrivi bok om ein internasjonalt lite påakta periode i tsjekkoslovakisk historie – frå den sovjetiske invasjonen i august 1968 til fløyelsrevolusjonen i 1989. Hovudvekta ligg på koplinga mellom normaliseringa og danninga av Charta 77, og særleg på forholdet mellom Charta 77 og det kommunistiske regimet etter 1977. Järvinens uttalte mål med boka er dels å gje ei historisk framstilling av normaliseringsprosessen og Charta 77, dels å undersøke normaliseringa som ein valdeleg prosess og dels å undersøke sosiale og psykologiske mobiliseringsfaktorar for dissens og motstand i Tsjekkoslovakia. Det første er klart mest vellykka.

Boka er inndelt i 14 kapittel. Etter ei innleiing der Järvinen gjer greie for tidlegare forsking, formålet med boka og kjeldematerialet, kjem to teoretiske kapittel der han behandlar valdsomgrepet og dissidentomgrepet. Det utvida valdsomgrepet inneheld i tillegg til direkte vald også strukturell og kulturell vald. Järvinen skil vidare mellom fysisk og psykisk vald, mellom vald via straff og påskjønning, mellom vald med og utan aktørar og offer, mellom intendert og uintendert vald og mellom manifest og latent vald. Dette munnar så ut i ein typologi. Eg har to innvendingar. For det første handlar mykje av det Järvinen kallar vald om makt i klassisk statsvitskapeleg forstand: å få nokon til å gjera noko anna enn dei elles ville gjort. Eg stiller meg dessutan tvilande til å kalle det vald dersom ingen står for valden og ingen er offer for den. Etter mi meining er dette tilslørande språkbruk. Den andre innvendinga er at Järvinen i liten grad bruker dette valdsomgrepet seinare i boka – og når han gjer det, verkar det utanpåklistra.

Kapittel fire og fem handlar om starten på normaliseringsprosessen fram til midt på 1970-talet. Etter ein kort gjennomgang av reformene knytte til Praha-våren kjem ei beskriving av den gradvise avviklinga av desse reformene. Alexander Dubčeks forsøk på «sosialisme med eit menneskeleg ansikt» vart slått ned av styrkar frå Warszawa-pakta natt til 21. august 1968. Den same natta vart Dubček og andre leiande tsjekkoslovakiske politikarar tatt i forvaring og seinare ført til Moskva, der dei 26. august underskreiv Moskva-protokollen. Dei tsjekkoslovakiske leiarane måtte gå med på å reinske kommunistpartiet for «antisosialistiske» element, gjeninnføre sensuren og forby ikkje-sosialistiske parti og masseorganisasjonar. Det var også i dette dokumentet ordet «normalisering» vart brukt for første gong.

Järvinen skriv at dei første åra etter at Praha-våren var slått ned, var opposisjonen hovudsakleg politisk og søkte å vidareføre sosialismen med eit menneskeleg ansikt. Etter at Gustáv Husák overtok som førstesekretær i kommunistpartiet (KSČ) i april 1969, prioriterte leiinga først å ta tilbake kontrollen over partiet. Tidleg i 1970 starta store utreinskingar. Dei sentrale figurane i Praha-våren – og alle andre som hadde støtta reformer – vart ekskluderte, og mange intellektuelle og kunstnarar vart pressa over i manuelt arbeid. Medlemstalet i KSČ gjekk ned med 28 prosent som følgje av dette, og hardast gjekk det ut over dei intellektuelle. Kampen mot opposisjonen utanfor partiet starta for alvor i november 1971. Leiarane vart arresterte og stilte for retten og opposisjonen raskt demobilisert. Järvinen meiner dette heng saman med at opposisjonsmiljøa var små, splitta og organisatorisk svake og dermed sårbare for undertrykking.

Dei var dessutan svært sentraliserte, og fengsling av nokre få nøkkelpersonar var dermed nok til å paralysere heile opposisjonsmiljø. Ein god del potensielle aktivistar emigrerte dessutan medan det framleis var mogleg.

Prosessen som førte fram til Helsinki-erklæringa om menneskerettar i 1975 er behandla i kapittel seks, som også fungerer som ei innleiing til det som er hovuddelen av boka: omtalen av Charta 77 og forholdet mellom regimet og Charta 77 fram til fløyelsrevolusjonen i 1989. Dette er dekt i kapitla 7 til 13. Auka fokus på menneskerettar internasjonalt fall saman med eit strategiskifte i den tsjekkoslovakiske opposisjonen, frå politisk opposisjon til meir vekt på dialog og menneske- og borgarrettar.

Den direkte bakgrunnen for formuleringa av oppropet som danna grunnlaget for Charta 77 var arrestasjonen av undergrunnsgruppa Plastic People of the Universe i februar 1976 og den påfølgjande rettssaka, der tre av medlemmane vart dømde til fengsel. Underskrivarane skulda regimet for å bryte menneskerettane det hadde forplikta seg på ved å underskrive Helsinki-erklæringa. Regimet oppfatta Charta 77 som eit trugsmål og sette i gang ein svertekampanje i media, samtidig som aktivistane vart utsette for trakassering og hindra i å ha kontakt med andre underskrivarar så vel som eksilmiljøet. Formålet var å isolere Charta 77 frå potensielle støttespelarar, og dette var vellykka. Deretter følgde ein periode med avgrensa toleranse.

Dissidentane i Charta 77 var apolitiske i den forstand at dei ikkje hadde idear om å overta makta, men kritiserte regimet for maktmisbruk og brot på lover og internasjonale konvensjonar regimet hadde slutta seg til. Dette endra seg likevel over tid. Sjølv om Charta 77 framleis spelte rolla som eit uavhengig borgarinitiativ for menneskerettar, utvikla organisasjonen seg – særleg etter 1987 – samtidig til ein politisk aktør som fremma politisk opposisjon mot regimet. Denne todelinga reflekterer også motsetnaden mellom dei moderate og dei radikale i Charta 77.

Alt i alt gir Järvinen ei kompetent framstilling av normaliseringa og dei konsekvensane den hadde for kontrollen over den partiinterne og den eksterne opposisjonen frå 1968 til midt på 1970-talet. Dynamikken mellom regimets politikk og utviklinga av opposisjonen på 1970- og 1980-talet, inkludert framveksten av Charta 77, kjem også godt fram. Sjølv om det kanskje ikkje er så mykje nytt her for dei som kjenner den tsjekkiskspråklege litteraturen, kan boka vera nyttig lesnad for vestlege lesarar med interesse for denne perioden i tsjekkoslovakisk historie. Problemet med boka er

først og fremst at den manglar klare problemstillingar, og dermed blir fokus uklart. Dessutan verkar bruken av valdsomgrepet både lite fruktbar og dårleg integrert i den historiske framstillinga. Boka hadde vore betre utan.