Slovenien – historie, samfund, kultur

Frede Mortensen

Haderslev: Frede Mortensen 2008

148 sider. ISBN 9788799234301

Våre heimland: Serbia og Montenegro

Egil Hyldmo

Trondheim: Ego Media 2008

128 sider. ISBN 9788292361073

Det er ikkje ofte det kjem bøker på den skandinaviske marknaden om dei ulike delane av det tidlegare Jugoslavia, men i 2008 kom det ei dansk bok om Slovenia og ei norsk bok om Serbia og Montenegro. Desse to bøkene er ulike både i oppbygging, stilnivå og utforming – men det er jo landa dei handlar om også.

Frede Mortensen skriv i forordet til Slovenien – historie, samfund, kultur at formålet med boka er å auka kunnskapen om dette landet. Slovenia er den av dei jugoslaviske etterfølgjarstatane som ligg lengst både mot nord og vest – og det gjeld ikkje berre geografi, men også kulturelt og historisk. Men kva veit den jamne skandinav eigentleg om dette landet? For moro skuld føretok underteikna ei høgst uvitskapleg spørjeundersøking på gata i Oslo våren 2010 kor eg spurde ti tilfeldig forbipasserande kva folk

tenkte på når dei høyrde namnet Slovenia. Av dei ti spurde, kunne éin seia meg kva hovudstaden heitte, tre kunne omtrentleg fortelja kor landet låg, medan ingen visste kva presidenten heitte. Ingen av dei spurde hadde heller vore i Slovenia.

For det er lite Slovenia er kjend for i Skandinavia. For nordmenn er kan henda skiflygingsbakken i Planica det som er mest kjend. Av andre slovenske merkevarer er det nok elles kvitevareprodusenten Gorenje som folk tenkjer på når Slovenia blir nemnt. Men landet minnar på mange vis om nett Noreg. Landet er prega av fjell og dalar, store skilnader på målføra og eit sterkt kollektivt medvit rundt eigen kultur.

Mortensen har levert eit solid arbeid, og boka er bygd opp som ei riktig «Landeskunde»-bok. Dei ulike kapitla tek oss gjennom ei innleiing, litt om geografien, ein svært solid bit om historia, den politiske utviklinga, økonomi og så bortetter. Ei slik oversikt over Slovenia har me mangla på skandinavisk, og det har sanneleg ikkje vore mykje å velja i kva gjeld engelskspråkleg litteratur heller, jamvel om det snart er 20 år sidan landet vart sjølvstendig og at landet har kome så langt i EU-medlemskapen sin at dei til og med er ein del av ØMU-samarbeidet.

Noko å kritisera er det sjølvsagt. Omslaget på boka er praktfullt, og ein kan få ei forventning om at dette er ei bok prega av illustrasjonar og bilete frå dette flotte landet. Men diverre er alle bileta og illustrasjonane samla bakerst. Dette gjer at boka kan henda ikkje er så spanande for ungdommar som forfattaren sjølv ynskjer (jamfør heimesida til boka på http://slovenien-bog.dk).

Egil Hyldmos andre bok i «Våre heimland»-serien (som starta med Bosnia-Hercegovina i 2006), er på mange vis ei heilt annleis bok. Dette er ei blanding av humor, fakta og reiseforteljingar frå Serbia og Montenegro, og som gjennom det mest sannsynleg har ein større appell til ungdom enn det Mortensens bok har. Ja, teksten på baksida seier også klart at dette er ei bok for ungdom. Men tyder det at boka ikkje kan lesast av oss som ikkje er fullt så unge lenger?

Langt i frå. Også for desse to landa er litteraturen på skandinavisk relativt mager, særleg for dei som vil ha ei rask innføring i tilhøva. Og marknaden stig i samband med at me reiser meir. Det har vorte billeg å ta seg til desse landa, og storbyferie i Beograd har vorte eit fattigmannsalternativ til vesteuropeiske hovudstadar. Fleire reiser også til Montenegro, eit land kor charterturismen har auka kraftig dei siste åra. Og di meir folk reiser, di meir ynskjer dei å veta om landa og plassane dei vitjar.

Under skrivinga av boka er det diverre slik at tittelen har vorte misvisande. Den 17. februar 2008 erklærte Kosovo seg sjølvstendig frå Serbia, og Europa fekk sitt til no siste tilskot på lista over land. Det siste kapittelet i boka heiter nemleg «Asyl-landet» og tek føre seg det som særleg mange menneske frå Kosovo fekk oppleva på slutten av 1990-talet, nemleg flukt frå krig og elende. Seinare skulle det også koma serbarar busette i Kosovo til Noreg, og desse kjem i noko mon enno.

Hyldmo har nytta unge menneske med opphav i Serbia, Montenegro og Kosovo som forteljarrøyster. Den mest kjende av desse er fotballspelaren Ardian Gashi, som no spelar i svenske Helsingborg. Desse forteljarane kjem fram i boka først mot slutten. Dette er eit vellukka grep. Ikkje minst er det viktig for å få fram at det faktisk er skilnad på menneska også frå denne delen av verda. For det er slik at dei tre forteljarane ofte er usamde med kvarandre – nett på same vis som ungdom er det i Skandinavia og resten av verda.

Boka kan verka annleis oppbygd enn Mortensens Slovenia-bok om ein berre les innhaldslista. Men kapitla i Hyldmos bok fokuserer på omtrent det same som Mortensens bok – berre på eit anna vis. Denne boka er i mykje større grad fokusert rett inn på ei spesifikk målgruppe enn Mortensens bok om Slovenia. Her er det nytta mange bilete, spanande historier, forteljarar frå området, personlege opplevingar – og ikkje minst vitsar og korte faktaopplysningar i margane.

Trass i at boka av og til er skjemma av svak nynorsk, står ikkje dette i vegen for innhaldet. Eg veit at eg hadde vorte hekta om eg hadde lese denne boka då eg gjekk på ungdomsskulen. I dag har mange ungdomar vener og kjende som kjem frå dette området. Difor trengst denne boka. Ei oppmoding må vera at liknande bøker også blir skrive om andre område som mange unge flyktningar i Noreg har opphavet sitt i.

Landa som dei to bøkene handlar om ligg kan henda ikkje langt frå kvarandre reint geografisk, men kulturelt, historisk og økonomisk er det stor skilnad på Slovenia i nord og Kosovo i sør. Bøkene til Mortensen og Hyldmo kan framstå som symbol på dette: Mortensen har skrive ei faktaorientert, strukturert og systematisk bok om det sentraleuropeiske og vestorienterte Slovenia, medan Hyldmo har skrive ei flammande, engasjert, livleg og mangfaldig bok om Serbia, Montenegro og Kosovo – land som ligg i hjartet av det eksotiske Balkan – i utkanten av Europa på så mange vis.