Kva kan to særeigne anarkistar i ei bladstove på Tynset i 1880-åra fortelja oss om nasjonalisme i dag? Ikkje så reint lite, faktisk. Dei to anarkistane Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik, som gav ut bladet Fedraheimen, stod for det eg vil kalla «anarko-nasjonalisme». Medan nasjonalisme i den rådande litteraturen blir sett på som konservativ og som eit produkt av moderne industrisamfunn, vil eg i denne artikkelen syne korleis anarko-nasjonalismen til Mortensson-Egnund og Steinsvik er eit døme på at nasjonalisme også kan vere ein venstreradikal agrarideologi.