Norske forskarar har eit konkurransefortrinn når det gjeld empirisk utforsking av den norske kulturarven. Likevel er ikkje dette strategisk prioriterte forskingsfelt i Noreg i dag. Dette er både uheldig og uforståeleg, for samfunnet har ofte direkte nytte av slik forsking, og ingen andre land står klare til å aksle ansvaret for å oppretthalde forskingskompetanse på den norske kulturarven.