I sine historiske studiar av dei akademiske profesjonane i Noreg framheva Vilhelm Aubert (1960, Aubert mfl. 1960) og Tore Lindbekk (1962, 1967) den høge graden av eigenrekruttering som kjenneteikna desse sosiale sjikta, som embetsmannsstanden var rekruttert ifrå. Utdanningar og yrker hadde i mange tilfeller gått i arv frå ein generasjon til den neste, slik td. Ole Didrik Lærum (2006) skildrar det i I ulveskinnspels. Legens historie i tre slektsledd. Mobiliteten inn i profesjonane frå lågare sosiale lag var også avgrensa, og for dei i all hovudsak mannlege «nykomarane» var ikkje høg utdanning og ei leiande stilling nokon garanti for at dei også vart ein integrert del av dei norske elitane; på ekteskapsmarknaden gifta dei seg langt oftare med døtrene til svigerfedrar utan akademisk utdanning. Eksternt og internt kunne embetsmannsstanden slik vere like eksklusiv som ekskluderande. Sjølv om adelen vart avskaffa i 1821, levde standsodelen i mange tilfeller vidare.

For dei etablerte familiane kunne likevel frykta for deklassering, ruin og tapt pres-tisje vere reell når neste generasjon skulle ta over stafettpinnen. Makta avkommet å løfte arven, eller ville det snarare mislukkast, slik at familiens heider, ære og formue gjekk tapt? I ein finare borgarskapsfamilie i ein norsk hansaby melde desse problemstillingane seg med tyngde då handelshuset si fleirhundreårige historie skulle førast vidare. Løysinga vart å stokke om på arverekkjefølgja, slik at den (etter familiens oppfatning udugelege) eldstesonen kunne skaffast av vegen. Derfor vart han kjøpt ein større gard på Austlandet, utstyrt med ein enno større pengesum, og for all framtid gjeven forbod mot å blande seg inn i handelshuset si vidare drift. Den yngre broren, som eigentleg ynskte seg eit estetisk framfor eit merkantilt yrke, måtte pent legge alle sine eigne karriereplanar på hylla. Familiearven kravde sitt.

Dei spørsmåla Aubert og Lindbekk tok opp i høve til sosial mobilitet og immobilitet har vore sentrale i internasjonal sosiologi (sjå Ringdal 1990, Hjellbrekke og Korsnes 2006) heilt sidan Pitirim Sorokins Social and Cultural Mobility (1927). Nestoren i den nyare mobilitetsforskinga, engelskmannen John H. Goldthorpe (2000: 242), hevdar at all sosial mobilitet må forståast ut frå to målsetjingar som er felles for alle aktørar, uavhengig av klassebakgrunn: primært gjeld det å oppretthalde den posisjonen foreldra har/hadde, dvs. å unngå fallande mobilitet, og sekundært gjeld det å oppnå ein betre posisjon enn det foreldra har/hadde, dvs. å realisere stigande mobilitet.

Problemstillingane eliteaktørar i så måte står andsynes er både mange og av ulik karakter. Kva investeringar må gjerast, og kva strategiar kan nyttast dersom arven, også i form av sosial posisjon, på vellukka vis skal overførast frå ein generasjon til den neste? Kor stort er sannsynet for å lukkast vs. å mislukkast i anten å vidareføre eller eventuelt å konvertere ein type akkumulert kapital til andre former for kapital, til dømes kulturell kapital til økonomisk kapital eller omvendt? Korleis artar konverteringsproblematikken seg i dei ulike delane av eliten? Dersom ein sjølv var fødd inn i eliten, td. den kulturelle eliten, kva andre delar av eliten er det då akseptabelt eller uakseptabelt å gå til? For kven er utsiktene til vellukka kapitalkonvertering dei beste? Kvar er risikoen for intergenerasjonell deklassering størst? Og ikkje minst: artar fallande mobilitet seg annleis for overklassens kvinner enn for overklassens menn?

Omfanget av mobiliteten ut av eliteposisjonar er ein av fleire indikatorar på kor ope eller lukka eit samfunn er, og også på elitanes verdsetjingar av så vel yrker som utdanningsretningar. Trass i dette har det vore få analysar av «nedturar» frå toppen, kollektive som individuelle, og med ei omskriving av Gudmund Hernes (1974) kan ein slå fast at «forfallsanalysar» har vore langt vanlegare i skjønnlitteraturen enn i faglitteraturen. Mobilitetsrørsler oppover i sosiale hierarki har gjennomgåande fått langt større merksemd enn mobilitetsrørsler nedover dei same hierarkia.1

Dette kan ha fleire årsaker, men ein grunn kan vere at delar av mobilitetsforskinga har hatt ei ideologisk slagside, der omfattande sosial mobilitet gjerne har vorte oppfatta som eitt av kjenneteikna på eit velfungerande liberaldemokratisk styresett. Mobilitet oppover i sosiale hierarki får slik ein ibuande positiv valør; dersom store delar av eliten jamt og trutt vert skifta ut, vert det tolka som eit teikn på at vi har å gjere med eit «opent samfunn» – eit samfunn med få eller svake barrierar mot sosial mobilitet. I tillegg vert det gjerne også tolka som eit rettvist samfunn, der eins eigne talent og kapasitetar skal ha meir å seie enn arv for korleis det går med ein i livet. Kvar dei deklasserte, dei som vert skifta ut, faktisk endar, har ein vore mindre oppteken av.

I denne artikkelen er det nettopp dette vi skal sjå nærare på, gjennom ein analyse av intergenerasjonell mobilitet ut av elite- og profesjonsposisjonar i to fødselskohortar i det seinmoderne Noreg – alle barn fødde i 1970 og 1975 – dvs. to kohortar som kom til verda etter at Aubert og Lindbekk gjorde sine historiske studiar av rekrutteringa til slike posisjonar.2 Vi avgrensar oss til mobilitet ut av sju foreldreposisjonar, målt ved fars yrke i åra 2003–2006: leiande posisjonar i politikk/organisasjonsliv, direktørposisjonar i næringslivet, og jurist-, ingeniør-, lege-, forskar- og presteprofesjonane. Og ettersom mobilitetsrørsler kan vere fleirdimensjonale, skal vi ta for oss rørsler både i høve til utdanning, yrkes- og klasseposisjon. To problemstillingar står sentralt: 1) Kva strukturelle skiljeliner kan finnast mellom desse foreldreposisjonane i høve til nedovergåande mobilitetsrørsler, og kva kan dei fortelje oss om historisk stabilitet og endring i det seinmoderne Noreg? 2) Kva variasjonar finst mellom dei ulike posisjonane i høve til sannsynet for å bli verande vs. sannsynet for å «falle»?

Avslutningsvis skal vi sjå resultata av desse analysane opp mot dei mønstra som studiane til Aubert og Lindbekk avdekka, for på den bakgrunn å drøfte kva dei kan fortelje oss om historisk stabilitet og historisk endring i det seinmoderne Noreg.

Teoriar om deklassering

Problemstillingar rundt deklassering er kanskje lite handsama i faglitteraturen, men det tyder ikkje at dei er av ny dato. I Staten framheva Platon at den styrande klassen plikta å deklassere dei barna som ikkje møtte dei påkravde standardane. Gjorde dei ikkje det, ville staten vere i fare. Den italienske sosiologen Gaetano Mosca framheva likeeins at dersom ein familie i ein eliteposisjon ikkje makta å legge band på seg sjølve, ville forfallet setje inn. Og slik Mosca såg det «… [er] den kunsten vanskelegare å lære seg enn kunsten å gje ordrar til andre, som igjen er vanskelegare å lære og å praktisere enn det å lyde ordre» (Mosca 1939: 424, eiga omsetjing).

Strukturelle forklaringar av deklassering, som td. det at heile grupperingar vert deklasserte, anten som følgje av bråe politiske, økonomiske eller finansielle kriser, eller fordi yrkes-, politiske og økonomiske strukturar over tid endrar seg, har kanskje vore mindre framtredande i sosiologiske studiar av deklassering, men ikkje av den grunn mindre historisk viktige. Den russiske revolusjonen i 1917 avskaffa td. ikkje berre den russiske adelen. Mange i det franske borgarskapet, som hadde investert tungt i russiske jernbaneaksjar, vart økonomisk ruinerte då bolsjevikane nasjonaliserte jernbanen. Hyperinflasjonen i 1920-åra verka likeeins til å utradere den oppsparte kapitalen til store delar av den tyske mellomklassen, noko som på sikt også fekk alvorlege politiske konsekvensar. Og slik individ kan vere mobile, kan også samfunn og posisjonar vere det; i det norske bondesamfunnet høyrde dei større bøndene til i dei sosiale, politiske og ofte også økonomiske elitane. I det seinmoderne Noreg er ikkje det på nokon måte like opplagt.

Men dei få studiane som har omhandla deklassering har gjerne teke utgangspunkt i to andre, moglege forklaringar (sjå td. Richardson 1977): det kan anten skuldast sosiale uhell og ulukker av ulik karakter (som ymse former for sjukdom, rusmisbruk, dysfunksjonelle familiar mv.), eller at samfunnet grunnleggande sett er eit meritokratisk samfunn. Og ulikt det kommunistiske idealsamfunnet, der ein skal kunne yte etter evne og få etter behov, er grunnprinsippet i det meritokratiske idealsamfunnet eit anna: dersom ein yter etter evne, vil ein få som fortent. Deklassering kan i så fall skuldast manglande evner, interesse eller vilje til å yte det som skal til for å oppretthalde den sosiale posisjonen.

Utdanning til eit opplyst fåmannsvelde?

Meritokratiske perspektiv har òg vore sentrale i mange sosiologiske analysar av mobilitet, som td. i arbeida til Émile Durkheim (1858–1917). I det republikanske Frankrike såg han skuleverket som ein integrerande arena der alle skulle ha like sjansar til å realisere sine evner og dugleikar. I det moderne samfunnet ville sosial ulikskap derfor ikkje vere eit spørsmål om sosial bakgrunn og arv, men primært eit spørsmål om eige talent og kapasitet. Då ville også den sosiale solidariteten, brorskapet, verte sikra, fordi dei posisjonane ein skaffa seg i eksterne sosiale hierarki både var rettvist fordelte og gjensidig avhengige av kvarandre (Durkheim 1893).

Andre har sett det annleis. I si (like) klassiske (som) satiriske drøfting av det meritokratiske perspektivet, som ofte vert omtalt som den liberale eller den funksjonalistiske tesen om sosial mobilitet, skreiv Michael Young (1958) om framveksten av eit nytt fåmannsvelde i eit tenkt engelsk samfunn anno 2034. Det meritokratiske samfunnet var slett ikkje eit konfliktfritt samfunn, for også i dette samfunnet rådde det spenningar, td. mellom dei ulike utdanningsgrupperingane. I 2033 gjorde dei underordna opprør mot Utdanningsdepartementet og den meritokratiske elitens arroganse: «Some members of the meritocracy […] have become so impressed with their own importance as to lose sympathy with the people whom they govern, and so tactless that even people of low calibre have been quite unnecessarily offended» (Young 1958: 97).

For enkelte eliteforskarar er det ikkje like opplagt at det er dette som er problemet. Ein av dei er amerikanaren John Higley, som Fredrik Engelstad (2007: 8) omtaler som «undoubtedly the most influential researcher» når det gjeld tilhøvet mellom elitar and demokrati. For Higley vert førekomsten av eit slikt «opplyst fåmannsvelde» snarare oppfatta som ein føresetnad for eit stabilt, velfungerande demokrati. I postindustrielle samfunn kan integrasjonen og empatien mellom elitane og massane tvert imot bli for stor (Higley 2008: 16), slik også massane sin medverknad i politiske prosessar kan bli det. For å sikre det handlingsrommet som gjer at elitane også kan bli dei «konsensuelt forente elitane» som eit stabilt, liberalt demokrati er avhengig av, bør «ikkje-elitane» sin politiske medverknad avgrensast. Industrielt demokrati vert td. omtalt som eit uttrykk for at ein er forblinda og forgapt i ein demokratisk illusjon om at makta kan gå på omgang mellom elitar og ikkje-elitar (Higley, Field og Grøholt 1976: 62). For at medlemane av dette (etter Higleys meining) naudsynte, opplyste fåmannsveldet skal oppretthalde motivasjonen og interessa for sine posisjonar, og fortsetje sitt vyrke til beste for fellesskapet, bør «odelsretten» til dei same posisjonane snarare vere utbreidd (sjå Field og Higley 1980, Higley og Burton 2006, Hartmann 2006). Frå ein slik synsvinkel vert omfattande mobilitet inn i, og også ut av elitane eit potensielt problem.

Sjølv om Higley var delaktig i planlegginga av den førre Makt- og demokrati-undersøkinga si Leiarskapsundersøking (Gulbrandsen mfl. 2002), må desse resonnementa i ein norsk politisk kontekst kunne kallast noko oppsiktsvekkande. I heile -etterkrigstida har då òg norsk utdanningspolitikk hatt sosial utjamning som ei uttalt målsetjing, også fordi rekrutteringa til topposisjonar skulle bli breiare og meir demokratisk. Like fullt viser så å seie all utdanningssosiologisk forsking at det som gjerne vert kalla den liberale tesen var meir eit ideal enn ein realitet. Rekrutteringa til høgare utdanning er framleis sterkt sosialt skeiv, slik også utsiktene til å oppnå gode resultat innan eliteutdanningane er det (sjå td. Hansen 1999, 2000, Hjellbrekke og Korsnes 2006, 2009). Men som vi ser av tabell 1, verkar sosial bakgrunn også inn på mobilitetsrørslene den andre vegen – nedover i utdanningshierarkiet:3

Fars yrke, 2003–2006
Barns utdanning,2006Politikk & organisasjonAdm. dir.Realist/ingeniørLege, tannlegeForskar, univ. & høgskuleJuridisk yrkeTeologisk yrke
Univ., høgare grad16152640383827
Univ., lågare grad40414141454159
3-årig allm.fag + påbygging1918131110147
3-årig yrk.fag + påbygging1514124554
1–2 år vgs.775110,52
Grunnutd.342110,51
Totalt100(n=473)100(n=2053)100(n=2064)100(n=828)100(n=943)100(n=331)100(n=274)

Tabell 1: Samanheng mellom fars yrke, 2003–2006 og barns utdanning, 2006. N=6966

For medan det berre er to av ti barn av profesjons-4 og forskarfedrar som har avslutta sine eigne utdanningar etter 3-årig vidaregåande skule, gjeld dette for fire av ti direktør- og politikarbarn. Avkommet til realistar og ingeniørar plasserer seg i ein mellomposisjon.

Forskjellane i høve til rekrutteringa til yrkesfaglege vs. allmennfaglege vidaregåande utdanningar er også påfallande, og kan tyde på at det i ulike yrkes- og/eller utdanningsgrupper rår ulike oppfatningar av kva som er og ikkje er akseptable utdanningsvegar. Er far lege, forskar eller jurist, vil berre ein av tjue fullføre eit yrkesfagleg utdanningslaup. Er han derimot direktør, realist eller politikar, gjer ein av sju eller ein av åtte det. Resultata i tabell 1 peikar i retning av ei tydeleg todeling i høve til «nedturar» gjennom utdanningsmobilitetskanalen. I den grad det skjer, skjer det oftast med dei som ikkje har profesjonsutdanna foreldre. Om vi nyttar den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1986) sitt omgrep om kulturell kapital, vil arva kulturell kapital i form av ein familiebakgrunn med merkantile og teknisk innretta utdanningar utgjere ein dårlegare forsikringspolise for neste generasjon enn ein familiebakgrunn med klassiske akademiske utdanningar. I så måte rår det forskjellar i høve til kor lett den kulturelle kapitalen går i arv mellom generasjonane.

Men dette fortel oss framleis berre ein del av historia, for sjølv om samanhengen mellom utdanning og yrke er sterk, er ikkje utdanning i seg sjølv tilstrekkeleg for å oppnå eller å miste ein topposisjon. Nedanfor skal vi derfor sjå nærare på korleis den direkte samanhengen mellom fars og barns yrker artar seg.

Ein utvida odelsrett?

Historisk utgjorde dei profesjonane vi har omtalt ovanfor grunnlaget for det som vert omtalt som Embetsmannsstaten. Med Jens Arup Seip (1974: 62) si klassiske formulering var det på 1800-talet også snakk ein sjølvrekrutterande stand som «var spredt som en tynn hinne over landet, like inn i avsidesliggende kroker, men bevarte allikevel det felles preg som skyldtes utdannelse og yrke, jevn kommunikasjon og økende sirkulasjon». Hierarkia internt i, og mellom dei ulike topposisjonane var også tydelege. Talet på «ledige» posisjonar i toppen varierte i høve til sektorar, og det same gjorde storleiken på dei nålauga ein måtte gjennom for å oppnå desse. Utsiktene til å manøvrere med suksess var slik også avhengig av kva topposisjon ein sikta seg inn mot. Eit første nålauge var gymnaseksamen, og såg ein på hovudkarakterane til artium, var medisinarane gjennomgåande dei beste, medan juristane og teologane var å finne på botnen (Lindbekk 1967: tabell 2.4). Internt blant juristane fann ein eit klart skilje mellom dei med og utan latinartium. Sjølv om juristposisjonen kunne gå i arv, var det likevel fullt mogleg å oppleve fallande mobilitet.

I tabell 2 ser vi at sjølv om nyrekrutteringa er høg, så er framleis innslaget av eigenrekruttering tydeleg. For medan 15 % av alle yrkesaktive i dei kohortane vi analyserer er registrerte med eit profesjonsyrke eller ei leiande stilling i 2006, gjeld dette for langt fleire (frå 24 % til 42 %) dersom også far innehadde ei slik stilling eller eit profesjonsyrke i åra 2003–2006:

Fars yrke, profesjon/leiande stilling 2003–2006
Barns posisjon,2006Politikk & organisasjonAdm. dir.Realist/ingeniørLege, tannlegeForskar, univ. & høgskuleJuridisk yrkeTeologisk yrkeAlle fedrar
Profesjon/leiande stilling2524273842362915
Ikkje profesjon/leiande stilling7576736258647185
Totalt100(n=259)100(n=1297)100(n=1203)100(n=437)100(n=500)100(n=202)100(n=128)100(N=68406)

Tabell 2: Fars yrke og barns yrke. Prosent. N= 68406 (4026+64380)

Som ein første konklusjon kan vi derfor slå fast at risikoen for å «falle utanfor det gode selskap» varierer alt etter kva utgangspunkt ein har. Rett nok gjeld det for begge grupperingane at sannsynet for ikkje å ha ei leiande stilling eller eit profesjonsyrke gjennomgåande er høgare enn sannsynet for det motsette. Likevel stadfestar tabellen langt på veg også det inntrykket vi sat att med frå analysane av tabell 1, for nok ein gong kjem ei todeling til syne mellom ei første gruppering sett saman av barna til fed-rar i klassiske akademiske profesjonar, som er dei med best utsikter til sjølve å oppnå ei leiande stilling eller eit profesjonsyrke, der rundt 40 % lukkast med dette, ei andre gruppering av barna til leiarar i politikk, næringsliv, realist/sivilingeniørar, dvs. -posisjonar som i større grad er tufta på akkumulasjonen av politisk og økonomisk -kapital, men også barna til prestane (som historisk høyrde til i dei klassiske akademiske profesjonane), og der rundt 25 % lukkast i å halde på posisjonen.

Sjølv om Arild Danielsen (1998) kan ha rett i at den kulturelle kapitalen har mind-re verdi i Noreg enn i andre statar, betyr altså ikkje det at den er utan verdi. I høve til sosial mobilitet synast det også som den har høgare verdi for nokre grupper enn for andre.5 For som vi skal sjå til slutt i dette kapittelet, er det ikkje berre sannsynet for å falle frå toppen som varierer i høve til utgangsposisjonane. Det same gjer forskjellane i høve til kvar ein fell, kor langt ein fell, kva «klassegrenser» ein kryssar på vegen nedover dei sosiale hierarkia – og om ein fell som son eller dotter.

Klassar, kjønn og deklassering

I mobilitetsanalysar er det vanleg å skilje mellom det ein omgrepsfestar som langdistanse- og kortdistansemobilitet. Medan kortdistansemobilitet er den mobiliteten som finn stad mellom posisjonar som er lokaliserte i nærleiken av kvarandre i sosiale hierarki, skjer langdistansemobilitet mellom posisjonar som står langt unna ein annan i slike hierarki. Korleis slike analysar best kan gjerast, rår det ikkje semje om i fagmiljøa, men sidan tidleg 1990-tal er europeiske analysar av klassemobilitet gjerne gjorde med utgangspunkt i det såkalla Erikson-Golthorpe-Portocarero (forkorta til egp)-skjemaet (sjå td. Erikson og Goldthorpe 1991), som har sju hovudklassar i den mest nytta versjonen. Desse vert igjen delte inn i tre ulike nivå, der stigande og fallande mobilitet til vanleg vert definert som rørsler mellom desse:

Nivå 1 I: Høgare serviceklasse og større arbeidsgjevarar (leiarar, eigarar av større verksemder, ikkje-manuelle yrker som krev høgare utdanning).

II: Lågare serviceklasse, mellomleiarar og leiande teknisk personale.

Nivå 2 IIIa–b: Ikkje-manuelt rutinearbeid (høgare og lågare nivå).

IVa–c: Småborgarskapet (småbedriftseigarar og sjølvstendige, bønder).

V–VI: Faglærte manuelle yrker.

Nivå 3 VIIa: Ufaglærte manuelle yrker.

VIIb: Tilsette i landbruk og primærnæringar elles.

I dette skjemaet vil det klare fleirtalet av «våre» fedrar verte plasserte i klasse I,6 og mobilitet inn i klasse II vil i røynda vere eit uttrykk for fallande mobilitet. Likeeins er det gode grunnar til å tru at det å krysse sektorgrensa mellom manuelle og ikkje-manuelle yrker også rommar symbolske dimensjonar som det bør takast omsyn til i analysen. Vi skil derfor mellom dei ulike typane mobilitet på denne måten: Kortdistansemobilitet, som er mobilitet ned i serviceklasse 2. Sektorintern langdistansemobilitet, som er mobilitet ned i kategorien «Ikkje-manuelt rutinearbeid». Og til sist sektorekstern langdistansemobilitet, som er mobilitet ned i kategorien «Faglært/ufaglært manuelt yrke».

Umiddelbart kan mønstra i tabell 3 synast mindre eintydige enn dei vi fann i analysen av tabell 2:

Fars yrke, 2003–2006
Barnsegp-klasse,2006Politikk & organisasjonAdm. dir.Realist/ingeniørLege, tannlegeForskar, univ. & høg-skuleJuridisk yrkeTeologisk yrkeAllebarn
Service 12527314449413118
Service 23132343230403125
Ikkje-man. Rutinearb.2322181411101724
Faglært/ufaglært manuelt yrke2017161099933
Totalt100(n=256)100(n=1277)100(n=1194)100(n=437)100(n=498)100(n=202)100(n=127)100(N=68 406)

Tabell 3: Fars yrke og barns klasseposisjon. EGP-skjemaet. Prosent N=3991

I tråd med resultata i tabell 2, opplever barna av politikarar og administrerande -direktørar oftare fallande mobilitet.7 To av dei klassiske akademiske profesjonane, -legar/tannlegar og forskarane, skil seg likeeins klart ut med å ha høge prosentdelar intergenerasjonelt klasseimmobile (barna vert verande i høgare serviceklasse), og ved at nesten halvparten av barna maktar å halde på klasseposisjonen (for juristbarna gjeld det fire av ti). For barna til realistar, sivilingeniørar og prestar gjeld dette for minst ein av tre, medan det for barna av administrerande direktørar og politikarar gjeld for ein av fire.

Mønstra i mobiliteten ut av høgare serviceklasse er altså ikkje like todelt som i -tabell 2. Snarare indikerer utflyt-mønstra at det finnest eit internt profesjonshierarki i høve til kva verdi den arva kulturelle kapitalen har for neste generasjon, der forskarane og legane er på toppen og realistane, ingeniørane og prestane er på botnen. -Dette kan verke paradoksalt, all den tid opptakskrava til både lege- og sivilingeniørstudiet lenge har vore mellom dei aller strengaste. Trass i dette artar altså mobilitetsrørslene seg ulikt for neste generasjon, og variasjonen i mobiliteten ut av serviceklasse 1 er relativt stor, frå 51 % til 75 %.

Variasjonane i høve til kortdistansemobilitet, som vil seie at avkommet vert verande i eit ikkje-manuelt yrke, men i ei stilling på mellomnivå, er derimot mindre – på inntil 9 prosentpoeng (frå 31 % til 40 %), men ser ein dette i samanheng med prosentdelen immobile, held det etablerte mønsteret seg. Der nesten åtte av ti av barna til foreldre i dei klassiske profesjonane anten er kortdistansemobile eller lukkast i å halde på sin utgangsposisjon, gjeld dette for knapt seks av ti direktør- eller politikarbarn.8 Nok ein gong plasserer prestebarna seg i den siste grupperinga.

Ser vi nærare på mønstra i langdistansemobiliteten, kjem likevel forskjellane klart til syne. På nytt finn vi i første omgang ei todeling, der barna til leiarar i politikk, næringsliv, realist/sivilingeniørar og prestar ikkje berre er dei som har dårlegast odds for å halde på ein topposisjon. Når dei fell frå toppen, er sannsynet for at dei også fell langt det klart høgaste.

Men dette er berre delar av historia. Ein viktig kritikk mot mobilitetsforskinga har vore at medan modellane (inkludert klassemodellane) kanskje er eigna til å studere menn sine mobilitetsrørsler, eignar dei seg klart dårlegare til å skildre mobilitetsmøns-tra til kvinner (sjå td. Crompton 1989, Abbott og Payne 1990, Birkelund, Goodman og Rose 1996).9 Bak tala i tabell 3 skjuler det seg då òg, og ikkje uventa, klare kjønnsskilje. Yrkesaktive døtrer som opplever fallande mobilitet vil td. langt oftare ende opp i kategorien «ikkje-manuelt rutinearbeid» enn det yrkesaktive søner gjer:

Fars yrke, 2003–2006
Barnsegp-klasse,2006Politikk & organisasjonAdm. dir.Realist/ingeniørLege, tannlegeForskar, univ. & høgskuleJuridisk yrkeTeologisk yrkeAlle søner
Service 12430334648413319
Service 23235353531414025
Ikkje-man. rutinearb.18131298101314
Faglært/ufaglært manuelt yrke2622201013121442
Totalt100(n=157)100(n=736)100(n=724)100(n=238)100(n=286)100(n=126)100(n=70)100(N=41490)

Tabell 4a: Fars yrke og barns klasseposisjon. EGP-skjemaet. Prosent. Menn. N=2051

Fars yrke, 2003–2006
Barnsegp-klasse,2006Politikk & organisasjonAdm. dir.Realist/ingeniørLege, tannlegeForskar, univ. & høgskuleJuridisk yrkeTeologisk yrkeAlle døtre
Service 12723284251413016
Service 23130332929372126
Ikkje-man. rutinearb3237282015174640
Faglært/ufaglært manuelt yrke101011955318
Totalt100(n=99)100(n=544)100(n=470)100(n=199)100(n=212)100(n=76)100(n=57)100(N=26916)

Tabell 4b: Fars yrke og barns klasseposisjon. EGP-skjemaet. Prosent. Kvinner. N=1657

Den sektoreksterne, fallande langdistansemobiliteten (inn i eit manuelt yrke) vil det oftast vere sønene som står for. I så måte rår det altså ei kjønna todeling i høve til kva type langdistansemobilitet det primært er snakk om.

Internt blant sønene finn vi i tillegg eit skilje som ikkje er like framtredande blant døtrene. For medan risikoen for å falle, og å falle langt, for begge kjønna varierer i høve til utgangsposisjonen, er variasjonen klart sterkare blant menn enn blant kvinner. Startar sønene på ein nedtur, vil dei med tekniske, politiske eller merkantile familiebakgrunnar både ha ein klart høgare risiko for at nedturen vert lang, og også ha ein høgare risiko for å krysse grensa mellom manuelle og ikkje-manuelle yrker.10 Fell kvinnene, gjer dei det helst sektorinternt.

Det som likevel er felles for begge kjønna er at barrierane mot langdistansemobilitet gjennomgåande er høgare blant barna av profesjonsutdanna foreldre enn blant politikar-, direktør- og realist-/ingeniørbarna. Slik sett verkar den forsikringspolisen vi ovanfor omtalte i høve til utdanningsmobilitet, den arva kulturelle kapitalen, å ha eit dekningsområde som også omfattar klassemobilitet, samstundes som den er utferda både til sønene og døtrene med klassiske akademiske profesjonsbakgrunnar.11

Den kulturelle kapitalens verdi i eit egalitært samfunn?

Som fleire har framheva, vart ikkje berre embetsmannsstandens politiske, men etter kvart også dens kulturelle hegemoni utfordra av dei politiske motkreftene som til slutt sigra i parlamentarismestriden i åra 1870–1884. Ein tese har derfor vore at det Arild Danielsen (1998) treffande har omtalt som det institusjonelle grunnlaget for kulturell kapital som konsekvens vart svakare i Noreg enn i andre land, td. Frankrike. Ein slik tese kan utan tvil ha mykje føre seg, men rokkar ikkje ved det faktum at akademikar- og forretningsstanden sitt monopol på rekrutteringa til profesjonane varte ved i lang, lang tid i åra etter 1884 (Lindbekk 1962: 238). Samstundes, og som Tore Lindbekk har framheva same stad, gjorde «[hele tiden] viktige forskjeller [seg] gjeldende innenfor dette ledersjikt. […] Til tross for at akademikerstanden har utgjort en betraktelig mindre tallrik gruppe enn forretningsstanden, har akademikersønnenes innslag ved universitetet og høyskolene langt overskredet kjøpmannssønnenes.» Sjølv om den kulturelle kapitalen sitt institusjonelle grunnlag vart utfordra og med det også svekka, var ikkje det synonymt med at den kulturelle kapitalen var av liten verdi.

Resultata våre peikar i så måte i retning av eit mogleg innslag av historisk kontinuitet. For i det seinmoderne Noreg synast den arva kulturelle kapitalen å utgjere eit tryggare sikringsnett mot den type nedturar denne artikkelen har omhandla enn det den politiske og den økonomiske kapitalen er i stand til å gjere. Dei skiljelinene Lindbekk for snart 50 år sidan skreiv om i høve til den historiske rekrutteringa inn i topposisjonar, ser i dag ut til å gjere seg gjeldande i høve til rørsler ut av dei same posisjonane. I dei klassiske akademiske profesjonane er ikkje berre dei intergenerasjonelle utsiktene til å halde på posisjonen relativt sett gode. Om ein skulle falle, og falle langt, er det uvanleg å krysse sektorgrensene mellom manuelt og ikkje-manuelt arbeid. I dei øvrige leiande posisjonane og stillingane artar det seg motsett.

Følgjer vi Bourdieu (1979), vil volumet på og samansetjinga av dei ulike kapital-typane ikkje berre verke inn på kor gode eller dårlege utsikter ein har til å oppretthalde ein gjeven posisjon, men også formande på oppfatningar om normale og akseptab--le mobilitetsrørsler. Fallande mobilitet kan såleis ha store kulturelle og symbolske konsekvensar knytt til kjensle av mindreverd, tapt ære og sosial eksklusjon; i sosiale relasjonar tilseier td. resiprositetsprinsippet at ein helst også skal kunne yte gjengjeld.12 Og ut frå eit slikt perspektiv vil det ikkje overraske oss om det i norske samfunnet, som eit fleirtal tenkjer på som eit egalitært samfunn (Hjellbrekke og Korsnes 2006), ikkje berre har vore meir vanleg, men også meir sosialt akseptabelt om ein som barn av ein direktør eller ingeniør endar opp i eit manuelt yrke, enn om ein som barn av ein forskar, lege, tannlege eller jurist gjer det same.

Denne artikkelen er ein lettare omarbeidd og nedkorta versjon av eit bokkapittel med same tittel som er under utgjeving i Dahlgren og Ljunggren (2010), «Klassebilder: ulikhet og sosial mobilitet i Norge». Forfattarane vil takke redaksjonen i nnt, to anonyme refereear, Knut Christophersen og deltakarane på workshopen «Elites in an Egalitarian Society», Bergen 05.02.2010, for gode innspel og kommentarar til ei tidlegare utgåve av dette manuset.

Litteratur

Abbott, Pamela og Payne, Geoff (1990). «Women’s Social Mobility: The Conventional Wisdom Reconsidered». I Payne, Geoff og Pamela Abbott (red.): The Social Mobility of Women. Beyond Male Mobility Models. Basingstoke, Hampshire: The Falmer Press, s. 12–24.

Aubert, Vilhelm (1960). Norske jurister fra 1814 til den andre verdenskrig. Oslo: Institutt for samfunnsforskning.

Aubert, Vilhelm, Ulf Torgersen, Karl Tangen, Tore Lindbekk og Sonja Pollan (1960). «Akademikere i norsk samfunnsstruktur 1800–1950.» Tidsskrift for samfunnsforskning, 1(4): 185–204.

Bihagen, Erik (2007). «Class origin effects on downward career mobility in Sweden 1982–2001». Acta Sociologica, 50(4): 415–430.

Birkelund, Gunn E., Leo A. Goodman og David Rose (1996). «The Latent Structure of Job Characteristics of Men and Women». American Journal of Sociology, 102(1): 80–113.

Bourdieu, Pierre (1979). La distinction. Paris: Editions de Minuit.

Bourdieu, Pierre (1986). «The forms of capital». I Richardson, John G. (red.): Handbook of Theory and Research for the Sociology of Education. New York: Greenwood, s. 241–258.

Crompton, Rosemary (1989). «Class Theory and Gender». British Journal of Sociology, 40(4): 565–87.

Dahlgren, Kenneth og Ljunggren, Jørn (2010, red.). Klassebilder: ulikhet og sosial mobilitet i Norge. Oslo: Universitetsforlaget.

Danielsen, Arild (1998). «Kulturell kapital i Norge». Sosiologisk tidsskrift, 6(1–2): 75–106.

Durkheim, Émile (1984 [1893]). The Division of Labour in Society. London: Macmillan.

Engelstad, Fredrik (2007). «Introduction: Social and Political Elites in Modern Democracies». I Engelstad, Fredrik og Trygve Gulbrandsen (red.): Comparative Studies of Social and Political -Elites. Amsterdam: Elsevier, s. 1–12.

Erikson, Robert og John H. Goldthorpe (1991). The Constant Flux. A Study of Class Mobility in Industrial Society. Oxford: Clarendon Press, Oxford University Press.

Field, G. Lowell og John Higley (1980). Elitism. London: Routledge.

Goldthorpe, John H. (2000). On Sociology. Oxford: Oxford University Press.

Gulbransen, Trygve mfl. (2002). Norske makteliter. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Hansen, Marianne Nordli (1999). «Utdanningspolitikk og ulikhet. Rekruttering til høyere utdanning 1985–1996». Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 2, s. 172–203.

Hansen, Marianne Nordli (2000). «Sosial bakgrunn og karakterer blant juridiske kandidater». Tidsskrift for samfunnsforskning, 41(2): 151–185.

Hartmann, Michael (2006). The Sociology of Elites. London: Routledge

Hernes, Gudmund (1974). «Om ulikhetens reproduksjon». I I forskningens lys. Oslo: navf, s. 231–51.

Higley, John (2008). «Elite Theory in Political Sociology». Paper presentert på ipsa-2008-konferansen, Montréal, 30.4–2.5.2008. Til nedlasting frå http://montreal2008.ipsa.org/site/index.php?option=com_content&task=view&id=14&Itemid=8

Higley, J., og Burton, M. (2006). Elite foundations of liberal democracy. Lanham MD: Rowman & Little-field.

Higley, John, G. Lowell Field og Knut Grøholt (1976). Elite Structure and Ideology. A Theory with Applications to Norway. Oslo/New York: Universitetsforlaget og Columbia University Press.

Hjellbrekke, Johs. og Korsnes, Olav (2005). «Sosial kapital-strukturar i norske elitar». Tidsskrift for Samfunnsforskning, 45(4): 467–502.

Hjellbrekke, Johs. og Olav Korsnes (2006). Sosial mobilitet. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hjellbrekke, Johs. og Olav Korsnes (2009). «Kjønn, familie og utdanning». I Christensen, Karen og Liv Syltevik (red.): Kvinners arbeid. Oslo: Unipub, s. 119–140.

Lindbekk, Tore (1962). «Den sosiale rekrutteringen til de akademiske profesjoner i vår tid». Tidsskrift for samfunnsforskning, 3(4): 231–255.

Lindbekk, Tore (1967). Mobilitet og stillingsstrukturer innenfor tre akademiske profesjoner 1910–63. Oslo: Universitetsforlaget.

Lærum, Ole Didrik (2006). I ulveskinnspels. Legens historie i tre slektsledd. Bergen: Vigmostad og Bjørke.

Mosca, Gaetano (1939). The Ruling Class. New York: McGraw Hill.

Newman, Katherine (1988). Falling from Grace. Downward Mobility in the Age of Affluence. Berkeley: University of California Press.

Plato (2003). The Republic. London: Penguin Books.

Richardson, C. J. (1977). «The Problem of Downward Mobility». British Journal of Sociology, 28(3): 303–320.

Ringdal, Kristen (1990). Labour Market Structures and Social Mobility in Norway. A Study in Homogeneity and Segmentation. Trondheim: Department of Sociology.

Seip, Jens Arup (1974). Utsikt over Norges historie. Oslo: Gyldendal.

Sorokin, Pitirim A. (1959 [1927]). Social and Cultural Mobility. Glencoe Ill.: Free Press.

Wilson, George (2009). «Downward Mobility of Women from White-Collar Employment: Determinants and Timing by Race». Sociological Forum, 24(2): 382–401.

Young, Michael (2004 [1958]). The Rise of the Meritocracy. New Brunswick: Transaction Publishers.