Normativt, men likevel nyansert om kritisk journalistikk

«Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken». Slik beskriv Holmaas prosjektet sitt i forordet. Dette er med andre ord ei bok med eit normativt perspektiv. Holmaas peikar på det ho meiner er problematiske sider ved dagens nyhendejournalistikk, og kjem med forslag til kva som bør gjerast for å bøte på problema.

Boka er oversiktleg strukturert. I første kapittel vert omgrepet konstruktiv journalistikk definert og sett i ein større samanheng. Kapittel to presenterer to forgrunnsfigurar i denne «rørsla»: Ulrik Haagerup og Cathrine Gyldsensted. Kapittel tre drøftar omgrepet opp mot journalistikken sine tradisjonelle nyheitskriterier. Resten av boka er via til konkrete eksempel. Kapittel fire består av Holmaas sine intervju med seks norske redaktørar, medan kapittel fem presenterer to redaksjonar som har prøvd ut konstruktiv journalistikk: «Her og nå» i NRK, og «Ekot» i Sveriges Radio. I kapittel seks reflekterer tre utanrikskorrespondentar rundt omgrepet. Avslutningsvis får to forskarar, norske Martin Eide og danske Peter Bro, reflektere rundt «konstruktiv journalistikk» frå eit akademisk perspektiv.

Bakgrunnen for prosjektet er det Holmaas beskriv som ei «utilsikta skeivutvikling» i journalistikken: Sjølv om det sjølvkritiske apparatet til journalistiske institusjonar er velutvikla, gjennom eksempelvis VVP og PFU, er dette primært knytt til enkeltsaker. Det er sjeldan media i fellesskap løftar blikket og ser på det totale biletet dei presenterer. Ifølge Holmaas er det totale biletet i for stor grad dominert av sensasjon og konflikt, og overdreven dekning av krise, konflikter, katastrofer og skandalar. Dette fører etterkvart til at delar av publikum opplever håpløyse og apati. Nokre tek bevisste valg for å unngå nyheiter, medan den generelle tiltrua til journalistar og politikarar går ned. Skal nyheitene opplevast som relevante for folk flest, og journalistikken framleis vere viktig for demokratiet, må dei gi eit balansert og truverdig bilete av verda. Samfunnsdebatten må i større grad handle om korleis kritikkverdige forhold kan endrast og betrast. Samfunnsoppdraget til journalistikken er å vere kritisk, men det er ikkje det same som å vere negativ. Dette er kjernen i det Holmaas beskriv som konstruktiv journalistikk.

Eg må innrømme at eg etter å ha lese tittelen og baksideomtalen opna boka med ein viss porsjon skepsis. Begrepet «konstruktiv journalistikk» ga meg tankar i retning av eit lite gjennomtenkt manifest, kobla til politikararar og andre som er lei av kritisk merksemd på det dei driv med, jamfør Donald Trump sine angrep på fake news og «nasty» journalistar. Kvifor kan dei ikkje berre vere meir positive, liksom? Førsteinntrykket vart imidlertid raskt korrigert.

Som mangeårig journalist og vaktsjef i NRK evnar Holmaas å presentere tematikken både utanfrå og innanfrå. Utgangspunktet er nyheitskriteria dei fleste media og journalistar arbeider etter, som ifølge Holmaas kan føre til eit overdrive fokus på feil og manglar, offerjournalistikk, dramatisering, vinkling og forenkling. Dette blir relatert til forholdet mellom journalistikken og ein stadig veksande PR- og kommunikasjonsbransje, som medverkar til at redaksjonane må vere på vakt for å bli utsett for nyheitsinnpakka PR. Det Holmaas beskriv som konstruktiv journalistikk, skal vere ei motkraft mot dette overdrivne konfliktfokuset og den polariserte samfunnsdebatten. Holmaas forankrar omgrepet mellom anna i Ulrik Haagerup sin kronikk «Konstruktive nyheder» frå Politiken i 2008, og hans etablering av Constructive Institute i Aarhus i 2017.

Holmaas framhevar at konstruktiv journalistikk ikkje er meint å skulle endre journalistikken sine grunnprinsipp eller angripe den kritiske journalistikken. Formålet er heller å påvirke journalistikken i retning av å presentere eit meir balansert nyheitsbilete, og til å ta ansvar for å få fram løysingar på samfunnsproblem. Ifølge Constructive Institute er krava til konstruktiv journalistikk dei same som dei tradisjonelle krava: Journalistikken skal vere kritisk, objektiv, upartisk, faktabasert og balansert, og skal ta opp samfunnsproblem. Forskjellen er at konstruktiv journalistikk skal legge meir vekt på nyansering og det å setje sakene inn i ein større samanheng, og derigjennom bidra til ein debatt som òg diskuterer løysingar på problema.

Styrken til boka er at den, sjølv om den har eit normativt prosjekt om å endre journalistikken, har ei nyansert tilnærming til fenomenet. Dette kunne fort vorte eit flammande innlegg utan vesentlege motforestillingar. Holmaas tek imidlertid utgangspunkt i konkrete mediebruksundersøkingar og demokratiteori, og hennar argumentasjon for kvifor «konstruktiv journalistikk» er viktig, legg stor vekt på dei problematiske sidene.

I siste halvdel av boka bidreg norske redaktørar og forskarar til å gje ein balanse mellom dei positive og problematiske sidene ved det å snakke om konstruktiv heller enn kritisk journalistikk. Fleire av redaktørane er direkte negative til omgrepet «konstruktiv journalistikk» fordi det peikar på ein eigen type journalistikk. Dei framhevar at den kritiske journalistikken er kjernen i media si samfunnsrolle, samtidig som det sjølvsagt må vere rom for å sjå på balansen i nyheitsbiletet og bringe inn fleire perspektiv. Her må eg seie meg samd. Samla sett gjev boka ei nyansert framstilling av tematikken, og er eit viktig bidrag i den alltid pågåande debatten om journalistikken sitt samfunnsoppdrag – sjølv om kjernebegrepet «konstruktiv journalistikk» kan opplevast som problematisk.