I dette og de neste numrene av Norsk medietidsskrift vil vi utfordre medieforskere til å svare på tre spørsmål om metodeutvikling. Først ut er professor Lars Nyre, ved Universitetet i Bergen.

Korleis forstår du metodeutvikling?

Metodeutvikling dreier seg om å finne nye måtar å utforske verkelegheita på. Det kan vere svært viktig å utvikle nye metodar viss det oppstår forhold som eksisterande metodar ikkje klarer å fange opp, eller viss det er grunnlag for å oppfatte dei rådande metodane som teknisk eller moralsk utilstrekkelege til faktisk å utforske verkelegheita. Metodeutvikling kan såleis ha eit pragmatisk og framtidsretta føremål (forstå noko nytt betre) eller eit meir kritisk føremål (endre etablerte metodar til det betre). Nye metodar byrjar ofte som anomaliar i normalvitskapen, og kan verte ignorert eller til og med motarbeidd av av dei rådande kreftene (Kuhn, 1996).

Metodeutvikling har eit meta-forhold til faktiske metodar. Med dette meiner eg at den føreset ei utforsking av nye muligheiter der ein sjølvsagt tek med seg element av etablerte metodar, der ein gjer feilsteg og må prøve noko litt anna i staden for, og der prosjektet kan sjå veldig uvitskapleg ut for dei som brukar etablerte metodar. Meta-perspektivet er avgjerande. Viss forskarane vurderer eksisterande metodar opp mot sine nye forsøk og innser at det nye framlegget faktisk ikkje bidreg med noko nytt, ja så må dei innsjå at metodeutviklinga ikkje fungerte eller ikkje trengtest likevel. Denne sjølvkritiske tilnærminga er viktig fordi det elles kan komme unødvendig mange nye metodar.

Når det gjeld medievitskap har den pragmatiske metodeutviklinga vist seg å vere heilt nødvendig dei siste tiåra. Det har skjedd mykje nytt i den sektoren av verkelegheita som medievitskapen ynskjer å skape kunnskap om. Det føregår ei permanent utvikling av nye teknologiar som har til dels svært omveltande («disruptiv») verknad i verkelegheita. Internett, mobiltelefon, sosiale medier og straumetenester er blant dei teknologiane som har skapt omveltningar dei siste tiåra. Det har skjedd til dels store endringar i økonomiske forhold, medieproduksjon, journalistikk, medieåtferd og politisk kommunikasjon. Medieforskarane har reagert med å utvikle nye teoriar og metodar for å kunne forstå kva som skjer. Dette har vore heilt nødvendig for at medievitskaplege innsikter har fortsett å vere nyttige for det norske samfunnet. Mitt forsøk på å bidra til metodeutvikling i medievitskapen skjer på dette pragmatiske grunnlaget.

Korleis jobbar du med metodeutvikling?

Eg prøver å bidra til utviklinga av metodar som kan sikre ei best mogeleg vitskapleg handtering av eigenskapane til omveltande teknologiar. Eg er ikkje teknologisk determinist i streng forstand, men eg anerkjenner at vi som forskar og underviser i mediefag inntil vidare er nøydde å følgje etter teknologiutviklinga, og utvikle faget vårt utifrå globale utviklingstrekk som påverkar oss enten vi vil eller ikkje. Eg jobbar difor med metodar som kan sikre at medieforskarar sjølv deltek i utviklinga av nye medier, slik at denne viktige jobben ikkje vert overlaten til kommersielle krefter åleine (Nyre, 2009). Saman med andre kallar eg dette for «mediedesign» eller «medieutvikling» (sjå særleg Liestøl, 2009; Fagerjord, 2012 og Nyre, 2014). Ei heil rekke empiriske prosjekt har vorte utført det siste tiåret (sjå særleg Løvlie, 2011; Nyre et al., 2012; Aam, 2013; Tessem et al., 2015; Hoem og Nyre, 2018; Øie, 2019).

Tilnærminga går ut på lage eksperimentelle prototypar på nye løysingar, og teste dei ut ved også å lage innhald og få aktuelle brukargrupper til å prøve dei ut. Fleire metodar vert kombinert for å konstruere vitskapleg truverdige analysar, og det er på mange måtar denne kombinasjonen som er den nye metoden. Tverrfaglegheit er heilt avgjerande i denne metodeutviklinga. Ein kan ikkje jobbe åleine dersom ein skal lage ein prototype på eit komplett nytt medium. Det er særleg viktig å samarbeide med folk som har greie på programmering, interaksjonsdesign, journalistikk, andre typar innhaldsproduksjon, brukarstudier, innovasjonsteori og forretningsutvikling. Forskarane evaluerer dei tekniske og menneskelege resultata av prototypeutviklinga kritisk for så å publisere vitskaplege artiklar om kor veleigna prototypen er for vidare satsing. Det er også viktig med nettverksbygging for å skape ein «kritisk masse» rundt den nye metoden.

I eit meta-perspektiv merkar vi at denne tilnærminga er ganske ulik den medievitskaplege normalvitskapen. I staden for å forske analytisk på noko som allereie har skjedd, forskar vi syntetiserande og konstruktivt på noko som kan verte viktig i framtida. Metoden er hypotetisk i den forstand at vi sjølvsagt ikkje veit på førehand om prototypen vil kunne verte nyttig. Ein god kritikk av den mogelege løysinga kan ofte vise seg å vere den mest verdifulle innsikta som kom ut av prosjektet. I akademisk mediedesign er det jo ikkje avgjerande å ha suksess for å kunne publisere funna. Eg har merka at denne rørsla frå analytisk til konstruktiv medievitskap utgjer ein slags anomali i eit fag som er ganske nøgd med å vere analytisk. Eg innser også at det kan vere vanskeleg å gjennomføre samarbeidsprosjekt av den typen eg skildrar her. Mediedesign i full skala kan verte for stort og komplisert dersom ein ikkje har eksterne ressursar eller ein motivert og samkøyrt stab. Det er også råd for forskarar å utføre slike studiar på eigenhand og i mindre skala.

Har du nokon gode døme på korleis du har tenkt nytt og kreativt metodisk?

Eg har tre ulike døme på korleis eg jobbar med metodeutvikling i den retninga som kan kallast mediedesign. Det fyrste dømet er eksperimentelt, det andre er bransjeorientert og det tredje er knytt til undervisning.

1. Eksperimentell mediedesign. Lokanytt (2009) var eit forskardrive prototypeprosjekt som vart gjennomført på Voss, og det hadde som målsetjing å styrke lokaljournalistikken med ny teknologi for mobiltelefonen. Vi var eit stort team som produsere lokalnyhende med tekst og foto på spesifikke stader ved bruk av GPS-informasjon og mobile grensesnitt (Nyre et al., 2012; Øie, 2019). Sjølv om papiravisa har nyhende om lokale forhold, justerer ikkje nyheitssakene seg etter kor lesaren er i forhold til dei. Med mobiltelefonen går dette an, og Lokanytt var konstruert for å utforske desse såkalla «kontekst-sensitive» muligheitene. Vi skreiv tre versjonar av alle nyheitssaker, ein for dei som er veldig nær (0-100 m), for dei som vil måtta gå eller køyra litt for å koma fram (100-500 m) og dei som er så langt borte at dei neppe kjem til å dra forbi (over 500 m). Vi føresette at grunnlaget for slik journalistikk var godt på Voss. Bygda er full av skiturisme, hytteliv, jazz og barnefotball. Eksperimentet vårt vart utført under Ekstremsportveko i 2009. Det nye mediet fungerte godt til å formidle hendingar, men ikkje så lett til strukturelle nyhende utan tydeleg tilknyting til ein kjent stad på Voss. Testlesarane hadde ingen vanskar med å setje seg inn i innhaldet, og vart ikkje forbausa eller forstyrra av det uvante designet. Det var likevel eit stort minus knytt til det redaksjonelle arbeidet. Det var vanskeleg å finne gode stadsorienterte skrivemåtar. Det fanst ikkje noko godt språk for å skrive om dei romlege forholda på ein så detaljert måte som våre prinsipp føresette. Forskarane og journalistane hadde store vanskar med å finne gode måtar å vinkle, skrive og fotografere stader på. Det var vanskeleg å skrive kritiske eller negative nyheiter. Det passa ikkje inn, og folk reagerte negativt på slik journalistikk. Det er dessutan dyrt å produsere nyheiter med høg kvalitet, og difor er det vanskeleg å satse på stadavhengig journalistikk.

2. Bransjeorientert mediedesign. INJECT var eit innovasjonsprosjekt for å utvikle nyttige nye skriveverktøy for nyheitsjournalistikk i lokalaviser og andre små mediehus, og vart innvilga EU-støtte i 2017–2018. INJECT var leia av City University London, og hadde også mediepartnarar frå andre europeiske land. Eg var leiar for den norske delen av INJECT, og koordinerte eit samarbeid mellom UiB, konsulentfirmaet M´Labs Bergen og lokalavisene Sunnhordland, Hordaland og Hallingdølen.

Verktøyet gjev mellom anna forslag til kjelder, illustrasjonar, støtte til å finne idear til oppfølgingsaker og raskare kjeldetilvising. INJECT er meint å gjer journalistar meir kreative i å tenke vinklingar. Vanlege søkemotorar gjev deg dei mest populære treffa, men det nye verktøyet gjev deg ein annan type treff. Algoritmane er laga for å gje best mogeleg treff på søkeordet utifrå kriterier som «person», «kvantifiserbar informasjon» og «konsekvensar». Søket føregår i dei kjeldene ei gitt avis har definert som viktigast, og det var i hovudsak eigne arkiv så vel som Facebook og Twitter (Maiden et al., 2018).

INJECT var ikkje var eit forskingsprosjekt, men eit innovasjonsprosjekt. Målet var at verktøyet skulle lanserast på den opne marknaden og tene pengar ved utløpet av prosjektperioden. Det vart gjennomført ei stor evaluering der vi systematisk samla inn tilbakemeldingar og vurderte kva vi skal endre vidare. I grove trekk fann vi ut at INJECT eignar seg best til reportasjar, portrett og andre artiklar med stort omfang der informasjonssøk inngår som ein del av førebuinga. INJECT var også til hjelp for å finne nye vinklingar på saker som går igjen år etter år, til dømes 17. mai, sommarferien og kommunebudsjettet. Ved raske nyhende som bilulukker fann ikkje journalistane nokon grunn til å setje seg ned med INJECT. Hovudfunnet var diverre at journalistane ikkje såg tilstrekkeleg nytteverdi i verktøyet til at dei syntest det var verdt å bruke tid på det, og då EU-perioden var slutt vart ikkje INJECT utvikla vidare.

Eg lærte mykje om kvardagen i den norske mediebransjen ved å vere med på INJECT. Eg såg kor uhyre komplekst det er å få kundar til å kjøpe og bruke ein ny teknologi. Reint teknisk var INJECT-løysinga nyttig og effektiviserande, men den passa ikkje saman med rutinane i redaksjonen og vart difor ikkje brukt. Det hadde vore interessant viss alle involverte sa at dei hadde stor nytte av verktøyet, men det viktigaste frå ein akademisk ståstad var at vi fekk nye kritiske innsikter og internasjonale publikasjonar.

3. Undervisningsbasert mediedesign. Den raskaste måten å få resultat på er gjennom undervisning. Bachelor- og masterstudentar kan teste ut ei rekkje mogelege løysingar på kort tid, medan eit forskingsprosjekt tek fleire år og ofte også er veldig kostbart. I ca. ti år har eg drive med ein type undervisning som er sterkt knytt til medieutvikling. Eg har hatt ansvar for nærare 200 studentar som har laga omkring 80 prototypar på medieløysingar. Vi arbeider med både eksperimentell og bransjeorientert mediedesign. Denne tilnærminga til undervisning er ikkje ny. Danske Lotte Darsø (2019) har skrive ei nyttig bok om korleis innovasjonskompetanse kan dyrkast fram, og hennar prinsipp vert brukt på ei rekkje høgskular og universitet.

I den fyrste typen undervisning kastar vi oss ut i eksperiment med teknologi som er så ny at den ikkje er etablert i bransjen. Opp gjennom åra har studentane laga medieløysingar for smartklokker, programmerbare droner og 3D-modellering, for å nemna noko. Denne tilnærminga hermar etter den kreative destruksjonen i arbeidslivet, og difor tek me for oss ein ny teknologi kvar sesong. Faglærarane er på akkurat like tynn is som studentane. Saman finn vi opp stadig nye uttrykksformer, og er med å presse grensene for mediets form samtidig som vi lærer å handtere stadig endring.

I den andre typen undervisning er studentane ansvarlege for å lage ein prototype for ei verksemd i Media City Bergen, slik som NRK, TV2 Sumo, Bergens Tidende eller Vimond. Studentane er ute i praksis i ca. tre månader, og opptrer som eit designteam saman med kontaktpersonar i firmaet. Dei vert kasta ut eit krevande oppdrag med stor usikkerheit. Dei må samarbeide med profesjonelle som dei ikkje kjenner, i eit miljø dei ikkje kjenner. Vimond er eit godt døme. Dette firmaet lagar digitale verktøy for videoproduksjon, og ber studentane om å sjå etter nytteverdi i teknologiar som Vimond ikkje jobbar med i den vanlege produktutviklinga. Våre studentar har blant anna laga eit verktøy for automatisk transkripsjon av tale i videopptak ved hjelp av kunstig intelligens. Slike erfaringar gjev studentane ein reell kompetanse som er verdifull enten dei vil verte entreprenørar, forskarar eller få seg jobb i etablerte mediefirma. Stadig vekk viser det seg at studentane meistrar teknologiane like godt som oss faglærarar, og dette skapar ei sterk kjensle av å meistre det nye og ukjente.

Dei tre typane mediedesign eg har presentert er uttrykk for ei metodeutvikling som enno pågår for fullt. Mediedesign er openbart ikkje ein etablert metode, men ei utforsking av noko som kan vise seg nyttig. Det er relativt få forskarar og undervisarar som arbeider slik, og det kan difor vere at dette metodeframlegget ikkje overlever på lengre sikt. Men som eg sa i byrjinga er det jo slik akademisk metodeutvikling føregår. Det er korkje mogeleg eller ynskjeleg å ha ein enklare framgangsmåte. Når ein driv med metodeutvikling er det ingen garanti for suksess.

Referanser

Darsø, L. (2019) [2011]. Innovationspædagogik. Kunsten at fremelske innovationskompetence. Andre utgåve. CITY: Samfundslitteratur.

Fagerjord, A. (2012). «Design som medievitenskapelig metode». I Norsk medietidsskrift 19(3): 198–215. https://www.idunn.no/nmt/2012/03/design_som_medievitenskapelig_metode

Hoem, J. Ø. & Nyre, L. (2018). «Tilhører. En prototype på fremtidens omsluttende radio». I Norsk medietidsskrift 25(1): 1–19. https://doi.org/10.18261/issn.0805-9535-2018-01-04

Kuhn T. S. (1996) [1962]. The Structure of Scientific Revolutions. Tredje utgåve. Chicago: The University of Chicago Press.

Liestøl, G. (2009). Situated Simulations: A Prototyped Augmented Reality Genre for Learning on the iPhone. International Journal of Interactive Mobile Technologies 3(2009) Special Issue IMCL2009.

Løvlie, A. S. (2011). Textopia. Experiments with Locative Literature. Doktorgrad ved Universitetet i Oslo.

Maiden, N., Zachos, K., Brown, A., Brock, G., Nyre, L,, Tonheim, A., Apostolou, D,, Evans, J. (2018). Making the News: Digital Creativity Support for Journalists. Proceedings of the 2018 CHI Conference on Human Factors in Computing Systems Paper No. 475. https://doi.org/10.1145/3173574.3174049

Nyre, L. (2009). «Normative media research. Moving from the ivory tower to the control room». Nordicom Review vol 30 (2): 3–17. https://doi.org/10.1515/nor-2017-0148

Nyre, L., Bjørnestad, S., Tessem, B., Øie, K. V. (2012). «Locative journalism: Designing a location-dependent news medium for smartphones». I Convergence 18(3) s. 297–314. https://doi.org/10.1177/1354856512441151

Nyre, L. (2014). «Media design method. Combining media studies with design science to make new media». I Inaugural issue of Journal of Media Innovations. Vol 1(1). https://doi.org/10.5617/jmi.v1i1.702

Tessem, B., Bjørnestad, S., Weiqin, C., Nyre, L. (2015). «Word Cloud Visualisation of Locative Information», Journal of Location-based Services. 9(4): 254–272. https://doi.org/10.1080/17489725.2015.1118566

Øie, K. V. (2019). Nyheter, til deg, der du er: Utvikling av lokativ journalistikk for mobile enheter – et pragmatisk perspektiv. Doktorgrad ved NTNU.

Aam, P. (2013). Fjernsynsforskaren – fra kritikar til innovatør. Som døme: mediedesign av interaktiv journalistikk med levande bilde. Doktorgrad ved NTNU.