Tett på dei yngste barna sin mediebruk

Antologien spring ut av forskingsgruppa «Barn, medier og livssyn» ved NLA Høgskolen, som eit samarbeidsprosjekt mellom mijøa for kommunikasjon og journalistikk i Kristiansand og barnehagelærerutdanninga i Bergen. Boka består av eit introduksjonskapittel og seks kapittel som presenterer ulike forskingsbidrag om barns mediebruk, og henvender seg til forskarar og undervisarar innanfor både mediefaget og barnehagelærerutdanninga.

Introduksjonskapittelet er skrive av antologiredaktør Bjørg Marit Nyjordet. Her plasserer ho prosjektet i høve eksisterande forsking på barn sin mediebruk spesielt, og medievitskapen si historiske tilnærming til mediebruk generelt. Ho skisserer også eit felles pedagogisk fundament for prosjektet, med utgangspunkt i en pågående diskusjon om korvidt digitale medier i det heile bør vere ein del av aktiviteten i barnehagen. Her spenner synspunkta frå overdriven tru på at alle barn er digitale innfødde til tanken om at digital teknologi ikkje høyrer heime i barndommen. Nyjordet plasserer prosjektet i tilknytning til den siste rammeplanen for barnehagen (2017), der digital praksis har fått eit eige avsnitt. Her er premissa at bruk av digitale medier skal knyttast til det pedagogiske arbeidet og «skal bidra til barnas lek, kreativitet og læring» (s. 13). Nyjordet skriv at antologien legg til grunn at medier er ein naturleg del av barn sitt kvardagsliv. Kunnskap om mediebruken deira er difor viktig fordi den er en del av kvardagen og fordi ein skal møte borna på deira eigne premiss. Grunnsynet til kapitla i antologien er at det er det mediene tilbyr eller legg opp til av leik, fellesskap og danning som er det vesentlege. Introduksjonskapitlet er oversiktlig og plasserer prosjektet tydeleg i ein medievitskapleg tradisjon.

Livssyn og danning

Dei to første kapitla er via tekstanalyse. Kapittel 2 har tittelen «Disney som danningsagent», og er skrive av Margunn Serigstad Dahle og Ingvild Thu Kro. Forfattarene ser her på kva for verdiar som vert kommunisert i eit utval tekstar produsert av Disney. Gjennom analyser av Frost og Jake og sjørøverne i Drømmeland argumenterer dei for at det i lys av danningsoppdraget til barnehage og skule er viktig å bevisstgjere publikum og brukarar om mediene si formidling av verdiar. Utgangspunktet for analysen er livssynsteori, knytt til eksistensielle spørsmål om livet både frå eit religiøst og sekulært perspektiv. Kapittelforfattarene ser på kva for materiale dei to Disney-forteljingane bidreg med til barna sin danningsprosess, med fokus på sentrale verdier, og med konkret referanse til formålsparagrafane for barnehagar og skular. Her finn dei mellom anna at formålsparagrafane sin verdi «nestekjærleik» er tydeleg til stades i Frost, medan «tilgjeving, menneskeverd, likeverd og solidaritet» er meir implisitt behandla. Kapitlet vert avslutta med tips og råd til korleis barnehagepedagogar kan bruke dei to filmane.

Kapittel 3 er via til barn og nyheiter, eksemplifisert med ein analyse av Aftenposten Junior og NRK Supernytt. Også her er metoden tekstanalyse. Nina Skråmestø Nesheim samanliknar sentrale kjenneteikn ved innhaldet som vert kommunisert i dei to formata. Medan tematikken spenner frå politikk, klima og krig til kjendisar og sport, er det saker som angår barn direkte som får størst plass, spesielt skulesaker. Konklusjonen er at barnepublikummet ikkje vert skjerma for verken vanskelege eller potensielt skremmande innhald, men at behandlinga av desse nyheitene legg vekt på å informere på ein forståeleg måte og benytte ulike beroligande strategiar i presentasjonen. Vanskelege nyheiter vert ofte presentert med håp om løysing på problema. Saker som omhandlar skremmande tema legg vekt på å informere tydeleg, fokusere på det positive og gjenta at slike hendingar er sjeldne. Også her vert kapitlet avslutta med nokre korte tips til barnehagelærarar og lærarar om bruk saman med barna.

Dei neste tre kapitla er studier av konkret mediebruk. I kapittel 4, «På sporet av moderne medier», presenterer Trude Kyrkjebø det ho kallar ei mikroetnografisk undersøking på ei småbarnsavdeling. Kyrkjebø har studert korleis digitale medier dei aller minste omgir seg med, vert brukt som verktøy for leik, underhaldning og fellesskap. Den teoretiske inngangen er begrepet kulturelle redskaper (artefakter), med henvisning til sosiokulturell teori og spesielt Wartofsky (1979). Forfattaren argumenterer for at dette perspektivet kan vere nyttig for å forstå og ta i bruk digitale medier som ein integrert del av barnehagen sin pedagogiske praksis.

Kapittel 5 ser nærare på bruk av digitale verktøy i språkopplæringa. Per Ivar Kjærgård undersøker korleis tre barnehagar tek i bruk nettbrett, med tanke på om, og på kva måte, digitale verktøy kan bidra til auka språkkompetanse. Eksempelet som vert studert er språkapplikasjonen OrdlekXL. Kjærgård har intervjua pedagogane om deira erfaringar, og konkluderer med at bruk av digitale verktøy i språkstimulerande tiltak har ein berettiga plass i barnehagen, men at bruken må vurderast av barnehagelærarane slik at den inngår i ei heilskapstenking rundt språkarbeidet.

Kapittel 6 handlar om leik på nett og utvikling av mediespråk. Bjørg Marit Nyjordet presenterer ein studie der eit utval femåringar leikar på nrksuper.no. Forskingsspørsmålet er knytt til kva kompetanse barna treng for å leike på nett, og Nyjordet kallar denne kompetansen «behersking av mediespråk». Kapitlet argumenterer mellom anna med at dette mediespråk som gjev dei yngste barna tilgang til den digitale kulturen. Boka sitt sjuande og siste kapittel er forfatta av prosjektet sin danske samarbeidspartner Klaus Thestrup, frå Center for Undervisningsudvikling og Digitale Medier ved Aarhus Universitet. Under tittelen «Pædagoger og børn som digitale verdensborgere» analyserer Thestrup eksempel på korleis barnehagar kan kommunisere med omverda, gjennom barnehagar sin bruk av Facebook, Skype og Instagram.

Henvender seg mest til barnehagepedagogar?

Medan forfattarane innleiingsvis skriv at boka henvender seg til forskarar og undervisarar innanfor både mediefaget og barnehagelærerutdanninga, er mitt inntrykk likevel at dei enkelte kapitla er meir direkte retta mot sistnevnte. Dette ut frå forskingsspørsmåla som vert undersøkt, den barnehagepedagogiske vinklinga på kapitla, kontekstualiseringa opp mot rammeplan for barnehagen, og den gjennomgåande forma der kvart kapittel vert avslutta med råd og tips til barnehagepedagogar. Kanskje den fremste verdien sett frå eit mediefagleg perspektiv, er det at antologien samla sett representerer eit interessant kvalitativt supplement til dei årlege undersøkingane frå mellom andre Medietilsynet og SSB, ikkje minst gjennom fokuset på konkrete studier av mediebruken til dei minste barna.