Mangfaldig og informativt om framveksande teknologi

Droner i sivilsamfunnet er ein antologi som belyser temaet droner frå ulike vinklar. Dette samansette blikket på temaet er ein styrke, sjølv om boka ved første blikk kan framstå som sprikande. Tematikken fungerer samlande, og dei enkelte kapitla bidreg til å belyse det overordna spørsmålet: Kva er sivile droner, og korleis vil utviklinga påvirke samfunnet?

Boka er eit resultat av forskingsprosjektet ViSmedia ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Redaktøren plasserer i innleiingskapitlet prosjektet innanfor den EU-initierte tilnærminga Responsible Research and Innovation, der eitt av måla er å bidra til ei ansvarleg teknologisk utvikling.

Samlar ulike perspektiv

I kapittel 2 diskuterer Åke Refsdal Moe i Teknologirådet regjeringa sin nye dronestrategi ut frå signal om at norsk droneutvikling skal vere «markedsdrevet og samfunnstjenlig», og poengterer mellom anna behovet for å debattere potensielle langtidskonsekvensar. I kapittel 3 ser seksjonssjef Bente Heggedal i Luftfartstilsynet dilemma og utfordringar med droneutviklinga frå eit tilsynsperspektiv.

I kapittel 4 diskuterer Elisabeth Krauss Andersen og Helge Veum i Datatilsynet droner i tilknytning til personvern, og peikar på konkrete utfordringar og mulige tiltak. Kapittel 5 tek for seg kameradroner som verktøy i journalistikken. Frode Guribye, Lars Nyre og Astrid Gynnild reflekterer over erfaringar frå eit designeksperiment ved Universitetet i Bergen.

I kapittel 6 diskuterer tidlegare generalsekretær i norsk redaktørforening Nils E. Øy, i kva grad journalistar sin bruk av droner utfordrar Vær Varsom-plakaten. Rune Ottosen ved OsloMet går i kapittel 7 inn på militær dronebruk sett i lys av folkeretten, internasjonale avtalar og konvensjonar som regulerer forholdet mellom suverene statar.

Droner i kunsten er tema for kapittel 8, der Øyvind Vågnes ved Universitetet i Bergen viser korleis kunstverk både kan vere informative og skape debatt om dei etiske sidene ved militær bruk av droner. I kapittel 9 argumenterer Knut Torbjørn Moe i Squarehead Technology for økt bevisstheit om risikoen ved dronebruk, som ulovleg overvaking, smugling, industrispionasje og hacking.

Tverrfaglegheit for ei brei lesargruppe

Ein raud tråd i antologien er begrepa disruptiv innovasjon og disruptive teknologiar, som blir forklart i innledningskapitlet som teknologiar som vert utvikla nedanfrå og som har potensial til å skyve meir etablerte teknologiar til side. Dette underbyggjer eitt av premissa for boka, nemleg alminneleggjeringa av teknologien, i form av «en høyrisikoteknologi som på mindre enn ti år har gått fra å være et skremmende våpen i amerikansk krigføring til å bli en avansert, sivil sensorplattform tilgjengelig for alle som kan betjene en mobil eller en kontrollkonsoll» (s. 20).

Gynnild forklarer ellers grunnlaget for prosjektet med at mykje av den teknologiske og politiske utviklinga på dronefeltet er lite synleg i mediene. Boka tek difor sikte på å løfte fram dronetematikken frå ulike vinklar: kven er dei ulike aktørane, og korleis samhandlar dei? Korleis skil ein mellom sivil og militær dronebruk, profesjonelle og amatørar? Kva skjer med personvernet i denne utviklinga?

Redaktøren argumenterer i innleiinga overbevisande for viktigheita av ei tverrfagleg og kontekstuell tilnærming, for å kunne kome fram til ei forståing av dei utfordringane samfunnet og enkeltpersonar står overfor etter kvart som droneteknologien aukar i omfang og finn nye aktørar og bruksomåde. Noko av grunnlaget er eksisterande medieforsking problematiserer mellom anna etiske dilemma journalistar og medier kan møte i bruken av kameradroner i nyhetsdekning. Gynnild poengterer at «problemstillinger som var relativt utenkte for få år siden, dukker fortløpende opp med påtrengende styrke» (s. 25). Med utgangspunkt i at journalistikk er ein såkalla «tidleg markørbransje», hevdar redaktøren at desse utfordringane ikkje berre er aktuelle for nyheitsjournalistikk men i stadig større grad vil gjere seg gjeldande også i «sivilsamfunnet».

Antologien siktar breidt, og kan såleis nå lesarar både i offentlege instansar og kommersielle aktørar, samt akademikarar og studentar innanfor medie- og teknologifag. Boka har gjennomgåande god bruk av konkrete eksempel, anten det gjeld privatpersonar som opplever å få kameradroner inn i den private sfæren eller bruken av droner blant politiske aktivistar.