Korleis kan medievitskapen ta vare på erfaringane frå litteraturvitskapen?

Medier, historie og mening er ein antologi som vil «slå eit kollektivt slag for ein medievitskap som tek vare på erfaringar frå tradisjonelle medier», i denne samanhengen først og fremst med utgangspunkt i litteraturvitskapen. Boka byr på ei samling analyser av tekstar frå forskjellige epokar, samfunn, medier og sjangrar. Dei ni kapitla er omarbeidde versjonar av innlegg til seminaret «Kultur i endring» ved Universitetet i Agder i 2015.

I innleiinga ser redaktørane Thon og Lombnæs dei ulike bidraga i samanheng og dreg dei store linjene. Dei beskriv det overordna perspektivet som eit ynskje om å peike på samanhengar mellom kunstformene i ein lang multimedial tradisjon, og gjennom dette drøfte nokre av litteraturvitskapen sine utfordringar i møte med ein ny mediesituasjon. Dette er ei bok skrive av litteraturvitarar, med eit tydeleg litteraturvitskapleg perspektiv, men med klar relevans for medievitskapen.

Redaktørane argumenterer i innleiinga for at det er humanvitskapane si oppgåve å beskrive medieutviklinga sine lange linjer. Ein humanistisk medievitskap må derfor, heller enn å lage overordna modellar og klassifikasjonar, «utvikle blikket for nyanser, gjerne også inkonsekvenser i uttrykksformene, og redegjøre for variasjoner mellom og ikke minst i konkrete medieuttrykk», hevdar dei. Dette målet viser tydeleg igjen i dei ulike bidraga, som kvar for seg inneheld nærlesingar av så forskjellige uttrykk som ballade, emblem, bildekunst, roman, drama, film og multimodale medier.

Ei samling sjølvstendige kapittel

I første kapittel let Andreas G. Lombnæs seg inspirere av McLuhan sitt vide medieomgrep, og dreg ei linje frå munnleg dikting i Draumkvæde-tradisjonen, via skiftande former for bokkultur, til dagens «sosiale multimedier», som han beskriv som eit uttrykk for ein ny munnlegheit. Kapittelet inneheld mellom anna ei lærerik drøfting av korleis Henning Carlsen i si filmatisering av Sult nyttar filmmediet sine moglegheiter (og begrensningar) til mellom anna å gjengi «det indre» i Hamsun sin romankarakter, eksempelvis ved hjelp av subjektiv kamerabruk (point of view), og gjennom dette «lykkes med å gjenskape Hamsuns jeg-fortelling i et nytt medium, (...) i filmens språk».

I andre kapittel analyserer Roy Eriksen 1500-talets visuelle og tekstlege nyskaping, emblemet, som ei tidleg multimodal utviding av bokmediet, der skrift og bilde opptrer saman. Kapittel tre består av Per Sivefors sin analyse av dei klassiske retoriske omgrepa «enargeia» og «ekfrase» i tidlig moderne engelsk satire, med vekt på desse tropane sin kraft til visuell beskriving gjennom det skrivne ord.

I kapittel fire samanliknar Jahn H. Thon Ludvig Holberg og Cecilie Løveid sitt forhold til det visuelle, med vekt på motsetninga mellom kunst som opplysing, fornuft og maskulinitet og det sanselege, emosjonelle og feminine. Semiotisk interesserte lesarar kan her mellom anna glede seg over ei fin drøfting av Holberg sin bildefobi, en reint ut «estetisk motvilje overfor visualitetens urene og usikre meningsdannelser», basert på bildet sin fleirtydige natur og dermed vanskelig kontrollerbare assosiasjonar.

Femte kapittel vender tilbake til emblemet som kulturelt uttrykk, gjennom Beata Agrell si undersøking av korleis «fortvilelse» kjem til uttrykk frå barokken til i dag. Ho argumenterer mellom anna for at det er ei klar linje frå mellomalderen sine emblem til korleis dagens bokomslag kommuniserer.

I kapittel seks ser Bjarne Markussen på Charlie Chaplin si motvillige tilnærming til lydfilmen, gjennom analyse av filmane City Lights (1931), Modern Times (1936) og The Great Dictator (1940). I ei velskriven drøfting av korleis lydteknologien endrar filmmediet legg Markussen vekt på stemma, og korleis den trengjer vekk stumfilmkarakterane si uskuld, og bringer inn «et sterkere innslag av individualitet, seksualitet, dødelighet og realisme».

Kapittel sju består av Sigurd Tenningen si næranalyse av det ho kallar «hyperoppmerksomhet» i Ole Robert Sunde sin roman Kalypso, knytt opp mot internettalderen sin «oppmerksomhetsøkonomi». Hans Hauge reflekterer i kapittel åtte over Karl Ove Knausgård sitt forhold til musikk i Min Kamp.

Det niande og siste kapittelet er Arne Melberg sine refleksjonar rundt minnet. Han viser korleis minnet i den munnlege kulturen gjerne nyttar romlege metaforar, medan det i dagens skrift- og bildekultur er flytta over i «arkivet». Dette arkivet kan både vere fysisk, også eksempelvis i form av ein harddisk, eller i skya. Dette inviterer til ulike former for det å minnast, skriv Melberg. Medan det munnleg baserte minnet finn støtte i det visuelt konkrete, i romlege metaforar, opnar biblioteket og arkivet for det Melberg kallar eit «assosiativt og ekspanderande minne».

Humanistisk orienterte medievitarar

Det finst fleire eksempel på bøker innanfor medievitskapen som drøftar samanhengen mellom digitale og tradisjonelle medier sine uttrykksformer og konvensjonar på eit nivå som er tilpassa universitets- og høgskulestudentar på bachelornivå, for eksempel Bolter og Grusin si bok Remediation frå 1999. Denne boka forutset etter mi meining meir forkunnskap frå humanistiske fag.

Boka si styrke er det solide fundamentet i litteraturvitskapen, kombinert med grundige tekstanalyser på høgt fagleg nivå. Enkeltkapitla står fjellstøtt på eigne bein, men kunne hatt ei tydelegare kopling opp mot boka sitt samlande prosjekt utover innleiinga. Redaktørane skriv at dei etterstrebar forsking som «forholder seg til den konkrete teksten, tegn for tegn i dens formidlingshistoriske samanheng». Det er så i nokon grad opp til den informerte lesar å trekke samanhengane til dagens medieutvikling.

Boka forutset som nemnt forkunnskapar hjå lesaren, noko som kan gjere den mindre tilgjengeleg for eit breiare publikum. Eit modnare akademisk publikum med eitt, eller helst fleire, bein innanfor den humanistiske, tekstanalytiske tradisjonen vil finne mykje å glede seg over.