Ei god bok som kunne vore betre

Den nye boka til Terje Rasmussen er ei empirisk sterk historie om internett på datamaskin og mobil frå 1970-talet og framover. Men sjølv om boka er komplett i form, er den ikkje heilt komplett i teoretisk djupn. Det er for lite av den normative teoretiseringa som Rasmussen openbert er dyktig til, og boka ville vorte meir interessant viss hans verdisystem hadde vorte synlegare.

Rasmussen er sosiolog og professor på Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Boka «er skrevet for studenter og lærere, for alle i medie- og datasektoren og andre som ønsker å forstå hva som skjer med Internett og web» (frå omslaget). Dette er eit akademisk publikum som både kan og bør forstå dei større samanhengane i stoffet, og som ofte etterlyser spennande nye teoriar.

Tydeleg normsett

Mi oppfatning er at forsking er normativ uansett, og det spørst berre om forskaren sjølv er klar over det eller ikkje. Terje Rasmussen er bevisst på si eiga innretning og inntek ein posisjon der internettet sitt bidrag til samfunnsutviklinga vert oppfatta som best viss utviklinga vert stabilisert så det underbygger visse verdiar. Rasmussen framhevar fem reguleringsområde spesielt viktige (s. 19–20): a) for opphavsrett, mot piratverksemd, b) for databeskyttelse, mot overvåkning, c) for nasjonal sikkerheit, mot nettbaserte angrep, d) for nettnøytralitet og konkurranse, og e) for ytringsfridom, mot sensur.

Dette normverket gjennomsyrer boka i form av ei underliggande bekymring som sjeldan vert eksplisitt formulert. Rasmussen tilhøyrar den generasjonen som fremja internettet sine «klassiske normer» på 1980- og 1990-talet, og meiner at ingen skal eiga internett. Dette er ein fantastisk teknologisk infrastruktur som er bygd over mange tiår, og det er laga av fysikarar, elektrikarar, elektronikk-ingeniørar, datautviklarar, designarar og innhaldsprodusentar. Men dette frie og åpne internettet er under press no på 2010-talet, seier Rasmussen.

Nettet benyttes til stadig mer av stadig flere, og sosiale medier og videostrømming er blitt vanlig i vestlige land. Bruk registreres og analyseres i detalj for kommersielle formål. Noen få gigantiske medieselskaper kontrollerer nettet, og gjennomgripende overvåkning foregår på et nivå man ikke ante var mulig (frå omslaget).

Det klassiske internett har vore Rasmussen sitt tema i heile karrieren. Den nye boka Hva skjer med internett og web? minnar mykje om ei tidlegare bok frå Rasmussens tastatur, nemleg Kampen om Internett (2007). Den tok også for seg internett som eit medium for idear om open kommunikasjon og eit meir livskraftig demokrati og var ei sosiologisk og historisk forteljing om stoda på 2000-talet. Begge bøkene har omsut for ein viss versjon av internett, og den nye boka kunne med fordel ha bygd vidare på det tidlegare arbeidet.

Grundig makrohistorie

Boka er prega av nøyaktige og systematiske skildringar av korleis internett fungerer, med forbilledlege forsøk på å beskriva kompleks funksjonalitet så vanlege folk kan forstå det, og til dels spennande historier om kjente internett-firma, oppfinnarar og selgarar. Lat oss sjå på innhaldet kapittel for kapittel.

Kapittel 1: «Internett og web som infrastruktur» (14 sider) gjev ei rask innføring i nettets historie og normer. Rasmussen framhevar også begrepet «infrastruktur», utan at det vert definert særleg tydeleg. Kapittel 2 heiter «Veien hit: samfunnets infrastruktur» (25 sider). Her får lesaren ei klassisk internetthistorie. Rasmussen deler utviklinga i ein fyrste fase på 1990-talet, der hypertekst og www dominerte. På 2000-talet gjekk web inn i sin andre fase, og i denne perioden handla det meir om bygging av relasjonar og identitet, og web vart ein plattform for nye sosiale medier. Den tredje fasen byrjar rundt 2010 og ber preg av at internett er mobilt, med appar, strømming og marknadskonsentrasjon (s. 10–11). Dette er ei velskriven makrohistorie, men samtidig er den velkjent – ikkje minst frå Rasmussen sine tidlegare bøker.

Resten av boka er ei systematisk behandling av fire typar relasjonar, nemleg interaksjon, søk, distribusjon og overvåkning. Kapittel 3 heiter «Interaksjon: nettverksmedier» (25 sider), og her viser Rasmussen at Web 2.0 viste de sterke «forbindelser mellom nettets tekniske design og grunnleggende sosiale forhold som tillit, identitet og akseptable handlinger» (s. 49). Rasmussen forklarer styrken i denne forbindelsen med å fortelja historia om Facebook i kort og effektiv form. Kapittel 4, «Søk: veiviserens overtak», (18 sider) handlar om søkemotorar og deira algoritmebaserte univers. Rasmussen forklarar blant anna kor viktig domenenamn-tenesta (DNS) er, og han kjem inn på dilemma knytt til lagring av søkedata og Google si store makt som global vegvisar. Kapittel 5 «Levering med web: fra nedlasting til strømming» (30 sider) fortset i same skrivestil. Rasmussen forklarer verkemåten til teknologiane for nedlasting og strøyming, og fortel om utviklinga av Napster i 2001 (s. 95) og Apple sitt interne økosystem av musikk, filmar og andre medieprodukt. Kapittel 6 heiter «Overvåkning: storebror ser ALLE – men lekker» (24 sider), og her koblar Rasmussen seg meir direkte på samtidshistoria. Han fortel om den algoritmebaserte overvåkinga som både kommersielle firma og statlege etatar driv med, og fokuserer på USA. Både Julian Assange, Chelsea Manning og Edward Snowdon vert framstilt som liberale heltar, men det framstår som litt uklart kven Rasmussen oppfattar som the bad guys i datakrigen.

Rasmussen dekkjer sine utvalde tema svært grundig. Men eg synest han kunne ha skrive meir om nokon av dei nyaste teknologiske utfordringane. Eit fenomen som kunstig intelligens kunne vorte godt forklart med Rasmussen sin måte å resonnera på. Hjå Rasmussen betyr intelligens det same som stor lagrings- og prosesseringskapasitet (s. 79). Det er nok rett, men den teknologiske utviklinga har kome så langt at kunstig intelligens ofte er samanliknbar med menneskeleg intelligens. Dette er på mange måtar eit nytt «nivå» i internettet si utvikling, særleg i koblinga mellom mobilt internett, geolokasjonsteknologi og eit uendeleg antal appar som registrerer personleg informasjon om helse, kommunikasjon, opphaldsstader, googlesøk, etc. Sidan personvern er så viktig for Rasmussen, synest eg han kunne vore litt meir aktuell.

Overpresis skrivestil

Eg synest at skrivestilen vert litt for presis. Rasmussen skriv korte, nesten telegrafiske faktasetningar som er veldig informasjonsrike, men ikkje alltid så lette å forstå av den grunn. Her forklarar Rasmussen kva network address translators (NATs) er for noko:

[NATs] er en teknikk som går ut på å endre adressen i headeren på en datapakke mens den sendes over nettet for å sende meldingen et annet sted; en form for omadressering underveis til en ny ISP. Teknikken benyttes for å smelte sammen datatrafikk på flere linjer til én adresse. Etter hvert som det ble trangt i adresserommet i IPv4, tok man i bruk NATs der flere datamaskiner kan benytte samme IP-adresse. NATs kan ikke benyttes direkte på IP-protokollen, men ble brukt direkte på TCP eller UDP. Etter hvert er de plassert bak brannmurer som blokkerte for uønsket trafikk. Brannmurer gjør at stadig flere forbindelser baserer seg på HTTP, og bidrar til HTTP-baserte applikasjoner (Skype, musikknedlasting) (s. 42).

Rasmussen skriv «puggestoff»: den typen bok der ein må telja på fingane, repetera og helst også skriva ned lister i kladdebøker. Lesinga vert etterkvart ganske keisam på grunn av den høge faktatettleiken. Det er også veldig mange forkortingar av typen SMTP, TCP/IP, ISOC og DRM. Problemet er ikkje i seg sjølv å forstå kva dei refererer til, men at dei gjer teksten litt innforstått og «nerdete». Sidan boka er skriven omtrent som eit oppslagsverk, burde den hatt eit indeks.

Eg etterlyser meir teori

Mi vurdering står i forhold til Rasmussen si lange erfaring som internettforskar. Det hadde vore bra om han hadde vore nokre hakk meir teoretisk i denne boka, sjølv om det ville betydd at boka vart lengre. Det er særleg to ting eg etterlyser:

Rasmussen burde formulert normene sine tydelegare. Han brukar ikkje særleg plass på å forklara bakgrunnen for dei verdiane han støttar (a til e ovanfor), sjølv om me skjønar at dei er fornuftige. Verdisystemet til Rasmussen dukkar naturlegvis opp overalt, men mest i form av historiar om sentrale skikkelsar og bevegelsar. Til dømes vert Richard Stallman framstilt som ein sterk representant for fri programvare og deling på internett, men Terje Rasmussen sin posisjon forblir uklar.

Den andre kritikken dreier seg om at Rasmussen kunne ha kopla historia si tydelegare opp mot etablerte teoriar om teknologi. For at den vitskaplege forståinga av internett skal kunna utvikla seg, vil det vera lurt å knyta seg til den forskinga som allereie finst. Til dømes skriv Rasmussen mykje om infrastruktur, men nemner ikkje dent veksande fagområdet «Infrastructure Studies». Det finst spennande tenking også innafor aktør-nettverk-teori som hadde passa med Rasmussen sine tema. For min del kunne nokon av dei meir kritiske teknologiteoretikarane også vorte drøfta, særleg i forhold til det skjebnetunge temaet kunstig intelligens.