Ein journalistikk som bryr seg

To ting må kommenterast aller først. Det handlar om tittel og om forfattar. Boka, som på mange måtar hentar si kjerne frå prosjekt i norske lokalaviser, har altså ein engelsk tittel. Det trong den ikkje hatt. Undertittelen er på norsk – og det er deltakande journalistikk Osmundsen eigentleg vil skriva om. Det er deltakande journalistikk i to tydingar: Både at publikum blir deltakarar i ein dialog med journalistikken og pressa, men også at journalistikken og pressa i større grad er deltakarar i (lokal)samfunnet.

Boka er fleire ting samtidig, men kanskje først og fremst ein rapport om deltakande journalistikk-prosjekt i fire norske lokalaviser: OPP, Dølen, Gjesdalbuen og Søgne og Songdalen. Forfattaren er sjølv redaktør i Søgne og Songdalen Budstikke, ei av dei fire avisene. I tillegg var han leiar for prosjektet «Levande lokalsamfunn», der dei fire avisene testa ut «public journalism» i samarbeid med Landslaget for lokalaviser – ein organisasjon Osmundsen blei valt til styreleiar for i 2015. Alt dette gjer forfattaren til ein aktør, ja nærmast til ein aktivist, på dette området. Dette i seg sjølv er ikkje noko stort problem for denne boka, snarare tvert om. For dette er på fleire måtar ei interessant bok.

Sjølv fortel Osmundsen at

boken er skrevet av en redaktør som er blitt frustrert over manglende medvirkning fra innbyggerne om viktige prosesser, som ser at de fleste våkner først når gravemaskinene er i gang. Det har ført til at jeg har gått i meg selv. Hva er vitsen med journalistikk hvis innbyggerne ikke blir engasjert, hvis de ikke blir mobilisert til å delta i lokalsamfunnet, både for å definere de utfordringer vi har – og senere til å løse de samme utfordringene? (s. 14, kursivering lagt til).

Ein annan stad spør han: «hva er det vi egentlig holder på med?» (s. 38). Ein av nestorane for «public journalism», Jay Rosen, spør i ein klassisk boktittel: «What are journalists for?» – kva er, for å seia det med Osmundsen, vitsen med journalistane? «Public journalism» er både ein idé som er under bygging, undervegs, samtidig som det også handlar om noko, normativt sett, fundamentalt om kva journalistikk i røynda er. Slik sett handlar denne ideen om ei jakt på ei fornying av «Oppdraget». I dette ligg det litt filosofi, men mest er det ei praktisk, konkret jakt: Korleis skal denne fornyinga gå føre seg i praksis? Og det er her ein norsk lokalavisredaktør kjem inn i biletet.

På éi side ligg det altså under ei erkjenning av at journalistikken ikkje bidrar med det den kanskje skulle. Dette fører til manglande tillit, færre publikummarar (lesarar i lokalavissamanhengen) og dårleg motiverte journalistar. Noko må gjerast. Og denne «public journalism» er så oppskrifta. Dei norske prosjekta som ligg til grunn her, har mykje interessant ved seg. Dei er konkrete, til dels tidsavgrensa, til dømes knytt til utvikling av bygdesentrum. Så handlar det om å få vanlege folk, eller «dei verkelege innbyggjarane» i tale. Desse er det vanskeleg å definera, men det er dei som ikkje til vanleg er kjelder, dei som ikkje er politikarar eller ekspertar. Og då må ein gå ut, på gater og torg, på konditori og bingo, framfor til rådhuset.

Mykje handlar også om å få ungdommar i tale. Dette er naturlegvis ei gruppe publikummarar som ofte ikkje blir høyrt. Samtidig handlar dette om ein bransje, lokalpressa, si framtid. Får ein ikkje tak i ungdommane, døyr ein ut. For ein forfattar, som er redaktør for ei lokalavis og samtidig er genuint interessert i deltakande journalistikk, er det ikkje underleg at ting går over i kvarandre innimellom. Av og til blir det til dømes uklart når forfattaren skriv om utfordringane for bransjen – korleis skal ein overleva i ei ny tid – og når det er journalistikken si framtid som står i fokus? Uansett er bekymringa – anten den gjeld bransjen, journalistikken eller demokratiet – ekte nok. Forfattaren har også sjølvinnsikt nok til å sjå dette samansette biletet: «Prosjektene har dermed også hatt et tydelig økonomisk motiv i å tiltrekke seg nye lesere, og ikke nødvendigvis gjøre lokalsamfunnet bedre, slik Public Journalism ønsker.» (s. 51) og: «Enkelte aviser bruker PJ for å øke opplag, trafikk og annonseinntekter. Andre for å lytte mer til leserne, særlig de unge, samtidig som opplag og annonseinntekter stuper og rapporter viser at de unge ikke leser aviser.» (s. 95)

Innleiingsvis blei det gjort eit poeng i denne meldinga av den uklare, eller uavklarte, tittelen. Dette heng saman med at «public journalism» er vanskeleg å plassera i historie og samtid. Er denne journalistikkforma ein (ny) metode, eller er det eit prosjekt for å vekka opp igjen gamle ideal, å gjera journalistar medvitne om si eigentlege rolle? «Avisen må i en helt annen grad enn før være seg bevisst rollen i lokalsamfunnet og tydeliggjøre profilen ved å bringe ulike mennesker inn i avisen» (s. 29). Denne revitaliseringa av ideala er vel så viktig som namnelappen ein legg på det. Her kan ein, som forfattaren, stå i fare for å måla alt opp mot «public journalism», der konkrete prosjekt er «satsninger som har elementer av Public Journalism i seg» (s. 37), eller det blir slege fast at «prosjektet var nok heller ikke 100 prosent Public Journalism, men hadde mye av egenarten i seg» (s. 39).

Men så er det i staden kan henda klassisk (undersøkande) journalistikk det er snakk om? Ein av pionerane bak «public journalism», Davis «Buzz» Merritt, har sjølv sagt at ein berre prøver å vinna tilbake det verkeleg gode journalistar gjorde tidlegare; å gå ut der folk ferdast for å finna ut kva dei er opptekne av (s. 54). Og ein av redaktørane i det norske prosjektet seier det slik: «Egentlig er det jo ikke banebrytende det vi gjør, det handler om godt journalistisk håndverk» (s. 96).

Uansett har det vore ei «vitamininnsprøyting» for redaksjonar som har forsøkt seg på slike prosjekt (s. 13). Kva handlar så desse konkrete prosjekta om? Det mest sentrale stikkordet er engasjement. Svært høveleg for norsk lokalpresse er at det er lokalt engasjement, sjølv om skalaen for «lokalt» er annleis i opphavslandet USA enn i Norge. Så er prosjekta løysingsorienterte, samtidig som dei handlar om å få opp medvit og kunnskap om den demokratiske prosessen. Og det er dialogen – gjerne inspirert av Habermas (s. 19) – som skal stå i høgsetet.

Litt symptomatisk er det at sjølve fødselshistoria til omgrepet «public journalism» er gøymt vekk nærast i eit vedleggskapittel. Her spør, så vidt, Osmundsen om overføringsverdien frå USA til norske lokalsamfunn, men slår ganske enkelt fast at den finst. Også ved eit par andre høve nøyer Osmundsen seg med å nemna innvendingar og kritikk mot «public journalism», utan noko vidare drøfting. I Dagens Nyheter, skriv han, var det «mye motstand mot Public Journalism» (s. 79), men her finst ingenting om kva eller kvifor. Dialog er det berande i denne typen journalistiske prosjekt, ikkje konflikt. Men kva når konflikt og interessemotsetnader er reelle? Rett nok spør forfattaren seg om målet er at folk alltid må bli samde (s. 86), men svarer ikkje så mykje på det. Brukt på lokalpressa synest «public journalism» å ha eit underliggande ønskje om å vera eit lim i lokalsamfunnet. Her kan det ligga ei fred og harmoni-felle. Til dømes er det slik at den samtalebaserte inngangen kan høva godt for det lokale, men mange av problema i det lokale botnar vel så mykje i det nasjonale eller det globale. Til denne kritikken høyrer det at PJ kan lida av ein nabolagsnostalgi, der ein lengtar etter den stabile, trygge og heimlege verda som kanskje fanst ein gong for lenge sidan, men ikkje no lengre.

Men Osmundsen har ikkje «gone native». Han er ein innfødd, i fleire forstandar. Han trur på prosjektet og han trur på kor viktig det er – både for bransje og journalistikk. Aktivismen er ikkje noko problem, den er rett og slett nødvendig. Journalistikken skal vera konstruktiv og søka løysingar, den skal hjelpa lokalsamfunnet. Han nemner mellom anna «public journalism-aviser» som har sagt at lesarbrev/kommentarar som inneheld løysingar «og dermed fører samtalen framover», vil få meir tydeleg plassering enn andre (s. 93). Rådmannen i ei av lokalavis-bygdene i prosjektet, Oppdal, understrekar at avisa aldri har vore nøytral: «Jeg har aldri følt at avisen er objektiv eller nøytral i dekningen av lokalsamfunnet. Avisen tar aktivt stiling både i ledere og artikler» (s. 111).

Osmundsen som innfødd i bransjen gir ei rad tips gjennom boka, både til aviser og til journalistar. Dei handlar både om å gi gratisabonnement for å få folk til å stilla i lesarpanel, og dei handlar om korleis ein kan etablera gode lyttepostar ute mellom vanlege folk. For uansett korleis ein elles vil karakterisera desse journalistiske prosjekta, så legg dei til grunn å ta publikum (lesarane) på eit større alvor. Dei legg til grunn at dei er «kapable medborgarar» (s. 69). Og det handlar om å etablera smørbrødlister, ved hjelp av dei kapable, over kva «våre innbyggere bryr seg om» (s. 124).

«Vær oppriktig interessert», er eitt av råda frå Osmundsen (s. 88). Vel, det bør ein alltid vera. I praksis er det noko ambisiøst over tenkinga: «Skal man få til dialog mellom grupper, må man gå omfattende til verks og opprette små forum i lokalsamfunnet hvor folk kan møtes og snakke sammen. Det er helt åpenbart for omfattende for en avis å gjøre alene» (s. 89).

Deltakande journalistikk av denne typen er aktivistisk, men det er også eit etisk prosjekt. Delvis er det etisk i nær forstand og kan til dømes minna om Potter-boksen, med sine situasjonsavklaringar og vurdering av kva for verdiar som står på spel. Dels er det eit overordna etisk prosjekt, i pakt med dei beste ideala i Ver Varsam-plakatens faneparagraf om pressa si samfunnsrolle. Det handlar mellom anna om å reorientera journalistikken frå å handla om kjeldene til å handla om mottakarane.

Det er fleire sider ved denne deltakande journalistikken som ikke kan kallast nye. VG hadde sine landsting for «vanlege lesarar» alt i 1974 og eige valtog i 1969. Det gjer ikkje prosjekta og revitaliseringsprosjekta, ikkje minst i lokaljournalistikken, på nokon umåte uinteressante. På same viset som boka kan sjåast på som nyttig både for bransje, journalistikk – og til og med for forskarar.