Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Facebook-kommunikasjonen til norske partileiarar: sjangrar og nærleiksymbolikk

Doktorgradsstipendiat

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen

eirik.esperas@infomedia.uib.no

Abstract

Norwegian party leaders’ Facebook communication: genres and symbols of proximity

This article is based on quantitative and qualitative content analyses of 1,278 status updates and 336 comments published by seven Norwegian party leaders on Facebook. Based on theories of self-presentation, personification of politics and the Scandinavian political culture, the variations in genres and strategies of legitimization in the party leaders’ communication are studied. The article finds that the party leaders use Facebook to broadcast and promote their own political activities and actions. Even though Facebook does not seem to contribute to more dialogue with voters, it is argued that the party leaders demonstrate clear images of proximity and closeness to the public.

Keywords: Social media, Political elites, Self-presentation, Middle region behaviour

Sjølv om fleire har studert norske politikarar sin Facebook-bruk, har det til no ikkje blitt publisert innhaldsanalysar av korleis dei mest framtredande og synlege aktørane i vår politiske offentlegheit – nemleg partileiarane – kommuniserer på Facebook. Basert på kvantitative og kvalitative analysar av 1278 statusoppdateringar og 336 kommentarar publisert av norske partileiarar på Facebook gjennom 2012, tek denne artikkelen for seg variasjonar av kommunikasjonssjangrar og nærleiksymbolikk i partileiarane sin Facebook-kommunikasjon.

Innleiing

Som den første norske partileiaren oppretta Siv Jensen (Frp) ei offentleg side på Facebook i februar 2008. I juli same år kom dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) etter, og i løpet av 2009 dukka dei øvrige partileiarane opp i den kraftig veksande Facebook-floraen. I dag rekk Jensen ut til 124 000 såkalla abonnentar, medan heile 377 000 brukarar følgjer Stoltenberg sine statusoppdateringar1. Denne nye «nærkontakten» mellom veljarane og den politiske leiinga blir stadig fremma som sjølve kjernen i partileiarane si digitale deltaking: Statsminister Erna Solberg (H) har omtala sosiale media som «en viktig arena for å være i dialog med mennesker» (Solberg, 2014), medan Jensen har uttalt at Facebook kan bidra til å minske den aukande avstanden mellom veljarane og rikspolitikarane (Werner, 2010). Sjølv om ein med rette kan stille spørsmål om kor deliberativ og demokratisk ein slik interaksjon i realiteten er (Rustad og Sæbø, 2013; Moe og Larsson, 2012), er det liten tvil om at Facebook- og Twitter-deltakinga til dei politiske leiarane i det minste mogleggjer ei form for nærleik som ikkje tidlegare har vore til stades i moderne, mediert politisk kommunikasjon.

Denne artikkelen bygger på innhaldsanalysar av kommunikasjonen til sju partileiarar på dei offentlege Facebook-sidene deira i løpet av eitt år. Studien kartlegg variasjonen i ulike kommunikasjonssjangrar på Facebook-sidene, og undersøker såleis korleis tenesta blir nytta som eit verktøy for både tradisjonell politisk kommunikasjon og for individuell, personleg iscenesetting. Vidare er målet å undersøke korvidt partileiarane gjennom sin Facebook-kommunikasjon bidreg til å etablere ein nærleik mellom politikar og veljar. Med andre ord freistar studien å undersøke følgjande: Kva slags sjangermessige variasjonar kan ein identifisere i partileiarane sin kommunikasjon på Facebook? På kva måtar symboliserer partileiarane ein personleg nærleik til publikum gjennom Facebook?

Sosiale media og den personifiserte politiske kommunikasjonen

Innføringa og overgangen til nye kommunikasjonsformer gir med ujamne mellomrom ein renessanse til teoriar om teknologien si demokratiserande og frigjerande kraft (Skogerbø, 2008). Då Internett rundt årtusenskiftet for alvor tok til å bli ein integrert del av den politiske kommunikasjonen, blei det frå fleire hald spådd at nettet sin interaktive struktur ville skape meir dialog og nærleik mellom den politiske leiinga og publikum (Blumler og Kavanagh, 1999; Street, 2001; Coleman, 2003). Etter dei seinare års utbreiing av sosiale og brukargenererte media – og ikkje minst etter president Obamas digitale valkampsuksess i 2008 – har den nettbaserte politiske kommunikasjonen blitt møtt med ny interesse, både i media, i politikken og i akademia. Samstundes har denne interessa langt på veg dreia bort frå den nettbaserte politiske kommunikasjonen som parti-orientert og einvegsretta, og over til dei nye brukargenererte media som individ- og dialogbaserte plattformar. Her kan Rustad og Sæbø (2013) sin kombinerte innhalds- og intervjustudie av stortingspolitikarar sin dialogiske bruk av Facebook nemnast, saman med Enli og Skogerbø sin (2013) intervjustudie av stortingspolitikarar sin bruk av Facebook og Twitter. I likskap med fleire studiar som har undersøkt norske politikarar sin Twitter-bruk (Sæbø, 2011; Johansen, 2011; Moe og Larsson, 2012), er desse eins om at politikarane først og fremst nyttar tenesta som eit verktøy for politisk informasjonsformidling snarare enn dialog. Den internasjonale forskinga på politiske leiarar sin bruk av sosiale media har på liknande måte peika på ein låg grad av tovegsdialog (Small, 2011; Soon og Soh, 2014; Ross og Bürger, 2014), med snarare sterke preg av personleg imagestyring og strategisk sjølvpromotering (Golbech m.fl., 2010; Jackson og Lilleker, 2011).

Sjølv om slike perspektiv må relaterast til dei halv-private logikkane som pregar den primære inter-personlege nettverkskommunikasjonen i sosiale media (boyd og Elllison, 2008), og kanskje særleg på Facebook (Enjolras m.fl., 2013), bør dei også sjåast i slektskap med teoriar om personifiserings- og intimitetstendensar innan den politiske offentlegheita meir generelt. At den politiske offentlegheita i moderne tider har blitt prega av ein aukande grad av personifisering kan – i tråd med Joshua Meyrowitz (1985) si vidareutvikling av Erving Goffmans (1992 [1959]) arbeid om inntrykksstyring – hevdast å ha oppstått som ein konsekvens av dei elektroniske media sitt inntog og stadig meir gjennomgripande makt. Medan den «førmoderne» talarstol-politikaren finslipte sitt uttrykk framfor eit geografisk avgrensa publikum, har fjernsynskameraet og mikrofonen ført til stadig meir eksponering av den politiske leiaren – for eit stadig større og meir heterogent publikum. Som konsekvens må dagens mediepolitikar spele ut ei såkalla strategisk midtscene-åtferd – i eit rom mellom det Goffman opphavleg omtala som den sosiale framscena og bakscena – kjenneteikna av eit utval særs avdempa og usjenerande ytringar trygt plassert i den sosiale vasskorpa mellom det for formelle og det for avslørande. Denne uunngåelege midtsceneåtferda vil over tid bidra til ei avmystifisering av politikarrolla, hevdar Meyrowitz (1985, s. 270), og viske ut det tradisjonelle skiljet mellom politikaren sitt offentlege og private liv. Gjennom framveksten av mobil internetteknologi og deltakarbaserte tenester som Facebook, har denne ideen fått ein ny dimensjon. På den eine sida: Når stadig nye aspekt ved personlegdomen til politikaren blir potensiell gjenstand for (masse-)medieeksponering, og når politikaren blir sin eigen redaktør, vil makta til politikaren (i teorien) bli styrka i takt med at massemedia sin portvaktfunksjon mistar betyding (jf. White, 1950). Som Audun Lysbakken (SV) poengterer på si eiga Facebook-side, må politikarane «ha andre kanaler ut til folk enn bare gjennom massemedienes filter». Motsett frå fjernsynsintervjuet sin umiddelbare spontanitet, kan Lysbakken på Facebook (i teorien) drive ei omhyggeleg planlegging av ordbruk, talemåte og fysisk framtoning. På ei anna side betyr dette sjølvsagt ikkje at Lysbakken og hans kollegaer er frisleppte i sine uttrykk på Facebook. Med ein primærbruk som minner om privat, mellom-menneskeleg samhandling (Enjolras m.fl., 2013, s. 37), kan ein anta at Facebook fører med seg visse sosiale normer som vil kunne stille politikaren overfor nye og særeigne forventningar i offentlegheita: Av medieerklærte kommunikasjons- og PR-ekspertar blir betydinga av å «by på seg sjølv», «ha glimt i auget» og å vise fram det «private eg» framheva, medan mindre vellukka politikarframferder på Facebook blir omtala som «mutte», «uengasjerte» og «manusbundne» (Staude, 2013).

Politiske elitar og det skandinaviske tilfellet

Når ein skal undersøke offentlege, individuelle sjølvpresentasjonar blant politiske leiarar – og i dette tilfellet blant Noregs partileiarar – må ein ta høgde for at ein har å gjere med ein sosial elite (Hellevik, 1969; Holth og Prangerød, 2001; Narud, 2006; Andersen, 2014). Samstundes kan ein vente at moderne politiske leiarar innehar ein særeigen posisjon i samfunnet, som såleis taler for ei nyansering av klassiske eliteforståingar (sjå t.d. Weber, 1978 [1922]). Til skilnad frå aristokratiske politiske leiarar, kjenneteikna av glamour, pomp og prakt (Weber, 1968), må demokratisk valde politiske leiarar i større grad imøtekome krav om å balansere eit bilete av sosial høgverdigheit og sosial identifikasjon. Ifølgje den franske sosiologen Jean Pascal Daloz vil eit slikt paradoks mellom forventingar om nærleik og distanse vere gjeldande innanfor alle slags demokratiske samfunn (2007; 2010), med det egalitære Skandinavia som eit ytterpunkt der nærleiksideologien står særleg sterkt. Daloz omtalar dette ytterpunktet som resultatet av ein gjennomgåande og tradisjonsrik tendens til eit påfallande måtehald (conspicious modesty) innan særleg den politiske elite, kjenneteikna av ein iaugefallande distansemarkering frå nærast alle slags teikn på prangande forbruk, haldningar og veremåtar:

The effects of Jantelagen/loven [...] can be felt among all members of the elite, but they are even more powerful when it comes to politicians who cannot be seen to ignore its application (Daloz, 2007, s. 173).

Antropologane Erik Henningsen og Halvard Vike (1999) har liknande peika på ein gjennomgåande folkeleg elitisme og etablert grasrotmentalitet innanfor den politiske kulturen i Noreg.

Ideen om eit såkalla påfallande måtehald hos den politiske makta har likevel møtt motstand i dagens norske offentlegheit. I boka Frp-koden (2006) hevda Magnus Marsdal at den politiske elita i landet har distansert seg frå folkedjupet og grasrota, og at Framstegspartiet sin suksess er resultatet av ein langvarig folkeleg motstand mot slike tendensar. I dette kjølvatnet fremma Jon Olav Egeland (2007) ein liknande samfunnsdiagnose, og omtala norske samfunnstoppar som representantar for ein «elitisme med antifolkelig profil der brede samfunnslags meninger oppfattes som reaksjonær populisme».

Som eg no har forsøkt å vise, legg denne studien opp til eit dobbelt utsyn: På den eine sida kan partileiarane sin kommunikasjon på Facebook betraktast med eit medialt hovudblikk, og som ein studie av tenesta sine reint teknologiske føringar for politisk kommunikasjon og dialog – utanfor regien til massemedia. På den andre sida kan artikkelen forståast som ei meir sosiologisk orientert undersøking av iscenesetting og sjølvpresentasjon innan den politiske eliten.

Om undersøkinga: Data og metode

Denne artikkelen presenterer ein kvantitativ og ein kvalitativ innhaldsanalyse av til saman 1278 statusoppdateringar og 336 kommentarfeltmeldingar publiserte av leiarane av landet sine sju (dåverande, i 2012) stortingsparti: Audun Lysbakken (SV), Jens Stoltenberg (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp), Knut Arild Hareide (KrF), Trine Skei Grande (V), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp). Meldingane blei publiserte på deira eigne offentlege Facebook-sider i tidsrommet 1. januar til 31. desember 2012.2 Nærare bestemd er materialet avgrensa av det tekstlege og/eller det visuelle innhaldet i kvar enkelt statusoppdatering og kommentarfeltmelding3 som partileiarane publiserte på deira eigne Facebook-sider i undersøkingsperioden. Materialet vart samla inn i løpet av dei siste dagane i undersøkingsperioden, og omfattar dermed ikkje dei statusoppdateringane og kommentarfeltmeldingane som eventuelt vart sletta i løpet av 2012.

I den kvantitative innhaldsanalysen har analyseeiningane – altså den enkelte statusoppdatering og kommentarfeltmelding – blitt klassifisert i form av ulike kommunikasjonssjangrar, definert som «recognizable communicative event» kjenneteikna av visse «socially identifiable motives and tasks, which give a rational reason for communicative utterances to exist» (Bhatia, 1993 i Sæbø, 2011). For å avgjere kva slags sjanger den enkelte eining tilhøyrer, søkte eg altså å identifisere det primære kommunikative motivet ved ytringa.

I kodeprosessen har eg nytta eit kodeskjema beståande av eit sett gjensidig utelatande sjangerkategoriar, konstruert og utvikla gjennom ei rekke gjennomlesingar av materialet. Såleis kan metoden skildrast som ei kvantifisering av kvalitative observasjonar (Grønmo, 2004), gjennom at konstruksjonen av relevante variablar og kategoriar bygger på kvalitative observasjonar. For både å kunne peike på dei mest sentrale og gjennomgåande variasjonane i statusoppdateringane, og samstundes ikkje miste viktige nyansar av syne, har eg operert med følgjande seks sjangerkategoriar: Informasjon om yrkesrelaterte aktivitetar, politiske ståstader og handlingar, helsingar og nasjonale markeringar, kultur og idrett samt fritid og privatsfære (sjå tabell 1). Når det gjeld kommentarfeltmeldingane (sjå tabell 2), har eg operert med følgjande tre sjangrar: Politiske ståstader og handlingar, småsnakk og støttesignal samt offentleg informasjon. Den kvantitative innhaldsanalysen har også undersøkt variasjonen av bilete, video, lenker, lenketype samt eventuelle forfattarar av/kjelder for lenkeinnhald.

Med utgangspunkt i den kvantitative kartlegginga av dei sjangermessige variasjonane i materialet, tek den kvalitative undersøkinga snarare sikte på å studere visse retoriske og sosiologiske kjennemerke i materialet. Analysen er strukturert ved hjelp av fem idealtypar for politisk nærleikssymbolikk, opphavleg inspirert av Daloz (2010, s. 286) sine kategoriseringar av legitimitetsretorikk i politikarar sin offentlege kommunikasjon. Desse har tidlegare vorte nytta i studiar av politikarar sin sjølvpresentasjon på Facebook (Krogstad, 2013), og tilbyr eit fruktbart rammeverk for å studere Facebook-kommunikasjonen til partileiarane opp mot eit sett med verdiar og normer som kan ventast å vere særleg gjeldande i den norske og skandinaviske politiske offentlegheita (jf. Henningsen og Vike, 1999; Daloz, 2007). Dei enkelte idealtypane kjem eg seinare tilbake til.

Eit innleiande overblikk: Sjangrane i Facebook-kommunikasjonen

For først å danne eit oversiktsbilete av dei kommunikative nyansane på partileiarane sine Facebook-sider, vil eg først studere dei sjangermessige variasjonane i statusoppdateringane og kommentarfeltmeldingane. Vidare vil eg drøfte kva slike variasjonar har å bety for tilhøvet mellom ei tradisjonell form for politisk kommunikasjon og ei meir personleg, upolitisk form for individuell iscenesetting – tettare opp mot Facebooks sjangerkonvensjonar.

Tabell 1. Sjangerfordeling i partileiarane sine statusoppdateringar på Facebook i 2012, framstilt i prosent.

 

Lysbakken

Stoltenberg

Navarsete

Hareide

Skei Grande

Solberg

Jensen

Totalt

Informasjon om yrkesrelaterte aktivitetar

32,6

23,8

51,8

29,9

44,2

33,5

28,2

35

Politiske ståstader og handlingar

33,9

13,1

17,3

32,2

14,6

31,2

30,8

25,2

Promotering og reklame

11

11,5

12,9

16,1

12,1

13,3

8,4

11,6

Helsingar og nasjonale markeringar

9,3

20,8

10,1

10,3

7,2

11,6

10,6

10,8

Kultur og idrett

4,7

14,7

0,7

5,6

14,6

5,7

7,3

7,9

Fritid og privatsfære

6,8

13

3,6

3,6

3,6

2,4

13,9

7,2

(Øvrig)

1,7

3,1

3,6

2,3

3,8

2,3

0,7

2,3

Totalt

100 N= 236

100 N=130

100 N=139

100 N=87

100 N=240

100 N=173

100 N=273

100 N=1278

Tabell 1 gir ei oversikt over kommunikasjonssjangrane i partileiarane sine statusoppdateringar gjennom 2012. Ut i frå tabellen ovanfor kan me først fastslå at det eksisterer tydelege variasjonar i bruksmengda blant partileiarane. Medan Siv Jensen publiserte 273 oppdateringar på Facebook i løpet av 2012, vart berre 87 statusoppdateringar publisert på Knut Arild Hareides side. Elles varierer omfanget mellom 240 og 130 oppdateringar. Blant dei ulike sjangrane, utgjer informasjon om yrkesrelaterte aktivitetar over ein tredjedel av materialet (446 oppdateringar). Her informerer partileiarane om den offisielle og eksterne representasjonsverksemda i den norske offentlegheita, samt om politikken sine meir interne prosessar; som til dømes stortingsdebattar, gruppemøter eller treff med utanlandske partikollegaer. I ein fjerdedel av oppdateringane ytrar partileiarane seg om bestemde politiske ståstader og handlingar (322). Desse er som regel relatert til politiske enkeltsaker som pregar nyheitsbiletet, og ofte blir det referert til – eller lenka til – mediesaker der partileiaren sjølv innehar rolla som forfattar eller kjelde. Nærare bestemd er 51 prosent av desse politiske meiningsytringane kombinert med lenker til eksterne nettsider, som oftast er henta frå hovudstadsbaserte nettaviser. Når partileiarane driv promotering og reklame (148), skjer det som regel i form av korte og informative appellar, der publikum som regel blir bedne om å slå på ein spesifikk fjernsynskanal til ei viss tid, eller klikke seg inn på ein weboverført pressekonferanse, tale eller eit nyheitsinnslag. Dei fleste meldingane refererer til partileiarane sine eigne medieopptrinn, medan eit mindretal har preg av å vere partireklame (t.d. gjennom appellar om å signere partimedlemskap). Sjangeren for helsingar og nasjonale markeringar (138) omfattar framføringar av helsingar og heidringar som ofte er retta til eit fellesskap (t.d. «god jul!»,) men også til landskjende og ofte særskild folkekjære personar (t.d. «Gratulerer til Hans Majestet»). Vidare finn me her ei rekke omtalar av aktuelle markeringar med særleg brei nasjonal appell på tvers av partigrenser, som til dømes TV-aksjonen og årsmarkeringa etter terroråtaket 22. juli. I statusoppdateringane koda som kultur og idrett (101) ytrar partileiarane seg typisk om fjernsynsunderhaldning, konsertopplevingar og idrettsprestasjonar, ein sjanger som i motsetnad til dei føregåande kan relaterast til ei meir utprega personleg (framfor profesjonell) form for politisk kommunikasjon. Dette gjeld i særleg grad den minst frekvente sjangeren, fritid og privatsfære (92), der partileiaren tilbyr innblikk i ikkje-yrkesmessige erfaringar og opplevingar – ofte frå privatsfæra – som ein kan vente at publikum normalt ikkje har tilgang til.

Sjangerkartlegginga (Tabell 1) antyder at Facebook i større grad blir nytta som ein politisk informasjonskanal enn som ein politisk talarstol. Senterpartiets Liv Signe Navarsete og Venstres Trine Skei Grande er dei fremste representantane for ei slik informasjonsorientering, medan Siv Jensen (Frp), Erna Solberg (H) og Audun Lysbakken (SV) motsett trer fram med ein relativt høg grad av meiningsberande ytringar. Når det gjeld dei utprega ikkje-politiske sjangrane, er andelen høgst hos Stoltenberg og Jensen, med Navarsete, Hareide (KrF) og Solberg i motsett ende. Særleg skil dåverande statsminister Stoltenberg seg ut, som dobbelt så ofte ytrar seg om kultur, idrett, fritid og privatsfære som han ytrar seg om sine politiske ståstader og handlingar.

Tabell 2. Innhaldet i partileiarane sine kommentarfeltmeldingar, framstilt i prosent.

 

Lysbakken

Stoltenberg

Navarsete

Hareide

S. Grande

Solberg

Jensen

Totalt

Politiske ståstader og handlingar

60,7

0

20

57,1

55,6

43,6

61,7

53,1

Småsnakk og støttesignal

25,5

100

33,3

7,1

26,3

45,4

25

29,9

Offentleg informasjon

13,7

0

46,7

35,7

18

10,9

13,3

17

Totalt

100N=51

100N=6

100N=15

100N=15

100N=133

100N=55

100N=60

100N=335

Flytter me blikket over til kommentarfeltmeldingane, illustrert i tabell 2, ser me at den totale mengda kommentarar publisert av dei sju partileiarane er gjennomgåande låg (335) samanlikna med talet på eigne statusoppdateringar (1278). Ikkje minst gjeld dette i lys av den totale mengda kommentarar på dei sju Facebook-sidene til saman i undersøkingsperioden (67 326). Medan dei enkelte partileiarane publiserer ei ny statusoppdatering nesten annankvar dag i snitt, ligg snittet under ein gong per veke for kommentarane. Som tabell 2 viser, er det også store skilnadar mellom dei enkelte partileiarane; Stoltenberg kommenterte berre seks gonger på sine statusoppdateringar i 2012, medan Skei Grande publiserte 133 – heile 40 prosent av den totale mengda. Når det gjeld sjangervariasjonane i kommentarfeltmeldingane, ser me at partileiarane ytrar seg om politiske ståstader og handlingar (177) i halvparten av tilfella. Innanfor denne sjangeren vender partileiarane seg vanlegvis til spesifikke namngitte brukarar som svar på konkrete spørsmål og innspel. I materialet finn me ei rekke døme på Småsnakk og støttesignal (101), der partileiarane uttrykker korte høflegheitsfraser som «takk!» og «god helg!». Kategorien inneheld for øvrig ytringar om private og kvardagslege hendingar utan politisk relevans, som til dømes når Stoltenberg rapporterer frå ein skitur i Østmarka (28.1.2012) eller frå sofakroken under ein Downton Abbey-episode (7.10.2012). Endeleg inneheld offentleg informasjon (58) alle ikkje-argumenterande meldingar som på ein nøytral måte informerer om politiske forhold eller andre saker med offentleg karakter. Dette omfattar mellom anna tilbakemeldingar på konkrete (og tilsynelatande ikkje-politiske) spørsmål frå brukarar, omtale av yrkesrelaterte aktivitetar, deling av lenker eller info om til dømes offentlege arrangement og fjernsynsframsyningar.

Kva kan desse sjangervariasjonane fortelje oss? Ein kan merke seg at Facebook-sidene er prega av sjangrar som i høgste grad er knytt til det politiske liv og det politiske embetet, noko som såleis ikkje taler for ei tydeleg intimisering eller privatisering av den politiske offentlegheita. Sjølv om partileiarane no kan drive strategisk kommunikasjon frå sfærar som tradisjonelt har vore private og umedierte, og sjølv om ein kan anta at Facebook som medium fører med seg distinkte normer og forventningar knytt til nye framvisingar av partileiaren sitt privatliv, er det endå den yrkesmessige, politiske kvardagen som utgjer den sjangermessige hovudvekta i statusoppdateringane og i kommentarfelta. Samstundes ser me at det er den deskriptive og informerande delen av den politiske kommunikasjonen som pregar, snarare enn dei normative ytringane kopla til politiske haldningar og ståstader. Såleis kan ein hevde at politikaren si regimakt i sosiale media neppe medfører radikalt nye vekstvilkår for det politiske, meiningsbaserte ordskiftet, sjølv om dette rett nok utgjer den mest frekvente sjangeren i dei tydeleg mindre brukte kommentarfelta.

Så langt veit me derimot ikkje korleis partileiarane – innanfor desse sjangrane – presenterer seg sjølv overfor veljarane som eit førestilt publikum, og korvidt og korleis dette samsvarer med ideen om den måtehaldne og nærleiksorienterte politiske eliten i Noreg (jf. Daloz, 2007; 2010). Eg vil i det følgjande legge fram fem punkt som til saman er meint å teikne eit vidfemnande bilete av partileiarane sin nærleiksymbolikk på Facebook.

Facebook-sidenes nærleiksymbolikk

Daloz (2010, s. 286) si liste over idealtypar for politikarar sin nærleiksbaserte legitimitetsretorikk er adaptert til denne studien med visse modifikasjonar (sjå tabell 2), slik at kategoriane betre fangar opp nyansane i Facebook-sidenes kommunikasjonssjangrar. Ved å nytte desse idealtypane som knaggar til å henge mine observasjonar på, vil eg i det følgjande drøfte korleis dei ulike sjangrane i partileiarane sin Facebook-kommunikasjon på ulike måtar tilbyr ei ramme for utøvinga av politisk nærleiksymbolikk i den offentlege framferda til partileiarane.

Tabell 3. Formar for nærleiksymbolikk i partileiarane sin Facebook-kommunikasjon.

Formar for nærleik

Typiske kommunikasjonssjangrar

Geografisk nærleik («eg er blant dykk»)

Informasjon om yrkesrelaterte aktivitetar

Kollektiv nærleik («me høyrer til same fellesskap»)

Helsingar og nasjonale markeringar, kultur og idrett

Sosial nærleik («eg er lik dykk»)

Fritid og privatsfære, kultur og idrett

Ekspressiv nærleik («eg engasjerer meg for/med dykk»)

Politiske ståstader og handlingar

Digital/konkret nærleik («eg er tilgjengeleg, eg lyttar»)

[kommentarfeltmeldingar]

Som vist i tabell 3, kan ein identifisere fem ulike idealtypar for det eg i det følgjande vil omtale som nærleikssymbolikk på partileiarane sine Facebook-sider. Medan den venstre kolonna viser til dei ulike formene for nærleik og dei retoriske kjennemerka ved denne symbolikken, ser me av den høgre aksen kva slags kommunikasjonssjangrar desse formene er tettast kopla til. Merk at idealtypane ikkje fullt ut speglar dei enkelte sjangrane: Dei (som regel) svært korte og deskriptive ytringane i sjangeren for promotering og reklame kan dømesvis ikkje relaterast til nokon av dei fem formene for nærleik.

Den geografiske nærleiken: Mellom periferi og sentrum, mellom grasrot og elite

Når Henningsen og Vike (1999, s. 165) skildrar den politiske kulturen i Noreg som ei form for folkeleg elitisme, argumenterer dei for at nøkkelverdiar innan lokalsamfunnet sin livsverden – kollektivismen og pragmatismen – har vunne innpass i ei politisk offentlegheit prega av ein «bønder i byen»-identitet. Nettopp denne periferi-orienteringa er skildrande for iscenesettingane til partileiarane på Facebook, og særleg i form av dei hyppig serverte innblikka i den offentlege representasjonsverksemda, til dømes gjennom torgmøter, bedriftsbesøk, skulebesøk eller treff med lokale partilag. Den geografiske nærleiksforma blir godt illustrert i dei følgjande sitata frå høvesvis Navarsete, Jensen og Solberg sine Facebook-sider:

Anne Beathe og Goro (98 år) hadde til liks med oss andre ein hyggeleg kveld på Seniordansens fest på Hoel Gård. Dans gir humør, sosial moro og god trim. Etter å ha møtt humørfylte hedmarkingar er eg enno meir overtydd om at fysisk aktivitet er nøkkelen til gode liv, også når me vert seniorar:-) (Navarsete, 4.6.2012)

Folkemøte på Sortland er hyggelig. Nordnorsk herlig humør og stor politisk interesse! (Jensen, 21.8.2012)

Husøy, et samfunn med opp under 300 innbyggere, er et av mange små, optimistiske og livskraftige samfunn som lever av havet. Der har de en tradisjonsrik fiskerikonferanse hvor jeg i går holdt innlegg og deltok i debatt. Det ble også tradisjonen tro avholdt en stor festmiddag hvor fisk av alle varianter ble servert. Tidligere i dag fikk jeg også tale på kirkekaffen. Flotte omgivelser, varme mennesker, vidstrakt hav og høye fjell. Et lite stykke Norge :) (Solberg, 26.8.2012)

Slike omtalar er kjenneteikna av fleire fellestrekk: Dei er positive og optimistiske i forma, og inneheld nærast alltid entusiastiske skildringar av stemninga, naturen og humøret hos menneska som partileiarane treffer. Det er like mykje møtet mellom menneske som står i fokus som sjølve den politiske anledninga til møtet. I slike uttrykk blir særleg utkantstrøka ofte trekt fram – med påfallande hyppige innslag av småkommunar i Nord-Noreg. Ei overvekt av denne typen meldingar er akkompagnert av visuelle innslag, ofte med naturfylt postkort-liknande motiv av den aktuelle besøksstaden.

Dersom Sp-leiar Liv Signe Navarsete sitt møte med «humørfylte hedmarkingar» på seniordansen på Hoel Gård kan illustrere noko av denne djuptliggande nærleiken til det nære, tradisjonelle og påfallande måtehaldne (jf. Daloz) ved den norske folkesjela, kan ein hevde at andre, meir lukka og eksklusive settingar i det parlamentariske livet, vil skape ein motsetnad til nettopp slike egalitære ideal. Når Erna Solberg til dømes rapporterer frå sine møte med britiske regjeringsmedlemmer – blant anna akkompagnert med biletet der ho handhelsar på statsminister David Cameron – er det neppe utan symbolverdi for ein opposisjonspolitikar med mål om å overta statsminister-embetet. Slottsmiddagar, internasjonale kongressar og møte med utanlandske kollegaer er utvilsamt heilt elementære arenaar i det politiske livet, men utgjer like fullt sosiale scener der publikum er vist til tilskodarplass. Her ligg også forklaringa i at slike uttrykk er langt sjeldnare i materialet, og at det nettopp er møtet med «vanlege folk» som i så stor grad pregar dei politiske dagbøkene på Facebook-sidene til partileiarane. Gjennom å kommunisere på ei (i teorien) open, ikkje-hierarkisk og desentralisert plattform som Facebook, kan ein anta at partileiarane i større grad søker å markere ein nærleik og ein sosial identifikasjon med sitt publikum enn det som er tilfelle i dei lukka, hierarkiske og sentraliserte massemedia.

Den kollektive nærleiken: Partileiaren og feiringa av eit førestilt fellesskap

Nærleiken mellom veljarane og den valde blir ikkje berre symbolisert reint konkret og reint geografisk, men føreligg også på eit meir abstrakt plan. Ved å stadfeste identifikasjon og tilknyting til personlegdomar og symbol med brei og symboltung appell, trer partileiarane fram i ein statsmannsaktig stil – som talspersonar for eit tverrpolitisk, kollektivt «vi». Dette er eksempelvis tydeleg i omtalar av høgtider og nasjonale merkedagar, eller ved meir enkeltståande hendingar som me dømesvis ser av utvalet sine heidringar etter krigshelten Gunnar Sønsteby og symjehelten Alexander Dale Oens bortgang.

Det er med ydmykhet man leser dagens aviser om hans liv og heroiske innsats for nasjonen. Kjakan er et symbol på den innsatsen våre modigste menn gjorde under 2. verdenskrig. Han var mer enn kongens livvakt, han var nasjonens livvakt […] (Solberg, 11.5.2012)

Gunnar «Kjakan» Sønsteby er en av våre største krigshelter. Vi skal aldri glemme deg og det du kjempet for! Vi er alle takknemmelige for din innsats. (Jensen, 10.5.2012)

Mine tanker går til hans familie, venner og det store idrettsmiljøet som han var en så levende del av. Alexander Dale Oen var en stor idrettsutøver for et lite land. Norge har mistet et forbilde for mange unge og et av våre største medaljehåp foran OL i sommer. (Stoltenberg, 1.5.2012)

Ikkje minst speler nasjonale idrettsarrangement og idrettsprestasjonar ei viktig rolle i feiringa av ein slik kollektiv nærleik (eller ein «identitetsbasert nærleik» som det er kalla i Daloz (2007) og Krogstad (2013) sine omgrepsapparat). Her ligg også noko av kjernepunktet i det førestilte fellesskapet (jf. Anderson, 1983), og ideen om at eit historisk nasjonalt erfaringsgrunnlag vil skape ei imaginær kjensle av kollektivt samhald mellom borgarar og grupper. I materialet finn me ei lang rekke omtalar av norske utøvarar sin innsats i internasjonale konkurransar, og nærast utelatande når desse oppnår suksess. I så måte førte OL-gullet og EM-sølvet til kvinnelandslaget i handball til særleg mykje merksemd: Formuleringar som «Nå gleder hele Norge seg», «Hele Norge feirer med dere» (Solberg), «Hele Norge er stolte av dere!» (Stoltenberg), blir nasjonen presentert som eit foreina vi. Slike omtalar trekker ikkje berre fram gode idrettsprestasjonar, men framhevar også prestasjonanes betyding for heile landet. Slike ytringar kan oppfattast som ein slags kvardagsleg, banal nasjonalisme (Billig, 1995), der idretten tek form som eit symbol på nasjonen sin identitet. Som Eric Hobsbawn treffande påpeiker: «det forestilte fellesskap mellom millioner føles mer virkelig som et lag med elleve navngitte spillere» (1990, s. 143).

Som det framgår av tabell 1, er kommunikasjonssjangrane helsingar og nasjonale markeringar samt idrett særleg typiske for den kollektive nærleiksdimensjonen. At dåverande statsminister Jens Stoltenberg skil seg ut med høgast førekomst av meldingar innan desse sjangrane, er ikkje uventa. Slik som Billig framstiller den amerikanske presidenten som ein særeigen representant for den banale nasjonalismen, har statsministerembetet noko liknande ved seg i Noreg: som kanskje den fremste politiske representasjonen av dei symbola og verdiane som venteleg vil foreine – og reprodusere – nasjonen. Trekker ein igjen linene til Goffmans (1992) omgrep, vil denne statsmannsaktige retorikken vere eit godt døme på ei tradisjonell framscene-åtferd, kjenneteikna av strenge sjangerkonvensjonar og ei institusjonalisert, ikkje-spontan form for iscenesetting.

Den sosiale nærleiken og den alminnelege middelkulturen

Medan den kollektive nærleiksymbolikken tek form gjennom feiringa av eit foreinande, nasjonalt narrativ, dreier den sosiale nærleiken seg om politikaren sitt personlege og oftast ikkje-politiske narrativ – gjennom ei offentleg iscenesetting av eigen livsstil og privatsfære. Den sosiale nærleiken er vidare tett knytt til sosial autentisitet (Daloz, 2010), og korvidt personlegdomen og livsstilen til politikaren framstår som «ekte» og ikkje minst lik den han eller ho representerer. I egalitære samfunn er desse to dimensjonane nært knytt saman i form av ein gjennomgåande likskapsideologi. Altså vil ein moderne, skandinavisk politikar neppe oppnå legitimitet som ein talsperson for fellesskapet dersom han eller ho samstundes viser fram og personifiserer sosiale skilnadar mellom seg sjølv og breidda i veljarmassen.

Så, kva slags hendingar, erfaringar og opplevingar trekker partileiarane fram frå sitt private – eller i det minste ikkje-politiske – liv på Facebook? Nøkkelordet her er Meyrowitz (1985) ovanfor nemnde omgrep midtsceneåtferd: Ei offentleg framferd trygt plassert innanfor midtsceneåtferda sin posisjon mellom det for reserverte og for avslørande, som verken fråstøyter eller framstår særleg sosialt plasserande. Med skiturar, hytteliv, naturopplevingar og heimelaga norsk mat som gjennomgåande kulissar, blir den sosiale nærleiken bygd opp rundt dei oppskatta, alminnelege gledene ved det norske kvardagslivet:

For en fantastisk dag på ski. Litt sliten nå, men da er det enda bedre å sette seg i solveggen!!! (Jensen, 3.5.2012)

Det eneste som er like deilig som en lang skitur er å ligge på sofaen og se masse sport på tv. Dette har vært en laang sofadag. (Jensen, 25.11.2012)

Vesle nyttårsafta. Sol over Fillefjell. Influensa, men likevel i stand til å nyte den vakre utsikta. Håpar eg orkar ein skitur på silkeføret i morgon. Finst knapt betre måte å avslutte året på enn å gå ut i naturen og reflektere over tida som er gått – og den som kjem. Etter rakafisk med akevitt og øl har eg fått god medisin i gode hytteveners lag. (Navarsete, 31.12.2012)

Denne verdsettinga av det alminnelege er også gjennomgåande i partileiarane sine uttalte kulturelle erfaringar og preferansar. Me ser svært få referansar frå ytterkantane av det sosiale smakskartet, og snarare er det populærkulturen – eller kanskje rettare det omnivore smaksidealet (jf. Peterson og Kern, 1996) – som pregar: Dømesvis uttaler Jensen via si introduksjonsside at ho er «...ganske humørorientert på musikksmaken», ikkje ulikt Navarsete og Solberg som er «altetande» og «ganske glad i det meste». Dei kulturelle opplevingane blir gjerne omtala i akkompagnement med yrkesrelaterte innhald, som ein slags avkoplande fristad frå det politiske livet:

Alle de andre partiene stemte mot vårt forslag om forbud mot bønnerom på offentlige skoler. Det er bare Frp som tar integreringsutfordringen på alvor. Men nå er det gullrekka. God helg alle sammen :-) (Siv Jensen, 5.10.2012)

Leser statsbudsjett for harde livet for å være klar til framleggelsen i morgen, og for å rekke «Downton Abbey». (Jens Stoltenberg, 7.10.2012)

Vidare får me vite at Stoltenberg er tilhengjar av folkrockbandet DDE («...et band som har gitt oss veldig mye glede og fantastiske opplevelser i over tjue år.»), og at artistar som nettopp D.D.E., Åge Aleksandersen, Vinni, Madrugada, Cornelis Vreeswijk og Bruce Springsteen figurerer på hans personlege Spotify-liste. Verken dette, eller at Jensen listar opp «Abba, Nytt på nytt og Frustrerte fruer» som sine kulturelle favorittar, at Navarsete er glad i både «Creedence, Olav Stedje, klassisk, rock og blues» eller at Lysbakken har vore «Grand Prix fan siden Bobbysocks» er neppe anna enn oppriktige utsegn. Likevel er slike døme del av eit mønster som peiker mot at dei utvalde livsstilsmanifestasjonane til partileiarane på Facebook held seg vel innanfor grensene til det ein kan omtale som den breie, folkelege middelkulturen i Noreg.

I lys av Meyrowitz og Daloz sine perspektiv, kan ein hevde at (både meir og mindre) medvetne markørar i retning ei ukontroversiell, middelposisjonert smaksframvising, dømesvis gjennom positive omtalar av Gullrekka, Ylvis og DDE vil symbolisere ein sosial nærleik til ei stor breidde i det førestilte publikum. Om me derimot følgjer eit premiss om at partileiarane utgjer ei sosial elitegruppering, skulle ein snarare kanskje vente å finne tydelege distingverande trekk i partileiarane sine kulturelle sjølvpresentasjonar. Men sjølv om livsstils- og smaksdisposisjonane våre ifølgje Pierre Bourdieu (1995) er nedfelt i habitus og dermed aldri vil kunne manipulerast heilt, gir Facebook som medium eit rom for retorisk førebuing og visse moglegheiter til å styre sjølvpresentasjonen vår i ei retning som ikkje nødvendigvis speglar den mest autentiske framferda vår fullt ut. Når politikarane opptrer i ein retorisk situasjon der smaksuttrykk både kan symbolisere sosial distinksjon og nærleik, tyder analysen på at partileiarane trekker fram eit selektert og ukontroversielt utval som passer innanfor rammene av midtscene-åtferda som Meyrowitz snakkar om. Såleis kan ein anta at den sosiale legitimiteten til partileiarane er fundert på eit slags catch all-prinsipp, der målet er å unngå særleg sosialt plasserande teikn heller enn å markere nærleik til enkelte grupper i samfunnet.

Ligg det nødvendigvis noko strategisk, påfallande eller mistenkeleg i at partileiarane markerer tilknyting til den breie middelkulturen? Sannsynlegvis ikkje. Frå før veit me at den norske politiske leiinga er kjenneteikna av ein relativt høg sosial mobilitet samanlikna med andre norske elitegrupperingar (Holth og Prangerød, 2001; Gulbrandsen, m.fl. 2002). Vidare er det påvist klare samanhengar mellom sosial bakgrunn og kulturell smak hos denne gruppa (Hovden og Knapskog, 2014); ein smak som tenderer mot ein fellesskapsinnretta posisjon utanfor feltet av disk ueinigheit, noko som bidreg til å nyansere biletet av partileiarane som ein samfunnselite med distinkte symbolske trekk.

Den ekspressive nærleiken: Facebook og talarstolretorikken

Facebook-sidene til partileiarane fungerer også som eit meiningsberande, politisk møterom, om enn ikkje i like stor grad som ein rein informasjonskanal. Kva plass inntek partileiaren sin personlegdom og individualitet i dette rommet? Gir dei inntrykk av å opptre som heile menneske, gjennom offentleggjeringar av eigne kjensler og erfaringar, eller framstår dei meir som «ansiktslause» transportørar av politiske idear og ideologiar? Me kan her snakke om politisk legitimering gjennom graden av ekspressiv nærleik til publikum: Ved å framvise ein nærleik til sitt eige personlege engasjement, markerer politikaren også ein nærleik til publikum – slik at veljaren lærer å kjenne politikaren slik han eller ho eigentleg er. Dette krev eit personleg, autentisk uttrykk, og eit truverd skapt av «mangel på bearbeiding og retorisk kultivering» (Kjeldsen, 2006, s. 122).

Uttrykker partileiarane nærleik til publikum gjennom å vise fram sitt personlege engasjement via Facebook? Analysen tyder på at dette oftast ikkje er tilfelle. Dei fleste partileiarane uttrykker i hovudsak politiske haldningar, meiningar og idear i ei upersonleg språkdrakt me gjerne kjenner igjen frå ei pressemelding, eit prinsipprogram eller ein valbrosjyre. Som i døma nedanfor gjer Jens Stoltenberg og Erna Solberg kort greie for politiske handlingsområde i ein «oss-og-vi»-stil, utan eksplisitte (og sjeldan med implisitte) appellar til publikum og utan invitasjonar til ein påfølgjande deliberasjon:

Regjeringen vil etablere en CO2 kompensasjonsordning for industrien. Formålet er å hindre at norsk industri flytter sin virksomhet til land med en mindre aktiv klimapolitikk. Vi vil legge til rette for en god utvikling for norsk industri. Derfor vil vi benytte handlingsrommet for slike ordninger. (Stoltenberg, 11.9.2012)

Oljefondet skal vare i mange generasjoner. Det viktigste nå er en god debatt om hva pengene brukes på. Jeg mener oljepengene i større grad må brukes til å stimulere til vekst i økonomien, ikke bare til videre vekst i offentlig sektor. (Solberg, 16.2.2012)

Stoltenberg og Solberg ytrar seg såleis her gjennom ein referensiell talehandling (Jakobson, 1960 i Hébert, 2011), utan klare referansar til eigne kjenslespekter, og der konteksten ligg utanfor både avsendar og mottakar – heilt lausriven frå politikarens eigne (e)motiver. Denne stilen kjem vidare til syne i ein gjennomgåande låg grad av personorientering og i det heile tatt fråvere av omtalar av politiske motstandarar. Dømesvis nemner Stoltenberg ikkje konkurrerande politikarar eller parti i det heile. Denne observasjonen må ikkje forståast som ei nedvurdering av Facebook-sidene som ein politisk og meiningsberande kommunikasjonskanal. Snarare kan den tolkast som ein indikasjon på at Facebook-sidene sitt individfokus (framfor partifokus) ikkje nødvendigvis vil bane veg for ei meir personifisert politisk kommunikasjonsform.

I den grad det finst motsetnadar i dette høvet, blir dei representert av Jensen (Frp) og Skei Grande (V), som i større grad uttrykker seg med ei tilsynelatande personleg og spontan språkdrakt, såleis i retning den ekspressive talehandlinga (Jakobson, 1960 i Hébert, 2011). Som lesar får ein kjensla av at det er partileiaren sjølv som talar til oss, «rett frå levra», utan partiet sine kommunikasjonsmedarbeidarar som mellomledd. Politiske ytringar blir såleis ikkje berre presentert – dei blir også representert (jf. Johansen, 2002):

Så mye får Gamleby-folk i Oslo, som har togene dundrende forbi hele tiden. Så rasere Jernbaneverket alle hagene i tillegg....... Som takk for å være nabo og fordi vi bare er Gamleby-beboere. Ikke så farlig med oss. Alle tenkelige folk og organer i byen er mot, men det driter vel Jernbaneverket i. (Skei Grande, 18.3.2012)

Vi burde feire ikveld. Når Jens Stoltenberg leter etter skattehull for å unngå arveavgift på hytta burde det være første skritt på veien til å fjerne hele avgiften!!!!! Kjære Jens dette er veldig lett å gjøre noe med og Frp skal stemme for!! (Jensen, 13. 1.2012)

Hverdagskriminalitet må nedprioriteres av politiet pga ressursmangel. Hallo Jens Stoltenberg- mangler Norge penger? (Jensen, 22.1.2012)

Til Krekar: Det er mindre viktig om du drar til Irak eller Somalia. Men kjøp enveisbillett er du grei! (Jensen, 14.2.2012)

Kva kan ein eigentleg lese av dette? På den eine sida kan ein hevde at partileiarane i mindre grad ser ut til å utnytte den retoriske førebuinga som dei sosiale media kan tilby. På ei anna side kan ein tenkje seg at dette fråveret av eit retorisk kultivert framscene-språk er eit (medvite eller ikkje medvite) mål i seg sjølv, som ein måte å formidle politikk i tråd med den pseudo-intime midtsceneåtferda som gjerne er skildrande for Facebooks grunnleggande bruksområde (Gripsrud, 2011). I alle fall byggjer dei opp under eit politisk etos som ligg tettare inntil forståinga av tradisjonell, ansikt-til-ansikt-samhandling i bakscene-området, som ein motsetnad til dei tilsynelatande førebudde og retorisk kultiverte ytringane som er gjennomgåande hos særleg Stoltenberg (Ap) og Solberg (H).

Det er altså verdt å merke seg at det nettopp er leiarane for dei to store breiddepartia som mest tydeleg trer fram med den tilsynelatande minst personifiserte og minst spontane talestilen på Facebook. Om dette er resultatet av at partileiarsidene i dei store partia moglegvis er meir påverka av rådgivarar og ein meir sentralstyrt kommunikasjonsstrategi, kan denne studien ikkje fastslå.

Den digitale nærleiken: Facebook-sidene som dialogisk rom

Medan dei fire første nærleiksomgrepa (den geografiske, den sosiale, den kollektive og den ekspressive) speglar ei rekkje meir eller mindre abstrakte aspekt ved partileiarane sine iscenesettingar, representerer den digitale nærleiken den mest konkrete forma: Berre når partileiaren eksplisitt etterspør publikum si aktive deltaking, eller når ei slik deltaking fører til ein bestemd respons hos partileiaren, kan me snakke om ein digital nærleik mellom politikar og publikum.

Ambisjonane er det ingenting i vegen med. Fleire av partileiarane trekker nettopp fram det dialogiske potensialet i omtalane av sine eigne Facebook-sider. På informasjonssida si oppmodar Jensen: «Bruk denne siden, kom med nye tanker og ideer...», og uttaler at ho vil «prøve å besvare spørsmål og kommentarer med jevne mellomrom». Solberg ber lesaren fortelje om «hva som opptar deg», og slår fast at ho så ofte som mogleg vil «forsøke å svare på de innspill som måtte komme». Navarsete uttaler at ho «ynskjer å kommunisere direkte gjennom sida sjølv», men at ho også nyttar seg av gode hjelparar for å «svare på spørsmål»4. Slike oppmodingar har derimot ikkje utkrystallisert seg i statusoppdateringane. Av dei svært få meldingane der ein kan finne eksplisitte oppmodingar til publikum om tilbakemeldingar og innspel på bestemde statusoppdateringar, viser omtrent halvparten til ikkje-politiske tematikkar. Dette gjeld til dømes når Stoltenberg vender seg til publikum og etterlyser tilbakemeldingar om sommarferieplaner, favorittartistar eller – som vist nedanfor – juletradisjonar:

Nå har jeg tatt juleferie, og gleder meg blant annet til god mat, til å gå rundt juletreet og å se «Love Actually». Hva er dine juletradisjoner? (Stoltenberg, 23.12.2012)

Omtrent like vanleg, eller rettare like uvanleg, er det når Solberg og Jensen påkallar publikums tilbakemeldingar og idear om politiske forhold. Høgre-leiaren og Frp-leiaren, som står for halvparten av desse oppmodingane, indikerer fleire gonger overfor publikum at deira innspel og idear har ein reell politisk verdi:

På mandag har jeg ledig tid fra klokken 13 og da hadde det vært spennende å besøke en nyskapende bedrift eller organisasjon med høy innovasjon. Min oppfordring er derfor: Har dere noen gode innspill til spennende og nye innovasjoner i nye eller gamle bedrifter/organisasjoner? (Solberg, 22.2.2012)

Skal gi dere en utfordring gjennom helgen. Hvis det var 1 ting med det norske byråkrati du ville ha gjort noe med- hva er det? Gi meg ditt innspill og bli ikke overrasket hvis vi prøver å gjøre noe med det etterhvert. (Jensen, 2.10.2012)

Med andre ord tek partileiarane sjeldan publikum med i kommunikasjonen via statusoppdateringane. Dette seier noko om ein låg grad av ein konkret digital nærleik, men ikkje alt. Det er også naudsynt å vite i kva grad partileiarane følgjer opp publikum si deltaking gjennom sjølv å delta i kommentarfelta under desse statusoppdateringane. Som me tidlegare har sett, tek partileiarane kommentarfunksjonen sjeldan i bruk, både i samanlikning med talet på eigne statusoppdateringar og samanlikna med den totale mengda kommentarar på sidene. Med eit slikt bruksmønster til grunn, gir det meining å samanlikne Facebook-sidene med kringkastinga sin ein-til-mange-struktur, meir enn med den nettverksbaserte, horisontale samtalekulturen som partileiarane sjølv synest å førespegle seg. I så måte føyer denne studien seg inn i ei rekke av arbeid som tidlegare har peika på ein låg grad av dialog i norske rikspolitikarar sin bruk av sosiale media (Andresen, 2008; Johansen, 2011; Sæbø, 2011; Moe og Larsson, 2012).

Sjangeranalysen (tabell 2) synte oss at partileiarane ytrar seg om politiske ståstader og handlingar i over halvparten av den totale mengda kommentarfeltmeldingar. Innan denne sjangeren tek den digitale nærleiken form gjennom at partileiarane vanlegvis vender seg til spesifikke namngitte brukarar og svarer på konkrete spørsmål og innspel. Her ser me for det første at partileiarane deltek i den politiske debatten med publikum for tilsynelatande å uttrykke forståing, einigheit og stadfeste vilje til politisk endring. Meir enn for å framføre nye argument i dialogen, svarar partileiarane bestemde brukarar for å presisere eigne politiske satsingsområde:

Jeg forstår godt at du er frustrert, Nils. […] Generelt mener jeg søknadsprosessen er for byråkratisk, og det er et viktig mål å forenkle dette systemet. Det jobber SV med. (Lysbakken, 10.10.2012)

Hei Øistein! Ja, Fv120 bør bli bedre, og jeg skjønner bekymringen din. Desverre har vi alt for mange farlige skoleveier her i landet. [...] Jeg er veldig opptatt av at barn og unge skal ha en trygg skolevei (Hareide, 28.3.2012)

Kva slags interaksjonsrolle partileiarane sjølv tek i dialogen med publikum verkar å ha noko samanheng med partileiaren sin totale aktivitetsmengd. Lysbakken, Navarsete, Hareide og Stoltenberg (sistnemnde ytrar seg utelatande gjennom såkalla støttesignal og småsnakk), ser ut til å halde ein forsiktig og forsonande tone i dialogen med sitt publikum, der kritiske røyster i svært liten grad blir adressert, og der eigne ytringar sjeldan har argumenterande innhald. Solberg, Jensen og Skei Grande, som oftare deltek i kommentarfelta, publiserer også dei mest omfangsrike og dei mest underbygde ytringane. Samstundes skil dei seg klart ut ved å debattere på eit noko meir konfliktorientert og konfronterande vis, tilsynelatande med sterke innslag av eit impulsivt, personleg engasjement:

Hva i all verden et dette? Bare en setter utropstegn i mreldinga kan en lyve så mye en vil om andre. Ikke noe jo men – det er Nei. Vi har aldri vært med på dette og vi sto ikke for deti Regjering heller […] Og slike påstander synes jeg du skal bevise. Hversågod:: (Skei Grande, 16.5.2012)

Tove, det er bare å la vær å lese hvis du blir irritert.. (Jensen, 6.4.2012)

til Odd Ragnar; Du ser ut til å være låst i dine fordommer om Høyrefolk. Jeg driver politikk først og fremst fordi jeg vil forbedre det norske samfunnet for alle som bor her (Solberg 20.9.2012)

Den digitale, konkrete nærleiken mellom partileiar og publikum er ikkje berre knytt til samtalar om politiske forhold. Som sjangeranalysen antyder, er kommentarfelta også brukt til å framføre langt mindre meiningsbaserte ytringar. Når til dømes Solberg og Jensen uttrykker takksemd for brukarane si deltaking med ytringar som «Takk for hyggelige kommentarer. God Påske!» (30.3.2012) og «Alle gode hilsener gjør meg nesten frisk alene... Takk for omtanken!» (8.10.2012), handlar det ikkje nødvendigvis om å melde frå om noko, men snarare å underbygge og oppretthalde inntrykket av eit personleg band mellom politikar og publikum. Gjennom slike korte støttesignal signaliserer partileiaren heilt enkelt eit nærvær i kommunikasjonen.

Trass i at fleirtalet av partileiarane på Facebook eksplisitt omtalar betydinga av dialog og deltaking, ser me at det tovegskommuniserande aspektet ved Facebook-sidene er svært underordna i den totale bruken. Rett nok blir kommentarfunksjonen hovudsakleg nytta til politiske ytringar, men framstår likevel som ein måte å stadfeste nærvær og uttrykke interesse på, heller enn å gå inn i meiningsfylte diskursar. Slikt sett er det illustrerande at partileiarane svært sjeldan uttrykker seg meir enn ein gong i dei enkelte kommentarfelta, og at eventuelle påfølgande innlegg i ein eventuell debatt dermed ikkje blir møtt med motsvar.

Konklusjon: Ein førestilt nærleik?

Denne studien peiker for det første på at partileiarane i stor grad nyttar Facebook til å formidle innhald som må karakteriserast som både tradisjonelle og etablerte delar av den massemedierte politiske kommunikasjonen, der partileiaren viser fram aktuelle hendingar i den politiske offentlegheita og omtalar (parti)politiske ståstader og haldningar – ofte også i form av resirkulerte ytringar som først har oppstått i dei etablerte kanalane. Dei ulike sjangermessige nyansane blant partileiarane ser ikkje ut til å ha vesentleg samanheng med politiske posisjonar og styrkeforhold, bortsett frå at dåverande statsminister Jens Stoltenberg skil seg ut med ein tydeleg lågare del av slike tradisjonelle politiske kommunikasjonssjangrar.

For det andre viser analysen at det eksisterer tydelege skeivheiter i tilhøvet mellom politikarane sine eksplisitte motivasjonar for å delta på Facebook og den måten tenesta i realiteten blir nytta på, noko som også har blitt framheva i liknande studiar (Johansen, 2011; Enli og Skogerbø, 2013). All den tid partileiarane si deltaking i hovudsak tek form som einvegsretta bodskap, ser me ingen teikn til at Facebook-sidene fungerer som ein samtaleplattform med grasrota. I lys av mellom anna Jürgen Habermas’ (2006) ankepunkt mot e-demokratiet sitt demokratiske potensiale, må det likefullt hevdast at slike mål vanskeleg let seg foreine med Facebooks uredigerte og opne struktur: Når hundrevis – av og til tusenvis – deltek i den same dialogen, og når kvar stemme er fordelt i eit flatt og kronologisk rammeverk, ligg ikkje tilhøva til rette for eit interaktivt og fornuftig ordskifte.

Det er ikkje dermed sagt at partileiarane sitt inntog på Facebook er utan betyding for tilhøvet mellom politikar og veljar. Men heller enn å snakke om framveksten av ein ny og demokratiserande digital nærleik, kan denne studien for det tredje antyde at partileiarane på Facebook snarare symboliserer ein førestilt nærleik til publikum. Gjennom Facebook-sidene sine individorienterte dagbok-format og tidvise uformelle, semi-personlege kommunikasjonsform, trer partileiarane ikkje berre fram som representantar for eit parti, men også som representantar for eit spekter av upolitiske – eller tverrpolitiske – egalitære verdiar som langt på veg vil samsvare med det norske fellesskapet sine forventningar. Denne tendensen er ikkje berre eit resultat av dei nye media sitt potensiale for utøving av strategisk sjølvpresentasjon, men må både sjåast i samanheng med den politiske eliten sin sosiale posisjon i Noreg og Skandinavia (Henningsen og Vike, 1999; Daloz, 2007) og i lys av ein langvarig tendens til at det breie personlege narrativ blir ein stadig meir verdsett valør i den politiske offentlegheita (Meyrowitz, 1985; Johansen, 2002).

Referansar

Anderson, B. (1983). Imagined Communities: Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. New York, Verso.

Andersen, P. L. (2014). Den norske politiske eliten. Sammenhengen mellom politiske posisjoner, klassebakgrunn og utdanning. I O. Korsnes, M. N. Hansen og J. Hjelbrekke (red): Elite og klasse. Oslo, Universitetsforlaget.

Andresen, S. (2008). Valgkamp på nett: Partilederes bruk av blogg som politisk kommunikasjonsverktøy i valget 2007. Oslo: Universitetet i Oslo [masteroppgåve].

Bourdieu, P. (1995 [1979]). Distinksjonen: en sosiologisk kritikk av dømmekraften. Oslo, Pax.

Billig, M (1995). Banal Nationalism. London: Sage.

Bhatia, V.K. (1993). Analysing genre: language use in professional settings, vol. XVI. London: Longman.

Blumler, J. G., og D. Kavanagh (1999). The third age of political communication: Influences and features. Political Communication, 16(3), s. 209–230.

Coleman, S. (2003). A tale of two houses: The House of Commons, the Big Brother House and the people at home. Parliamentary Affairs 56, s. 733–758.

Daloz, J.-P. (2007). Political Elites and Conspicuous Modesty: Norway, Sweden, Finland in Comparative Perspective. Comparative Social Research, 23, s. 173–212.

Daloz, J.-P. (2010). How political representatives earn legitimacy: a symbolic approach. International Social Science Journal, 60(196), s. 285–296.

Egeland, J. O. (2007). Landet slår sprekker. Dagbladet.no. Henta 10.02.2015, frå http://www.dagbladet.no/nyheter/2007/12/10/520721.html

Enjolras, B., R. Karlsen, K. Steen-Johnsen og D. Wollebæk (2013). Liker – liker ikke. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Enli, G.S og E. Skogerbø (2013). Personalized campaigns in party-centred politics. Information, Communication & Society, 5(16), s. 757–774.

Enli, G. S. og N. Thumin (2012) Socializing and self-representation online: exploring Facebook. Observatorio (OBS*) Journal, 6(1), s. 87–195.

Goffman, E. (1992 [1959]). Vårt rollespill til daglig: En studie i hverdagslivets dramatikk. Oslo: Pax.

Golbech, J., J. M. Grimes og A. Rogers (2010). Twitter use by the U.S. Congress. Journal of American Society for Information Science and Technology, 61(8), s. 1612–1621.

Gripsrud, J. (2011). Mediekultur, mediesamfunn. Oslo: Universitetsforlaget.

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskapelige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.

Gulbrandsen, T., F. Engelstad, T.B. Klausen m.fl. (2002). Norske makteliter. Oslo: Gyldendal.

Habermas, J. (2006). Internett og den nye offentligheten. Morgenbladet, 2.6.2006. Henta 9.3.2015, frå http://morgenbladet.no/2006/internett_og_den_nye_offentligheten

Hébert, L (2011). The Functions of Language. I L. Hébert (red.), Signo [online]. Quebec: Rimouski.

Hellevik, O. (1969). Stortinget – en sosial elite? Oslo: Pax.

Henningsen E. og H. Vike (1999). Folkelig elitisme? Om offentlighetens kultur i Norge. Norsk antropologisk tidsskrift, 2, s. 152–167.

Hobsbawm, E. (1990). Nations and Nationalism since 1780: programme, myth, reality. Cambridge: Cambridge University Press.

Holth, B. A. og J. T. Prangerød (2001). Lederskapsundersøkelsen 2000. Oslo: SSB.

Holtz-Bacha, C., I. Langer og S. Merkle (2014). The personalization of politics in comparative perspective: Campaign coverage in Germany and the United Kingdom. European Journal of Communication, s. 1–18.

Hovden, J.F. og K. Knapskog (2014). Høgt og lågt i Stortinget og departementa. Kulturorientering og kulturbruk hjå dei norske politisk-byråkratiske elitane. Sosiologisk tidsskrift, 22(3).

Jackson, N. og D. Lilleker (2011). Microblogging, Constituency Service and Impression Management: UK MPs and the Use of Twitter. The Journal of Legislative Studies, 17(1), s. 86–105.

Jakobson, R. (1960). Closing statements: Linguistics and Poetics. Style in language. New York, T.A. Sebeok. Henta 14.11.2014 frå http://varenne.tc.columbia.edu/bib/texts/jakbsromn600constat.pdf

Johansen, A. (2002). Talerens troverdighet: tekniske og kulturelle betingelser for politisk retorikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Johansen, G. S. (2011). Valg 2009: den siste TV-valgkampen? En studie av norske politikeres bruk av sosiale medier. Oslo: Universitetet i Oslo [masteroppgåve].

Kjeldsen, J. E. (2006). Retorikk i vår tid: En innføring i moderne retorisk teori, 2. utgave. Oslo: Spartacus.

Krogstad, A. (2007). En bok, en blogg og en blondine. Sosiologisk tidsskrift, 3, s. 196–225.

Krogstad, A. (2013). Avatarpolitikk som visuell retorikk. Profilbilder på Facebook. Tidsskrift for samfunnsforskning, 2, s. 153–185.

Langer, A.I. (2011). The Personalization of Politics in the UK: Mediated Leadership from Attlee to Cameron. Manchester: Manchester University Press.

Larsson, A. O. og H. Moe (2013). Twitter in politics and elections – Insights from Scandinavia. I Bruns A., Burgess J., Weller K. m.fl. (red.) Twitter and Society. New York: Peter Lang.

Marsdal, M. (2008). Frp-koden: hemmeligheten bak Fremskrittspartiets suksess. Oslo: Forlaget manifest.

Meyrowitz, J. (1985). No sense of place: The impact of electronic media on social behavior. New York: Oxford University Press.

Moe, H. og A. O. Larsson (2012). Twitterbruk under valgkampen 2011. Norsk Medietidsskrift, 19(2), s. 151–162.

Narud, H. M. (2006). Det norske Storting: Et «folketing eller en samling «politiske broilere»? Norsk statsvitenskapelig tidsskrift, 22, s. 359–392.

Peterson, R. A. og R. M. Kern (1996). Changing highbrow taste: From snob to omnivore. American Sociology Review, 61, s. 900–907.

Ross, K. og T. Bürger (2014). Face to face(book): Social media, political campaigning and the unbearable lightness of being there. Political Science, 66(1), s. 46–62.

Rustad, E., og Ø. Sæbø (2013). How, why and with whom do local politicians engage on Facebook? Submitted for the Fifth international conference on eParticipation. Koblenz.

Skogerbø, E. (2008). Normativ teori, medier og demokrati. I M. Eide (red.), Medievitenskap. Bind 1: Medier- institusjoner og historie. Bergen: Fagbokforlaget.

Small, T. (2011) What the hashtag? A content analysis of Canadian politics on Twitter. Information, Communication & Society, 14(6), s. 872–95.

Son, C. og Y.D. Soh (2014). Engagement@web 2.0 between the government and citizens in Singapore: dialogic communication on Facebook? Asian Journal of Comunication, 24(1), s. 42–59.

Solberg, E. (2004). [Henta frå Erna Solberg sin Twitterkonto], https://twitter.com/erna_solberg/status/431072696475353089. Henta 17.3.2015.

Staude, C. (2013). Partiledere i sosiale medier. Sosialkommunikasjon.no. Henta 17.3.2015, frå http://sosialkommunikasjon.no/partiledere-i-sosiale-medier-2-0/

Street, J. (2001). Mass media, Politics and Democracy. Palgrave.

Sæbø, Ø. (2011). Understanding Twitter Use among Parliament Representatives: A Genre Analysis. Lecture Notes in Computer Science, 6847, s. 1–12.

Weber. M. (1968). Economy and Society: An Outline of Interpretive Sociology. Vol. 1. New York: Bedminster Press.

Weber, M. (1978 [1922]). Economy and Society. Berkeley: University of California Press.

Werner, K. (2010). Frp frir til grasrota. Frifagbevegelse.no. Henta 11.2.2015, frå http://www.frifagbevegelse.no/anb-nyheter/article5073209.ece.

White, D.M. (1950). The «gate keeper»: A case study in the selection of news. Journalism Quarterly, 27, s. 383–391.

1Per 17. juni 2015.
2Kristin Halvorsen (SV) var partileiar i undersøkingsperiodens første ti veker, men er ikkje ein del av mitt utval.
3 Statusoppdateringar, eller berre oppdateringar, må i denne artikkelen forståast som alt innhald som er publisert på sidenes omvendt-kronologiske tidslinjer i partileiarens namn i utvalsperioden. Dette gjeld både tekstlege og visuelle uttrykk. Kommentarar refererer i dette høvet berre til dei meldingane som partileiarane eventuelt har publisert i kommentarfelta under dei nemnde statusoppdateringane.
4Sitata er henta frå Facebook-sidenes informasjonsportalar. Desse sidene er ikkje ein del av Facebook-sidenes elles omvendt-kronologiske tidslinje-struktur, og er såleis ikkje daterte.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon