Jo Bech-Karlsen

Den nye litterære bølgen: Litteraritet og transparens i norske dokumentarbøker 2006–2013

Cappelen Damm akademisk, 2014

Dokumentarbokas sjangerproblem

I Den nye litterære bølgen vil Jo Bech-Karlsen vise oss kva som er nytt i norske dokumentarbøker dei siste åra. Han tar for seg ti bøker som kom ut mellom 2006 og 20131, og analyserer dei ut frå ei rekke ulike kriterium, som graden av forfattarens sjølvframstilling, graden av subjektivitet, graden av refleksjon og andre strategiar for transparens. Vidare ser han på forholdet mellom det litterære og det saklege, bruk av saksdokument integrert i teksten, nyskapande kunstprosa, ei eller fleire stemmer i teksten, og om der er handlingsbrot. Endeleg tar han for seg bruk av referansar, opplysning om metodebruk, og om forfattaren har inngått ein tydeleg kontrakt med lesaren om at boka er ein dokumentar.

I analysedelen vert først dei ti bøkene presentert kvar for seg før dei vert vurdert ut frå dei ulike analysekriteria. Analysane er grundig og pedagogisk vel gjennomført. Metodane her, som til dels byggjer på tre svenske forskarar2, kan lett brukast eller tilpassast for studentar og andre dokumentarforskarar for liknande prosjekt. Og sidan det i motsetning til dei mange bøkene om t.d. dokumentarfilmen, knapt finst liknande lærebøker om dokumentarboka, vil Bech-Karlsens bok gå rett inn på pensumlistene i dei relevante studia.

Bech-Karlsen samanfattar analysane av dei ti bøkene i ni tendensar (s. 237–40). Dei viktigaste er at forfattarane «søker seg mot transparens», at «innsyn og åpenhet er sentrale stikkord», vidare, «til dels sterk subjektivitet, som slår ut i bevisst selvframstilling og bruk av jeg-fortelling.» Bech-Karlsen finn også «en økt refleksivitet, til dels også i form av selvrefleksjon», «viljen til å føre dialog, både med seg selv, kildene og leserne», og at «forfatterne strekker seg mot skrivekunst.» Viktig er også utbreidd bruk av referansar til andre tekster, bruk av noter, kjeldereferansar og litteraturlister, og det at forfattaren har ein lesarkontrakt.

Normering

Bech-Karlsen har klare preferansar og gir dei dominerande tendensane i desse ti bøkene normativ kraft.3 Han er klart mest skeptisk til dei forfattarane som ikkje skårer høgt på dei utvalde kriteria, t.d. Kristin Solberg, som i Livets skole ikkje sjølv («jeg») er med i teksten. Han karakteriserer denne boka som ei «mindre klar» dokumentarbok, saman med bøkene til Åsne Seierstad, Trude Lorentzen og Simen Sætre, fordi – som han skriv om Seierstads bok (s.234) – lesaren «er i stor grad henvist til å stole på forfatteren.»

Ja, men det må lesaren gjere i alle høve. Han må stole på at forfattaren har opplevd eller sett det han skildrar, at han gjengir intervjua korrekt, at han har tolka dei rett, til og med at det er sant at intervjua har vore gjort. Lesaren må stole på at tvil og dilemma som den sterkt transparente forfattaren gir uttrykk for, er reelle og ikkje berre lagt inn som del av ein strategi for å byggje truverde – eit uttrykk som elles går igjen gjennom boka.

Sidan Bech-Karlsen har valt ut dei ti bøkene nettopp med tanke på dei kriteria han bruker i analysen (s. 65), er utvalet neppe representativt for norske dokumentarbøker, iallfall ikkje i brei forstand. Han får dei analyseresultata han i utgangspunktet ville ha. I tillegg går han langt i å nedvurdere tidlegare dokumentarbøker, han skriv at dei som er gitt ut dei siste ti åra «er bedre skrevet enn tidligere tiders dokumentarbøker» (s. 15). Om undersjangeren reportasjeboka skriv han at «reportasjebøkene fra mellomkrigstiden er glemt, og det er neppe uten grunn» (s. 28). Slike summariske og ikkje grunngitte dommar over tidlegare dokumentaristar er det vanskeleg å vere samd i.

Sjangerproblemet

Det finst nær eit tjuetals ulike sjangernemningar brukt om dokumentarboka. Det er oftast snakk om ulike kombinasjonar av adjektiv som «dokumentarisk», «litterær», «narrativ», «journalistisk», «kreativ» med substantiv som «journalistikk», «reportasje», «dokumentar», «nonfiction», «sakprosa», og «roman.» Problemet er særleg bruken av ordet «roman» som er så sterkt knytt til skjønnlitteraturen at det for somme er vanskeleg å tenke seg anna enn at boka må innehalde meir eller mindre fiksjon.

Her må forfattarar som Per Olov Enquist og Truman Capote ta mye av skulda. Enquist kalla boka Legionärerna for ein dokumentarroman og Capote kalla In cold blood for ein «nonfiction novel.» Sjølv om begge gjer krav på å skrive sant om verkelege personar og hendingar, så heftar fiksjonsmistanken ved begrepet. For å ta eit døme, Thomas Ergo skriv i forordet til boka Kjeltringer. Dokumentar fra en lukket verden (2008) at sjølv om boka hans «langt på vei er skrevet i en litterær stil, må den ikke forveksles med den såkalte dokumentarromanen, der fakta og fiksjon blandes.»

Bech-Karlsen trekkjer fram Legionärerna som døme på ein god dokumentarroman, ein klassikar (s. 22). Men så skriv han, med referanse til dei ti analyserte bøkene4, at «(s)jangeren dokumentarroman ser ut til å ha avgått en stille død her hjemme, selv om enkelte bøker, som Enquists Legionärerna, blir stående. Sjangeren var et kortvarig eksperiment, som i dag kan virke utdatert.» Når så begrepet er brukt i 2013 om Vetle Lid Larssens bok 1001 natt: Den ukjente historien om to norske slaver i Alger, «var det klart at det dreier seg om en blandingssjanger, en hybrid, der både fakta og fiksjon inngår» (s. 24).

Her er det full forvirring! For Legionärerna må jo skåre høgt på mest alle dei kriteria som Bech-Karlsen bruker i analysen av dei ti utvalde bøkene, som transparens, subjektivitet, sjølvframstilling, skrivekunst, osv. Sjå Bech-Karlsens eiga skildring av boka (s. 23). Likevel skriv Enquist altså i ein sjanger som har avgått ved døden og er utdatert!

Forvirringa blir ikkje mindre når Bech-Karlsen viser til (s. 24, note 39) eit kapittel han skreiv om rapportbøker og dokumentarisk reportasje i Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995. Her slår han fast at «den litterære dokumentarismen – dokumentarromanen – hører skjønnlitteraturen til», i motsetning til reportasje- og rapportbøkene som er del av sakprosaen. Kva nå med Enquist, er Legionärerna dokumentar eller skjønnlitteratur?

Vi må ikkje henge oss opp i alle dei ulike sjangernemningane, og særleg ikkje «roman»-begrepet. Kritikarane som i 1966 lovpriste Capotes In cold blood, avviste samstundes hans bruk av roman-begrepet («non-fiction novel»)5. Lat oss gjere det enkelt: Dokumentaren, meir presist dokumentarboka, tar for seg verkelege personar og verkelege hendingar, altså fakta, i motsetning til fiksjonen, skjønnlitteraturen. Forfattaren av dokumentarboka, dokumentaristen, skriv det som er sant, så langt ho eller han maktar det, med sine føresetnader, fordommar og med sine subjektive utgangspunkt. Dokumentaristane vel ulike måtar å skrive på, somme skriv seg sjølve ut av teksten, andre er sterkt til stades. Somme bruker sitt eige researcharbeid som framdrift i boka, andre gjer greie for dette i eit forord eller etterord.

Det er ein enorm variasjon blant dokumentarbøker, og takk for det. Så må det bli opp til kritikarane og andre lesarar å vurdere om boka er truverdig, om sjangerforventningane er tilfredsstilte og om lesarkontrakten er oppfylt.

Det fortenestfulle med Den nye litterære bølgen er særleg presentasjonen og analysen av dei ti dokumentarbøkene. Her er mye å lære og ta med seg både for studentar, forskarar og dokumentarinteresserte lesarar. Det som kan oppfattast som forsøk på ei kraftig innsnevring eller uniformering av sjangeren, vil møte motstand og skape fruktbar debatt.