Øyvind Vågnes

Teikneseriedokumentaren

Universitetsforlaget, 2014

Den dokumentariske teikneserien

I introduksjonen til si nye bok på Universitetsforlaget skriv Øyvind Vågnes: ‘Ordet «teikneserieaktig» vert gjerne brukt om ei framstilling som manglar djupne. Eit av måla med Den dokumentariske teikneserien er å justere dette bildet, og å utvide forståinga av kor komplekse slike verbal-visuelle uttrykk kan vere og kva dei kan utrette når dei gjer bruk av imaginasjonskraft og kunstnarleg virtuositet til å fortelja noko som verkeleg har hendt’ (s.10). Dette er eit hovudpoeng for Øyvind Vågnes i den nye boka hans om dokumentariske teikneseriar. Dette lykkast han godt med. Han skriv vidare at han ønskjer å ‘sirkle inn nokre viktige spørsmål som gjer seg gjeldande spesifikt for teikneseriar og animasjonsfilmar eg vil omtale som dokumentariske, og å halde blikket retta mot desse undervegs i dette refleksjonsarbeidet’ (s.11). Dette lykkast han også godt med.

I innleiingskapittelet går han gjennom formspråket og estetikken i teikneseriemediet med moderne dokumentariske teikneseriar som utgangspunkt. Dette vert følgt opp med nærlesingar av fire moderne eksempel innan sjangeren. Her viser han at han har stor kunnskap om teikneseriemediet og teikneseriane sitt formspråk.

Øyvind Vågnes (fødd 1972) og busett i Bergen har ein mangesidig karriere. I tillegg til ein doktorgrad frå Universitetet i Bergen har han arbeidd som skjønnlitterær forfattar, redaktør, omsetjar og kritikar. Teikneserieinteressen går tilbake til barndommen og Hergés Tintin. Gjennom forskingsprosjektet Nomadikon: New Ecologies of the Image sette han seg inn i fleire av spørsmåla han diskuterer i boka. Hausten 2011 var han med og stifta Nordic Network for Comics Research (NNCORE) og var prosjektkoordinator. Med sin breie bakgrunn og akademiske teikneserieerfaring er han godt kvalifisert til å skrive den første større samla framstillinga av denne nye og spennande teikneseriesjangeren. Eg kjenner ikkje til tilsvarande arbeid internasjonalt, og det er såleis eit riktig pionerarbeid Vågnes har gjort.

I introduksjonskapitlet refererer han til internasjonale pionerar som nærma seg eit dokumentarisk uttrykk som Will Eisners teikneserieroman (‘graphic novel’) A Contract with God (1978, på norsk 1986). Han tidfester likevel starten på den eigentlege dokumentariske teikneserien til Art Spiegelmans holocaust-forteljing Maus (utgitt i serieform frå 1980). Maus får mykje merksemd i innleiingskapitlet. Det same får den franske serien l'Ascension du Haut Mal (1996–2003, på norsk som Epileptisk 2007), ein sjølvbiografisk serie av franskmannen Pierre-Francois Beauchard, kjend under kunstnarnamnet David B. Særleg desse to seriane blir nytta når han går gjennom eigenskapane ved teikneseriemediet slik dei blir nytta i dei moderne dokumentariske teikneseriane. Han syner også til norske dokumentariske seriar som Steffen Kvernelands Munch (2013) og fleire av Lene Ask sine dokumentariske seriar. Ask har også vore ein viktig samtalepartnar for Vågnes i arbeidet med boka. Vågnes legg vekt på at boka skal vere relevant for eit breitt spekter av norske lesarar, han nytter derfor dei norske titlane også på dei utanlandske seriane han diskuterer. Sjølv om Kvernland og særleg Ask blir ganske grundig presentert i innleiinga, skulle eg likevel ønske at han hadde analysert eit norsk døme i nærlesingane i boka.

Vågnes nyttar ein lang rekke teoretikarar. Thierry Groensteen, Charles Hatfield og Scott McCloud tar eksplisitt utgangspunkt i teikneseriemediet. Frå dokumentarfilmteorien siterer han kjende teoretikarar som Bill Nichols, Carl L. Plantinga og Brian Winston. Også historikaren Hayden White er med. Men det meste av teorien rundt korleis den dokumentariske teikneserien held seg til og representerer verkelegheita, hentar han frå animasjonsfilmteoretikarane Paul Wells og Annabelle Honess Roe. Paul Wells har vore den leiande teoretikaren innan animasjonsfilmforskinga dei siste 15 åra. Han var tidleg opptatt av den animerte dokumentarfilmen. Annabelle Honess Roe er forfattar av den første samla akademiske framstillinga av animerte dokumentarar i boka Animated Documentary (2013). Særleg denne boka har vore viktig i Vågnes sitt arbeid.

Vågnes bruker med rette auteur-omgrepet når han presenterer de ulike seriane og deira skaparar. Seriane er skapte der teikneseriekunstnarane har hatt kunstnarleg kontroll langt på veg heile vegen. Dei har eit svært personleg preg. Vågnes viser til Bart Beaty som samanliknar teikneserieforskinga i dag med filmforskinga slik den sto på 1960-talet. Medan dei kommersielle teikneseriane er styrt av marknaden, er seriane Vågnes er opptatt av personlege kunstnarlege uttrykk. I dei fleste tilfelle er dei til og med sjølvbiografiske.

Når det kjem til det dokumentariske går han ikkje inn i diskusjonen om kva dokumentarisme er i større grad. Han har ikkje nokon definisjon på kva ein dokumentar faktisk er. Dette er sjølvsagt både vanskeleg og omstridt. Men sidan boka hans heiter Den dokumentariske teikneserien saknar eg ein større refleksjon om kva omgrepet dokumentar betyr. Han hentar mykje av det teoretiske bakteppet til boka frå dokumentarlitteraturen. Og han legg stor vekt på den animerte dokumentarfilmen. Men han omtaler ikkje diskusjonen om kva dokumentarfilm eigentleg er og har ingen referansar til Grierson eller alle dei andre som har prøvd å definere omgrepet.

Frå eit dokumentarfilmstandpunkt har han ein uvant måte å nytte omgrepet dokument på. Det verkar som han jamstiller ‘dokument’ med kjernen i kva dokumentarisme er. Etter ein presentasjon av dokumentarfilmen The Act of Killing (Joshua Oppenheimer 2013) seier han: ‘Kulturelle og teknologiske endringar gjer at vi får nye forståingar av kva som er «dokumentarisk», kva som skal ligge i omgrepet «dokument», kva for ein plass dette skal ha i ei dokumentarisk framstilling og, ikkje minst, kva for estetiske uttrykk som skal falle under nemninga’ (s.13). Det er rett at forståinga og definisjonen av kva ein dokumentarfilm er har endra seg gjennom tidene. Men i dokumentarfilmteorien blir ikkje omgrepet ‘dokumentarfilm’ knytt til ‘dokument’. Då John Grierson nytta omgrepet ‘documentary’ første gongen i omtalen av Robert Flahertys Moana i 1926, henta han omgrepet frå det franske ‘documentaire’ som tyder reisefilm (J.A.Diesen i Store Norske leksikon, bind 4, s.127). Å legge ‘dokument’ som grunnlag for dokumentaromgrepet ikkje berre innsnevrar dokumentarane, det er med på å unngå sjølve kjernen i dokumentarfilmen – at det er rom for den personlege, kunstnariske behandlinga av verkelegheita – ‘Creative Treatment of Actuality’, som Grierson definerte det. Teikneseriane Vågnes skriv om, ligg nærare Griersons omgrep og andre dokumentarfilmdefinisjonar, enn at dei skal vere autentiske dokument om den objektive sanninga.

Ein breiare diskusjon av den dokumentariske teikneserien sitt forhold til det indeksikale ville gi eit utvida pespektiv. I presentasjonen av serien Le Photographe (2003-2006) om Leger utan grenser sitt arbeid i Afghanistan ville dette vore særs interessant. Med utgangspunkt i fotografen Didier Lefévre sine eigne fotografiar har han i samarbeid med Emmanuel Guibert og Frédéric Lemercier laga ein serie som kombinerer teikningar med autentiske fotografi. Her kunne det vore på sin plass med ein meir omfattande diskusjon om den dokumentariske teikneserien sitt forhold til verkelegheita.

Eg saknar også ein klarare diskusjon om forholdet mellom den dokumentariske teikneserien og teikneseriejournalistikken som han presenterer i eit langt kapittel om serieteiknaren Joe Sacco sine arbeider. Sacco sjølv kallar sine seriar journalistikk. Han har samla mange av sine ‘teikneseriereportasjar’ frå mellom anna Midtausten i boka Journalism (2012). Sjølv om Sacco kallar sine seriar for journalistikk godtek Vågnes at Saccos arbeider er journalistikk utan å gå inn på korleis teikneseriar faktisk kan vere journalistikk. Det hadde vore ein svært spennande diskusjon som eg håpar han tek opp ved neste høve.

Vågnes har delt boka si inn i fire hovudkapittel pluss ein introduksjon og ei avslutning. Presentasjonen av Sacco sine seriar utgjer første kapittel. Han følger opp med næranalyser av Alison Bechdels Fun Home (2006), Marjane Satapris Persepolis (teikneserie 2002, animasjonsfilm 2007), og Ari Folmans animerte dokumentarfilm Waltz with Bashir (2008). Alle er sjølvbiografiske. Slik sett er Vågnes sitt val av analyseobjekt veldig lik Annabelle Honess Roes sine val av animerte dokumentarfilmar som ho har analysert i Animated Documentary.

Sjølv om Vågnes si bok handlar om dokumentariske teikneseriar lener han seg tungt på den animerte dokumentarfilmen både når det gjeld teori og eksempel han viser til og analyserer. Særleg er referansar til Honess Roe gjennomgåande i boka. Ein svakheit i Honess Roe si bok er at ho i for stor grad ‘misjonerer’ for dei animerte dokumentarfilmane ho sjølv set mest pris på. Øyvind Vågnes gjer noko av det same. På same måte som det i mange år var viktig å vise at teikneserien ikkje berre var retta mot barn, men kunne vere seriøs kunst, får eg inntrykk av at Vågnes i boka si ‘misjonerer’ for den dokumentariske teikneserien. Eksempla han dreg fram er høgdepunkta i denne nye teikneseriesjangeren, og han har knapt ein kritisk kommentar til seriane han presenterer og analyserer. Sjølvsagt treng vi entusiastar som Vågnes når det gjeld å få fram kvaliteten i slike seriar og rettferdiggjere at dei blir sett på som personlege kunstnarlege uttrykk på lik linje med dokumentarfilm. Ei noko meir nyansert diskusjon av den dokumentariske teikneserien hadde gjort boka enda betre. På same måten som eg saknar eit større fokus på norske dokumentariske seriar, saknar eg også dei norske animerte dokumentarane av filmskaparar som Kajsa Næss og Julie Engaas.

Det er interessant at Vågnes i så stor grad nyttar den animerte dokumentaren i diskusjonane og analysane sine. Det gjeld ikkje berre teoretikarane Paul Wells og Annabelle Honess Roe. Jo lenger ut i boka ein kjem, desto meir vekt blir det lagt på den animerte dokumentaren. Kapittel 3 handlar om Persepolis både som teikneserie og film, medan siste kapittel er via den animerte dokumentaren Waltz with Bashir. Også i avslutninga om teikna dokumentarisme, der han reflekterer om framtida for den teikna dokumentarismen, er det tankar om den animerte dokumentaren som får avslutte refleksjonane hans.

Det er eit viktig og solid arbeid Vågnes har gjort på eit område som knappast har blitt behandla på same seriøse vis nokon stad. Boka er full av referansar og ei lang litteraturliste. Likevel har han klart å skrive ei bok som vil ha appell til eit publikum langt utanfor akademiske kretsar. Boka er lettlest. Vågnes demonstrerer stor kunnskap om emnet. Hans entusiasme for den dokumentariske teikneserien er med på å gjere denne første større presentasjonen av eit fascinerande moderne dokumentaruttrykk, til noko eg vil anbefale både til lek og lærd. At boka er skriven på nynorsk, gjer det heile bare enda betre!