Gunnar Iversen

Naturen og eventyret. Dokumentarfilmskaperen Per Høst

Nasjonalbiblioteket, 2014

Grundig om Per Høst

Gunnar Iversen karakteriserer Per Høst som «en av Norges fremste og mest produktive dokumentarfilmskapere», og det er om han denne boka handlar. Per Høst hadde eit eventyrleg liv med store og velfortente suksessar, men opplevde også mykje motgang og konflikt.

Hovudmålet med boka om Per Høst er å gjere «Høsts virksomhet kjent for de som har hørt navnet hans, men som ikke vet så mye om ham eller hans betydning i norsk filmhistorie og kulturliv.» Dette gjer boka gjennom to deler: den eine delen skildrar karrieren til Per Høst, og forfattaren legg vekt på at det er filmskaparen han vil skildre. Iversen ønskjer å gi ein «tjukk beskrivelse» av Per Høst sitt virke som dokumentarfilmskapar. Den andre, og kortare, delen er analyser av tre av Høst sine filmar: Gjensyn med jungelfolket, Blant korallrev i Oslofjorden og Same Jakki.

Per Høst var fødd inn i ei verd som enno hadde kart med uoppdaga område. Det var ei verd utan dagens lett tilgjengelege overflod av visuelle inntrykk frå høgt og lavt, frå inn- og utland. Det var også ei tid då det å produsere profesjonell dokumentarfilm var teknisk krevjande og gjerne involverte esoterisk film- og lydutstyr som verken var lett å operere eller handtere. Det å gi seg inn i jungel eller regnskog med formålet om å lage film, var eit barskt initiativ som vitna om vilje og mot.

Som barn hadde Per Høst klart for seg at det var zoolog han skulle bli, ifølgje boka. Han var manisk opptatt av kart og fantaserte om eventyrlige forskingsreiser til fjerne land. Eit kombinert foredrag og filmframsyning med eventyraren og etnografen Carl Lumholtz spora han for alvor an til å følgje draumen om sjølv å bli oppdagingsreisande.

Som hovudfagstudent i zoologi deltok Høst på mange ishavsturar for å studere sel og han var ein dyktig forskar innan fleire område. Særleg forskinga på forplantning, fjørfelling og hårfelling hos ryper var eit oppsiktsvekkande prosjekt som varsla om ei lysande akademisk karriere. Det er interessant å lese om Høst sin akademiske bakgrunn og eit godt val av Iversen å gå grundig gjennom denne delen av Høst sin veg mot å bli filmskapar. Å få innblikk i Høst sitt akademiske talent er også viktig for å vurdere han som filmskapar og for å forstå korleis filmane hans blei som dei blei.

I 1934 var Per Høst 27 år gamal og dette året gjorde han sine første filmopptak. For å dokumentere fleire kvitrevhi han hadde funne på Hardangervidda fikk han låne eit 16mm-filmkamera og råfilm av sin svoger. Opptaka av kvitreven og andre opptak blei til filmen Hva turister aldri ser, som Høst viste i samband med foredrag han haldt hausten 1934. Ein av dei som likte filmen var Johan Henrik Andresen, eigar av og sjef for Tiedemans Tobaksfabrik. Han tilbaud seg å finansiere fleire filmar for Høst, mot at filmane inkluderte produktplassering, som det i dag ville bli kalla. Filmane handla om natur, men hadde innlagde «røykepauser» der ein kunne sjå medverkande røyke. Og på slutten blei gjerne tobakksmerka presenterte med bilete. Høst laga 22 slike oppdrags- eller reklamefilmar på tre minutt kvar for Tiedemann. Iversen kallar desse filmane for Per Høst sin «filmskule» og dei blei avgjerande for at han satsa på film og ikkje akademia. Her kjem Iversen inn på eitt av hovudtema for boka: kampen for å få finansiert dei ulike produksjonane til Per Høst, ein kamp som skulle tære på Høst og skape mykje problem for han.

Den første langfilmen til Per Høst hadde premiere i 1937, og hadde tittelen Fra det arktiske dyrelivs eventyrverden. Det var ein film utan lyd, der Høst stod for kommentaren «live» medan filmen blei vist. Høst reiste på turne med denne 80 minuttar lange filmen som handla om Høst sine ferder til polare strøk. Den fikk god mottaking, sjølv om ein kritikar meinte «det blev litt for meget is i lengden.»

Høst produserte fleire filmar i etterkrigsåra og hadde stor økonomisk suksess med foredragsturnear i inn- og utland, men det var med filmen Gjensyn med jungelfolket i 1950 han fikk sitt store gjennombrot. Filmen var meir populær enn Kon-Tiki og var basert på filmopptak frå livet til Choco-indianarane som levde på grensa mellom Colombia og Panama. Utover 50-talet heldt Høst det gåande med produksjon av dokumentarar, oppdragsfilm, reklamefilm og film til undervisning. I boka bruker Iversen mykje plass på å gå gjennom støttesystemet for film i Norge på denne tida og på korleis det slo uheldig ut for Høst. Spørsmålet er om denne gjennomgangen er for detaljert, samtidig som Iversen argumenterer godt for korleis dette hadde stor innvirkning på filmane til Høst. Eg forstår at Iversen vil dokumentere koplinga mellom støttesystemet og Høsts filmar, men til tider synes eg det dreg merksemda vekk frå Høst og også gjer boka tung å lese.

Produksjonen dei fleste tenker på når dei høyrer namnet hans er Same Jakki, hans hovudverk som filmskapar. Denne filmen var i arbeid frå 1951 og fram til premieren i 1957. Tittelen på filmen betyr «sameåret» eller «eit år med samane» og skildrar livet til reindriftsamar. Filmen er ei blanding mellom dokumentariske opptak og fiksjon. Produksjonen blei møtt med svært gode kritikkar i Noreg og Høst tok også med filmen til filmfestivalen i Cannes, der den var tatt ut til sjølvaste hovudkonkurransen. Publikum strøymde til og filmen fikk ei rekke prisar i inn- og utland. Produksjonen var dyr, og til tross for suksessen tapte Høst pengar på han. I 1960 blei han slått konkurs, blant anna etter krav frå Kirke- og undervisningsdepartementet og Statens Filmsentral, som begge hadde støtta Høst med pengar. Same år blei han skild.

Høst sine økonomiske og personlege problem gjorde at at helsa hans blei dårleg. Han produserte likevel fleire kortare filmar, no også for NRK. Høst hadde på slutten av 50-talet også produsert fleire tv-program for BBC etter initiativ frå David Attenborough. I 1971 kom også Same Ællin, ein heilaftens og meir politisk bevisst oppfølgjar til Same Jakki. Same år døde Per Høst, berre 64 år gamal.

I andre halvdel av boka analyserer Iversen tre av filmane til Høst der særleg analysen av Same Jakki er innsiktsfull og givande med tanke på måten Høst har brukt fiksjonselement i filmen.

Som rein filmhistorie er denne boka upåklageleg. Arkivarbeidet er av beste merke og boka er grundig, detaljert og autorativ. For min del er det likevel ei blanda oppleving å lese boka. Eg har ei kjensle av å ikkje få skikkelig grep om personen Per Høst. Gunnar Iversen presiserer i starten av boka at det er filmskaparen han vil skildre, men likevel skin delar av personlegdomen til Per Høst gjennom. Vi får høyre at Høst var en «egenrådig og utålmodig mann» og at det var «krig» mellom han og enkelte i filmbyråkratiet. Han blir også skildra som impulsiv, ivrig, handlekraftig, uryddig og etisk problematisk. I svært korte ordelag blir det også opplyst om både giftarmål og ei dramatisk skilsmisse utan at boka seier særleg meir om dette.

Det er tydeleg at Iversen i stor grad vel vekk privatlivet til Per Høst til fordel for til dømes tidvis svært detaljerte gjennomgangar av finansieringa av ulike filmproduksjonar. Om dette valet bidrar til å gi eit «tjukt» bilete av Høst og hans verk er eg usikker på. Det å produsere dokumentarfilm av den typen Høst gjorde er noko svært personleg og eg meiner Iversen hadde vunne på å inkludere meir om Høst sitt liv også utanfor filmen. Dette hadde også gjort boka til ein meir spennande leseoppleving og utvida lesarkrinsen.

Eg skulle også svært gjerne sett at Iversen ikkje berre skoda bakover i denne boka, men også i større grad trakk trådane framover til dagens produksjon av naturdokumentar i Norge. Boka er så vidt innom Høst sin innflytelse på NRK sine naturprogram og viser korleis han inspirerte Per Hafslund og Sverre M. Fjelstad som blei viktige i å etablere naturdokumentar-tradisjonen i norsk fjernsyn. Men det hadde vore svært interessant å gå endå lenger: Hadde Høst innflytelse på dagens naturprogram? Er han noko av forklaringa på ein sjanger som på mange måtar utviklar seg lite? Ein sjanger som i dag er forutsigbar og nærmast reaksjonær i både tematikk og formspråk. Ved å drøfte slike spørsmål hadde boka blitt meir dagsaktuell.