Papirversjonen av Norsk medietidsskrift vart nedlagt den 18. oktober på Hotel Norge i Kristiansand. Då avgjorde generalforsamlinga i Norsk medieforskarlag «å gå over til ren elektronisk publisering av NMT». Dette vil truleg skje frå byrjinga av 2015, for då går den gjeldande kontrakten mellom tidsskriftet og Universitetsforlaget ut, og tidspunktet er passande i forhold til å planlegga og førebu den nye identiteten til tidsskriftet.

Avgjera om å legga ned papirversjonen var ukontroversiell. Det var 33 medlemmer tilstades på generalforsamlinga, og berre ein person stemte imot nedlegging (fordi han er imot einstemmige vedtak, som han sa etterpå). Det er interessant at såpass mange menneske møtte opp ikkje for å mobilisera imot, men for å gje si aktive støtte til rein elektronisk publisering. Den same haldninga finst også internt i tidsskriftsredaksjonen. Ein grundig diskusjon på eit redaksjonsmøte 26. juni viste at overgangen til rein elektronisk publisering ikkje er kontroversiell der heller.

Semja er på mange måtar total, og rein elektronisk publisering er i ferd med å verta definert som det normale i universitetssektoren. Forskingsrådet går aktivt inn for elektronisk publisering gjennom å endra kriteria for støtte til fordel for reint elektroniske tidsskrift, og ynskjer i tillegg at e-tidsskrifta vert finansierte med open access-modellar. I England har regjeringa nettopp øyremerka 10 millionar pund til open access-publisering, og dette seier noko om kreftene som presser i retning elektronisk publisering på internasjonalt nivå.

Tidsskriftets eigar gjorde også følgjande vedtak: «NML arbeider for en overgang til Open Access-publisering for NMT», og «generalforsamlingen gir styret i samarbeid med redaksjonen i NMT i oppdrag å utrede publiseringsløsninger samt finansieringsmodeller for fortsatt faglig og økonomisk forsvarlig drift av tidsskriftet og NML».

Dei to vedtaka frå generalforsamlinga i Kristiansand er formulert for å vera opne for fleire mogelegheiter, og det er difor litt uklart kva som vil skje. Forskingsrådet har ikkje bestemt seg for kva konkrete løysingar dei vil satsa på, og om det eventuelt vil verta felles nasjonale løysingar. NMT må dermed driva nybrottsarbeid nesten uansett. Eg vil ta for meg to mogelege scenario, og dei utgår frå eit debattmøte organisert av NML i Oslo 11. september, og diskusjonar på generalforsamlinga i Kristiansand.

Open access på Idunn.no. Dette vil medføra at den elektroniske utgåva er omtrent som i dag, men ingen treng å betala for å få tilgang til tidsskriftet. Universitetsforlaget eig idunn.no, og det vil måtta verta nye forhandlingar om ein avtale dersom dette scenariet vert valgt. Finansieringa kan i beste fall komma til å verta omtrent som i dag dersom RAM og NFR fortset å gje støtte, men det vert uansett ingen abonnementsinntekter. Den klare fordelen med ei slik løysing er at redaksjonen ikkje treng endra arbeidsforma nemneverdig frå i dag, og dette er verdifullt sidan redaksjonen jobbar på dugnad.

Open access på ein nyetablert plattform. I dette scenariet vil tidskriftet måtta migrera til ei ny nettside, som til dømes kan utviklast og driftast med Open Journal Systems. Redaksjonen har allereie eit intranett utvikla i OJS, men det ville likevel verta ein stor og tidkrevjande jobb å laga til det nye grensesnittet. Det vil også vera fornuftig å tenkja stort når ein uansett må laga noko nytt, så det bør vurderast å reformera funksjonen og designet til tidsskriftet. Finansieringa til dette scenarioet ville truleg også vera RAM og NFR, men kostnadane ville (i det minste på sikt) verta lågare enn publisering gjennom eit profesjonelt forlag.

Eg er i tvende sinn om kva som er lurast å satsa på. Mi fremste prioritering er alltid det faglege innhaldet, men dette kan truleg ivaretakast godt i begge scenaria. I det fyrste kan redaksjonen jobba som no, og det ville bety at fagfelleprosessen, revisjon av artiklar og innhenting av bokmeldingar fekk all merksemd som før. I det andre scenariet ville ein truleg utvikla spennande nye former som ville vera verdt strevet med å byggja dei opp. Dette kunne inkludera ein ny utgjevingsfrekvens, interaktive former for fagleg diskusjon, og multimedia-eksempel som ein integrert del av vitskaplege resonnement.

Dersom ein ser historisk på saka, er det klart at Norsk medietidsskrift gjekk inn i ein gullalder frå 2004. Frå starten i 1996 vart tidsskriftet berre utgitt på papir, fyrst av Novus og deretter av Fagbokforlaget. Men i 2004 hadde redaktør Anne Gjelsvik og den dåverande redaksjonen forhandla fram ein avtale med Universitetsforlaget som gav fire utgåver i året mot tidlegare to, og parallell publisering på papir og elektronisk på idunn.no. Redaktør Sara Brinch jobba systematisk vidare med den nye formelen, og dette har redaksjonen hausta stadig meir suksess av.

I 2012 er tidsskriftet fagleg sett meir livskraftig enn nokonsinne, med ein refusjonsprosent på ca. 50 % og mellom 30-40 innsendte manuskript i året. Eg er ikkje i tvil om at ein viktig grunn til suksessen er den stabile finansieringa gjennom RAM og NFR, og den profesjonelle drifta frå Universitetsforlaget. Men dette betyr ikkje i seg sjølv at tidsskriftet bør halda på den noverande ordninga, for kanskje er faget sterkt nok til å klara å gjennomføra eit dugnadsløft som gjer tidsskriftet endå betre, på ein ny og kommersielt uavhengig plattform.

Eg svelger tungt med tanken på at papirutgåva skal leggast ned. Som medievitar i McLuhans ånd likar eg fargetrykte framsider, trykksverte på fingrane, og side på side med tekstkolonner. Det grå, svarte og mørkeraude designet til Cecilie Fasbender og Monica Olsen er eit vakkert syn kvar gong det kjem eit nytt nummer i posthylla. Eg kjem til å sakna papirblekka omtrent slik eg saknar vinylplater og kassettar. Men alle dei utgitte årgangane er framleis tilgjengelege på papir, og kan få samleverdi etterkvart som medieforskarane tek innover seg at dei faktisk er historie.

Redaktør Lars Nyre