Ragnhild Kr. Olsen

Redaksjonell kvalitet. Kvalitetssikring, evaluering og måling av journalistikk

IJ Forlaget/Høyskoleforlaget/Cappelen-Damm, 2012

Redaksjonell kvalitet i industrielt perspektiv

Boka Redaksjonell kvalitet. Kvalitetssikring, evaluering og måling av journalistikk fyller ei ledig nisje i medielitteraturen. Nisja burde nok hatt med orda prosess og leiing i namneskiltet, for dette er ei bok som handlar om kvalitetsprosessar som ein del av redaksjonell leiing. Dette er i liten grad ei bok som gir normative svar på kva som er god redaksjonell eller journalistisk kvalitet og tek derfor heller ikkje djuptgåande diskusjonar som om undersøkande journalistikk skal reknast som eit kvalitetstrekk, eller kva slags samanhengar det er mellom kompetanse, ressursar og redaksjonell kvalitet.

Forfattar Ragnhild Kr. Olsen har i fleire år arbeidd med kvalitetsbegrepet i norsk journalistikk: Først ved Institutt for Journalistikk, deretter som lærar og forskar på BI og no i si stilling som analysesjef i Edda Media. Ho er såleis blant dei best erfarne i Noreg på desse spørsmåla. Ho skriv med engasjement og vilje og formidlar mange relevante døme, så dette er ei interessant og leseverdig bok.

Bokas hovudærend vert presentert i dei seks kapitla under overskrifta «Kvalitetsarbeid i praksis». Det teoretiske grunnlaget hentar boka frå kvalitetsleiing som her blir tilpassa redaksjonelt arbeid. Kvalitetsleiing kan ha ulike betydningar, men kan oppfattast som metodar og prosessar for å sikre at ein organisasjon lagar produkt av stabil – eller kanskje stadig betre kvalitet. Olsen held så fram med kapittel som omhandlar konkretisering av overordna strategiar, korleis drive løpande kvalitetssikring og evaluering, korleis analysere redaksjonelt arbeid og dernest eitt kapittel om intervjuundersøkingar av «lesarar og andre interessentar».

Alle desse kapitla er spekka med døme frå norske mediebedrifter som har gjennomført eksperiment på området redaksjonell kvalitet, og slik sett fungerer boka både som idébank og inspirasjonskjelde for redaksjonelle leiarar som leitar etter metodar for å drive kvalitetsutvikling. Det er alt i alt ei imponerande liste med aviser og døme som blir omtalt, men naturleg nok er det uråd å gå i særleg detalj på desse i boka.

Ein underliggande premiss for boka er at redaksjonane sjølve må utvikle og formulere sine kvalitetskriterier. Olsen dreg til dømes fram Avisa Nordland som har laga eit terningkastinspirert system der papiravisa kvar dag blir vurdert i forhold til om seks kvalitetskriterier er oppfylt: Klar prioritering, saker for unge, bruk av faktaboksar, kjønnsbalanse blant kjeldene, om det finst ei snakkesak og minst ei kuriosasak. Dette er kriterium som passar inn i ein produksjonslogikk – men seier ingenting om kor gode dei utvalde sakene er. Nokre dagar er det SKUP-materiale i førstesidsaka over bretten. Andre dagar er avisa prega av mindre vellukka saker. Gjennom malstyring kan avisa sette opp faktaboksar som alltid må fyllast, kanskje har saker for unge og kuriosa også sine faste plasser. Eit kvalitetsbegrep som berre handlar om å fylle malar er ikkje særleg spennande.

Eit grep som blir presentert men ikkje problematisert, er Schibsteds prinsipp om å finne fram til Beste praksis – også på det redaksjonelle området. I den grad opplagsutvikling tener som mål på kundeorientering er det vanskeleg å sjå at Schibsteds papiraviser har lukkast dei siste åra. Beste praksis burde då kanskje finnast i avisene som faktisk har opplagsauke: Dagens Næringsliv, Morgenbladet og Klassekampen. Eller i mindre lokalaviser. Men desse døma på beste praksis har ikkje kome med i boka.

Eit anna problem er at dei mange – og gode! – døma i boka i stor grad er presenterte og dokumenterte gjennom redaksjonelle leiarar. Døma får stort sett stå ukommenterte, så det er vanskeleg å vite om dei fekk varige verknader eller berre vart kortvarige og personavhengige eksperiment. Kanskje er det like mykje å lære av mislukka eksperiment som av vellukka? Diverre er det ei kjent erfaring at mange vil ha æra for ein suksess, mens mindre vellukka prosjekt tilsynelatande er foreldrelause.

I boka finn vi også eit lite glimt som kan tyde på at redaksjonelle leiarar sine synspunkt bør balanserast. I ei spørjeundersøking til norske journalistar og redaktørar går det fram at redaktørane trudde at dei evaluerte ofte og mykje – medan dei meinige journalistane hadde ei heilt anna oppfatning. Av den same undersøkinga går det også fram at tidspresset vert rekna som det største trugsmålet mot redaksjonell kvalitet. Mindre redaksjonar, tidlegare trykkestart, forventning om fleirkanalpublisering og færre redigerarar og typografar er ressursmessige omsyn som neppe kan bidra til betre tid – og kvalitet. Dei aller mest ambisiøse kvalitetssikringsprosjekta kan dermed skru tidsklemme endå strammare til, og verke mot sine gode intensjonar. Forfattaren er fullstendig klar over denne faren og åtvarar då også mot å innføre tungrodde regime. I staden tilrår ho å bruke til dømes eit årshjul med nærast årstidsbestemte prosjekt, noko som virkar som ein gjennomførleg strategi.

Boka har diverre ikkje stikkordregister. Språkleg sett dukkar det opp einskilde språklege dinosaurar som «kringkastningen» og «in mente», som skaper utakt i ein tekst som elles er framoverlent, til dømes når det gjeld haldnigar til ny medieteknologi. Den nye medieteknologien tar tid å ta inn over seg, sjølv for eit netthovud. På side 148 skriv Olsen at det «ikkje nyttar å drive kvalitetskontroll etter at produktet er produsert», men 16 sider seinare fortel ho i detalj om VGs interessante eksempel på at lesarane får rette språkfeil i VG.no – etter publisering. Så på nettet går det visst fint an å drive kvalitetskontroll også etter publisering og faktisk forsterke kontakten med publikum.

I føreordet seier Olsen at målet med boka blant anna er å «røske opp i noen vante forestillinger» om journalistikk. Røskinga må reknast som vellukka. Olsen har valt teori henta frå industriell produksjon, ho omtalar journalistikk med begrep som kundeorientering, verdiauke og produkt. Ho vel formuleringar som at også redaksjonens eigne tilsette må reknast som kundar, kritiserer medias morgonmøte for å drive evalueringar prega av usystematisk synsing, og meiner lokaljournalistikk ofte blir for sterkt prega av einskildjournalistar sine preferansar, også når det gjeld val av kjelder.

Dette er nok i stor grad bevisste spissformuleringar frå Olsen som er fullstendig klar over at boka manøvrerer i eit minelagt farvatn. Fleire stader understrekar ho at målet med å drive systematisk kvalitetsarbeid må vere å ta vare på den gode og viktige journalistikken. I kva grad vil desse ideane nå fram i redaksjonane? Dei tilsette i mange norske mediebedrifter er i desse dagar truleg meir opptekne av spørsmål om nærliggande nedbemanning framfor fjerne kvalitetsutviklingsprosjekt. Konserninitiert kompetansekartlegging vil bli kopla til nedbemanningsprosessar – og dermed bli møtt med skepsis, naturleg nok. Samtidig er omsynet til redaksjonell kvalitet eit av redaksjonanes viktigaste argument for å ta vare på flest muleg redaksjonelle arbeidsplassar. Kanskje kan systematisk kvalitetsarbeid dokumentere, synleggjere og underbygge tidsklemma som trugsmål mot redaksjonell kvalitet? I tilfelle er dette ei bok som ingen journalist bør ta sjansen på å oversjå.