Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Hypernytt – ny videoteknologi for ei ny allmennkringkasting – ein studie av interaktive nyheiter med levande bilde

Pål Aam, førstelektor

Journalistutdanninga, Høgskulen i Volda

E-post: PaalAa@hivolda.no

The article presents the results from an experiment with hypervideo, a form of interactive video used for interactive TV news stories. Using proprietary technology and journalistic content developed and produced for the experiment, 20 test users were interviewed about their experiences with interactive TV news. The results are linked to theory concerning public service broadcasting in the digital area and news journalism for new digital platforms.

Keywords: Interactive video, Hypervideo, Journalism, TV news

 

Forskingsprosjektet Hypernytt er ei utforsking av hypervideo nytta i journalistikk med levande bilde. I prosjektet er det konstruert ein interaktiv videoavspelar som er fylt med journalistisk innhald. Denne er så prøvd ut på informantar som testar ut teknologien. På denne måten forsøker prosjektet å undersøke korleis hypervideo, ei form for interaktiv video, kan gjere journalistikk med levande bilde djuptgåande, faktarik og nyansert i tråd med dei journalistiske ideala til allmennkringkastinga.

Dei siste åra har ei rekkje studiar peika på utfordringar for allmennkringkastinga som institusjon. Mange ser den teknologiske utviklinga som ei utfordring mot allmennkringkastingstanken. Andre ser muligheitene ny teknologi gir for utvikling og nyorientering av allmennkringkastinga på nye medieplattformer i tråd med ideala denne type kringkasting står for.

Hypernytt-prosjektet er ei utprøving av ny videoteknologi, hypervideo, i journalistikk med levande bilde. Hypervideo er ei form for interaktiv video og ein parallell til hypertekst. Spørsmålet er om nyheiter laga med hypervideo er ein måte å styrke nyheitsjournalistikk på etter dei ideala allmennkringkastinga opererer med for slik journalistikk. På kva måte kan i tilfelle interaktivitet i video gjere journalistikken med levande bilde betre, målt opp mot desse ideala? Kva konkret er det som i tilfelle gjer den interaktive journalistikken med levande bilde betre enn den tradisjonelle, ikkje-interaktive varianten?

Ein veg å gå for å forsøke å svare på desse spørsmåla ville vere å utføre ein produksjonsstudie av ein eller fleire redaksjonar som jobbar med hypervideo og også inkludere tekst- eller resepsjonsanalyse i studien. Sidan hypervideo enno ikkje er i bruk i nyheitsredaksjonar, er dette prosjektet ein ny type produksjonsstudie der teknologi blir designa og konstruert, fylt med innhald og deretter testa ut på brukarar. Ein slik rekontekstualisert produksjonsstudie er ein måte å utforske medieteknologi på før den blir brukt av mediebransjen, og representerer slik ein innovativ og framovertenkande måte å forske på media på.

Artikkelen ser først kort på allmennkringastingas utfordringar og journalistiske ideal. Metoden for produksjonsstudien artikkelen bygger på blir så gjennomgått, inkludert konstruksjonen av hypervideo-avspelaren Hypernytt. Artikkelen analyserer så resultata av resepsjonsstudien av Hypernytt og brukarane si oppfatning av den interaktive journalistikken.

1. Allmennkringkasting, journalistikk og ny teknologi

«The core challenge facing public service broadcasting [PSB] today is the transition to public service media [PSM].» Så kategorisk summerer Jo Bardoel og Gregory Ferrell Lowe (2007: 9) opp situasjonen framover for allmennkringkastinga. I det legg dei at den største utfordringa for allmennkringkasting er å ta i bruk nye medieplattformer og utvikle tenestene sine frå å drive tradisjonell kringkasting over eteren til å meistre eit medielandskap prega av «multimedia and polymedia» (same stad: 9). Problematikken blir drøfta i ei rekke vitskaplege arbeid publisert dei siste åra der titlane i seg sjølve er svært illustrerande: Reinventing Public Service Television for the Digital Future (Debrett 2010), Nordiska public service-medier i den digitala mediekulturen (Carlsson og Harrie 2010), Public Broadcasters, the Internet, and Democracy (Moe 2009), Nye udfordringer for gamle medier (Brink Lund mfl. 2009), Public service i netværks-samfundet (Mortensen 2008) og fleire.

Mange forskarar argumenterer for at allmennkringkastarar må utvide sin aktivitet frå tradisjonell tv- og radiokringkasting til «cross media and cross platform production» (Leurdijk 2007: 82) for å unngå «incompability with an integrated global communications market, the dominant contemporary vision for the future» (Debrett 2010:16) og for å halde på sin posisjon.

Jostein Gripsrud (2009) drøfter mellom anna korleis sjølve forståinga av offentlegheita er i ferd med å forandre seg med internett, noko som igjen vil virke inn på tanken om kva allmennkringkasting skal vere. Gripsrud åtvarer samstundes mot ideen om at nettet med sin lave terskel for brukardeltaking og -publisering heilt vil fjerne behovet for profesjonelle medium: «Individual activity as ‘senders’ and ‘producers’ is clearly positive, but it does not mean there is no need for professionally produced and edited media, whether audiovisual or print» (same stad: 11).

Fleire forskarar og samfunnsdebattantar argumenterer for at omskiftingane teknologien fører til ikkje må endre viktige grunnelement i allmennkringkastinga. Så sjølv om public service-organisasjonar viser teikn til å ha «mistet selve nerven og dermed dens kreativitet og evne til at finde svar på dagens og morgendagens udfordringer», i følgje Karol Jakubowicz (2008: 276), råder han samstundes desse institusjonane til å holde fast på sine «fundamentale karakteristika»: sin definisjon av sine mottakarar og si plikt til å tene samfunnets interesse (same stad: 276). Allmennkringkastarar møter då også dei digitale utfordringane både på distribusjonsplan (Søndergaard 2008; Brown og Goodwin 2010), organisasjonsplan (Erdal 2008) og på det journalistiske plan i enkeltprogram- og redaksjonar (Puijk 2008; Jackson 2010; McNair 2007).

Ei av dei fundamentale oppgåvene innan allmennkringkasting er å drive nyheitsjournalistikk. Dette var for eksempel tydeleg heilt frå NRK sin start der institusjonen allereie i 1934 blei pålagt å drive ein nyheitsjournalistikk som var basert på «flest mulig nyhetskilder for å kunne tilfredsstille kravet til den størst mulige allsidighet» (Halse og Østbye 2003: 74) og stå for saklegheit og nøytralitet. Då fjernsynssendingane til NRK kom i gang i 1960, var nyheiter eit sentralt satsingsområde (Bastiansen 1996).

For NRK sin del er dette i dag uttrykt i NRK-plakaten, der det blant anna heiter at institusjonen skal bidra til «å fremme den offentlige samtalen og medvirke til at hele befolkningen får tilstrekkelig informasjon til å kunne være aktivt med i demokratiske prosesser» (NRK-plakaten, punkt 1b), «å avdekke kritikkverdige forhold og bidra til å beskytte enkeltmennesker og grupper mot overgrep eller forsømmelser fra offentlige myndigheter og institusjoner, private foretak eller andre» (punkt 1c), å være balansert og også strebe etter «saklighet, analytisk tilnærming og nøytralitet» (punkt 1d), være ei kjelde til «innsikt, refleksjon, opplevelse og kunnskap» (punkt 4a) og tilby nyheiter og aktualitet til både smale og breie grupper og gi «økt kunnskap om internasjonale forhold» (punkt 4f). Også i NRK sin strategiplan for 2012 til 2017 er liknande verdiar understreka.

Dette er delvis runde og lite konkrete formuleringar, men gir samtidig signal om ein type journalistikk som skal gå djupt, vere nyanserik, mest mulig nøytral og redelig, opplysande og lærerik og bidra til demokratiske verdiar.

Også TV 2 brukte liknande ord og vendingar da dei sette opp mål for sine nyheitssendingar ved starten i 1992: «For å skape troverdighet må vi gi inntrykk av kunnskap, klokskap, etterrettelighet, nøyaktighet og redelighet» (Sand og Helland 1998: 23).

Prosjektet denne artikkelen bygger på prøver ut om ny digital teknologi, som er ei brei utfordring for allmennkringkastarane, også kan vere til direkte fordel for desse institusjonane. Det er ei undersøking av om ideala allmennkringkastinga støtter seg til kan styrkast i journalistikk med levande bilde ved å nytte interaktiv videoteknologi som hypervideo. Vil ein slik videoteknologi, som bruker klikkbare lenker som i hypertekst, kunne tilføre journalistikk med levande bilde meir nyansar, større djupn og meir fakta og informasjon? Det vil i tilfelle kople saman framveksande teknologi for nye plattformer med dei journalistiske ideala allmennkringkastinga støtter seg til.

2. Hypernytt: Metode for ein ny type produksjonsstudie

Prosjektet ønsker å utforske om teknologi som ikkje blir nytta til journalistikk kan forbetre journalistikk. Dette krev ein metode som er lite brukt innan medieforskinga i Norge, nemleg å konstruere teknologi for så å prøve den ut på brukarar. I Hypernytt-forsøket skjedde dette i fire steg. Desse fire stega dannar til saman ein produksjonsstudie: konstruksjon av teknologi, produksjon av innhald til teknologien, utprøving av den i ein resepsjonsstudie og til slutt analyse av brukarane sine opplevingar.

Ein slik type produksjonsstudie skil seg frå den tradisjonelle produksjonsstudien, der forskaren observerer ein redaksjon eller ei mediebedrift og deira produkt. Denne nye forma for produksjonsstudie har element av Gunnar Liestøls (1999) syntetisk-analytiske metode, og er også inspirert av forsøk gjort av Anders Fagerjord (2005), Anders Løvlie (2010) og Lars Nyre (2011) der medieteknologi blir konstruert og prøvd ut.

Fordelen med å nytte ein slik metode er at den resulterer i eit artefakt, eit handfast produkt. Dette gir utgangspunkt for konkrete utprøvingar, diskusjonar og analysar og ikkje berre abstrakte teoretiske utlegningar.

Interaktiv video er eit samleomgrep for ulike måtar å tilføre interaktivitet til video på. Det er utført ei stor mengde forsøk med ulike former for interaktiv video sidan teknologien blei praktisk brukbar på slutten av 70-talet ved hjelp av laserdisk-spelarar kopla til pc-ar. Mange av desse forsøka er av teknisk utprøvande karakter (Lippmann 1980; Brøndmo og Davenport 1989) der teknologien blir utprøvd for å hente røynsler med grensesnitt, programmering og maskinvare. Det er også gjort utprøvande forsøk for å måle læringseffekten av interaktiv video innan undervisning på ulike område som plantecellebiologi (Kahn og Haan 1991), matematikk (Chambel mfl. 2005) og veterinæropplæring (Tiellet mfl. 2010).

Gunnar Liestøl har også gjort utprøvande forsøk med dokumentarisk interaktiv video i lys av retorikk-teori med mål om å «productively explore the potential of hypermedia as a new media form» (Liestøl 1999: 40). Også Hanne-Lovise Skartveit (2008) har utforska interaktivitet i dokumentarisk materiale.

Fram til no har interaktiv video likevel i svært liten grad blitt nytta til journalistikk med levande bilde av den typen som dominerer nyheitssendingane på tv og nett. Den forma for interaktiv video som er brukt i Hypernytt, såkalla hypervideo, gjer det mulig å plassere klikkbare lenker på eller ved videobilde. Lenkene gir brukaren tilgang til meir utfyllande informasjon om ei sak undervegs i saka, og minner slik i funksjon om hypertekst. Hypervideo er valt fordi det teoretisk sett kan bidra til ein meir nyansert og faktarik journalistikk i tråd med ideala til allmennkringkastinga (Aam 2010).

Interaktiviteten i Hypernytt er først og fremst av slaget som kan kallast «Human-to-computer» og «Human-to-content» (Steensen 2011: 316). Dette er typar av interaktivitet som gjer det mulig for brukaren å navigere i materiale på nett og personalisere, kustomisere og tilrettelegge innhald ved å gjere personlege val. I dette forsøket er ikkje «Human-to-human»-interaktivitet undersøkt eller lagt til rette for teknisk. Slik interaktivitet gjer det mulig for brukarane å kommunisere med andre brukarar eller med journalistar og avsendarar av innhald. Med andre ord er prosjektet opptatt av å undersøke korleis brukarane stiller seg til navigering og personleg involvering i det journalistiske stoffet, og ikkje korleis dei sjølv bidrar ved hjelp av kommentarar eller andre former for eigen kommunikasjon og innhaldsproduksjon.

Dei fire metodiske stega i Hypernytt-prosjektet vil no bli presenterte og drøfta før artikkelen går vidare til analysen av brukarane sine opplevingar.

2.1. Produksjonen av Hypernytt-avspelaren

Det er ulike strategiar for å produsere teknologi i prosjekt som har brukt ein liknande metode som i Hypernytt-prosjektet. Ei muligheit er å bruke eksisterande og lett tilgjengeleg programvare og maskinvare, såkalla hyllevare. Andre har samarbeida med studentar og kollegaer for å produsere ny teknologi (Nyre 2010), andre igjen har modifisert eksisterande teknologi på eiga hand (Løvlie 2010), medan enkelte har sett ut produksjonen av teknologien til kommersielle aktørar innan programmering (Liestøl 2009).

Den interaktive hypervideo-avspelaren i dette forsøket fikk namnet Hypernytt. Den blei produsert ved å bruke eksisterande teknologi, programmeringsspråket Flash frå Adobe. Hypervideo-avspelaren blei programmert av forskar Ana Sanchez Laws ved Universitetet i Bergen.

Sjølve designen av Hypernytt skjedde med ein metode som har felles trekk med designmetoden rapid prototyping (Isensee og Rudd 1996) som legg vekt på hurtig utvikling av datagrensesnitt. Hypernytt blei utvikla ved hjelp av eit sett med statiske og dynamiske visuelle framstillingar av grensesnittet, såkalla mockups. Desse blei evaluerte og vidareutvikla før den endelege mockupen blei gjort om til ein fungerande hypervideo-avspelar.

Det sentrale med utviklinga av Hypernytt var å utvikle teknologi som kunne vere eit utgangspunkt for interaktive hypervideo-reportasjar med levande bilde. Reportasjane skulle så prøvast ut på brukarar for å undersøke korleis desse reagerte på innhaldet i dei interaktive reportasjane og journalistikken i dei. Det blei derfor viktig å utvikle eit grensesnitt som var intuitivt og som hadde få val og innstillingar. Dette for å unngå at brukarane let seg frustrere av tekniske problem eller hadde vanskar med navigeringa i materialet. Det viktige var å få fram det journalistiske innhaldet på ein svært enkel og brukarvennleg måte. I Hypernytt-avspelaren blir undervideoar knytte til ein hovudvideo ved hjelp av klikkbare lenker etter prinsipp frå hypertekst.

Figur 1. Hypernytt i bruk. Under hovudvideoen er undervideoar tilgjengelege. I denne saka er det i alt seks undervideoar, fire av dei seks er synlege på skjermbiletet.

I det største vindauget blir hovudvideoen spelt av, og nede i skjermbiletet dukkar klikkbare ikonar opp etter kvart som hovudvideoen spelar av. Dei klikkbare ikonane leder til undervideoar. Dersom brukaren klikkar på ein ikon, blir undervideoen spelt av oppå hovudvideoen medan hovudvideoen går i pause.

Figur 2. Brukaren har klikka på ein ikon og får sjå ein undervideo. Videoen spelar av oppå hovudvideoen medan denne går i pause.

Så snart brukaren klikkar vekk undervideoen, begynner hovudvideoen å spele av igjen. Systemet har også eit vindauge for andre typar lenker enn videoar. Dette vindauget kan brukaren få fram ved å klikke på ein knapp merka «Åpne infotekst». I vindauget som då kjem opp er det lenker til ulike nettsider. Vindauget blir lukka ved å trykke på knappen merka «Lukk».

Figur 3. Brukaren har henta opp lista over andre lenker som er tilknytte hovudvideoen. Lista legg seg oppå hovudvideoen. Den kan fjernast ved å klikke på ein ikon i øvre hjørne til høgre: «Lukk».

Systemet er som nemnt laga for å vere enkelt og intuitivt i bruk og likner i prinsipp på det som blir definert som ein film med multimedia-fotnotar (Chambel mfl. 2006: 29). Gunnar Liestøl kallar dette prinsippet for «footnote in video» (Liestøl 1999: 151), medan Doherty mfl. (2003) bruker omgrepet «detail-on-demand hypervideo».

YouTube og andre har liknande system for å knytte videoar til ein hovudvideo. Ofte blir dette kalla «relaterte videoar» og presentert som ei liste ved sidan av eller under hovudvideoen. Desse relaterte videoane er ofte knytt til hovudvideoen ved hjelp av algoritmar som ser etter kva videoar folk ser på i samband med hovudvideoen. Det blir også brukt nøkkelord laga av brukarar, såkalla «tags», for å knytte saman videoar. Dette resulterer i at dei relaterte videoane med større og mindre treffsikkerheit faktisk har samanheng med hovudvideoen. I Hypernytt er hovud- og undervideoar knytte saman på ein heilt annan måte ved at alle videoane er produserte for prosjektet og på førehand planlagde til å utfylle kvarandre så presist som mulig og også til saman danne interaktive fortellingar med klar og direkte overliggande samanheng.

2.2. Journalistikken i Hypernytt

Etter å ha konstruert hypervideo-avspelaren blei det bestemt å prøve ut teknologien i felt ved å opprette ein redaksjon under Ekstremsportveko på Voss 2010, ein festival for ulike typar ekstremsport. Festivalen gav både eit rikt utval i saker å dekke og samtidig gode muligheiter for å finne informantar som kunne prøve ut teknologien.

Det blei bestemt å lage videosaker som var i same sjanger som dei nyheitssakene NRK-Fjernsynet og andre laga frå festivalen. Ei interaktiv hypervideo-sak var samansett av ein hovudvideo med lenker som førte til fleire undervideoar. Hovudvideoane var både i lengde, oppbygging og journalistisk fokus og innhald svært like dei type saker NRK og andre produserte frå festivalen. Hypernytt-sakene tok føre seg hendingar på festivalen og dekte både det sportslege og folkelivet etter mal frå tradisjonell tv-journalistikk. Hovudsakene var fortalde av ein reporter og bestod av ei blanding av intervju frå ulike kjelder og reporteren sin fortellarstemme. Med andre ord følgde dei etablerte konvensjonar frå kringkastingsjournalistikk både i form og innhald. Videosakene blei produserte av to bachelorstudentar i journalistikk frå Høgskulen i Volda og to studentar frå den dåverande linja for dokumentarfilm og tv-reportasje på same stad.

Det blei produsert tre hovudvideoar med tilhøyrande undervideoar, i alt 20 videosaker, til uttestinga. Dei tre hovudsakene handla om opninga av Ekstremsportveko, om konkurransen i fallskjermgreina freefly og om konkurransen i skigreina railjam.

Eit døme på ei slik sak er den klikkbare saka om fallskjermgreina freefly, som var samansett av ein hovudvideo med seks tilknytte undersaker. Undersakene blei tilgjengelege ved å klikke på lenker i hovudsaka:

Freefly – hovudsak

Undersaker:

Hovudsaka om freefly-konkurransen følgjer eitt av laga som konkurrerer og syner deira førebuingar og konkurransehopp. Den inneheld intervju med deltakarane i laget og i tillegg bilete frå klargjering, hopp og landing. Den viser også dommaren som vurderer laget sitt hopp. Freefly er ei grein som går ut på å danne ulike formasjonar i lufta. To hopparar dannar formasjonane medan ein tredje filmar dei andre. Filmen blir brukt til å bedømme hoppet.

1. Reglene i konkurransen (lengde: 1'52"): Saka presenterer reglane for konkurransen.
2. Eksempler på formasjoner (lengde: 2'04"): I denne saka blir dei ulike formasjonane som premierast viste fram.
3. Slik pakkes fallskjermen (lengde: 2'19"): Dette er ei sak om korleis ein fallskjerm blir pakka før hopping.
4. Fallskjerm-sikkerhet (lengde: 2'25"): Her kan sjåaren lære meir om korleis hopparane sjekkar sikkerheita før dei skal hoppe.
5. Slik lærer du å hoppe (lengde: 3'45"): Ei sak som følgjer to unge kvinner som går på kurs for å lære å hoppe fallskjerm og som viser deira første hopp.
6. Se dommeren jobbe (lengde: 1'37"): Dommaren i konkurransen blir presentert, og det blir forklart korleis han vurderer hoppa.

Andre lenker tilgjengelege frå Hypernytt: kart som viser kvar konkurransen er, Wikipedia-artikkel om fallskjermhopping, YouTube-video om verdsrekord i freefly.

Lengde på hovudvideoen i denne saka var to minutt og 40 sekund. Total lengde inkludert undervideoar var 16 minutt og 42 sekund. Dei andre to sakene hadde lik struktur og omtrent same tal på undersaker.

Ved å utvide hovudsakene med undersaker, noko den interaktive hypervideo-teknologien gjer mulig, ville prosjektet undersøke om dei som såg sakene opplevde dei som annleis og betre enn dei tradisjonelle ikkje-lineære reportasjane dei er vande til på tv og nett.

2.3. Resepsjonsstudien av Hypernytt

Til å prøve ut dei klikkbare hypervideo-sakene i Hypernytt-avspelaren, blei det rekruttert 20 informantar eller testbrukarar, ti kvinner og ti menn. Eit tal på 20 informantar blir sett på som tilstrekkelig i slike forskingsdesign (Gentikow 2005: 77). Dei blei delvis tilfeldig plukka ut på Voss og spurt om dei ville vere med å teste Hypernytt, og i mindre grad rekruttert ved hjelp av «snøball-metoden». Snøball-metoden går ut på at ein kjent kontakt skaffar ein ny kontakt. Gentikow argumenterer for at denne metoden som regel gir eit «rent tilfeldig og vilkårlig blandet utvalg» (same stad: 80). Snøball-metoden er samstundes ei form for «convenience-sampling»: «A convenience sample is one that is simply available to the researcher by the virtue of its accessibility» (Bryman 2008: 183), og Alan Bryman stiller spørsmål ved kor representative slike utval er.

Det blei bevisst rekruttert personar mellom 16 og 40 år sidan denne aldersgruppa blir sett på som målgruppe for ny internetteknologi. Dei 20 informantane var mellom 18 og 37 år. Fire av informantane var lærarar, fire var studentar, og fire jobba på ulike måtar innan helse som sjukepleiarar eller i andre funksjonar. Resten hadde yrke som fiskar, arkitekt, driftsoperatør på skiheis og flyplassarbeidar. Utvalet har ei viss overvekt av personar som enten studerer eller har høgare utdanning.

Fire av informantane gir opp at dei både er oppvaksne og bur på Voss medan tre andre bur på Voss, men ikkje er oppvaksne der. Sju av informantane hadde med andre ord geografisk tilknyting til Voss. Tolv av dei resterande informantane kom frå ulike delar av Norge med vekt på Vestlandet og Austlandet. Ein informant kom frå Sverige.

Utprøvinga med dei 20 informantane følgde ei nøye planlagd prosedyre. Etter utfylling av eit spørjeskjema med bakgrunnsinformasjon, såg informantane først ei sak utan å klikke på lenkene i den. Så såg dei same sak på nytt, men denne gongen klikka dei seg gjennom alle undervideoane. Dei såg så ei valfri sak og fikk velje om dei ville klikke på lenker eller ikkje undervegs. Til slutt blei dei intervjua om opplevinga. Til intervjuet blei det utarbeida ein intervjuguide med fem hovudtema basert på forskingsspørsmåla i prosjektet. Kvart hovudtema hadde mellom tre og åtte underspørsmål. Heile prosedyren tok noko over ein time å gjennomføre.

Metoden for å prøve ut og evaluere innhaldet i Hypernytt blei gjort med forskingsspørsmåla som rettesnor. Sidan målet var å utforske brukarane si oppleving av Hypernytt, valte prosjektet kvalitative intervju for å prøve å fange opp informantane sine tankar om det dei hadde prøvd ut. Kvalitative intervju er eigna for å finne ut av «people's ideas, their thoughts, their opinions, their attitudes, and what motivates them» (Berger 2000: 113).

Kvalitative intervju som metode har fleire problem. Arthur Asa Berger peiker blant anna på at personar som blir intervjua ikkje alltid fortel sanninga, ikkje alltid husker ting på ein korrekt måte, av og til svarer dei det dei trur forskaren vil høyre, og at ulik bruk av språk fører til tolkingsproblem (same stad: 125). I Hypernytt har det vore særleg fokus på eitt av desse punkta: at informantar svarer slik dei trur forskaren vil dei skal svare. Starten på intervjua med informantane er difor slik:

OK, no tar vi en prat om dei to sakene, eg har ein del spørsmål til deg. Ikkje ver redd for å vere ærlig – det er ingen gale svar her, absolutt alt er interessant for oss, definitivt også negative ting med sakene. Vi er interessert i dine meiningar slik at vi kan forbetre opplevinga av slik interaktiv video (utdrag frå prosedyre for uttesting av Hypernytt).

Det er også ei rekkje spørsmål i intervjuguiden som konkret spør etter negative sider ved Hypernytt. Eit slikt spørsmål frå intervjuguiden er til dømes: «Er det noko av innhaldet du syntes passa dårlig til hovudsaka – at det ikkje hang i hop? Kvifor?». Fleire andre spørsmål er på same måte ute etter svakheiter og negative inntrykk frå utprøvinga av Hypernytt. Dette er eit forsøk på å unngå fenomenet med informantar som prøver å vere for positive eller svare det dei trur er «korrekt». Også under intervjua blei det stadig stilt oppfølgingsspørsmål som direkte gikk på informantane sine negative opplevingar med Hypernytt. Resultatet var også at det kom fram både negative og positive tilbakemeldingar.

2.4. Analysen av brukarane sine opplevingar

Intervjua med brukarane av Hypernytt er transkriberte og deretter koda og analyserte med programmet NVivo, som er utvikla for kvalitativ analyse. Det er fleire strategiar for sjølve innhaldsanalysen av intervjumateriale. Derek Layder ser på prosessen med å utvikle teori frå data som dynamisk: «... all social research and theorizing contain elements of both deduction (theory guiding data) and induction (theory emerging from data)» (Layder 1998: 51).

Layder understrekar at ein forskar aldri går til arbeidet med kodinga og analysen av eit datamateriale med eit sinn «clear of theoretical ideas and assumptions» (same stad: 51). Han viser til det såkalla «concept-indicator»-problemet, det vil seie at konsept og idear forskaren har før kodinga tek til lett kan styre eller indikere korleis forskaren koder materialet sitt, noko som igjen verker inn på analysen av materialet.

Sjølv argumenterer Layder for å bruke fleire stadium i kodinga for å unngå dette: først «pre-coding and provisional coding», deretter «core and satellite codes», deretter «theoretical memos» som så fører vidare til teoriutvikling (same stad: 53–64). Enkelt sagt går han frå ei koding som er open og minst mulig prega av eigne førutinntatte konsept til ei meir tradisjonell koding som tek i bruk kategoriar og «merkelappar» for å kode teksten. I dette andre stadiet av kodinga bruker han både kategoriar som «dukka opp av seg sjølv» i den første opne kodinga, men også kategoriar og merkelappar som «were already formulated and derived from the theoretical baggage I had acquired through prior reading and parallel theoretical labour» (same stad: 57). Til slutt bruker Layder memoar og notat for å utvikle teori ved å diskutere med seg sjølv og slik reflektere teoretisk.

Alt i alt er Layder ute etter å nyansere synet som ofte kjem frå grounded theory-tilhengarane om at teori stig upåverka fram frå data. Layder påpeiker at forskarar alltid har med seg førutinntatte meiningar og idear i prosessen med å gå frå data til teori.

Det er lett å kjenne igjen Layders betraktningar. I kodinga av intervjua med informantane som brukte Hypernytt, har det nok vore større vekt på teori som utgangspunktet for kodinga enn det Layder skisserer som ideelt. Likevel er det etter beste evne forsøkt å frigjere kodinga frå førutinntatte konsept og tankar og opne den meir for det som ligg i intervjumaterialet med brukarane av Hypernytt. På denne måten er det bevisst forsøkt å unngå å leite etter utsegn og meiningar i intervjua som stadfester førutinntatte meiningar i prosjektet, men vere open for innhaldet i intervjua på ein mest mulig metodisk solid måte.

Det er heller ikkje slik at målet for Hypernytt-prosjektet har vore å bevise at hypervideo-teknologien er bra og fungerer. Det ville ha vore utvitskapleg og lagt subjektive føringar på både intervjua av informantane og den følgjande analysen av intervjua. Målet med prosjektet har vore å gjennomføre ei utprøving på ein vitskapleg forsvarleg og etterretteleg måte – det er det einaste suksesskriteriet for prosjektet.

3. Brukarane om Hypernytt

Dei sentrale forskingsspørsmåla i denne artikkelen er om nyheiter laga med hypervideo er ein måte å styrke journalistikk med levande bilde på etter dei ideala allmennkringkastinga opererer med. I tillegg ville Hypernytt-prosjektet undersøke korleis interaktivitet i tilfelle heilt konkret kan gjere journalistikken med levande bilde betre, sett opp mot desse ideala.

Allmennkringkastingsideala i Norge peiker mot ein journalistikk som skal gå djupt inn i dei tema den tek opp, vere rik på nyansar og så nøytral og redelig som mulig. Den skal også vere opplysande og lærerik og bidra til demokratiske verdiar. Då dei blei spurt om korleis dei opplevde dagens nyheitsjournalistikk med levande bilde på tv og nett, sakna dei 20 informantane i Hypernytt mange av desse sidene.

Nina synes tv-reportasjar ofte er korte og manglar ein del fakta, ho vil gjerne sjå meir om det sakene handlar om: «De viser ikke alt som skjer, det er veldig kort alt sammen fordi de har et tidsskjema å gå etter». Ho saknar meir djuptgåande reportasjar på tv:

For det er jo en del de må utelukke, sånn som for eksempel det jordskjelvet som var nede i Haiti, der viser en jo veldig kjapt på fem minutter alt som hadde skjedd, og så kunne det gått an å trykt videre og så kunne en få vite mer om det, litt mer om hva som foregår der nede egentlig, enn bare at det har skjedd og slik ser det ut, liksom.

Det same poenget er Nils opptatt av når han gir sitt inntrykk av vanlege videoreportasjar på tv og nett:

Ja, eg vil sette pris på å kunne gå i dybda i ting i staden for å heile tida berre bli tilført skummet av det som skjer, altså lære noko då. Då tenke eg eksempelvis sånn som at du kan høre på 'Verden i dag' på P2 der du faktisk får lære noko, altså folk som virkelig bruker tid på å sette seg inn i ting.

Arve er opptatt av det same: «Jeg synes mye nyhetsreportasjer er overflatiske da og ikke går i dybden og, ja, forteller meg det jeg faktisk lurer på.» Arve utdjupar svaret sitt slik: «Det jeg egentlig så for meg var krigen i Afghanistan, ja, jeg kunne tenkt meg å ha sett bilder fra krigen. Jeg kunne tenkt meg å ha sett intervju med soldater, men politikere, med ... utdypende intervjuer, kontrasterende intervjuer. Belysninger, altså.»

Storparten av informantane delte synet på dagens nyheiter med levande bilde på tv og nett som overflatiske og som lite eigna til å presentere saker med breidde, noko som ikkje er rart sidan ei vanleg videosak på tv eller nett er mellom eitt og to minuttar lang. Så kva meinte dei om Hypernytt sitt alternativ, der det blir presentert tilleggsmateriale til kvar enkelt sak og der dei kunne gå lenger inn i det tema saka tok opp?

3.1. Nyansar og læring

Det var stor semje blant brukarane om at dei klikkbare elementa var verdifulle og gjorde reportasjane i Hypernytt annleis enn ein vanleg kort videoreportasje. Mange svarte berre eit enkelt «ja» på spørsmålet om dei følte at Hypernytt sitt tilleggsmateriale gav meir innsikt og tilførte nyansar. På oppfølgingsspørsmål om å utdjupe dette svaret, var det ikkje alltid så lett. Anny var ei av dei som prøvde: «Jeg vet ikke åssen jeg skal forklare det, det er jo ... du får sett mer, det blir vist på en bedre måte, føler jeg. Du får mer fram, mer ... du får vist filmene og sammenhengene litt bedre.»

Jon syntes også at dei klikkbare reportasjane var meir nyanserike enn vanlege videoreportasjar: «Jeg syns det funker bra, det er jo lett å forstå, det gir deg info om ... det gir deg liksom ikke bare den vanlige overflatiske infoen du får i en reportasje, du kan selv velge å hente mer info da, uten å måtte gå på nett og søke det opp sjøl». Dei klikkbare reportasjane synes Jon tilbyr akkurat den fordjupinga han er ute etter: «Du får den vanlige reportasjen samtidig som du får mye annen info som du vanligvis ikke får, så jeg vil si det var veldig nyttig.»

Også Nina var opptatt av muligheita til å gå djupare inn i saker: «Det positive er jo det at du får vite mer, for de som lurer og de som ikke veit, og de som er nysgjerrige, det er bare å klikke, og så får du all informasjonen.»

Alle dei 20 testbrukarane, også dei som er skeptiske til ein del sider ved Hypernytt, er einige i at dei klikkbare elementa tilfører meir informasjon til sakene og slik sett er verdifulle og gir meir djupn og nyansar i sakene. Dette er eit at dei klaraste funna i brukartestinga.

Det at tilleggsmaterialet i Hypernytt opplevast som «lærande», er det mange brukarar som nemner. Linda seier det slik: «Det er en måte en kan [...] få [...] lære og få kunnskap på en ny måte som kanskje kan fange interessen til flere som har vanskelig for å lære.» Svært mange informantar bruker ord og omgrep som tilgang til «ekstra fakta», «informasjon» og det «å lære meir» når dei skal sette ord på kva dei likte ved tilleggsmaterialet i Hypernytt.

Sjølv om det i Hypernytt er ein del humoristiske og «lette» innslag i tilleggsmaterialet, er det så godt som ingen brukarar som nemner desse når dei skal fortelje kva tilleggsmateriale dei liker, dette er gjennomgåande for brukarane. Innslaget som derimot oftast blir trekt fram, er eit lite innslag om historia til Ekstremsportveko der dagleg leiar for festivalen fortel om forhistoria og korleis det heile starta. Innslaget består berre av henne i portrettutsnitt og er visuelt lite spennande, men likevel det som oftast blir nemnt som eit interessant døme på ekstramateriale. Jan var ein av dei som likte innslaget: «Eg har egentlig alltid lurt litt på korleis det kom i gang, så det var kjekt med historie.» Mange har liknande svar.

I tillegg til reine fakta, som historia om Ekstremsportveko, er mange brukarar opptatt av å lære noko når dei ser tilleggsmaterialet. Linda var ei av dei som var opptatt av akkurat det: «Ja, altså når en fikk lære meir om, eller fikk vite meir om korleis en lærte det med å hoppe (fallskjerm), for eksempel. Altså litt meir sånn info om korleis kan en bli en ekstremsportar sjøl. Det syns eg var bra.»

Nils var også opptatt av å kunne lære noko: «Det som va interessant, det va å sjå korleis dei holdt på på kurset og korleis du pakka en fallskjerm og sikkerhet. Det så eg treng å vite for å kunne gjennomføre nokke sånt, det var lærerikt.» Svært mange brukarar har liknande svar.

Eit viktig trekk ved det informantane opplevde som annleis ved Hypernytt, er at dei følte dei fikk tilgang til meir fakta enn i dei vanlege korte nyheitssakene med levande bilde på tv og nett. Dei fleste trakk fram sakleg ekstrainformasjon som det mest interessante og relevante tilleggsmaterialet i sakene. Dette såg svært mange som ein måte å lære noko på, noko som var viktig for dei.

3.2. Interaktivitet og engasjement

Når brukarane skal summere opp kva dei synest er fordelane med sjølve interaktiviteten i nyheitssaker med levande bilde, meiner mange at interaktiviteten opplevast som engasjerande i forhold til vanlege videosaker på tv og nett. Det er to sider ved interaktivitet som blir lagt vekt på av brukarane: både det å kunne gå djupare inn i saker, men også det å kunne velje vekk informasjon og saker dei ikkje er interesserte i.

Solgunn samanfatter det slik etter å ha brukt Hypernytt: «Her kan eg velga heilt sjøl akkurat ka eg vil sjå, kor lang tid eg vil bruka på det, kor tid eg vil gå vidare. Mens på tv må du på ein måte ta det som kjem.»

Hilde er også opptatt av kontrollen ho har med det ho ser: «Ja, for du får jo bestemme meir sjølv da, ka du har lyst til å sjå.» Ho trur mange vil sette pris på å ha kontroll over kor langt inn dei kan gå i ei sak: «Folk e veldig utolmodige med ting dei ikkje e interessert i, mens andre kan bli sittande og klikka vidare på ein måte.»

Dag synes at det å ha kontroll over kva han vil sjå, fører til at engasjementet hans blir større når han ser Hypernytt enn vanlege nyheitssaker på tv eller nett: «Det blir jo meir sjølvstyrt av brukaren, av meg. Du har jo meir kontroll, så sånn sett blir eg meir engasjert. I staden for at du sitte og følge halvvegs med, så følge du med. I alle fall no da, så følgte eg ekstra godt med for eg ville sjå ka som dukka opp i saken.»

Svein seier han «definitivt» ville føretrekke ein slik måte å sjå nyheiter på dersom han fikk velje mellom vanlege nyheiter eller interaktive: «Ja, det vil jeg si, man blir jo ... man gjør aktive valg i forhold til hvilken informasjon man vil ha.»

Nils synes muligheita for å velje vekk saker eller informasjon er positivt, da kan han hoppe over saker som ikkje interesserer: «Dette er mykje større friheit, eg kan fjerne det som eg ikkje lika.» Han vil gjerne sjå nyheiter på denne måten: «Hvis du tenke på den måten at dette kunne erstatte Dagsrevyen, så hadde eg velgt et medium der eg kunne velge vekk den biten med ei ny kunstutstilling i Tromsø.»

Solgunn uttrykker det same:

Hvis eg da hadde kunne fått ekstra informasjon om ei nyheitssak hvis eg hadde lyst på han, og kan hoppe over andre ting hvis eg ikkje syns det er så interessant ... hvis du skal sammenlikne det med tv så er det jo på en måte ikkje alt som er like treffande for meg når eg ser ei nyheitssending, for eksempel. Her er det lettare å berre velge vekk.

Desse svara er representative for ein stor majoritet av testbrukarane når dei skal skildre fordelane med interaktivitet. Når det gjeld ulempene ved klikkbare lenker, trekker fleire fram at det fort kan bli rotete.

Nina opplevde det som forvirrande at ho kunne klikke på ei lenke midt under eit intervju og så komme til eit nytt intervju: «Det negative er kanskje at det går litt fort, for idet du klikker på den (som blir intervjua i hovudreportasjen), så snakker de jo». Nina opplevde dette som å «forsvinne» frå intervjuet i hovudsaka og slik miste tråden i det som blei sagt i hovudsaka.

Det same uttrykte Else: «Det som e negativt e at det kan gjøre den første reportasjen (hovudreportasjen) usammenhengande, eigentlig, at eg bare mister tråden der.» Dette er også noko Arve ser ei fare i når han skal trekke fram negative sider ved Hypernytt: «Det er først og fremst at det er fragmentert og ... ja, at man mister innholdet i hovedreportasjen mer.»

Anny er også redd for at reportasjar kan bli rotete innhaldsmessig dersom dei har tilleggsmateriale: «Det kan kanskje kan bli litt forvirrende eller rotete eller sånn og hovedfokuset kanskje ... at det dras litt vekk fra hovedreportasjen kanskje, av de småklippa ... at det blir mer spissa kanskje, dersom du har en reportasje i stedet for å putte inn flere ting.»

Interaktiviteten i Hypernytt har to sider for brukarane. På eitt plan liker dei å kunne kontrollere kor djupt dei skal gå inn i saker og slik ha kontroll over si eiga sjåaroppleving. Dette fører til at dei føler engasjement ved å bruke Hypernytt og at dei på den eine sida verkeleg kan fordjupe seg i saker og tema som interesserer dei, medan dei på den andre sida kan hoppe over saker som er uinteressante for dei.

Men på eit anna plan kan interaktiviteten i sakene føre til forvirring i måten dei opplevast på. Det å hoppe frå midt i ei hovudsak og til ei ny sak, kjennest ofte som eit brot i ei fortelling og fører til frustrasjon.

4. Konklusjon

Kort oppsummert ser brukarane både klare fordelar og ulemper med klikkbare hypervideo-saker.

Fordelar:

  • Tilleggsmaterialet gir meir informasjon og fakta om temaet i hovudsaka.

  • Tilleggsmaterialet gir auka lærdom om temaet i hovudsaka.

  • Ekstrainnhaldet tilfører nyansar til hovudsaka.

  • Interaktiviteten i sakene fører til større engasjement i opplevinga av sakene.

Ulemper:

  • Klikkbarheita fører til at sakene kan bli forvirrande og vanskelige å navigere i.

  • Interaktiviteten kan føre til at innhaldet blir oppfatta som usamanhengande og lite fokusert.

Brukarane trekker fram rein faktainformasjon, læring, og det å gi utdjupande og nyanserande opplysningar i ei sak som ein fordel med, og ønskjer til, klikkbar video-nyheitsjournalistikk. Desse ønska kan koplast med tidligare funn og teoriar.

Theresa Chambel og hennar forskarkollegaer har i sine forsøk funne at interaktiv video kan gi auka læring innan både matematikk (Chambel mfl. 2006) og opplæring av veterinærstudentar (Tiellet mfl. 2010). Mark Tremayne (2008) har vist at interaktivitet i form av hypertekst kan føre til auka læring frå nyheitssaker. Når det er sagt, så skal det også nemnast at Michaël Opgenhaffen (2009) har gjort forsøk for å finne samanheng mellom multimodale interaktive nyheitstekster og auka læring, men utan å finne teikn som tyder på at interaktivitet og multimodalitet gir større læring.

Når det gjeld testbrukarane sine ønskjer om meir nyanserte reportasjar med «kontrasterende intervjuer» og med lenker til utfyllande bakgrunnsmateriale, så er det ønskjer som reflekterer det Martin Engebretsen (2002) kallar aspektualisering og kontekstualisering, og som han teoretisk ser på som to fordelar med nettjournalistikk. Aspektualisering vil seie å la ulike kjelder komme med sine synspunkt på ei sak i eigne tekster tilknytte den saka dei kommenterer. Det betyr med andre ord å belyse ei sak frå ulike ståstader. Kontekstualisering er på same måte ei form for nyansering der ei sak «settes inn i en større sammenheng ved å lenkes opp mot andre relevante tekster og ressurser som er tilgjengelige på WWW» (Engebretsen 2002: 44). Begge desse begrepa dekker det informantane trekker fram som positivt med Hypernytt.

Det at fleire testbrukarar formulerer eit ønske om ei breiare forståing av komplekse nyheitssaker og ei kjensle av at tradisjonelle tv-nyheiter til tider er overflatiske, er også noko som reflekterer Shanto Iyengar (1991) sine undersøkingar om tematisk og episodisk framing i tv-nyheiter. Ved å bruke framingteori på å analysere tv-nyheiter, argumenterer Iyengar for at tv-journalistikken som regel fokuserer på enkelthendingar, såkalla episodisk framing. Den tradisjonelle tv-journalistikken set sjeldan handlingane inn i ei større forklarande ramme, det han kallar tematisk framing. Tv-nyheiter viser derfor samfunnet på ein fragmentarisk og usamanhengande måte der enkelthendingar ikkje blir gitt større strukturelle forklaringar. Å knytte ekstrainnhald til korte tv-saker, gir rom for akkurat ei slik tematisk framing av saker som i utgangspunktet skildrar ei enkelthending på ein episodisk måte. Noko av det same fenomenet opplevast som positivt med Hypernytt – at ei sak blir belyst på ein breiare måte enn det som er mulig på eitt eller to minutt.

Det går an å argumentere med at det same er mulig å oppnå ved å lage lange saker med meir innhald, eller til og med dokumentarfilmar på både ein halvtime eller ein time. Det som er problemet med det, er at dei fleste av oss ikkje har tid til å sjå gjennom ei rekke dokumentarfilmar kvar dag. Vi har likevel tid til å sjå nyheitssendingar med korte innslag for å få eit innblikk i kva som har skjedd i løpet av dagen, dette er ein av styrkane til det korte reportasjeformatet. Det at desse korte innslaga samstundes er ein inngang til langt meir informasjon ved at dei er klikkbare og interaktive, gir muligheita til både å få eit overblikk og også gå lenger inn i sakene som interesserer og engasjerer. Interaktiviteten kan med det kombinere det å gi overblikk med det å gå djupt.

Utprøvinga av interaktive nyheitsreportasjar med levande bilde starta med eit ønske om å teste ut ein sjanger som enno ikkje finnast i bruk i mediebransjen. Resultata syner at ein slik type interaktiv videoteknologi for nett, og nettilkopla einingar som smarttelefonar og mediebrett som iPad eller andre, kan vere aktuell for allmennkringkastarar. Dette særleg fordi brukarane for det første ytrar klare ønske om ein journalistikk som er i tråd med allmennkringkastingsideala: ein nyansert, seriøs, grundig og faktarik journalistikk. For det andre opplever dei at den vesle smaksprøva som Hypernytt er, gir dei eit innblikk i ein slik type journalistikk med levande bilde. I lys av dei tekniske omveltingane allmennkringkastinga må møte, er dette eit døme på at ny teknologi kan stå til teneste for allmennkringkastinga.

Eit anna argument for at allmennkringkastarar kan ta i bruk ein slik teknologi til journalistikk med levande bilde, er at dei ofte har store arkiv og mykje programmateriale å nytte seg av i produksjonen av klikkbare nyheitssaker. NRK kunne for eksempel nytte reportasjar og debattar frå utanriksprogrammet Urix som klikkbare lenker i reportasjar laga for Dagsrevyen, og slik hurtig og med få ressursar knyte saman journalistisk stoff frå ulike redaksjonar til komplekse, nyanserte og fyldige saker der brukarane kan få tilgang til store mengder informasjon etter eige ønske.

På same måte kan eigenproduserte og innkjøpte dokumentarfilmar, lyd frå ulike radioprogram, stoff frå distriktskontor, materiale frå tusenvis av timar med arkiverte radio- og tv-sendingar og så vidare, lett knytast til klikkbare hypervideo-saker. Slik kan til dømes NRK på ein relativt enkel måte skape medierike klikkbare journalistiske reportasjar som er med på å styrke deira oppdrag som allmennkringkastar utan at det treng å medføre ein urealistisk stor redaksjonell innsats. Dette er også reint teknisk innanfor rekkevidde, sidan i prinsippet alt av til dømes NRK sitt radio- og videomateriale etter kvart blir samla i ein felles programbank der materialet er tilgjengeleg for medarbeidarane i NRK.

Referansar

Bardoel, Jo og Ferrell Lowe, Gregory (2007): «From Public Service Broadcasting to Public Service Media – The Core Challenge» i Ferrell Lowe, Gregory og Bardoel Jo (red.): From Public Service Broadcasting to Public Service Media. Göteborg: Nordicom. S. 9–29.

Bastiansen, Henrik Grue (1996): Fra referat til reportasje – Dagsrevyen 1960–1969. KULTs skriftserie nr. 52, Oslo: Norges forskningsråd.

Berger, Arthur Asa (2000): Media and Communication Research Methods. Thousand Oaks, California: Sage Publications.

Brink Lund, Anker, Nord, Lars og Roppen, Johann (2009): Nye utfordringer for gamle medier. Skandinavisk public service i det 21. århundre. Göteborg: Nordicom.

Brown, Charles og Goodwin, Peter (2010): «Constructing Public Service Media at the BBC» i Ferrell Lowe, Gregory (red.): The Public in Public Service Media. Göteborg: Nordicom. S. 119–133.

Bryman, Alan (2008): Social Research Methods. 3. utg. Oxford: Oxford University Press.

Brøndmo, Hans Peter og Davenport, Glorianna (1989): «Creating and Viewing the Elastic Charles – a Hypermedia Journal». Paper lagt fram på Hypertext2, York, England, juni 1989.

Carlsson, Ulla og Harrie, Eva (red.) (2010): Nordiska public service-medier i den digitala mediekulturen – Pengar, politiken och publiken. Göteborg: Nordicom.

Chambel, Teresa, Santos, Lara, Nápoles, Suzana, Rodrigues, José Francisco og Apostol, Tom (2005): «Visualization in Learning Mathematics with Hypervideo: The Story of Pi demo». Paper lagt fram på Envc'2005, Encontro Nacional de Visualização Científica, Centro Multimeios, Espinho, september 2005.

Chambel, Teresa, Zahn, Carmen og Finke, Matthias (2006): «Hypervideo and Cognition: Designing Video-Based Hypermedia for Individual Learning and Collaborative Knowledge Building» i Alkhalifa, Eshaa (red.): Cognitively Informed Systems: Utilizing Practical Approaches to Enrich Information Presentation and Transfer. Hershey, USA: Idea Group Inc. S. 26–49.

Debrett, Mary (2010): Reinventing Public Service Television for the Digital Future. Fishponds, England: Intellect.

Doherty, John, Girgensohn, Andreas, Helfman, Jonathan, Shipman, Frank og Wilcox, Lynn (2003): «Detail-on-Demand Hypervideo» i Rowe, Lawrence og Vin, Harrick (red.): Proceedings from MULTIMEDIA '03 – the eleventh ACM international conference on Multimedia. New York: ACM. Upaginert.

Engebretsen, Martin (2002): Å skrive for skjermen – En innføring i nettjournalistikk. Kristiansand: IJ-forlaget.

Erdal, Ivar John (2008): Cross-media news journalism: institutional, professional and textual strategies and practices in multi-platform news production. Ph.D.-avhandling. Oslo: Universitetet i Oslo.

Fagerjord, Anders (2005): Editing Stretchfilm, interaktiv tekst på nettside: http://fagerjord.no/stretchfilm/- 15.2.2012.

Gentikow, Barbara (2005): Hvordan utforsker man medieerfaringer? Kvalitativ metode. Kristiansand: IJ-forlaget.

Gripsrud, Jostein (2009): «Digitising the Public Sphere: Two Key Issues» i Javnost – The Public. Årg. 16, nr. 1. S. 5–16.

Halse, Ketil Jarl og Østbye, Helge (2003): Norsk kringkastingshistorie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Iyengar, Shanto (1991): Is Anyone Responsible? How television frames political issues. Chicago: The University of Chicago Press.

Isensee, Scott, og Rudd, James (1996): The Art of Rapid Prototyping. London: International Thomson Computer Press.

Jackson, Lizzie (2010): «Facilitating Participatory Audiences. Sociable Media and PSM» i Ferrell Lowe, Gregory (red.): The Public in Public Service Media. Göteborg: Nordicom. S. 175–189.

Jakubowicz, Karol (2008): «Hold fast i kernen, og lav så om på (nesten) alt det andet! Redefinering af public service broadcasting for det 21. århundrede» i Mortensen, Frands (red.): Public service i netværks-samfundet. Frederiksberg: Forlaget Samfundslitteratur. S. 251–283.

Kahn, Paul og Haan, Bernard J. (1991): «Video in Hypermedia: The Design of InterVideo» i Visual Resources. Årg. 7, nr. 4. S. 353–360.

Layder, Derek (1998): Sociological Practice – Linking Theory and Social Research. London: Sage Publications.

Leurdijk, Andra (2007): «Public Service Media Dilemmas and Regulation in a Converging Media Landscape» i Ferrell Lowe, Gregory og Bardoel, Jo (red.): From Public Service Broadcasting to Public Service Media. Göteborg: Nordicom. S. 71–87.

Liestøl, Gunnar (1999): Essays in Rhetorics of Hypermedia Design. Doktoravhandling. Oslo: Universitetet i Oslo.

Liestøl, Gunnar (2009): «Augmented Reality and Digital Genre Design – Situated simulations on the iPhone». Paper lagt fram på IEEE 8th International Symposium on Mixed and Augmented Reality (ISMAR 2009), Orlando.

Lippmann, Andrew (1980): «Movie-maps: An application of the optical videodisc to computer graphics» i Thomas, James J., Ellis, Robert A. og Kriloff, Harvey Z. (red.): SIGGRAPH '80 – Proceedings of the 7th annual conference on Computer graphics and interactive techniques. New York: ACM. S. 32–42.

Løvlie, Anders Sundnes (2010): textopia: experiments with locative literature. Ph.D.-avhandling. Oslo: Universitetet i Oslo.

McNair, Brian (2007): «Current Affairs in British Public Service Broadcasting. Challenges and Opportunities» i Ferrell Lowe, Gregory og Bardoel, Jo (red.): From Public Service Broadcasting to Public Service Media. Göteborg: Nordicom. S. 151–167.

Moe, Hallvard (2009): Public Broadcasters, the Internet, and Democracy – Comparing Policy and Exploring Public Service Media Online. Ph.D.-avhandling. Bergen: Universitetet i Bergen.

Mortensen, Frands (red.) (2008): Public service i netværks-samfundet. Frederiksberg: Forlaget Samfundslitteratur.

NRK-plakaten (2009). Henta frå: http://www.regjeringen.no/upload/KKD/Medier/NRK_plakat.pdf 15.2. 2012.

Nyre, Lars (2010): «Experimenting with New Media for Journalism» i Nordicom Review, spesialnummer 2010. S. 83–93.

Nyre, Lars (2011): «Medium design considered as a method for research on new media». Paper lagt fram på NordMedia 2011, Akureyri, Island.

Opgenhaffen, Michaël (2009): Multimedia, Interactivity, and Hypertext in Online News: Effect on News Processing and Objective and Subjective Knowledge. Doktoravhandling. Belgia: Katholieke Universiteit Leuven.

Puijk, Roel (2008): «Faktajournalistikk og den aktive seer» i Puijk, Roel (red.): Fjernsyn i digitale omgivelser – Kringkastingens møte med nye medier. Kristiansand: IJ-forlaget. S. 165–196.

Sand, Gunnar og Helland, Knut (1998): Bak TV-nyhetene – Produksjon og presentasjon i NRK og TV 2. Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Skartveit, Hanne-Lovise (2008): Representing the Real through Play and Interaction – Changing forms of nonfiction. Ph.D.-avhandling. Bergen: Universitetet i Bergen.

Steensen, Steen (2011): «Online Journalism and the Promises of New Technology» i Journalism Studies. Årg. 12, nr. 3. S. 311–327.

Søndergaard, Henrik (2008): «DR's digitale strategier» i Mortensen, Frands (red.): Public service i netværks-samfundet. Frederiksberg: Forlaget Samfundslitteratur. S. 31–67.

Tiellet, Claudio A. B., Pereira, André Grahl, Reategui, Eliseo Berni, Lima, José Valdeni og Chambel, Teresa (2010): «Design and Evaluation of a Hypervideo Environment to Support Veterinary Surgery Learning» i Chignell, Mark H. og Toms, Elaine (red.): HT '10 Proceedings of the 21st ACM conference on Hypertext and hypermedia, Toronto, juni 2010. New York: ACM. S. 213–222.

Tremayne, Mark (2008): «Manipulating interactivity with thematically hyperlinked news texts: a media learning experiment» i New Media & Society. Årg. 10, nr. 5. S. 703–727.

Aam, Pål (2010): «TV-reportasjen 2.0 – Ny teknologi – styrking av samfunnsoppdraget for TV- og videojournalistar» i Roppen, Johann og Allern, Sigurd (red.): Journalistikkens samfunnsoppdrag. Kristiansand: IJ-forlaget. S. 213–235.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon