I ein artikkel i Norsk medietidsskrift kastar Dag Vidar Hanstad lys over «forskjeller mellom journalistikk og forskning» (Hanstad, 2010). I fylgje artikkelen er bruk av teori ein avgjerande skilnad på journalistikk og forsking. Det er ein interessant artikkel skriven med innsikt i både journalistikk og vitskap, kanskje då særleg samfunnsvitskap. Likevel vil eg argumentere for at problemstillinga er falsk. Teori er nyttig, det, men langt frå nok. Eg vil her i staden hevde at forskaren ikkje kan avvise å ta i bruk alle vegar til erkjenning om verda som den gode journalisten nyttar. Det må omfatte teori, men også ulike former for kunnskap, eigenprodusert empiri, erfaring, kjensler, lyd, lukt, empati og alt anna som høyrer til det å vere menneske. Altfor ofte overser journalistforskaren viktige sider ved arbeidet til journalisten når bruk av teori overskygger kunnskap, erfaring, kjensler, lukt, lyd og alt det andre som kan vere med på å gje meining til det journalisten seier eller skriv.

Bakgrunnen for artikkelen var at Hanstad fekk fylgjande spørsmål for si prøveforelesing i 2009: «Journalistikk versus forskning. Drøft vesentlige forskjeller mellom kritisk journalistikk og kritiske samfunnsvitenskapelige studier om idrett.»

Hanstad var journalist i mange år før han byrja på si avhandling, som mellom anna handla om spørsmål som han også hadde arbeidd med som journalist. Det var difor kanskje ikkje så overraskande at nettopp han fekk i oppgåve å meisle ut «vesentlige forskjeller» mellom journalistikk og vitskap. Eg merkar meg allereie her at spørsmålet ikkje er om slik ulikskapar finst. Spørsmålet dreiar seg om heilt grunnleggande problemstillingar for forsking og vitskap. Det er vanskeleg å svare på eit slikt spørsmål utan også å diskutere kva vitskap er, korleis ein vitskapleg praksis vaks fram og kva som eventuelt skil kunnskap produsert med vitskap frå andre former for kunnskap produsert med andre metodar.

Eg fekk eit liknande spørsmål å svare på då eg skulle halde mi prøveforelesing i historie tre år tidlegare. Eg hadde også arbeidd som journalist, og tok i mi avhandling opp spørsmål som eg også hadde drøfta som journalist. Det er altså fleire parallellar her. Min kommisjon var særleg interessert i ei samanlikning av bruken av munnlige kjelder: «Legg særlig vekt på å vurdere en journalistisk tilnærming til feltet i forhold til nyere oralhistorisk teori.» Her ser me at spørsmålet har ei meir open form; det tek ikkje for gitt at det finst «vesentlege skilnader» mellom journalistikk og vitskap på dette området, sjølv om eg i alle fall meinte å merke ein underliggjande tendens bakom den opne formuleringa. Eg er ikkje nøgd med det svaret eg gav på slike spørsmål i mi prøveforelesing, så eg nyttar dette høvet til å tenke gjennom samspelet mellom forsking og journalistikk ein gong til. Journalistikk skal fylle mange roller i samfunnet, nokre av dei har så lite til felles med samfunnsrolla til forsking at eg ikkje har tenkt å bruke tid og plass på dei her. I staden vil eg fokusere på det som eg trur potensielt kan gje størst grunnlag for verdfull samanlikning: Kritisk journalistikk og kritisk forsking.

Kanskje er det best å byrje ein slik refleksjon med Feyerabend: Kan me eigentleg vere sikre på at det finst nokon grunnleggjande forskjell på dei to? (Feyerabend, 2010). Hanstad forankrar svaret sitt i forskaren sin systematiske bruk av teori, som, i fylgje Hanstad, skil forskinga frå journalistikken. Han nytter erfaringsbaserte dømer for å bygge opp argumentet sitt: «Jeg gjør dette ved å bygge på mine egne erfaringer som både sportsjournalist og idrettsforsker. Blant annet presenteres et case som først ble belyst journalistisk og senere analysert for vitenskapelig publisering.» Eg vil difor også bruke mi eiga erfaring som utgangspunkt for refleksjonen. Mi erfaring kjem frå fag som ofte vert oppfatta som forskjellige frå samfunnsvitskapen: Eg er utdanna både sivilingeniør og historikar. Det er to fag som ofte vert knytt til andre tradisjonar enn samfunnsvitskapen, med andre «erkjenningsinteresser», for å seie det med Habermas (Habermas, 1969). Ved å hente innspel derifrå, vil eg freiste å undersøkje problemstillinga frå ein annan vinkel, som kan gje andre svar eller innspel, og som kanskje i samspel med perspektivet til Hanstad kan gje oss djupn i diskusjonen om forsking og journalistikk.

For å unngå mistydingar lyt eg allereie her seie at eg meiner at me treng teori. Det er umogeleg å greie seg utan teori, uavhengig av om du er menneske, journalist eller forskar. Teori er avgjerande for å kunne tolke og forstå. Eg reknar meg sjølv som kritisk realist, og dei som lurer, kan finne gode og presise definisjonar av teori innafor den tradisjonen hjå Bhaskar, Archer og andre (Archer, 1995; Bhaskar, 2008, 2009; Danermark, 2002). Eg skal ikkje bruke mykje plass på det her, berre nemne at me treng ein nokså avgrensa definisjon av omgrepet «teori», i alle fall viss det skal kunne tene som skilje mellom «forsking» på den eine sida og «journalistikk» på den andre, slik Hanstad vil. Til eit slikt føremål held det ikkje med ein vid definisjon, som til dømes å definere ein teori som ei hypotese om samanhengar mellom ulike fenomen (Dahl, 1986), sidan også journalistar nyttar seg av slike hypotesar, enten det no er bevisst eller ubevisst.

Både som journalist og forskar handsama Hanstad ei sak der ein kjent idrettsleiar og byråkrat kom med eit offentleg utspel som ende med at han måtte gå. Som forskar brukar Hanstad figurasjonssosiologien til Norbert Elias til «å bevisstgjøre oss i vår analyse og få frem en dypere forståelse av det som hadde skjedd» (Hanstad, 2010). Elias vart brukt fordi han hevdar at

handlingene til alle mennesker er rettet mot intensjoner om å nå bestemte mål, men at resultatet ofte blir et annet fordi det enkelte mennesket inngår i relasjoner med mange andre mennesker. Skaset skulle oppleve at utfallet ble noe helt annet enn han hadde intendert med sitt utspill, fordi andre mennesker reagerte på en helt annen måte enn han hadde planlagt (Hanstad, 20101).

Eg er ikkje ueinig i innhaldet i påstanden, i og for seg. Det kan sikkert vere nyttig å bruke Elias som startpunkt for eigen refleksjon over kva som skjedde. Som ledd i eit argument for at vitskap er kjenneteikna av bruk av teori, derimot, er eg skeptisk. Det spørs også om ikkje slik bruk av teori må problematiserast på same måte som Karl Popper problematiserte Alfred Adler og bruken av teorien om mindreverdskompleks (Chalmers, 1999): Korleis skal ein slik teori kunne etterprøvast? Den kan sikkert brukast til å forklare både den eine og den andre handlinga, det eine og det andre resultatet, utan at me får så mykje meir innsikt i dei mekanismane som førte til at Skaset sa det som han sa. Spørsmålet er om ikkje dei meir folkelige måtane å seie det same på er like gode. Me har ei rad ordtak og taleformer som framhevar at det ikkje let seg gjere å vite kva som skjer i framtida: «Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida.» «Den som lever får sjå». Osv. Kven vil vel nekte for at me ikkje fullt ut veit korleis alle andre vil reagere på det me har tenkt å seie eller gjere?

Spørsmålet vert då om påstanden til forskaren er meir påliteleg eller sann enn påstanden til journalisten, og om det i så fall er fordi forskaren siterer andre, kloke menneske som har sagt liknande ting før? Me må altså spørje oss om kvifor me eventuelt får tryggare grunn å stå på viss me kan vise til at andre kan ha sagt noko liknande før. I 2000 år, frå Ptolemaios til Brahe, kunne til dømes kloke menneske sitere kvarandre i endelause rekkjer på at jorda er sentrum i universet, men påstanden vert ikkje meir sann for det. Det var Aristarkos og Kepler som hadde rett, medan den endelause rekkja av kloke menn tok feil. Ein teori vert ikkje rett eller sann berre fordi det er mange kloke menneske som brukar den. Eg er altså ikkje sikker på at me skal gå med på ein definisjon av vitskap som gjer at noko vert meir vitskapleg berre fordi ein refererer til «teori».

Det eit anna problem ved å knyte forsking, og då særskilt forsking på journalistikk, eksklusivt til teori. Gjer me det, vil det også vere naturleg å la teori spele ei viktig rolle for å styre interessa for erkjenning og dermed utviklinga av ein passande metode for forsking på journalistikk. Journalistikk skal fylle mange oppgåver i samfunnet, og handlar slik om både stort og smått som vedgår livet som menneske i verda. Kor mykje kan me eigentleg seie om livet som menneske ved hjelp av teoriar? Ikkje mykje, trur eg. Då er det også problematisk å la bruk av teori få ein særskilt framståande plass som kjenneteikn på kva forsking på journalistikk er.

Kor mykje hjelp kan me eigentleg få frå teori når me skal tolke tekstar og empiri?

I artikkelen «Norsk oljejournalistikk – Statoils utenlandsvirksomhet som trans-nasjonalt nyhetsbeite» tek forfattarane opp viktige spørsmål knytt til journalistikk om Statoils internasjonale satsing. Eit rikt og viktig prosjekt, særleg med tanke på kor avgjerande oljen er for vår økonomi, og kor lite kritisk journalistikk og forsking som vert gjort om norske oljeselskap. I fylgje forfatterane viser artikkelen

hvordan dekningen varierer mellom ulike medier. Analysene baseres på intervjuer med sentrale journalister og kilder i norsk oljejournalistikk samt en innholds- og kildeanalyse. På et overordnet nivå kommenterer vi hypotesen om at internasjonaliseringen av økonomisk makt kan svekke journalistikkens evner til å kontrollere og overvåke (Baumberger & Slaatta, 2011).

Artikkelen demonstrerer at forfattarane har vilje til å reise grunnleggjande spørsmål om kva rolle kritisk journalistikk skal spele i samfunnet. Det er grunn til å rose forfatterane for at dei også freistar å knyte forskinga til viktige prosessar som går føre seg i det samfunnet som journalistane rapporterer om, og som forskarane freistar å forstå. Her vil eg bruke denne artikkelen for å vise kvifor det er så vanskeleg å seie at bruk av teori, og ikkje noko anna, til dømes kunnskap2, kjenneteiknar forskinga.

Forfattarane lyfter i artikkelen fram ei positiv utvikling:

Statoil deltar imidlertid i det globale initiativet «Publish what you pay», som innebærer endringer i årsrapporter og regnskap, noe som i teorien skal føre til økt åpenhet rundt pengestrømmene internasjonalt (Baumberger & Slaatta, 2011, p. 47).

Ein liknande påstand om Statoil og Publish What You Pay vert også teken opp att i konklusjonen, og igjen som eit positivt trekk ved utviklinga (Baumberger & Slaatta, 2011, p. 57).

Utsegna om PWYP er interessant av fleire årsaker, men her mest fordi den gjev oss eit lite glimt inn i den kunnskapen som forfattarane har brukt når dei har arbeidd fram rammene som det vert gjort framlegg om. Dersom me ser arbeidet med rammene som ein stadig pågåande tolkande (hermeneutisk) forståingsprosess som krev kollektivt arbeid og læring, trur eg at eg her vil kome med nokre eigne framlegg til korleis denne fortolkande prosessen kan førast vidare framover. Det gjer eg ikkje fordi eg veit alt om dette feltet, men fordi eg veit nok til å vite litt om kvar me treng å leite etter meir kunnskap.3 Eg trur altså eg kan peike på stader der ein vidare læringsprosess kan føre til djupare og betre innsikter om norsk oljejournalistikk.

Alle som kjenner Publish What You Pay og oljeindustrien vil straks forstå at påstanden om at Statoil deltar i det globale initiativet «Publish what you pay», er ei mistyding. Statoil deltar ikkje i Publish What You Pay. Samstundes er det fort gjort å lage seg hypotesar om korleis mistydinga har oppstått: Har nokon av intervjuobjekta (her journalistane) misforstått og dermed ført forskarane på villspor? Eller er det forskarane sjølve som har misforstått det informantane har sagt? Uansett vil ny kunnskap om kva PWYP er, og kva relasjon dei har til oljeselskapa, måtte føre til ny refleksjon over den fortolkinga som er gjort av forskarane av det som er sagt av intervjuobjekta eller som er funne i tekstane.

Lat oss bruke dette høvet til å sjå kvar ein slik prosess kan leie oss, sidan eg trur dette dømet også kan illustrere korleis teoretiske forståingar må brynast mot kunnskap frå andre område i ein kritisk prosess. Ein fin stad å starte den vidare prosessen er nettsidene til PWYP Norge. Der står det at

Publish What You Pay Norway is the Norwegian chapter of the global Publish What You Pay network which organises and mobilises over 650 civil society organisations from over 50 countries in campaigning for transparency and accountability in the payment, receipt and management of revenues from the oil, gas and mining industries (Publish What You Pay Norway, 2009).

Her er me altså i ferd med å entre eit felt som knyter oljejournalistikken til eit eller fleire nettverk av friviljuge organisasjonar eller, om ein heller vil, det sivile samfunnet. Desse 650 organisasjonane har gått saman for å presse næringsliv og statar til å publisere informasjon om kva dei tener og betalar. Når det gjeld friviljuge organisasjonar, nettverk, det sivile samfunnet og sosiale organisasjonar, finst det ein stor og veksande litteratur full av kunnskap (og anna) som kan gje nyttige innspel til korleis denne prosessen kan fortolkast. Samstundes står desse friviljuge organisasjonane i ein spesiell relasjon til statane dei freistar å påverke. I Noreg får til dømes mange av medlemsorganisasjonane i PWYP Norge støtte frå staten gjennom NORAD. Då er me altså i ferd med å grave oss innover i enno eit område som påverkar korleis det empiriske materialet kan fortolkast, nemleg det som før vart kalla «bistand». Også på dette feltet syner det seg ei rad trådar som forskaren gjerne må nøste vidare på. Dessutan er det eit område med sin eigen flora av teoretiske perspektiv knytt til organisasjonar, utvikling og journalistikk.

Den norske erfaringa knyter dessutan staten saman med sosiale rørsler og statsoljeselskapet gjennom ein heilt særeigen historisk prosess, der det tette samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og fagrørsla la eit særskilt grunnlag for å forvalte dei norske oljefunna på ein måte som skil seg frå liknande erfaringar andre stader i verda. Samspel og konflikt mellom oljeselskap, stat og sosiale rørsler må altså også fortolkast som produkt av historiske prosessar forankra i lokale og nasjonale tilhøve.

Viss me no forlèt det konkrete dømet med Publish What You Pay og diskuterer arbeidet med å tolke fram rammene reint generelt, kan me sjå ei lang rad med slike område der forskaren må nyste, undersøke og lære. Kvart land har si historie av slike samspel mellom stat, sivile organisasjonar og næringsliv: Ei analyse av rammene for oljejournalistikken om norske (og andre) oljeselskap i Angola lyt vurderast og tolkast på bakgrunn av kunnskap i ei rad slike lokale eller nasjonale tilhøve. På same måte som analyser av oljejournalistikken om Mexico også må fortolkast i lys av det som ikkje vert sagt, til dømes konfliktane der om å endre grunnlova slik at ikkje-meksikanskje oljeselskap kan få konsesjonar. Det som ikkje kjem til uttrykk i journalistikken, er kanskje vel så interessant som det som vert sagt. Det gjeld til dømes då skuldingar om korrupsjon knytt til eit norsk selskap førte til at regjeringskrise i Peru i 2008. Innsikt i det som ikkje vert sagt, kan føre til nye analyser av rammer i oljejournalistikk. Dessutan kjem me ikkje utanom analyser av korleis natur og miljø påverkar dei sosiale prosessane som me freistar å forstå. Det fekk, til dømes, store konsekvensar for veksten til Statoil og andre norske oljeselskap at oljen på norsk sokkel vart funnen til havs og ikkje på land. Nokre av desse konsekvensane ser me igjen både i teknologisk utvikling, utdanning av ingeniørar, organiseringa av kunnskapsproduksjon og i dei internasjonale aktivitetane til dei norske oljeselskapa. Alt dette og mykje meir høyrer med når tekstar om internasjonalisering av norsk oljeindustri skal tolkast og forskaren skal foreslå rammer som kjenneteiknar norsk oljejournalistikk.

Berre gjennom omfattande kunnskap om det som journalistane freistar å seie noko om, kan forskaren ha noko håp om å tolke fram robuste rammer som kan hjelpe forskaren til å meine noko om kvifor journalistikken er som den er, og korleis den kanskje kunne ha vore annleis. Poenget mitt er at tolkinga av tekstar og rammer må gå føre seg i stendig dialog med eksisterande teori, kunnskap og erfaring; det er heile tida naudsynt med meir læring. Føremålet mitt her er ikkje å trenge til botnen av alle desse tilhøva som vil ha mykje å seie når forskaren skal bruke sin kunnskap og sine teoretiske innsikter til å tolke det empiriske materialet om journalistikk. Formålet er å illustrere noko av det rike mangfaldet av fenomen, strukturar, organisasjonar etc. som i konflikt og samspel formar den sosiale verda som journalistane freistar å lage journalistikk av.

Det er lett å hevde at forskaren må bore djupt, freiste å trenge til botnen, og utvikle «djupn i intensjonen». Men det er ikkje mitt poeng her. Poenget er å vise kor naudsynt det er med grundige undersøkingar i breidda. Spora spreier seg utover fleire land med kvar sine tilhøve og ei lang rad av organisasjonar, nettverk, selskap, medier, parti etc. som har sine historier med konflikt og samarbeid. Det er ikkje nok å grave smalt og djupt; funna må også opplysast frå eit utal av posisjonar utover i breidda. Etter kvart som me undersøker i breidda, vert det umogeleg å forvente at me for kvart av desse fenomena skal trenge djupt nok ned til at me med tyngde skal kunne seie noko substansielt om generative mekanismar eller teoriar, i alle fall i avgrensa tyding av ordet. Arbeidet med å utvikle rammer krev rett og slett store mengder kunnskap, som for eksempel kunnskapen om at Statoil ikkje er medlem av Publish What You Pay. Slik kunnskap kan ikkje erstattast med «teori».

Konklusjon

Eg håpar ikkje at det eg no har skrive, vert oppfatta som kritikk mot dei forfattarane som eg har nytta som startpunkt for min refleksjon. Det var ikkje mitt mål med denne artikkelen. Mitt mål var å kritisere min eigen innsats i prøveforelesinga mi, sidan eg slett ikkje er nøgd med svaret som eg ga på spørsmålet eg fekk den gongen. Eg gjekk i fella og freista å vise kva som er skilnaden på vitskap og journalistikk, som om det fins ein essens bak omgrepa «journalistikk» og «forsking», noko som me kan gripe, og som implisitt dermed kan brukast til å vise korleis forsking er betre egna til å produsere robust kunnskap om verda me lever i enn journalistikk.

Eg burde i staden ha hevda at forskaren bør lære av den kritiske journalisten. Kven er det som eigentleg har trena på å nyste seg bortover og utover på jakt etter relevant kunnskap for å kaste lys over eit spørsmål? Journalistar er stort sett betre til å navigere i spørsmål som krev breiddekunnskap enn forskarar som ofte øver seg mest på å tenke «djupt» og smalt. Kanskje burde eg her ha smilt litt ironisk, sidan det var ei førelesing, og for å få fram det lett provokative i påstanden. Frå mitt perspektiv verkar den overdrivne bruken og tilliten til «journalistisk teori», som utgangspunkt for forklaringar, ikkje oppklårande, men heller tildekkande, skulle eg ha sagt. Mykje bruk av teori bidreg mest av alt til å stenge av for innsyn i den tolkande (hermeneutiske) prosessen som skal til for å forstå dei fenomena me undersøker. Det gjeld særleg dei mange analysane som er forankra i postmoderne eller poststrukturelle versjonar av sosialkonstruksjonisme, slik som Fairclough har synt på andre felt (Fairclough, 2005).

Eg burde altså ha avvist freistnaden på å opprette eit prinsipielt skilje mellom kritisk journalistikk og forsking. Her skulle eg ha snudd spørsmålet på hovudet: Fleire journalistforskarar har hevda at journalistar brukar norma om «objektivitet» til å konstruere eit skilje mellom «oss» som er på innsida av grensene til den fellesskapen som forvaltar informasjon og kunnskap på ein særskilt verdfull måte (altså «objektiv»), og dei som høyrer til på utsida (Schudson & Anderson, 2009). Det spørs om ikkje journalistforskaren sin bruk av «teori» i forskinga på journalistikk også må studerast frå liknande, maktkritiske perspektiv. Det ligg makt i desse lange rekkene med teoretiske referansar, men er dei eigentleg naudsynte for å føre dei argumenta me har tenkt å føre?

Dette er for meg ikkje berre ei akademisk øving. Når eg skriv dette, har eg nett avslutta undervisinga i eit fag der me førebur journalistikkstudentane på eit lengre feltarbeid i land i «Sør». I førebuingane har me sjølvsagt undervist studentane i rådande teori på området, henta både frå forsking på journalistikk og frå andre disiplinar. Teori spelar ei rolle. Dessutan har me undervist i metode for å leite fram eller produsere det me kan kalle journalistisk empiri – altså noko som journalistikkstudentane kan nytte i sitt arbeide for å tolke og forstå dei samfunna og dei sakene dei arbeider med. Vidare har me lagt stor vekt på allmenn kunnskap om menneskje og samfunn i dei landa studentane arbeider i; ein journalist må vite mykje for å kunne tolke og forstå. Men det er langt frå nok. Me oppmodar også studentane til å bruke heile seg sjølv, til å våge å vere heile menneskje i møte med «dei andre». Slik kan kanskje etiske refleksjonar oppstå. Dessutan lyt ein journalist kunne bruke sitt potensiale for empati og universell solidaritet for å freiste å leve seg inn i livssituasjonen og verda til dei menneskja ho møter (Bhaskar & Hartwig, 2010). Men det er heller ikkje nok. Me bed også studentane om å lytte til lydar frå natur og menneske; til og med luktesansen skal takast i bruk som verkty for å kome i kontakt med røyndomen.

Det er difor eg trur på potensialet i journalistikk: For gode journalistar skal ikkje nokon veg til erkjenning stå uprøvd. Slik tenkjer me også når me sensurerer reportasjane som studentane skriv der ute på reise: Har dei kunnskap? Har dei tolka rimeleg rett? Har dei møtte andre med slik respekt at dei har fått kontakt? Har dei lytta? Har dei brukt alle sine sansar? Kan dei omsette kjenslene sine i ord som fangar eller formidlar opplevingane? Lukt, farge, lyd, kunnskap, bredde, innsikt, empati… har dei vore heile menneskje?

Viss det er slik at ingen vegar til erkjenning om røyndomen kan vere uprøvd for gode journalistar, kan heller ikkje den som forskar på journalistikk ta seg råd til å ignorere nokon av desse vegane til erkjenning – lukt, farge, lyd, kunnskap, bredde, innsikt og empati er naudsynt, på lik line med teori, akkurat på same måten som for journalistar. Det kan altså ikkje vere nokon prinsipiell skilnad mellom god journalistikk og god forsking på journalistikk, i alle fall ikkje viss forskaren ynskjer å seie noko om heile det arbeidet som journalisten har gjort.

Eg meiner at det er naudsynt å tenkje grundig gjennom kva me meiner med teori og kunnskap i både journalistutdanninga og forskarutdanninga. I dag er det (teoretisk sett) fullt mogeleg å ta ein treårig bachelor i journalistikk med berre nokre få timar i veka som gjev det me kan kalle breiddekunnskap, og sjølv då vert omgrepet «kunnskap» ofte redusert til å tyde «kunnskap om journalistikkfeltet». Deretter kan ein gjennomføre eit masterstudium i journalistikk nesten kjemisk fritt for kunnskap og innsikter frå fagfelt utafor vårt eige. Er studenten heldig, kan ho gå vidare til ein PhD i medievitskap, også den utan mykje obligatorisk undervisning i «kunnskap». Utviklinga er i tråd med ein trend i mykje akademisk utdanning no for tida. Faren er at me vert meistrar til å føre teoretiske resonnement med endelause litteraturlister, der me siterer kvarandre så ofte at me let oss overtyde om at det må vere sant, det me seier. Men me treng også, og kanskje mest av alt, systematisk kunnskap i breidda, i alle fall nok til å kunne starte ein hermeneutisk tolkingsprosess som stimulerer til læring.

Referanser

Archer, M. S. (1995). Realist social theory : the morphogenetic approach. Cambridge ; New York: Cambridge University Press.

Baumberger, B. E., & Slaatta, T. (2011). Norsk oljejournalistikk – Statoils utenlandsvirksomhet som trans-nasjonalt nyhetsbeite. Norsk medietidsskrift, 18(01), 41–56.

Bhaskar, R. (2008). A realist theory of science. London: Routledge.

Bhaskar, R. (2009). Scientific realism and human emancipation. London: Routledge.

Bhaskar, R., & Hartwig, M. (2010). The formation of critical realism : a personal perspective (1st ed.). New York: Routledge.

Chalmers, A. F. (1999). What is this thing called science? (3rd ed.). Indianapolis: Hackett Pub.

Dahl, O. (1986). Problemer i historiens teori. Oslo: Universitetsforlaget.

Danermark, B. (2002). Explaining society : critical realism in the social sciences. London ; New York: Routledge.

Fairclough, N. (2005). Peripheral Vision. Organization Studies, 26(6), 915–939. doi: 10.1177/0170840605054610

Feyerabend, P. (2010). Against method. London: Verso.

Habermas, J. (1969). Vitenskap som ideologi. Oslo: Gyldendal.

Hanstad, D. V. (2010). Forskjeller mellom journalistikk og forskning. Norsk medietidsskrift(02), 121–133.

Publish What You Pay Norway. (2009 ). About Publish What You Pay Norway (PWYP Norway) Retrieved 30.04., 2011, from http://www.publishwhatyoupay.no/about-pwyp-norway/about-publish-what-you-pay-norway-pwyp-norway

Schudson, M., & Anderson, C. (2009). Objectivity, Professionalism, and Truth Seeking in Journalism. In K. Wahl-Jorgensen & T. Hanitzsch (Eds.), The Handbook of journalism studies (pp. 88–101). New York: Routledge.