I nynorskens skog

Ottar Grepstad

Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010

Oslo: Det Norske Samlaget, 2010

I nynorskens skog er det lett å gå seg vill. Så er det eit spørsmål om Ottar Grepstad med si omfattande bok har gjort det lettare eller vanskelegare å ferdast i denne skogen. Og svaret? No ja, det er no litt sånn både og det.

På mange måtar er dette ei god og solid bok. Når ei bok sitt største problem er at den er for grundig og for omfattande, ja så er det utvilsamt eit mindre problem enn det motsette. Dette er eit svært prosjekt. Bakside-teksten fortel to ting: Den fortel at her skal det svarast på det meste:

Kven redigerte Dølen når A. O. Vinje var på reise i inn- og utland? Korleis gjorde gjestene på kaffistovene det mogleg å setje i gang den eine avisa etter den andre? Kvar blei det av draumen om storavisa? Og kva skreiv redaktøren som tykte hennar eiga avis var for einsidig?

Altså: Store spørsmål, små spørsmål, laust og fast. Her får me det aller meste, frå Dølen. Eit Vikublad ser dagens lys 10. oktober 1858 (vel, for så vidt før det også) til nynorsk på internett. Særleg den tidlege epoken, då dei som skreiv i dei første avisene – eller «blada» – «…skreiv med språket som innsats» (s. 28) er detaljert og solid omhandla. Og samtidig blir kan henda omtalen av alle dei som verkeleg var med og redigerte Fedraheimen (1877–91) i overkant detaljert (s. 45–51).

Boka fortel også at…»Dette er historia om nynorskpressa som skilde seg ut, blei integrert i mediesamfunnet og etter kvart gjorde nynorsk til eit alminneleg språk.» I dette ligg det at Grepstad forsøker å definera nynorskpresssa som eitt fenomen gjennom historia, trass i – som han klart og greitt seier sjølv – at fenomenet må seiast å ha gått gjennom klare hamskifte gjennom historia. I 1970-åra, fortel Grepstad, kom det svært mange nye lokalaviser på nynorsk:

På papiret kunne det styrkje ein nynorsk fellesskap avisene imellom. Slik gjekk det ikkje. Nokon førestelt fellesskap innanfor det nynorske tykte ikkje Åsmund Berthelsen og Magni Øvrebotten i Dølaposten at dei var del av. Dei hadde nok med å få ferdig kvart nummer i tide. Den profesjonaliseringa desse to journalistane var ein del av, dempa det nynorske blikket i redaksjonane, sjølv om det aldri var tvil om kva språk ei avis skulle redigerast etter.

I min barndomsheim var det som eit moralsk imperativ etter Hans Aarnes (s.209) at det å lesa aviser var nødvendig for å veksa opp til skikkelege, danna vestlendingar – og nordmenn, men det var aldri eit fokus på at fleire av avisene var på nynorsk, det var først og fremst fordi dei var aviser. Her ligg det ein prosess bak, frå ei tid der det å skriva Aasen sitt språk og nynorsk i stadig nye avisprosjekt var sjølve Prosjektet, til ei tid der det handlar om å gi nyhende og annan informasjon frå lokalmiljø – i stor grad på nynorsk. Men i dag er det større fellesskap mellom lokale fådagarsaviser, uavhengig av språkform, enn det er mellom «nynorskaviser». Dei samlar seg i Landslaget for lokalaviser, ikkje i mållagsforeiningar. Sagt på ein annan måte: «I 1900 trongst eigne aviser for at ein skulle få ytre seg fritt på nynorsk. Slik var det ikkje i 2010.» (s. 301) Og i 1920 blei det seriøst drøfta å gjera det til ei plikt for målfolk å halda eit nynorskblad, det er framandt i 2011.

Den klart sterke sida er at Grepstad i alt sitt grundige arbeid faktisk fortel om denne prosessen. Samtidig er det spørsmål om han ikkje går seg vill i nynorskens skog undervegs. Det gjer han i så fall på to måtar: Den første reiser nettopp spørsmålet om kor vidt han tydeleg nok ser det hamskiftet han faktisk fortel om. Den andre måten å gå seg vill på i nynorskens skog er eit vell av detaljar. Eit døme som fortel litt om begge deler er det når Grepstad vitjar mediesenteret til NRK i Førde (s. 277), eit tema som har med prosjektet å gjera fordi det handlar om nynorsk og sjølvsagt har sin relevans på den måten, men som på den andre sida handlar lite om aviser.

Sjølv om djevelen bur i detaljane, så er det naturlegvis både faglege poeng og gode anekdotar å finna i dei same:

Språkføringa kunne jamvel styrast gjennom gåver. Dag og Tid hadde i si tid fått ein frankeringsmaskin med namneforma Noreg. Vilkåret var at avisa alltid skulle bruka dette landsnamnet og ikkje skrive Norge. Dukka det ordet opp i spaltene, var givaren rask til å ringje. Medarbeidarane skreiv regelfast Noreg, men ein gong glapp det for Åsmund Forfang. Disponent Kjerland tok han til side og sa på sitt beste djevelsk smilande vestlandsvis: ’Du skjønar det, Åsmund, at dersom du berre skriv Noreg, kan du skrive alt anna akkurat som du vil!’ Forfang så gjorde.

For kva er no nynorskaviser og kva er no nynorsk, sånn eigentleg? Sjølv har eg rekna meg som nynorskbrukar all tid, ja til og med på universitetet har eg klart å unngå bokmålsforbanninga. Men eg har alltid hatt problem med –heit- endingar og eg har alltid skrive «Norge», ikkje «Noreg». Eg har såleis sympati med den særmerkte nynorsk-redaktøren Albert Joleik sin parole frå 1938: «Skjit i rettskriving!» (s. 221)

Skita i rettskrivinga, det gjorde ein ikkje i skulen. «Få faktorar har hatt meir å seie for utviklinga i talet på nynorskbrukarar enn mengda av nynorske skulekrinsar i grunnskulen.» (s. 161) Då eg tok til i skulen, i 1974, fekk samstundes skulen min den første bokmålsklassen i historia. Det varde nokre år, så tok nynorsk over – igjen – heilt og fullt. Og heime vaks eg opp med Gula Tidend. Det kjekkaste i Gula Tidend, var skjemtespalta, som bror min klipte ut og limte inn i ei samlebok. Dette var, naturlegvis, i Gula-Per – Per Håland – si redaktørtid. Per Håland er berre ein av svært mange aktørar som er nemnt – og til dels grundig omtalt – i Grepstad si bok. Og det er ikkje berre djevlar i detaljane, det er også gullkorn:

På kort tid blei han berre heitande Gula-Per: skarp i replikken, glad i motstand, respektlaus i omgang med maktutøving. ’Om eg får plassert ei velforma setning, så er det det same kven det går ut over’. (s. 176)

Ofte fortel ein bakside-tekst noko om kven ei bok er tenkt for, denne gjer det ikkje. Mest av alt fortel lesar-rettleiinga (for det er vel det ho er, innleiinga?) «Til lesaren» at dette skal handla om alt. Det er eit sakn etter endå klarare val undervegs. I mi lesing skifta eg såleis mellom at denne boka må vera obligatorisk for alle sidemåls-mislikarar i ungdomsskule og vidaregåande skule og til at ho slett ikkje må vera det. Dag og Tid er rimelegvis gitt god plass, svært god plass. Eg skulle gjerne høyrt meir om alle meldarane si rolle i den nynorske pressa, ikkje berre om dei store mennene (og nokre kvinner).

Alt det grundige er servert i eit framifrå nynorsk, det skulle jo berre mangla. Ein del innleiingar er til dømes levande laga til, som når Grepstad fortel om vårdagen i 1936 då Jon Fatnes frå Hjelmeland i Ryfylke kom durande nedover Hallingdal med motorsykkelen sin – under overskrifta «Ein vestlending til Ål stasjon» (s. 165).

Grepstad posisjonerer seg også på svært gode vis, innimellom. Til dømes gjer han det i omtalen av Aasmund Olavsson Vinje sin journalistiske innsats (s. 38): «Det som stemmer, er at han vandra høgt og lågt og langt for å kunne skrive om alt og alle.» Grepstad gjer også eit godt poeng av korleis ei nynorsk pressehistorie skil seg frå den allmenne, til dømes fordi det å vera uavhengig blei uttrykt klarare og tidlegare i den nynorske delen (s. 146). Partitilknytinga var i stort monn til Venstre og den var temmeleg lauseleg i mange tilfelle.

Det er på sin plass også å nemna at denne boka har solide oversikter som vedlegg, inkludert særs god kjeldeliste og noteapparat.

Ein vanleg inndeling av aviser er dekningsområde og frekvens: nasjonalt, store byar, lokale dagsaviser og lokale fådagarsaviser. Denne typologien blei utvikla av Sigurd Høst for Dagspresseutvalet i 1990. I ein språkdelt kultur som den norske vil denne typologien få endå større verdi viss den blir kombinert med kategorien språk (s. 15).

Ein kunne til og med sagt at den blir rikare. Og rikare er utvilsamt vår forståing av «nynorskavisene» blitt med Ottar Grepstad si bok.