Erfaringar med Nye fjernsynserfaringer

Barbara Gentikow

Nye fjernsynserfaringer. Teknologi, bruksteknikker, hverdagsliv

Kristiansand: Høyskoleforlaget

Tysdag fjerde mars 2008 blei digitaliseringa av det norske bakkenettet for fjernsyn markert for alvor, den dagen blei det analoge nettet skrudd av i Rogaland. Ved årsskiftet 2009/2010 var heile Noreg sitt bakkenett for TV digitalt. Barbara Gentikow ser på digitaliseringa av fjernsynet i Noreg som ein radikal overgang som fører til “dyptgående endringer av fjernsynet også i et økonomisk og kulturpolitisk perspektiv», som ho skriv i forordet til boka Nye fjernsynserfaringer. Boka utforskar desse endringane og ser på brukarane sine erfaringar med fjernsyn både som teknologi og som ei kulturell form i overgangen frå tradisjonelle til nye distribusjons- og resepsjonsteknikkar.

Den første delen av boka gjer mellom anna greie for målet med boka og metoden for å utforske «nye fjernsynserfaringer». Gentikow presiserer at ho ikkje er ute etter å gi vitskapleg funderte prognosar om fjernsynets framtid, men heller eit situasjonsbilete frå tida rundt overgangen frå analogt til digitalt fjernsyn. Datamaterialet som er brukt for å gi dette biletet er i hovudsak tre intervjustudiar gjorde mellom 2004 og 2007 og i tillegg ein del kvantitative data og noko observasjon.

I den første studien deltok 45 informantar som blei intervjua ansikt til ansikt og på e-post. Den andre studien hadde 32 deltakarar som blei intervjua og som fylte ut korte spørjeskjema. I den siste studien svarte 205 skuleelvar på spørjeskjema i tillegg til at 20 av desse blei intervjua. Dei tre rundane er gjennomførte i samarbeid med ulike forskarar og masterstudentar.

Som Gentikow sjølv poengterer er datamaterialet ein noko tilfeldig kombinasjon av tre studiar med ulike tema, ulike intervjuarar og ulike settingar. Dette gir eit materiale som strengt tatt ikkje er samanliknbart.

Gentikow ser på bruk av fjernsyn som ein «kulturteknikk» og dette omgrepet er eit viktig teoretisk utgangspunkt for boka og blir drøfta i del ein. Omgrepet er inspirert av mellom anna Friedrich Kittler og fleire ved Hermann von Helmholtz-Zentrum für Kulturtechnik ved Humboldt-universitetet i Berlin. Stikkord for tilnærminga er å sjå på fjernsynsbruk som ein sosial og kulturell praksis.

Den andre delen av boka ser på brukarane sitt forhold til fjernsyn, både på korleis fjernsyn blir brukt og kva gleder og irritasjonar fjernsynstitting gir. For meg er denne delen eit høgdepunkt, der Gentikow sin metode gir spennande data. Informantane teiknar eit bilete av sitt forhold til fjernsyn som både er underhaldande, engasjerande, gjenkjennbart og ikkje minst gir innsikt å lese.

Det mest interessante for meg er det konfliktfylte bilete dei som er med i boka gir av å sjå TV. Fleire informantar seier dei ser store mengder TV kvar dag, men innrømmer i same slengen at det dei ser på ofte opplevast som dårleg og uinteressant og i tillegg stel tid. Gentikow viser her korleis både ei form for avhengigheit og faste vaner pregar mange sitt forhold til det å sjå TV. Boka gir også eit godt innblikk i korleis fjernsyn blir brukt til avslapping og «sløving».

Det kontrastfylte og fasetterte bilete Gentikow her gir av korleis vi både elskar og hater våre TV-apparat er fascinerande og viser styrken til den kvalitative metoden forfattaren har brukt.

Den tredje delen av boka ser på ny og tradisjonell fjernsynsteknikk og på nye tenester som blir leverte gjennom den digitale teknikken. Gjennomgåande har mange av informantane lite kunnskap om den nye digitale teknologien, men dette kan henge saman med at dei er intervjua i perioden 2004-2007. Haldninga til nye digitale tenester som filmleige, radio gjennom tv og elektroniske programguider (EPG) er også prega av mangel på interesse frå informantane. Muligheitene for å forskyve TV-titting på ulike måtar er noko som vekker større interesse hos informantane, sjølv om det ikkje nødvendigvis fører til at dei bruker denne muligheita i stor grad.

I del fire ser Gentikow mellom anna på korleis ulike typar interaktivitet kan fungere i TV-verda. Som ho lakonisk skriv om kapitlet om interaktivt TV så er det «relativt kort» og ho konkluderer med at interaktivt TV (ITV) ikkje har slått gjennom. Med interaktivt TV meiner ho her ein type teknologi der TV-sjåaren til dømes kan påverke handlinga i ein film, spele eller til og med utføre banktenester. Informantane viser lite interesse for dette. Også haldningane til sjølv å bidra til TV-program er i stor grad negative. Slike bidrag kan vere å sende inn SMS-ar eller produsere eige videoinnhald. Del fire ser også på TV på nye plattformer som mobil og pc.

I nest siste delen av boka handlar det om internett og om framtidas fjernsyn. Informantane viser mellom anna ei haldning til å sjå fjernsyn og bruke pc og som ulike ritual eller forskjellige handlingar med kvar si ramme. Mange er skeptiske til å sjå TV på ein pc, men andre har gode erfaringar med å kople pc-en til TV-skjermen og slik smelte saman dei to. Nokre få har også gått heilt over til å berre sjå fjernsyn på dataskjermen, som ei 13 år gammal jente blant informantane: «Jeg ser dessverre ikke på TV, det er bare kjedelige ting på den.» Hovudtendensen er likevel at fjernsyn har funksjonar mange set pris på i forhold til pc-ar og internett og at tradisjonell fjernsynssjåing står sterkt.

Når informantane skal seie noko om framtidas fjernsyn er det delvis ønske om tekniske forbetringar av utstyr dei skildrar. Men enkelte er også opptekne av andre måtar å velje innhald på. Tanken om å kunne velje i ein stor database av ulike programtilbod blir til dømes fremma av nokre av informantane. Gentikow finn få teikn som tyder på at fjernsynets død står for døra og at tradisjonell passivitet blir bytta ut med utstrekt interaktivitet når det gjeld bruken av fjernsyn.

Den avsluttande delen av boka summerer opp funna frå dei empiriske studiane og ser på forholdet mellom teknologiske endringar og kulturell og sosial utvikling. Gentikow sjølv trekk fram eit interessant funn: at mange som ser på fjernsyn framleis set pris på den tilbakelente og passive måten å bruke TV-apparatet på. Det er ikkje nødvendigvis slik at den moderne mediebrukar ønskjer at alle medium skal være personlege og interaktive. Barbara Gentikow skil mellom ulike typar TV-brukarar og gjer eit hovudskilje mellom konservative og eksperimenterande brukarar. Den konservative brukaren er den dominerande typen og held fast på denne «gammaldagse» måte å bruke TV på.

Mine erfaringar med Nye fjernsynserfaringer er på dei aller fleste område gode. Boka er logisk og klart strukturert, velskriven og grundig. Særlig i dei passasjane der informantane får prege teksten med sine utsegn gir boka eit djuptgåande innblikk i våre haldningar til TV-bruk, eit innblikk som supplerer og nyanserer resultat frå meir kvantitativt retta TV-forsking.

Mine hovudinnvendingar til boka er to. For det første gir kulturteknikk-tilnærminga meg lite som lesar, eg ser ikkje teorien klart nok igjen i analysen og opplever ikkje at teorien løfter gjennomgangen av det empiriske materialet tydeleg nok. Gentikow bruker også i nokon grad Everett Rogers og hans diffusion of innovations-teori til å belyse stoffet sitt. Andre har gått vidare på hans arbeid, som Geoffrey A. Moore. Clayton M. Christensen har på si side forska på såkalla disruptiv teknologi. Begge desse kunne vore interessante teoretiske bidrag til Gentikow sine analysar.

For det andre stiller eg spørsmål ved om den perioden Gentikow har valt å gi eit tidsbilete av verkeleg er så viktig som ho sjølv gir uttrykk for når det gjeld vårt forhold til fjernsynsbruk. I etterpåklokskapens laserklare lys meiner eg denne perioden i eit slikt perspektiv ikkje er så omveltande som boka i starten legg opp til. Eg ser personleg langt meir fram til ei bok som dekkjer perioden 2010–15 der sentrale stikkord kanskje blir veksten til YouTube og VGTV, Netflix og liknande selskap, framveksten av nettbrett og smarttelefonar som tv-plattformer, 3D-teknologi og sterkare integrasjon mellom sosiale medier og TV.

Gentikow er sjølv inne på dette: «...om det som skjer med fjernsynet i denne fasen var en revolusjon, kan, paradoksalt nok, først senere generasjoners forskere fastslå eller avkrefte.»

Den som lever får sjå (på fjernsyn).