Seriøs kritikk av lokaljournalistikk

Birgit Røe Mathisen (red)

Lokaljournalistikk. Blind patriotisme eller kritisk korrektiv?

Kristiansand: IJ-forlaget 2010

Ein dag sist veke talde eg opp ikkje mindre enn seks bilete av ordføraren i lokalavisa mi. Det er neppe heilt representativt, men heller ikkje utypisk. Ei utgåve utan eitt eller fleire ordførarbilete er sjeldan. Mange lesarar synest sikkert – som meg – at det i periodar blir i meste laget med slikt, men eg kjenner likevel ingen som har sagt opp avisa pga. einsidig og fantasilaus kjeldebruk. Lokalavisa må vi berre ha, uansett.

Overdriven ordførarfokus er nok litt av forklaringa på at journalistikken i lokalavisene slit med låg prestisje og dårleg rykte. Det offentlege ordskiftet om dagens journalistikk tar nesten alltid utgangspunkt i saker og vinklingar frå dei såkalla riksmedia, og i den grad lokaljournalistikken blir sett på dagsorden, er det gjerne med påstandar om at han er ukritisk, overflatisk og lite profesjonell. Og spør ein journaliststudentar om kvar dei helst vil byrje etter endt utdanning, er det få som oppgir «lokalavis» som sitt førsteval.

Dette bør dei revurdere. Det hevdar i alle fall Birgit Røe Mathisen i antologien Lokaljournalistikk. Blind patriotiske eller kritisk korrektiv? Ho leverer her eit sterkt forsvar for denne delen av det norske medielandskapet, og framhevar lokalavisredaksjonen som ein glimrande arena for å lære det grunnleggande handverket og å få variert praksis. Boka opnar dessutan med følgjande friske påstand: «Lokalmediene representerer den viktigste, men samtidig ofte undervurderte ryggsøylen i den norske medievirkeligheten».

Dette har Mathisen rett i, og det er på høg tid at vi får ein grundig og balansert presentasjon av journalistikken i lokalavisene, som utgjer ein så stor del av avisfloraen. Av landets ca 225 aviser kan så mange som 200 klassifiserast som lokalaviser. Vel 140 av dei er fådagsaviser med ei til tre utgåver i veka, resten er større eller mindre dagsaviser.

Det blir gjerne hevda at det journalistiske handverket er det same i små og store aviser. Samfunnsoppdraget kan også oppsummerast med dei same stikkorda om «kritisk korrektiv», «uavhengig vaktbikkje», «informasjonskanal» og «debattarena». Men det er like opplagt at lokalavisene har ein annan funksjon enn dei store regionavisene og riksavisene. Dei spelar ei viktigare rolle som identitetsskaparar og talerør i sine lokalsamfunn, og dette gir dei heilt spesielle utfordringar som berre sporadisk blir belyst og problematisert i debatten om dagens journalistikk.

Her kjem Birgit Røe Mathisen sin antologi inn som eit viktig bidrag. Ho har bakgrunn som lokalavis- og frilansjournalist, og for fire år sidan leverte ho masteroppgåva Lokalsamfunnets lim og lupe? Lokaljournalistikken analysert i eit sentrum-periferi-perspektiv (UiO 2007). Utgangspunktet for denne oppgåva var ein analyse av journalistikken i fire lokalaviser i Nord-Trøndelag og Nordland, basert både på ein kvantitativ analyse og intervju med eit utval informantar. Den boka som blir omtala her byggjer på dette arbeidet, og har dermed eit empirisk og teoretisk grunnlag som gir framstillinga stort truverde.

Mathisen har skrive seks av dei ti kapitla sjølv. Ho innleier med ei kort innføring om det norske avislandskapet og om grunnlaget for dagens mediepolitikk, inkludert argumentasjonen for pressestøtta. Deretter drøftar ho dilemmaet lokalavisene har i målsetjinga om å vere både «lim og lupe» i sine lokalsamfunn. Dette slagordet blir mykje brukt av lokalavisfolket sjølve, og her blir utfordringa med motsetnadsfylte forventningar konkretisert med døme og empiri frå masterprosjektet. Vidare skriv ho om journalistiske metodar i lokaljournalistikken og om ei konkret sak frå ei av dei analyserte lokalavisene.

Deretter blir to saksområde omtala spesielt. Reidun Kjelling Nybø skriv om helsejournalistikk i små lokalmiljø og Mathisen sjølv om utfordringane ved å dekke saker frå lokalt næringsliv. Boka blir avslutta med tre kapittel av andre forfattarar: Bjørn Brandt skriv om korleis journalistar kan og bør bruke offentleglova og postjournalar, Ole Petter Pedersen greier ut om kommuneøkonomi, og Dag N. Kristoffersen skriv om «Den regionale utfordringen».

Dei to første av desse er greie påminningar og innføringar i emne som også journalistar i lokalavisene bør kjenne til, men er elles litt på sida av det eg oppfattar som boka sitt hovudtema: ei drøfting av dei særeigne utfordringane for denne avistypen. Det siste emnet er meir spennande i så måte. Kristoffersen peikar her på to kryssande tendensar: Stadig meir av forvaltninga blir flytta frå lokalt til regionalt nivå (t.d. helsestell og samferdsle), medan lokalavisene i stadig større grad konsentrerer seg om lokalstoff frå kjerneområdet og skriv mindre om regionale saker. Dette kan gi eit demokratisk underskot med manglande mediemerksemd på viktige arenaer.

Boka er velskriven og lettlest, og særleg den delen som er skriven av Birgit Røe Mathisen sjølv har ei tydeleg og engasjert forteljarstemme. Dei stadige krysstilvisingane mellom dei ulike kapitla tyder også på at heile manuset i denne antologien er godt gjennomarbeidd.

Det meste spennande med denne boka er den grundige drøftinga av det grunnleggande lim- og lupe-dilemmaet i lokaljournalistikken. Birgit Røe Mathisen dokumenterer godt den vanskelege balansegangen mellom det ideale kravet om å vere kritisk og uavhengig, og forventninga frå publikum, forvaltning og næringsliv om å vere patriot. Ho oppsummerer eigen empiri slik: «Innholdsanalysen av de fire lokalavisene viser at patrioten er sterkere enn kritikeren. Dette kan tolkes som en lokalavisjournalistikk delvis i strid med journalistenes egen rolleoppfatning. Journalistene holder fram det kritiske yrkesidealet, men det er ikke det som i størst grad preger innholdet i lokaljournalistikken» (s. 82).

Det er også bra at boka ikkje berre omtalar og belyser dette dilemmaet frå ulike teoretiske perspektiv. Dei mange konkrete døma presenterer moglege tilnærmingar til vanskelege saker, og lesaren blir stadig minna om dei grunnleggande, allmenne journalistiske arbeidsmåtane.

Det går ikkje fram av føreord eller omslag kven denne antologien er skriven for, men det er nærliggande å sjå på dette som ei lærebok eller handbok først og fremst for journaliststudentar eller andre nybyrjarar i faget. Teksten sine stadige tiltalar av typen «til deg som er ny og fersk lokaljournalist...» gir tydelege signal om det. Men boka fortener også eit breiare publikum. Tilsvarande drøfting med så tydeleg lokalavisperspektiv er ikkje gjort før i Norge, og etablerte avisfolk bør ta med seg problemstillingar og døme herifrå som utgangspunkt for vurdering av etablert praksis – som i mange høve kanskje går litt for mykje på autopilot.

Her kunne Birgit Røe Mathisen godt ha spissa utfordringa til lokalavisene meir enn ho gjer. For sjølv om mange lokalaviser er gode – særleg sett i forhold til tilgjengelege ressursar - er det også mange av dei minste avisene som etter alt å døme er dårlege som journalistiske produkt. Stikkord her kan vere ukritisk einkjeldejournalistikk og patriotisk tekstreklame. Journalistikken mange stader er også «gammaldags» i den forstand at både tematikk, vinkling og utforming er prega av gammal vane og kanskje interessene til den mannlege redaktøren på femti pluss.

Tida ungdom brukar på avislesing har som kjent gått kraftig ned dei siste åra, men så lenge opplaget er stabilt og økonomien nokolunde grei, bryr ein seg ikkje med å utvikle produktet med tanke på behova og vanane til morgondagens lesarar og abonnentar. Birgit Røe Mathisen er inne på akkurat desse problemstillingane i innleiingskapitlet, men dette blir ikkje følgt opp seinare. Ikkje i denne boka, i alle fall.

I denne antologien brukar forfattarane konkrete døme og funn frå både eigne og andre sine undersøkingar, men har elles ikkje ambisjon om å seie noko generelt – eller spesielt - om den journalistiske kvaliteten på dagens lokalaviser. Endring i mediebruk og framvekst av nye lokale kommunikasjonskanalar er heller ikkje presentert spesielt grundig. Slike innfallsvinklar ville krevje eit heilt anna empirisk og metodisk grunnlag.

Det eg tolkar som denne bokas hovudprosjekt er å løfte fram og drøfte dei spesielle faglege og etiske utfordringane lokalavisene møter i sin kvardag. Interesseorganisasjonen Landslaget for lokalaviser og bransjen elles er også opptatt av dette, men dei er i større grad part i saka. Den svært problematiske motsetnaden i «lim og lupe»-slagordet kan difor lett bli undervurdert, eller i alle fall underkommunisert. Det same kan skilnaden mellom journalistisk praksis i små og store aviser. Birgit Røe Mathisen tar desse problema på alvor, og ho og hennar medforfattarar drøftar dei på ein grundig måte med utgangspunkt i både teori, empiri og eigne erfaringar.

Lokalavissjangeren «ordførar- og rådhusjournalistikk» vil nok bestå, men det er å håpe at han kan bli litt redusert og nyansert. I alle fall i mi lokalavis. Ei påminning om korleis journalistar og redaktørar kan og bør bedrive god journalistikk i dei minste avisene er uansett betimeleg. Det same er drøftinga av lokalavisene si rolle i den norske offentlegheita. Birgit Røe Mathisen sin antologi Lokaljournalistikk. Blind patriotisme eller kritisk korrektiv? gir viktige bidrag til begge desse debattane.