Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Operakrig på kultursidene –– Ein analyse av Bergens Tidende si dekning av «operasaken» 2005 til 2008

Joachim Svanhildarson Laberg, vitenskapelig assistent Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB E-post: joachim.svanhildarson.laberg@infomedia.uib.no

Abstract

This article shows how the newspaper Bergens Tidende takes a news and conflict oriented approach in its coverage of opera in Bergen. In an ongoing conflict, journalists tend to favour one particular party, which is a situation that can be seen as problematic when it comes to questions regarding journalistic professionalism, ethics and objectivity. My conclusions are based on content analysis of all the articles published on the subject between 2005 and 2008, and on interviews with two journalists and four employees of the opera company.

Keywords: cultural journalism, journalistic professionalism, opera and the press

Det skal handla om Bergens Tidende si operadekning, og me skal få innsyn i ein konfliktorientert kulturjournalistikk. I det som har vore langvarige og fundamentale kunstnariske og kulturpolitiske usemjer i det bergenske operamiljøet, har avisa hatt som mål å avsløra eit politisk spel. Resultatet vart eit einsidig mediedrama der konflikt vart viktigare enn forklaring, og der miljøet kring Den Nye Opera vart behandla som skurken medan miljøet kring Vest Norges Opera og Opera Bergen vart tildelt ei offerrolle, og såleis beskytta. Denne artikkelen gir ein analyse av dekninga, perioden 2005–2008, då konfliktane verkeleg spissa seg til.

Pressa, konfliktar og opera

Konfliktar har vore ein del av det bergenske operamiljøet omtrent like lenge som det har vore operaproduksjon. Konfliktane har på den eine sida handla om økonomiske og organisatoriske utfordringar, som kampen om økonomisk stønad, om oppretting av nye operaselskap, og om å få status som regionopera på Vestlandet. På den andre sida har konfliktane handla om skilnader i kunstnariske ambisjonar, som bruk av amatørar kontra profesjonelle utøvarar og eigenproduksjon kontra import. Dei stridane partane, med miljøet kring Vest Norges Opera og Opera Bergen på den eine sida og Opera Vest og Den Nye Opera på den andre, har stått mot kvarandre med ulike visjonar, både i kunst- og politikkspørsmål.

Bergens Tidende (BT) ved kulturredaksjonen publiserte i perioden 2005–2008 250 artiklar om operamiljøet i Bergen. Det var dei organisatoriske og kulturpolitiske usemjene og utfordringane i miljøet BT fann det mest relevant å dekka, og min konklusjon er at dekninga var sterkt prega av eit redaksjonelt standpunkt om å verna om den eine parten i konflikten. Journalistane meinte nemleg at det var riktig, etter journalistiske yrkesprinsipp, å ta parti med det dei såg som den svake parten, og å retta eit kritisk blikk mot det dei meinte var den sterke part.

Denne artikkelen skal dokumentera korleis BT si operadekning var konfliktorientert med ei tydeleg slagside, og diskutera den logikken og yrkesideologien som har prega dekninga.

Kulturjournalistikk i medieforskinga

Med eit kritisk fokus på kva som vert tema for kulturjournalistikken og korleis dette vert handsama, føyer denne teksten seg inn i ein forskingstradisjon oppteken av journalistisk kvalitet. Innanfor kulturjournalistikkforskinga er Jo Bech-Karlsen (1991), Cecilie Wright Lund (2000, 2005) og Karl Knapskog og Leif Ove Larsen (2004, 2008b) dei større bidraga siste åra som har kasta lys over dette emnet. Forfattarane har studert ulike utval kulturjournalistiske tekstar i ein historisk kontekst, med fokus på kva som vert tematisert og korleis dette vert handsama. Bech-Karlsen og Wright Lund har likevel møtt kritikk både for sitt fokus og sine konklusjonar. Knapskog og Larsen, med fleire, har nemleg både i 2004 og i 2008 problematisert og dels attendevist dei to fyrstnemnde sine framstillingar av kulturjournalistikken som ei «forfallshistorie» (Knapskog og Larsen 2008a:12, 2008b, 2004; Knapskog 2004). Samstundes har dei to sistnemnde også teke til orde for eit fokusskifte i kulturjournalistikkforskinga, ved å gå vekk frå det normative og i staden studera kulturjournalistikken som ein sentral del av den kulturelle offentlegheita. Dei meiner spørsmålet ein bør stilla er korleis vår omgang med kulturelle tekstar spelar ei rolle for vår deltaking i den politiske offentlegheita, i «identitets- og opinionsdanning og [i] samfunnsoppfatning og -engasjement» (Knapskog og Larsen 2008:13ffa, 2004:12).

Bøkene og antologiane det her er snakk om handsamar eit bredt spekter av ulike emne. Det er samstundes tydeleg at casestudie som analyserar forholdet mellom pressa og utvalde kulturinstitusjonar og kulturaktørar er i mindretal. Det er difor som empirisk casestudie av slike forhold denne artikkelen er meint å vera eit bidrag til kulturjournalistikkforskinga, og journalistikkforskinga elles.

Utveljing og metode

For å få ei oversikt over BT si dekning av operamiljøet i Bergen vart ein tiårsperiode i fyrste omgang vald ut, der alle dei 541 artiklane BT hadde publisert om emnet frå januar 1998 til mai 2008 vart lesne. På bakgrunn av dette vart det vidare føreteke ei utsortering (2005–2008) som vart nærlesen og analysert. Denne perioden vart plukka ut fordi det var i 2005 at operaselskapet Den Nye Opera vart oppretta, og at konfliktane i det allereie polariserte operamiljøet i Bergen spissa seg til. At innsamlinga vart stogga våren 2008 skuldast at det var på dette tidspunktet eg av tidsmessige årsaker måtte setja punktum for artikkelinnsamlinga. Samla sett har me då å gjera med 250 artiklar.

Metoden nytta er kvalitativ innhaldsanalyse kombinert med kvalitative forskingsintervju. Tolkingane av avisartiklane byggjer i stor grad på teorien om at nyhende er ein sosial konstruksjon som blir til gjennom institusjonaliserte metodiske tilnærmingar (Eide 1992:22). Journalistar skapar nyhende, ikkje i fremste rekkje ved å vera ein portvakt eller ei sluse, men med yrkesspesifikke grep, der det å vinkla og fortolka, å velja overskriftar og ingressar, plukka ut intervjuobjekt og bestemma kva syn som skal dominera sakene, er ein sentral del av gamet (jamfør Eide 1992:47ff, 2005). For mitt vedkomande har dette medført at artikkellesinga i fremste rekkje har fungert som eit søk etter kven som har fått uttala seg, kva dei har fått uttala seg om, korleis dei ulike aktørane vart omtala og framstilt, og om einskilde synspunkt fekk lov til å dominera i dekninga. Funna vart vidare forstått som å seia noko om BT-journalistane sine synspunkt og profesjonelle og dramaturgiske grep (jamfør Eide og Hernes 1987). Det er ikkje med dette sagt at artiklane vart brukte som ein sikker indikator på visse redaksjonelle stadpunkt, eller at det har vore anvend ein naiv lesemåte der journalisten blir tillagt all makt over det journalistiske produktet. Poenget er at dei empiriske funna av kva som faktisk er skrive i saka, også dannar eit høveleg utgangspunkt for å studera dei redaksjonelle vala og standpunkta og den journalistiske dramaturgiske makta nærare.

For å ytterlegare kunna følgja opp eit slikt mål vart altså intervjumetoden nytta som eit naudsynt korrektiv og supplement til artikkellesinga. Dei to journalistane som hadde skrive mest om saka, Finn Bjørn Tønder og kulturredaktør Jan Landro, vart intervjua om dekninga og om deira synspunkt i saka. Intervjua varte i om lag to timar, og var lagt opp som eit semistrukturert intervju (jamfør Gentikow 2005:83; Østbye et al. 2002:102), men med ein detaljert intervjuguide. Intervjuguiden starta med ein del om journalistane si rolle i BT, etterfølgd av ein generell del om BT si operadekning. Deretter følgde ein lengre del der eg bad journalistane kommentera utvalde avisartiklar. Intervjuet vart avslutta med at eg bad journalistane kommentera informasjon henta inn under intervjua eg gjorde med operaaktørane (sjå under). Trass i ei frykt for at journalistane kunne vegra seg mot å vera for ærlege – særleg sidan BT kom noko dårleg ut i Ingrid Milde (2008) si undersøking av «bybanesaken», der ein særs openhjartig journalist var ei viktig kjelde – oppfatta eg journalistane som openhjartige, med ei vilje til å diskutera journalistiske utfordringar og dilemma.

I tillegg til å intervjua nemnde journalistar, vart også fire operaaktørar intervjua om saka, dekninga og deira forhold til BT. Intervjuobjekta vart valde etter kven som hyppigast hadde uttalt seg eller blitt omtalt i saka. Pål W. Lorentzen og Stein O. Henrichsen frå Den Nye Opera vart vald som representantar for den eine parten i konflikten, medan Anne Randine Øverby og Eva Grimstad frå Vest Norges Opera og Opera Bergen var valde som representantar for den andre sida.1

Intervjua med operaaktørane hadde same struktur som intervjua med journalistane, men det var eit metodisk interessant funn at operaaktørane såg ut til å ha eit behov for også å greia ut om saksforhold som låg utanfor råmene av mi problemstilling. Ofte gav dette meg nyttig tilleggsinformasjon, men det førte også til at intervjua vart svært lange og til tider marginalt relevante. To av intervjua varte i over tre timar. Den strukturerte og detaljerte intervjuguiden fungerte i så måte som eit godt hjelpemiddel til å halda intervjua relevante, trass i at både Gentikow (2005) og Kvale (1997) ser ut til å tilrå ein intervjuguide utforma meir som ei skisse i samband med semistrukturerte intervju.

Det er viktig å understreka at mine konklusjonar byggjer på både avisartiklane og intervjua. Med offentlege saksdokument som supplement, meiner eg at eg samla sett har hatt eit godt sakleg grunnlag for å vurdera BT si operadekning.

Krig i operaland

Åra 2005–2008 var prega av store omveltingar i operamiljøet i Bergen. Det heile byrja 31. august 2005 då det vart kjend at eit nytt bergensk operaselskap (Den Nye Opera) var under etablering. Den Nye Opera (DNO) skulle vera løysinga på konfliktane og samarbeidsvanskane i operamiljøet, der ein hadde Opera Vest (fokus på moderne opera) og regionoperaen Vest Norges Opera (VNO) og Opera Bergen (fokus på klassisk opera) på kvar si side med kvar sine visjonar. I tilskotsgivaren, Kulturdepartementet, sine auge vart det sett på som uheldig at ein i Bergen hadde eit fragmentert operamiljø. Det vart også betrakta som problematisk at regionoperaen VNO ikkje hadde fått til eit godt samarbeid med byens fire statlege kulturinstitusjonar (Grieghallen, Festspillene, Den Nationale Scene og Bergen Filharmoniske Orkester). Difor var det frå departementet si side hevda at økonomisk stønad til operamiljøet i Bergen ville utebli, med mindre aktørane lærte seg å samarbeida med kvarandre og med det øvrige kulturlivet (jamfør Stortingsmelding nr. 48 (2002–2003)).

Den Nye Opera, som vart skipa av dei fire overnemnde statlege kulturinstitusjonane (etter initiativ frå dåverande styreleiar i «Harmonien» Pål W. Lorentzen), skulle sikra at departementet sine krav vart etterkomne. Men nykomlingen møtte ikkje berre begeistring i det eksisterande operamiljøet. For kva rett hadde desse fire institusjonane til å oppretta ein alternativ regionopera bak aktørane i Vest Norges Opera sin rygg?

I følgje Anne Randine Øverby, tidlegare operasjef i VNO og mangeårig støttespelar og medlem i Opera Bergen, hadde dei ingen rett i det heile. Ho meinte prosessen i forkant av opprettinga var udemokratisk, og hevda endåtil at det heile berre var eit forsøk på å få fleire statlege kroner i kassa til dei fire initiativtakarane. Det handla ikkje om operakunst i det heile, meinte ho.2 På den andre sida hevda Stein O. Henrichsen, tidlegare operasjef i Opera Vest og noverande operasjef i Den Nye Opera, at dei fire initiativtakarane ikkje berre hadde rett til ei slik oppretting, dei var også pliktige i høve til råmevilkåra nedfelt i Stortingsmelding nr. 48 (2002–2003). Det høyrer med til historia at Opera Vest ganske umiddelbart starta ein fusjoneringsprosess med Den Nye Opera (DNO), medan miljøet kring VNO/Opera Bergen aldri vart inkluderte. I 2008 gjekk VNO konkurs, og i dag eksisterer Opera Bergen som ein eigen organisasjon utan band til Den Nye Opera.

Kritisk dekning

I kjølvatnet av desse hendingane som starta i 2005, følgde ein lang serie med avisartiklar i BT. Avisa, som har følgd operamiljøet sidan 80-talet, fann fenomenet DNO særleg interessant. I likskap med Øverby såg dei to journalistane som hadde skrive mest om saka (Jan Landro og Finn Bjørn Tønder) DNO som noko «udemokratisk», «tredd nedover det bergenske operamiljøet frå [Kulturdepartementet i] Oslo». Det var difor viktig for kulturredaksjonen å gje saka kritisk dekning:

Det er det naturlege når me altså har ein opera som er vedteken [VNO], og så kjem det ein ny [DNO], og det er i Oslo ein bestemmer det, og det er i Oslo ein gir føringa og seier det skal koma så og så mykje midlar til Vestlandet om de samarbeider. […] Då er det naturleg at me går inn og ser på den konflikten, og då er det naturleg å sjå på kva har hendt her. Er dette partipolitisk? Er det old-boy network? Kva er det for noko? Her har me fire statlege [institusjonar], […] Kva får desse igjen for dette? Får dei meir midlar til å laga meir teater på Engen, meir interessante produksjonar på Festspillene, meir reiser for Filharmonien? Er det eigentleg det det handlar om? Er det ein skjult agenda her? (Frå intervju med Finn Bjørn Tønder.)

Denne mistanken om ein skjult agenda som journalist Finn Bjørn Tønder her framset, samsvarar i stor grad med kritikken retta mot DNO frå miljøet kring Vest Norges Opera – hovudsakleg ved Øverby og tidlegare styreleiar Eva Grimstad (jamfør til dømes BT 1.9.2005, side 53 og BT 8.6.2006, side 94). Det som likevel skil Tønder si fråsegn frå kritikken framsett av dei to sistnemnde, er målet om å «sjå på kva som har hendt her». Altså det å driva undersøkjande journalistikk på saka.

Det interessante med denne ståstaden er ikkje målet i seg sjølv, men metodane BT brukte for etterkoma sine uttalte målsetjingar. For det er eit misforhold mellom målet om å driva undersøkjande journalistikk og den dekninga avisa faktisk gav. Det me fekk i staden for grave- og avsløringsjournalistikk var stort sett einsidig kritisk omtale av den eine parten (DNO) som i liten grad vart grundig forklart, og som ved fleire høve må kunna seiast å ha vore ufullstendig og moglegvis ikkje godt nok forankra i faktiske saksforhold. Eg meiner ein trygt kan slå fast at det ikkje var tale om ei avslørande dekning, men meir om ei svartmåling av DNO og deira aktørar og motiv, forkledd som avslørande journalistikk.

Lat oss sjå på nokre døme.

Ingen politiske avsløringar

Det er tydeleg at det er den politiske sida ved operasaka BT har sett det interessant å dekke på ein kritisk måte, og at det er i dei politiske miljøa (i samarbeid med sentrale kulturaktørar) at eit ureint spel skal ha funne stad. Intervju med politikarar på alle forvaltningsnivå, samt referansar til politiske møte, vedtak, dokument og tilrådingar, har såleis vore ein sentral del av dekninga, som har vore prega av denne type overskrifter:

«Fylket sa nei til Den Nye Opera» (BT 11.9.2006, side 35), «Operaen følges med argusøyne» (BT 12.10.2007, side 26), «Fylket tviler på Den Nye Opera» (BT 17.1.2008, side 34), «Markering mot Den Nye Opera» (BT 30.1.2008, side 30), «Den Nye Operas framlegg til vedtekter forkasta» (BT 6.2.2008, side 34), «Politikere truer med å kutte all operastøtte» (BT 7.2.2008, side 36) og «Advarer Den Nye Opera» (BT 12.03.2008, side 41).

Sjølv om det er overskriftene som er framheva her, er også artiklane i sin heilskap tydeleg prega av å vera vinkla mot ulike former for krav eller kritikk retta frå politiske aktørar eller politiske organ, mot DNO. Det er også viktig å understreka at ingen av artiklane inneheld forklaringar på kva konsekvensar desse vedtaka kan ha for selskapet. Eg gjer også merksam på at det i berre to av dei sju overnemnde artiklane er henta inn ein kommentar frå aktørar knytte til Den Nye Opera (eg kjem nærare attende til spørsmål om tilsvarsretten under). Rett nok får Stein O. Henrichsen høve til å svara på delar av Kultur- og ressursutvalet sin kritikk, når han vert intervjua 21. januar 2008 (BT 21.1. 2008, side 20b). Det ser likevel ut til at journalistane generelt har vore meir interessert i å formidla DNO-kritikk enn å gjera grundig greie for kvifor DNO kan kritiserast ved å gå inn i dei einskilde sakene og studera dei nærare. Samla sett gir BT lesarane inntrykk av at politikarar, særleg på fylkesnivå, har mykje å utsetja på Den Nye Opera. Av dei sju døma eg har trekt fram, handlar seks om vedtak eller tilrådingar frå Hordaland fylkeskommune, som er kritisk til det nye operaselskapet. Det er difor særleg interessant å kunna konstatera at DNO sjølve meiner dei har fått heilt andre signal frå fylkeskommunen enn det BT gir lesaren inntrykk av:

[H]eile tida så fekk jo lesaren inntrykk av at her var Hordaland fylkeskommune kritiske, negative og ville ikkje vera med, ikkje sant? Det er heilt klart det biletet du får om du les den serien av artiklar som kjem. […] Men kva er faktum? Faktum er at fylket sluttar seg til [Den Nye Opera]. Samrøystes. Dei gjekk inn, og dei flytta alle pengane sine frå Vest Norges Opera til Den Nye Opera. Dei gjekk inn i Den Nye Opera sin styringsstruktur, med representantar i styret og representantskapet. […] Det står ikkje nokon stad! Det står berre at fylket er negative og kritiske […] Det er eit sånn typisk journalistisk grep. (Frå intervju med Stein O. Henrichsen.)

Stein O. Henrichsen var under intervjuet med meg også oppteken av å understreka at fleire av desse artiklane er baserte på vedtak i innstillande organ – Kultur- og ressursutvalet – og ikkje i fylkestinget. Av dei fylkespolitiske sakene i undersøkt periode, og då tel eg ikkje berre med sist nemnde artikkelrekkje, er det berre ei sak – «Operakrav frå fylket» (BT 9.3.2008, side 34) – som er direkte basert på eit vedtak i fylkestinget. BT har likevel ikkje gjort lesarane merksame på forskjellen mellom vedtak i fylkestinget og vedtak i ulike underutval som i denne samanheng har hatt ein meir rådgjevande funksjon. Slik sett kan ein få eit inntrykk av at det har rådd ein tanke om at så lenge ein kan finna og formidla DNO-kritikk, er ikkje kontekstualiseringar og forklaringar så viktig.

At gravejournalistikken uteblir ser me også på statleg nivå. Dåverande kulturministar Trond Giske blir av fleire journalistar i BT tillagt ei sentral rolle i DNO-opprettinga, men eg har likevel berre registrert to tilfelle der Trond Giske faktisk blir intervjua om saka. Dette kan oppfattast som noko spesielt, særleg med kjennskap til BT sine mål om å koma til botnen i det politiske spelet dei meiner har funne stad (jamfør Laberg 2009). For om opprettinga av DNO handlar om eit politisk spel mellom Kulturdepartementet og dei fire store kulturinstitusjonane i Bergen, og journalistane ynskjer å koma til botn av og avsløra dette, skulle ein kanskje tru at det å undersøka Kulturdepartementet si rolle nærare ville vore naturleg. Eg finn ikkje forsøk på dette i perioden som er studert. Det næraste me kjem er eit intervju med Giske frå august 2006. Men her er saka vinkla mot kven Giske tek parti med, ikkje kva rolle han har hatt i samband med opprettinga av DNO (BT 9.8.2006, side 33). I den andre teksten der Giske er intervjua, er det heller ikkje gjort forsøk på å kome til botn i noko politisk spel (BT 10.5.2007, side 36).

Med Martin Eide sitt omgrep kan me spørja om ikkje BT begår eit journalistisk mistak når det vert viktigare å iscenesetta ei konflikt enn å bidra med forståing og innsikt (Eide 2004:41ff). Eg seier ikkje at ein nødvendigvis kan kritisera journalistane i BT for manglande forståing og innsikt i operasaka, men ein kan med rette kritisera dei for å ikkje å ha formidla denne kunnskapen vidare til sine lesarar. I følgje Sigurd Allern og Ester Pollack er journalistisk gransking av den makta som føregår i «irrganger og bakrom» både «riktig og viktig». Men som dei legg til, er spørsmålet om «[h]vor ofte journalistikken oppfyller slike mål» eit heilt anna (2009:9). Det er altså ein kritikk mot utføringa av avsløringsjournalistkken, og ikkje kritikk av sjangeren i seg sjølv som er interessant her. For det er openbart at BT opererar i tråd med samfunnsoppdraget til pressa (jamfør t.d. Norsk Presseforbund 2008; Østbye 2009), idet dei rettar eit kritisk søkjelys mot store omveltingar i kulturlivet og dei politiske kreftene bak omveltingane. Men som det vert understreka i Ver Varsam-plakaten, har pressa også eit ansvar for at «ulike syn kjem til uttrykk», for å skilja mellom «kva som er faktiske opplysningar, og kva som er kommentarar» og for å syta for at «[d]ei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig» (Norsk Presseforbund 2008). Det er dessutan tydeleg at BT generelt sett ikkje opererer med ei så dogmatisk forståing av objektivitetsidealet at kontekstualiseringar og kommentarar er fråverande i nyhendeartiklane (jamfør Schudson 2001; Østbye 1989). Tvert om, forklaringar som journalistisk forteljargrep er ein synleg og viktig del av nyhenda i BT. Slik eg ser det, burde ein difor også i operasaka kunna forventa nøkterne kommentarar og kontekstualiseringar som bidrog til auka innsikt og forståing, utan at den kritiske journalistikken vart nedprioritert eller samfunnsoppdraget forsaka.

Eg vil koma attende med forklaringar på kvifor dekninga vart slik, og kva tankeprosessar som ligg bak denne typen journalistikk. Fyrst vil eg presentera og diskutera fleire utvalde artiklar frå den undersøkte perioden. Konklusjonane byggjer nemleg på det samla utvalet, og ein ytterlegare kjennskap til materialet bør difor tilegnast.

Einsidige vinklingar

Om me går attende og ser på den fyrste artikkelen BT publiserte om DNO, ser me ei sak som eg vil seie er, overraskande nok, positivt vinkla3 mot DNO. Saka er skriven av Jan Landro, som i tillegg til å intervjua interimstyreleiaren i det nye selskapet (Pål W. Lorentzen), undrar seg over om dette endeleg kan vera den beste løysinga for å få etterlengta statsstøtte til opera i Bergen (BT 31.08.2005, side 48). Men vinden snur brått. «Harmonien og Festspillene undergraver demokratiet», er overskrifta på den fyrste oppfølgingssaka. Påstanden er eit sitat frå Eva Grimstad, som også i ingressen blir sitert: «Hva skal vi med et valg hvis det er slik at politiske vedtak ikke skal gjelde?» (BT 1.9.2005, side 53). Frå Grimstad si side er fråsegna meint som ei påminning om det er VNO som er Vestlandet sin regionopera, og at Harmonien og Festspillene (m.fl.) si oppretting av DNO såleis er problematisk i høve til politiske spelereglar. Vidare hevdar ho at initiativtakarane berre er interesserte i pengar, ikkje operakunst – at dei har ein skjult agenda. Eg gjer merksam på at Grimstad i teksten ikkje vert beden om nærare forklaring på påstandane ho kjem med. Teksten inneheld heller ikkje synlege forsøk frå journalisten (Tønder) si side på å kontakta DNO for eit tilsvar. Og Tønder kommenterer heller ikkje Grimstad sine heller krasse påstandar med noka form for fakta. I staden byggjer han oppunder fråsegna ved å skriva at «[e]tter det BT kjenner til har Harmonien og Festspillene i en årrekke ivret for å ‘ta over’ operavirksomheten i Bergen» (BT 1.9.2005, side 53).

I perioden eg har gått gjennom er det ei rekkje saker med liknande vinkling. «Ingen snarlig løsning i sikte for operasaken» (BT 23.9.2005, side 36), «Tror ikke på operainitiativet» (BT 8.6.2006, side 94), «Operasjef går av for å vekke politikerne» (BT 9.10.2007, side 24) er alle døme på artiklar frå kulturnyhenda der operaaktørar som er kritiske til DNO får høve til å framsetja sin kritikk utan å bli konfronterte med kritiske oppfølgjande spørsmål. Det er også eit kjenneteikn ved desse artiklane at det ikkje er gjort synlege forsøk på å kontakta Den Nye Opera for kommentarar til kritikken.

Dei same tendensane ser me også i den lanseringsorienterte sjangeren førehandsomtalar. Med konflikt som aktualiserande element vert det i desse tekstane til dømes lagt vekt på DNO si manglande integrering av VNO-miljøet (BT 3.6.2006, side 57), VNO-miljøet sine merittar, trass i økonomisk nedgang etter DNO-etableringa (BT 20.10.2006, side 22, BT 30.11.2007, side 9), eller berre rein kritikk av DNO (BT 15.11.2005, side 54, BT 27.10.2007, side 55).

Ein skal likevel vera klar over at det finnes artiklar der DNO vert stilt i eit betre lys enn i døma over. «Dette planlegger Den Nye Opera» (BT 21.1.2008, side 20b), «Sanker stemmer til nytt operakor» (BT 26.3.2008, side 36) og overnemnde «Prøver å løse ‘operasaken’» (BT 31.8.2005, side 48), er dei artiklane i utvalet der aktørar tilknytte DNO får høve til å uttrykka sine tankar om DNO utan at det i same artikkel vert henta inn kritiske røyster som «motbalanse». I tillegg bør også «Operaplakat vant pris» (BT 18.8.2007, side 46) og «Ansvar for utvikling av kompetanse» (BT 21.1.2008, side 20a) nemnast. Begge er korte artiklar med ein tydeleg positiv vinkling mot DNO. Det er samstundes ikkje urimeleg, slik eg ser det, å hevda at hendingane desse artiklane er baserte på ville fått større merksemd om det var VNO eller Opera Bergen det handla om. For samstundes som tendensen til å stilla DNO i eit dårleg lys er dominerande, har det også vore ein tendens til å framstilla VNO/Opera Bergen i eit tilsvarande godt lys. Noko ein vil sjå om ein les artiklane det er referert til i dei tre føregåande avsnitta, men som likevel er mest synleg i artiklar om operaaktørane.

Me ser nemleg i artiklar eller kommentarar der operaaktørane er i fokus (altså personorienterte artiklar) ein tendens til å gje VNO-aktørane utelukkande ros og støtte (t.d. ved å framheva deira bragder i kulturlivet, tilskriva dei viktige roller/eigenskapar i kulturlivet, ytra pro-VNO/OB standpunkt i operakonflikten eller unngå å konfrontera aktørane med kritikk frå den andre parten), medan aktørar tilknytte DNO må tåla langt tøffare omtale. Eg understrekar at det berre er éin slik artikkel med ein DNO-aktør i fokus (Lorentzen), og at forsøk på generaliseringar er fånyttes her. Som ein del av det totale materialet er desse personorienterte artiklane likevel verdifulle fordi dei, med sin ofte kommenterande form, seier noko om journalistane sine oppfatningar av dei ulike operaaktørane. At Anne Randine Øverby i den utvalde perioden er hovudpersonen i fire ukritiske friske featuretekstar, seier noko om BT sitt syn på Øverby (jamfør Laberg 2009:37f). At Jan Landro i ein av desse tekstane tek på seg oppgåva å tematisera og så attendevisa mykje av kritikken som har vore retta mot Øverby frå ulike aktørar i kulturlivet (BT 26.8.2005, side 23), seier noko om kulturredaktøren sitt syn på Øverby og hennar arbeid. På same måte seier det noko om Finn Bjørn Tønder sitt syn på Pål W. Lorentzen at han omtalar sistnemnde som «prototypen på en slik person som det er blitt mer og mer vanlig å holde borte fra styreverv innen kulturlivet», og held fram:

En slik besteborgerlig figur som bare gjennom snakketøyet kan avsløres som høyremann på vei over til Frp. Og som ser på et styrelederverv for Festspillene slik mange så på lederplasser i Brann; en ære og takk for lang og tro tjeneste. Og bare det. (BT 13.1.2008, side 29.)

No fungerer ikkje pressa slik at om ein person får positiv omtale, kan ein anna person krevja det same. Ein slik rettferdspraksis i pressa er det heller ikkje hensiktsmessig å etterlysa. Men i dette tilfellet er døma med på å dokumentera at redaksjonelle standpunkt har prega operasaken. Samstundes er ikkje dette funnet det mest overraskande, slik eg ser det, trass i at det er eit viktig og interessant funn. For med slike meiningsartiklar spelar journalistane i det minste med opne kort.

Likevel viser det seg at dei reine leiar- og kommentarartiklane er langt meir nyanserte enn dekninga elles. Sjangeren fungerer jo tradisjonelt sett som eit supplement til nyhendene, og det er i fremste rekkje her ein skal finna standpunkta det er forventa at avisene skal ta i viktige saker (jamfør Røssland og Østbye 2006:17; Knapskog 2009:8; McNair 2003:82). Interessant er det difor å kunna konstatera at det ofte er anvendt eit konsensusorientert perspektiv når operasaken vert kommentert, der norma ser ut til å vera kritikk av begge partar, samt kortare framlegg til ordningar som kan bidra til at stridsøksene vert gravlagde. Kritikken mot DNO er synleg og tydeleg, men VNO blir også kritisert, til dømes for å vera overdrivne kritiske og mistenksame overfor DNO (jamfør artikkelgjennomgang i Laberg 2009:59ff).4

Tek ein den samla dekninga i betraktning, er det likevel ikkje så overraskande å kunne stadfesta at Jan Landro meinte at VNO, på grunn av sitt tradisjonelle og meir folkelege operarepertoar, truleg hadde stått høgare i kurs enn sin motpart hjå fleire av medarbeidarene i BT sin kulturredaksjon. Eg oppfattar også journalistane slik at Opera Bergen sine lange tradisjonar i Bergen har gitt selskapet ein slags verneverdig status. Av den grunn kan det også vera interessant å gå dei profesjonelle og presseetiske grepa og vurderingane etter i saumane, særleg i høve til spørsmålet om kva røyster som har kome til orde og kva dei har fått høve til å snakka om. Det skal handla om tilsvarsretten og trianguleringshypotesen.

Presseetikk og triangulering

Journalistane eg intervjua i samband med dette arbeidet var altså til dels klar over den einsidige dekninga eg meiner å ha dokumentert i artikkelgjennomgangen over. Og det er viktig å få med seg at ubalansen også var tilsikta og seinare legitimert. Det eksisterte nemleg ei klår oppfatning, som både Landro og Finn Bjørn Tønder delte, om at BT i dette tilfellet hadde ei viktig oppgåve i å verna det som vart sett på som den svake og tapande part (VNO) i dette kulturpolitiske operadramaet. Og ein av måten dette vernet vart utført på, var å rydda spalteplass til VNO-miljøet sine synspunkt. Journalistane, då dei vart intervjua, var likevel opptekne av å få fram at dei meinte aktørar frå DNO-miljøet hadde slept til med sine versjonar i tilstrekkeleg grad:

[E]g har også vore medvite på å møta både Pål Lorentzen og Stein Henrichsen og få dei til å koma med sin versjon. Og eg har stilt dei spørsmålet «kva er det eigentleg som føregår? Kan de forklara?». Dei har fått moglegheita til å forklara det, og dei har forklart det. (Frå intervju med Finn Bjørn Tønder.)

Men Pål Lorentzen og Stein Henrichsen er ikkje av same oppfatning:

Lorentzen: [E]g er blitt kontakta ein gong av BT. Ein gong i desse tre åra. […]. [D]et var eit telefonintervju med herr Tønder på 10 minutt. Der, så vidt eg hugsar, var (uklart) meg til desse kritiske ytringane frå Anne Randine Øverby og ho Grimstad. Eg svarte vel noko slikt som at me er lei av denne mistenkeleggjeringa. Det var det eg svarte.

[…]

Laberg: Føler du at tilsvarsretten din er for dårleg ivareteken?

Lorentzen: (ler) Det er eit mildt uttrykk. (Frå intervju med Pål W. Lorentzen.)

Stein Henrichsen meinte også at mangel på tilsvar var eit gjennomgåande problem i samband med denne saka, og hevda at BT har « konsekvent overtråkka tilsvarsretten».

Det er altså tydeleg at DNO-miljøet føler dei i liten grad har slept til med sine versjonar, noko som, indikert i artikkelgjennomgongen over, også stemmer overeins med mine observasjonar. Men spørsmål om tilsvar kan vera eit presseetisk vanskeleg tema. For samstundes som Ver Varsam-plakaten seier at «[d]ei som vert utsette for sterke skuldingar [her DNO], skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig», og at «[d]ei som er blitt utsette for åtak, skal snarast få høve til tilsvar», seier plakaten også at tilsvarsretten ikkje gjeld dersom «åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling» (Norsk Presseforbund 2008). Jan Landro argumenterte også med at ein i saker som fyrst er byrja å rulla, ikkje alltid kan operera med samtidig tilsvar, og la også til:

Det er ikkje slik at absolutt alt som vert skrive automatisk utløyser tilsvarsrett. […] [N]esten alltid vil den som på eit eller anna vis føler seg kritisert føla at her bør tilsvarsretten gjeras gjeldande, medan den som ser det utanfrå opplever at dette er ikkje av en slik karakter at det tilsvarar ein tilsvarsrett. (Frå intervju med Jan Landro.)

Då mine konklusjonar vart tematisert i BT sommaren 2009, sa Landro seg likevel samd i at journalisten burde ha gjort meir for å også oppsøka DNO-miljøet og be om deira synspunkt. «Vi må erkjenne at balansen kunne vært bedre ivaretatt», meinte Landro i ettertid (BT 20.07.2009, side 28). Men dette emnet er også interessant ut over det reint presseetiske. For ein slik type dekning av konfliktar, der det berre er den eine parten som får koma med dei skarpe skytsa medan den andre parten knapt får høve til forsvare seg, bryt med dramaturgien me kjenner frå andre tilfelle der media fungerer som konfliktarena. Martin Eide og Gudmund Hernes (1987:33) lanserte omgrepet triangelhypotesen, som beskriv korleis media i samband med konfliktar spelar aktørane opp mot kvarandre. Ved å invitera ein av partane til ein presentasjon, skaper ein ein «ubalanse så lenge den står alene, og som derfor tvinger en annen aktør til et svar».

En uttalelse kan kreve en gjendrivelse, en pressemelding fordrer en korreksjon, en kritikk, et forsvar, et innlegg, et motinnlegg. Poenget er at media i sin dramatisering ikke overlater til partene selv å «komme ut på banen» – de tar kontakt for å få dem til å ta stilling. Media gjør dermed aktørene til sine medspillere ved å gjøre dem til motspillere i en konflikt (Eide og Hernes 1987:133).

I operasaka derimot, er ikkje dette tilfellet. Det er ikkje ein dynamikk mellom motstridande aktørar som har drive saka vidare, men snarare ein dynamikk mellom rapportering frå politiske prosessar og kritiske reaksjonar på desse. Lyset bør difor også kastas over fleire sider ved den journalistiske yrkesideologien som i lag med dei redaksjonelle standpunkta har lagt grunnlag for dekninga. Eg ser det som relevant å spørja om BT si operadekning kan vera prega av ei form for journalisme.

Journalistisk yrkesideologi

Journalisme er eit omgrep som i medieforskinga vert nytta for å beskriva «journalistikk som ideologi» (Eide 2004:44; Petersson 1994:29f). Det handlar om at pressa opphøgar journalistisk profesjonalitet og yrkeskodeks til ein profesjonalisme og ser på seg sjølv som ein eigen samfunnsklasse mellom makta og folket; ein folkets advokat som er «klar til å hjelpe folket og til å utfordre makthaverne» (Eide 2004:44; Petersson 1994:29f). Problemet med dette synet, slik Eide ser det, er at all makt vert oppfatta som «tyrannisk», og ein «overser at det kan finnes både legitim makt og legitim kompetanse» (Eide 2004:46). Det er altså snakk om ei oppfatning av at pressa alltid skal vera den svake part sin beskyttar, samstundes som ein følgjer makthavaren med «argusøyne». Dette er nok ei utbredt haldning i pressa, som ofte kan vera nyttig. Me finn jo til dømes i Ver Varsam-plakaten sitt punkt 1.5. at «[p]ressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre» (Norsk Presseforbund 2008). Og til ein viss grad er det jo nettopp dette BT har gjort. Ved å setja fokus på det avisa har sett på som eit ureint politisk spel, og gje aktørar knytte til VNO og Opera Bergen sjanse til å formidla sin kritikk og skepsis mot DNO, kan det hevdast at BT har drive naudsynt maktkritikk. Men når saksforståinga meir enn saksforholda definerer dekninga, og det kritiske søkjelyset slett ikkje resulterer i avslørande artiklar, kan det setjast spørjeteikn ved kva pressa oppnår med eit slikt maktsyn. For hadde BT i det heile grunnlag for å definera VNO som svak og undertrykt? Det er eit faktum at politikarane har vedteke at det er DNO som er regionopera, ei rolle VNO hadde tidlegare, og at DNO såleis kan forståast som ein langt mektigare instans enn det grupperingane kring VNO-miljøet er. Men det er også eit faktum at avgjersla vart teken i tre demokratiske organ, der me òg veit (gjennom BT) at fleire politikarar har kjempa Opera Bergen og VNO si sak. Sjølvsagt var det naturleg, i høve til Ver Varsam-plakaten sine ulike krav, å henta inn kommentarar frå VNO. Og det er openbart at VNO-aktørane har fungert som ei viktig stemme i denne store kulturpolitiske saka. Men med BT si framheving og prioritering av VNO/Opera Bergen sine synspunkt, kan det spørjast om ein i staden for å skapa ei motvekt til makta, skapar ein ny undertrykt part. Ein part som sjølv opplever maktovergrep, ikkje frå politisk hald, men frå pressa.

Me er no inne på forklaringa på kvifor dekninga har blitt som den har blitt – eit sentralt spørsmål som det er vanskeleg å gi noko eintydig svar på. Eg har så langt presentert nokre moglege forklaringar ved å peika på redaksjonelle forhold som smakspreferansar og i fremste rekkje journalistisk yrkesideologi. Men det er også relevant å snu blikket mot operaaktørane, og sjå på kva type mediestrategiar dei har brukt i sin omgang med avisa. For det er slett ikkje irrelevant at VNO-miljøet har vald ein aktiv og til dels offensiv strategi, medan DNO-miljøet medvite har halde talerøyret meir lukka.

Mediestrategiar

Alle operaselskapa i Bergen har hatt ein person tilsett som informasjonsarbeidar, noko eg tolkar som ein indikator på at dei alle har hatt eit ynskje eller behov for å påverka media til eiga vinnings skuld. Men som både Sigurd Allern, Stig Hjarvard, Nete Kristensen og fleire har påpeika, krev bruk av media til eigne føremål kunnskap om journalistiske arbeidsrammer og metodar, evne til retta seg etter media sin logikk og evne til å påverka kva media tek opp og korleis bodskapen vert presentert (Allern 2005:273ff; Hjarvard 2008:125f; Kristensen 2004). Det er difor interessant å merka seg at operaselskapa sine evner til påverka medieinnhaldet har vore ulikt. For medan begge miljøa har jobba med å få promotert kunsten sin gjennom BT, og i stor grad har vore nøgde med plassen deira respektive oppsettingar har fått, har DNO altså hatt større problem med å få fram sine synspunkt i konflikten enn det VNO har hatt. Det kan sjå ut som om dette dels kan skuldast ein noko uheldig mediestrategi frå DNO si side. I staden for å møta pressa med pressa sin eigen logikk, har DNO forsøkt å oversjå BT sin svolt på konfliktar. Henrichsen forklarar:

Strategien vår har vore at me uansett skal vera saklige viss me svarar, og at me skal svara minst mogleg. […] Me ynskjer å ha fokus på det me gjer på scena og den kunsten me skal presentera og produsera. (Frå intervju med Stein O. Henrichsen.)

DNO seier at dei alltid er tilgjengelege for pressa, men at dei likevel valde ein attendehalden stil i von om å dempa konfliktfokuset, auka kunstfokuset og for å unngå at selskapet sine aktørar verka kranglete og vanskelege. Men det kan spørjast om denne strategien har fungert mot sin hensikt, når premissane for dekninga ikkje har vore sett av DNO, men av BT. For når pressa oppfattar aktørane som lite interesserte i å ta del i pressa sin dramaturgi, vil aktørane også bli mindre interessante som kjelder. Då hjelp det lite at Henrichsen og Lorentzen seier dei alltid er tilgjengelege for ein kommentar.

Den Nye Opera har altså ikkje berre mislukkast i sitt forsøk på å leda i dansen med pressa, for å bruken den populære metaforen til Herbert Gans (2005), dei har også sett delar av dansen som totalt uinteressant å ta del i. Ein kan difor lura på om DNO såleis ha vore med på å underbyggja eit allereie eksisterande syn på det moderne kunstproduserande selskapet som noko elitistisk, samanlikna med dei meir tradisjonelle og folkelege representantane frå Opera Bergen/VNO (Øverby og Grimstad), som meir enn gjerne tek seg ein svingom med pressa. Øverby har fortald at ho i tida som operasjef såg det som si plikt å vera både tilgjengeleg og aktiv overfor BT. Ho har også fortald at ho jamleg uttalte seg både «on» og «off the record» for å halda operasaken varm, og blir dessutan av Finn Bjørn Tønder omtalt som ei kvinne som «snakkar i ingressar». Så når Øverby humoristisk fortel til journalistane at ho har eit godt forhold til journalistane i BT, «trass i mitt berykta temperament», ser eg grunn til å snu på dette og spørja om det heller er på grunn av, og ikkje trass i, dette temperamentet at ho har lukkast i dansen. For som me veit, pressa vil jo heller ha «kraftsatser enn forbehold» (Eide og Hernes 1987:14), og Øverby blir såleis lett å nytta til å fylla rolla som offer og kritikar i viktig opposisjon til DNO – som fyller ei tilsvarande skurkerolle i BT sitt operadrama (jamfør Eide og Hernes 1987).

Kulturjournalistikk eller konfliktjournalistikk?

I denne artikkelen har eg omtalt ein kulturjournalistikk som har vore svært konfliktorientert, og som har vore prega av det eg vil karakterisera som ei noko ukritisk redaksjonell haldning til journalisten si rolle som den svake parts beskyttar og til einsidige framstillingar i samband med kritisk og undersøkjande journalistikk. Eg føler at det avslutningsvis ikkje er behov for ytterlegare å ta opp att poenga over, men i staden reflektera over kva type kulturjournalistikk me har med å gjera i dette tilfellet.

Det er nemleg tydeleg at dei kunstfaglege spørsmåla forsvann i BT si operadekning, noko som heilt konkret medførte at spørsmål om kva kunstnariske konsekvensar dei organisatoriske omveltingane i operamiljøet kunne få for operakunsten, aldri vart gjort til nyhendesaker i BT. Me veit frå operaaktørane at spørsmål om kvalitet, eigenproduksjon versus import og bruk av utanlandske aktørar kontra norske ligg i botnen av operakonflikten, og at den politiske kampen også har vore ein kamp om kunstnarisk definisjonsmakt. Men det ser ut til å ha rådd ei oppfatning om at konfliktar er betre nyhendestoff enn kunstfaglege spørsmål, og at BT si medvitne satsing på ein meir nyhendeorientert kulturjournalistikk har medført ei orientering vekk frå kunsten (jamfør Laberg 2009). Samstundes kan nok prioriteringa også forklarast ut frå meir generelle tendensar i journalistikken: Saker som kan knytast til personar og personeigenskapar blir lettare nyhendestoff enn komplekse saksforhold, som spørsmåla om kunstnarisk kvalitet jo er.

Ei mangelvare i kulturjournalistikkforskinga er eit fokus på korleis og i kva grad kunsten vert handsama i kulturjournalistikken (kunstkritikk og meldingar ikkje inkludert). For dei produkta kulturlivet produserer er avgjerande for produsentane sine politiske og økonomiske råmer, og det vil etter mitt syn vera interessant å undersøkja om og korleis spørsmål om kunsten vert inkludert i kritisk og undersøkjande journalistikk om kulturlivet. I faglitteraturen er det berre i tekstar om kunstkritikk at nyhendemedia si handsaming og forståing av kunsten vert tematisert (jamfør til dømes Jørgensen (1991), Alnæs (1987), Arntzen (1985, 2008) og Larsen (2008)). I vitskaplege artiklar om redaksjonelt kulturstoff har ikkje spørsmålet blitt reist eksplisitt. I følgje Knapskog og Larsen (2008a:16) er kulturjournalistikken i endring, men det må fleire empiriske studie til for å undersøkja om den er på veg inn i ei meir tradisjonell nyhendeorientert retning, slik det kan sjå ut som om den er.

Det kunne også vore interessant å undersøka om skilja mellom kommentar- og nyhendesjangeren kan vera mindre tydeleg i kulturjournalistikken enn i handsaminga av meir «harde» stoffområde som politikk og økonomi. I denne saka har me sett korleis redaksjonelle standpunkt har prega dekninga, trass i at begge journalistane som vart intervjua meinte dei hadde halde sine eigne synspunkt unna nyhendene. Dette var problematisk i denne saka fordi standpunkta førte til at kritikk vart viktigare enn å bidra til innsikt og forståing. Men det er også eit interessant spørsmål om dette er ein meir generell tendens i sjangeren, og kva konsekvensar det eventuelt får for journalistisk handsaming av kulturfeltet.

Referansar

Litteraturliste

Allern, Sigurd (2005): «Kildene og mediemakten», i Martin Eide (red.): Til dagsorden! Journalistikk, makt og demokrati. Oslo: Gyldendal Akademisk. S. 273–303.

Allern, Sigurd og Pollack, Ester (2009): «Den mediale skandalen», i Sigurd Allern og Ester Pollack (red.): Skandalenes markedplass – Politikk, moral og mediedrev. Bergen: Fagbokforlaget. S. 9–26.

Alnæs, Karsten (1987): «Litteraturkritikken – en salgsvare og erkjennelsesform», i Kopisamling. Vår 2006. KUNKRIT, Kunstkritikk og kulturjournalistikk. Bergen: Universitetet i Bergen.

Arntzen, Knut Ove (1985): «Hva sier teaterkritikken», i Kopisamling. Vår 2006. KUNKRIT, Kunstkritikk og kulturjournalistikk. Bergen: Universitetet i Bergen.

Arntzen, Knut Ove (2008): «Personlig formidling og faglig forståelse – Teaterkritikken og det ny-impresjonistiske», i Karl Knapskog og Leif Ove Larsen (red.): Kulturjournalistikk – Pressen og den kulturelle offentlighet. Oslo: Scandinavian Academic Press. S. 229–246.

Bech-Karlsen, Jo (1991): Kulturjournalistikk – Avkobling eller tilkobling?. Oslo: Universitetsforlaget.

Eide, Martin (1992): Nyhetens interesse – Nyhetsjournalistikk mellom tekst og kontekst. Oslo: Universitetsforlaget.

Eide, Martin (2004): Hodet på blokken – Essays om journalistikk. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Eide, Martin (2005): «Introduksjon», i Martin Eide (red.): Til dagsorden!. Oslo: Gyldendal Akademisk. S. 13–56.

Eide, Martin og Hernes, Gudmund (1987): Død og pine ? Om massemedia og helsepolitikk. Oslo: FAFO.

Gans, Herbert J. (2005): Deciding what’s news: a study of CBS Evening News, NBC Nightly News, Newsweek, and Time. Chicago: Northwestern University Press.

Gentikow, Barbara (2005): Hvordan utforsker man medieerfaringer? Kvalitativ metode. Kristiansand: IJ-forlaget.

Hjarvard, Stig (2008): «The Mediazation of Socitety – A Theory of the Media as Agents of Social and Cultural Change», i Nordic Review 29, 2. S. 105–134.

Jørgensen, John Chr. (1991): «Kultur i avisen: en grundbog i kulturjournalistik», i Kopisamling. Vår 2006. KUNKRIT, Kunstkritikk og kulturjournalistikk. Bergen: Universitetet i Bergen.

Knapskog, Karl (2004): «Historiske linjer», i Karl Knapskog og Leif Ove Larsen (red.): Søkelys på kulturjournalistikk. Bergen: Universitetet i Bergen. S. 13–22.

Knapskog, Karl (2009): «Blant orakel og refleksjonsatletar. Kommentarjournalistikk som sjanger og strategi», i Martin Eide (red.): Journalistiske nyorienteringar. Oslo: Spartacus (under utgjeving).

Knapskog, Karl og Larsen, Leif Ove (2004): Søkelys på kulturjournalistikk. Bergen: Universitetet i Bergen.

Knapskog, Karl og Larsen, Leif Ove (2008a): «Kulturjournalistikk og offentlighet», i Karl Knapskog og Leif Ove Larsen (red.): Kulturjournalistikk – Pressen og den kulturelle offentlighet. Oslo: Scandinavian Academic Press. S. 11–50.

Knapskog, Karl og Larsen, Leif Ove (2008b): Kulturjournalistikk – Pressen og den kulturelle offentlighet. Oslo: Scandinavian Academic Press.

Kristensen, Nete Nørgaard (2004): Journalister og kilder – slinger i valsen?. Århus: Forlaget Ajour.

Kvale, Steinar (1997): Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Fagbokforlaget.

Laberg, Joachim Svanhildarson (2009): Når kunst blir mediedrama ? Ein analyse av BT si dekning av opera i Bergen. Bergen: Universitetet i Bergen.

Larsen, Peter (2008): «Musikalsk offentlighet», i Karl Knapskog og Leif Ove Larsen (red.): Kulturjournalistikk – Pressen og den kulturelle offentlighet. Oslo: Scandinavian Academic Press. S. 95–118.

Lund, Cecilie Wright (2000): Kritikkens rom – rom for kritikk? Kulturstoffets rolle i dagspressen. Oslo: Norsk kulturråd.

Lund, Cecilie Wright (2005): Kritikk og kommers – Kulturdekningen i skandinavisk dagspresse. Oslo: Universitetsforlaget.

McNair, Brian (2003): Democracy and the News. New York: Oxford University Press.

Milde, Ingrid (2008): BT – en yndet medspiller og fryktet motstander. Bergen: Universitetet i Bergen.

Norsk Presseforbund (2008): «Ver Varsam-plakaten» Henta frå http://presse.no/Spesial/Skjulte_artikler/VER+VARSAMPLAKATEN.b7C_wtrY7V9hRzGX8.ips 30.4.2009.

Petersson, Olof (1994): «Journalisten som klass. Journalismen som ideologi», i Terje Steen Edvardsen (red.): Media og samfunnsstyring. Bergen: Fagbokforlaget.

Røssland, Lars Arve og Østbye, Helge (2006): Rapport om BT og bybanesaken. Under utgjeving.

Schudson, Michael (2001): «The Objectivity Norm in American Journalism», i Journalism, 2 (2). Henta frå http://jou.sagepub.com/cgi/reprint/2/2/149 18.04.2009.

St.meld. nr. 48 (2002–2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Henta frå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/dok/regpubl/stmeld/20022003/Stmeld-nr-48-2002-2003-/8.html?id=432759 10.3.2009.

Østbye, Helge (1989): «Den rene og skjære sannhet: om skillet mellom fakta og kommentar i massemediene», i Rapport (Universitetet i Bergen. Institutt for massekommunikasjon). Bergen: Universitetet i Bergen.

Østbye, Helge (2009): «Samfunnsoppdraget under press», i Martin Eide (red.): Journalistiske nyorienteringer. Oslo: Scandinavian Academic Press.

Østbye, Helge et al. (2002): Metodebok for mediefag. Bergen: Fagbokforlaget.



Artikkelliste

Bergens Tidende (26.8.2005, side 23): «Operafantomet», av Jan H. Landro. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (31.8.2005, side 48): «Prøver å løse ‘operasaken’» av Jan H. Landro. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (1.9.2005, side 53): «– Harmonien og Festspillene undergraver demokratiet» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (23.9.2005, side 36): «Ingen snarlig løsning i sikte for operasaken» av Jan H. Landro. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (15.11.2005, side 54): «Operasjefens takk for sist» av Kari Fauskanger Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (3.6.2006, side 57): «Den Nye Opera debuterer med Puccini» av Erik Fossen. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (8.6.2006, side 94): «Tror ikke på operainitiativet» av Erik Fossen. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (9.8.2006, side 33): «Giske tar parti i operastriden» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (11.9.2006, side 35): «Fylket sa nei til Den Nye Opera» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (20.10.2006, side 22): «Om makt – også i Bergen» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (10.5.2007, side 36): «Kulturministeren hudfletter kulturbyråden» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (18.8.2007, side 46): «Operaplakat vant pris» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (9.10.2007, side 24): «Operasjef går av for å vekke politikerne» av Fin Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (12.10.2007, side 26): «Operaen følges med argusøyne» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (27.10.2007, side 55): «Avskjedsopera for Øverby» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (30.11. 2007, side 9): «Operaimbroglio i Bergen» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (13.1.2008, side 29): «Derfor ble det Lorentzen» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (17.1.2008, side 34): «Fylket tviler på Den Nye Opera» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (21.1.2008, side 20)a: «Ansvar for utvikling av kompetanse» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (21.1.2008, side 20)b: «Dette planlegger Den Nye Opera» av Olav Gorseth. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (30.1.2008, side 30): «Markering mot Den Nye Opera» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (6.2.2008, side 34): «Den Nye Operas framlegg til vedtekter forkasta» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (7.2.2008, side 36): «Politikere truer med å kutte all operastøtte» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (9.3.2008, side 34): «Operakrav frå fylket» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (12.3.2008, side 41): «Advarer Den Nye Opera» av Finn Bjørn Tønder. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (26.3.2008, side 36): «Sanker stemmer til nytt operakor» av ukjend forfattar. Henta frå https://web.retrieverinfo.com/services/archive.html?redir=true 30.5.2008.

Bergens Tidende (20.7.2009, side 28): «Redaktør tar selvkritikk» av Lars Holger Ursin. Henta frå http://retweb01.int.retriever.no/services/archive.html?method=displayDocument&documentId=05500520090720572115&serviceId=2 27.6.2009.

1Eg gjer merksam på at dette er eit veldig forenkla bilete av motsetningane i miljøet, og presentasjonen av operakonflikten under vil ha ein nyanserande funksjon.
2Alle direkte og indirekte sitat frå mine informantar er henta frå Laberg (2009).
3Når eg skil mellom positiv og negativ omtale er dette ikkje forstått ut frå førehandsbestemte kategoriseringar, men ut frå ei vurdering av kvar einskild artikkel kvar for seg, som ein del av eit større utval, òg på bakgrunn av informasjon henta frå dei kvalitative forskingsintervjua. Eg har difor ikkje nytta dette aspektet som det viktigaste, eller forsøkt å gje ein kvantitativt basert konklusjon på forholdet mellom positive eller negative artiklar. Eg ser likevel omgrepa som nyttige i omtalen av denne saka.
4Ein kan merka seg at fleire av kommentarane er skrivne av Jan Landro, som innafor den undersøkte perioden gjekk frå å vera kulturjournalist til å bli redaktør. Av plassomsyn har eg likevel vald å utelata ei drøfting og problematisering av denne typen rollebyte i journalistikken her.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon