Den første norske pressehistoria er klar til utgjeving, nesten 100 år etter det f-ørste forsøket på å skrive ho.

Norsk presses historie er eit resultat av mogninga til norsk medieforsking, meiner hovudredaktør Hans Fredrik Dahl, professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO. Dei tre første banda er kronologisk og tematisk organiserte og skrivne av medieforskarar og historikarar, medan pressefolk skriv om sine eigne aviser i det fjerde bandet.

Det har teke lang tid å kome i mål med denne historia. Sidan 1913 har det vore ei rekkje mislukka forsøk på å få laga ei norsk pressehistorie. Reflekterer det at det ikkje er så mange som synest at dei treng eit slikt verk?

Eg trur ikkje det. Når norsk presses historie har gått på grunn ei rekke gonger, er det nok mest fordi forsøka har vore einpersonsprosjekt. Fire-fem ulike forfattarar har før fått oppdraget og ikkje kome i mål. Dei har vore litt eldre pressefolk som oppdaga at dei hadde teke seg vatn over hovudet. Vi som har laga dette verket, har vore i ein heilt annan situasjon. Dette er eit kollektivt prosjekt. Vi er frå den første generasjonen av medieforskarar og mediehistorikarar i Noreg, og har brukt kollegaer ved nesten alle universitet og høgskular. Kring 25 forskarar har skrive den kronologiske delen, medan ein hærskare pressefolk har skrive om eigne aviser. 

Fullføringa av dette verket syner mogninga til eit fagfelt i Noreg? 

I høg grad. Eg ser ikkje for meg korleis vi skulle greidd dette med ei handfull medarbeidarar, slik at verket fekk monografipreg med ein forfattar per band. Dette er det felles arbeidet til eit fagfelt.

Hovudredaktør Hans Fredrik Dahl lovar at Norsk presses historie har ny og overraskande kunnskap å by på.
Kven er denne historia skriven for?

Ho er laga for alle allment interesserte lesarar. Dette skal ikkje vere forskingsmiljø som snakkar seg imellom, men ei utadretta formidling. Det er veldig viktig at dette verket skal kunne lesast av pressa sine eigne folk. Vi ønskte ikkje å skrive på ein måte som skaper avstand til dei.

De har flytta fødselsdatoen for den norske pressa 100 år attende. Kvifor? 

Teksthistorikarane våre har kome til at det er for enkelt å seie at den norske pressa byrja med oppstarten av Norske Intelligenz-Seddeler i 1763. Før dette var det 100 år med ei interessant utvikling av periodiske trykksaker, som gradvis blir meir like aviser i 1760-åra. Den første eigentlege avisa er framleis Norske Intelligenz-Seddeler, men den har ei interessant forhistorie i mellomrommet mellom tidsskrift og aviser. Det skiljet er i det heile vanskeleg å trekkje.

Vi kan kanskje forlange at eit verk som dette bringer fram heilt ny kunnskap. Kva funn vil du trekkje fram som oppsiktsvekkjande sjølv?

Den teknologiske historia til pressa blir langt betre forstått takk vere dette verket. Det er til dømes svært interessant å sjå korleis trykkjeteknologien spreidde seg utover landet. Det var ikkje slik at dei mindre avisene vart inspirerte av dei store til å tileigne seg den nye teknologien. Nei, dei eldre trykkjeverka vart selde vidare frå dei store avisene til dei mindre, i både tre og fire ledd. Dette skaper nær samanheng mellom utviklinga til store og små aviser. Eg hadde tidlegare trudd at teknologien breidde seg ved at dei små avisene tok etter dei store avisene. Slik var det ikkje.

Vi må snakke om det første ordet i tittelen på verket. Kva norske særdrag har de funne?

Da vil eg trekkje fram nynorskpressa. Det nynorske prosjektet tok i bruk presseinstitusjonen for å utvikle sitt eige språk og sin eigen skriftkultur. Språksituasjonen gjer Noreg spesielt. Nynorsk er forståeleg for riksmålsfolk og omvendt. Difor

kan same avis ha stoff på båe språk, nynorsk- og bokmålsaviser kan sitere kvarandre, og det blir ei språkblanding som eg trur er spesiell. Ottar Grepstads kapittel om nynorskpressa trur eg er fornyande for pressehistoria. Det syner òg kor viktige avisene har vore for spreiinga av skriftkulturen – det handlar ikkje berre om språkformer, men om den praktiske utviklinga av eit tungemål i skriftleg form. Pressa er identitetsskapande.

Men rikspressa er vel av dei offentlege arenaene der nynorsken har lukkast minst i å få innpass?

Det kan ein nok seie. Men gjennom avisinstitusjonen kunne nynorsken bruke ei spreiingsform som var billeg, lokal og som så å seie utnytta porer mellom dei store avisene. Pressa si desentraliserte form og dei i grunnen små investeringsbehova har medverka til den spesielle språksituasjonen i Noreg. Som langsiktig historisk prosjekt er nynorskens stilling i pressa interessant. Og medarbeidarane våre har talt opp langt fleire nynorske aviser enn ein før har rekna med, og gjeve dei ein plass i pressehistoria som eg trur vil overraske mange.

Forholdet mellom demokrati og presse er halde fram som eit viktig tema for dette verket. Kva ny kunnskap bringer de om forholdet mellom dei to?

Eg trur vi kan gje ei djupare forståing av kor intimt pressa har samarbeidd med og vore del av dei politiske partia. Alle har sjølvsagt visst at det var Venstre-aviser, Ap- aviser og Høgre-aviser, ja, aviser for nær sagt alle politiske parti. Vi har òg visst at partipressa hadde litt ulike eigarforhold med ulike strukturar – A-pressa med ein fastare struktur, Venstre-pressa med ein langt lausare, og så vidare. Men det pressehistoria vår viser, er korleis partia konkret har organisert pressa si, den organisasjonen og dei pressekontora dei bygde opp, og korleis dette kanskje har vore dei viktigaste organisatoriske tiltaka til partia. No har vi for første gong ei samla framstilling som samanliknar partia på dette feltet. Og det trer fram eit bilete av ein langt sterkare samanheng mellom pressa og partia enn vi før har sett. 

De har delt opp den kronologiske delen av verket i tre band, og sett skilje i 1880 og 1945. Kring 1880 er det partipressa som kjem. Kva var drivkreftene i den prosessen?

Ja, kva kom først? Var det partipressa eller partia? Det kan vere vanskeleg å seie. Meiningsaviser med «kraftfull politisk mening» hadde vi alt i 1870-åra, medan partia kom i 1880-åra. Kom partia fordi pressa allereie hadde strukturert meiningskiljet i spørsmålet om kongemakta, eller var det ein langsiktig prosess av meiningsdanning som fekk strukturen sin ved partidanninga? Forfattarane våre syner at samanhengen mellom meiningsdanning og politisk journalistikk i denne tida er komplisert. Dei fleste eksisterande avisene valde seg eit parti. Men da partia først var danna, skapte dei også nye aviser på stader der dei trudde kunne hauste stemmer ved å spreie dei rette meiningane. Vi fortel historia om kva partia trudde at dei kunne oppnå via avisene på den tida. Vi har grovt sett rekna parti

pressas periode frå 1880 til 1980. Og det er ein distinkt periode, sjølv om ideala om ei fri og uavhengig presse blir sterkare alt på 60-talet. 

Kva spor er att av partipressa i dagens presse? Vandrar det partipolitiske spøkjelse gjennom redaksjonslokala?

Her må eg mest snakke som avislesar. Eg oppfattar partipressa som ei høgst nærverande ånd som kviler over avisene. Når eg les ein leiarartikkel i ei avis i dag, kan eg smile i skjegget og tenkje at redaktøren i same avis kunne ha skrive omtrent det same for 50 år sidan. For 50 år sidan ville nok redaktøren hylla partiet sitt tydelegare, men det er ein stor kontinuitet i kva avisene tek standpunkt til, og til dels i standpunkta dei tek. Heldigvis, får ein vel seie, er det slik at avisene på leiarplass og i grunnleggjande ideologisk haldning framleis er til høgre eller venstre. Men i den konkrete utforminga av journalistikken er det stor endring. Kontinuiteten ligg i meiningsgrunnlaget for den papiravisa du kan halde i hendene, og der kan du framleis kjenne att VG anno 1945.

Har arbeidet dykkar fortalt dykk meir om kva ideologi som dominerer etter partipressa? Gjev det til dømes meining å snakke om journalisme som ein eigen yrkes-ideologi?

Ja, det vil eg seie. Det finst ideal om uavhengigheit og informasjonsfridom, og, om du vil, journalisme. No er ikkje det eit omgrep vi brukar, det er litt vanskeleg å bruke i eit historisk verk. Men i dag er det nærliggjande å snakke om ein journalist- eller nyheitsideologi som vi kan kalle journalisme. Verket vårt gjev i høg grad bakgrunn for å hevde det. Samstundes: Dei fleire hundre avisene våre representerer eit sant mangfald, og slik har det vore lenge. Tenk på store journalistar som Christian Krohg, som gjekk i bresjen for intervju- og portrettsjangeren. Han var ein viktig pioner, men han danna ikkje skule. Det var ikkje på Krohgs vis at journalistar i Tromsø eller Ålesund uttrykte eigenarten til staden eller dei lokale personlegdommane, dei hadde andre journalistiske normer. Biletet har vore og er veldig differensiert, avisene er veldig ulike. Det går aldri an å seie at «norsk presse er slik og slik». Somme aviser lever enno på 1800- eller 1900-talet, nokre ganske få lever på 2010-talet. Avisene speglar interesser og framfor alt lokale identitetar som gjer dei veldig ulike. Identiteten i Ytre Sogn er ein heilt annan enn i Indre Trøndelag, pressa i Vestfold er heilt ulik pressa på Sørvestlandet. Kvifor? Landsdelane er ulike, ideala, personlegdomane og næringsstrukturane er ulike – difor er òg avisene det.

Ein kunne tenkt seg at aviskjedene klarte å lage ei viss standardisering. Dei sender i alle fall rundt emissærar til lokalavisene sine for å standardisere arbeidet deira?

Ei viss standardisering har nok kjedene oppnådd. Men den viktigaste verknaden av kjededanninga frå 1980-åra av, var saneringa av avistrykkjeria. No blir avisene trykte i mykje færre og større trykkjeri. Innhaldet bestemmer redaktørane stort sett framleis. Men kjedene påverkar ting som annonsar, trykking og til dels økonomiske vinstar. Alt dette utfordrar ideen om avisa som noko lokalt produsert.

Framveksten av store, regionale avisproduksjonseiningar har skapt nye føresetnader for avisene. Når avisene blir produserte i store felles fabrikkar, har det tusen små effektar. Avisene blir meir like i fargeval: Dei har same fargebanar og same grafiske utstyr. Og kjedene oppfordrar på somme måtar til uniformitet, sjølv om dei forsikrar at dei legg vekt på regional og lokal identitet. Det er ikkje heilt usant når kjedene seier at «vi kjøper denne avisa fordi ho er slik ho er, ikkje for å gjere ho til noko anna.» Men i det lange løp fører kjedene til mindre eigenart.

Gjev historia dykkar nye argument for dei som fryktar makta til mediekonserna?

Eg kan svare for min eigen del. Eg forstår at konserna kan ha mykje å seie, og kanskje kan bety noko negativt for somme aviser. Men i historia vår kan ein no lese om kva dei politiske partia har hatt å seie, og gjere seg opp meining om den styringa var betre enn konserna si. Var det betre at partia heldt ei jernhand over avisene sine enn at kjedene gjer det? Vi er med på å gje føresetnader for den som vil gjere seg opp ei meining om dette.

Er pressestøtta ein reddande engel som har berga meiningsmangfaldet i Noreg i historia dykkar? Eller er ho ein reaksjonær skurk som har sementert eit gammalt og avleggs avislandskap? 

Ingen av delane. I diskusjonen av pressestøtta er det lett å gløyme den eventyrlege blomstringa av lokalaviser vi har hatt dei siste 20 åra. Tilkomsten av lokale blad og aviser har vore veldig stor. Det blir snakka om avisdød, men det er heilt feil. Strukturen er omlagt. Mange mellomstore aviser har rett nok gjeve opp, men lokalaviser sprett opp på kvar tue, og pressemønsteret er meir differensiert enn nokon gong. For hundre år sidan hadde kvar by kanskje fire eller seks aviser. I dag har mange byar berre ei avis, men i omkrinsen kring byen har det dukka opp fem-seks lokale blad som er berar av lokale nyheiter og identitetar. Før var avisene meir konsentrerte på store utgjevingsstader, no er avisene meir geografisk differen-sierte.

Men de analyserer vel effektane av pressestøtta?

Diskusjonen om korvidt den einskilde avisa ville overlevd utan pressestøtta, er komplisert. Slutningane våre om verknaden av pressestøtta gjeld mest på kollektivt nivå. Men når det gjeld den store omlegginga frå relativt få utgjevingsstader til svært mange, har den blitt hjelpt av pressestøtta, i tillegg til at teknologien har gjort avisutgjeving billegare og billegare. Det har ikkje vore så billeg å starte opp ei avis sidan 1870-åra.

Kva grep har de gjort for hindre at dette skulle bli ei laus samling einskildhistorier?

Det har vore ei redaksjonell utfordring å støype saman dette til ein heilskap, ei samanhengande framstilling som er nokolunde lik frå band til band og epoke til epoke, og svarer på dei same spørsmåla anten det gjeld 1850- eller 1950-åra. Vi har prøvd å konsentrere oss om nokre hovudliner. Ein samlande struktur er teknologien – at aviser er produserte på ein særskild måte. Teknologisk sett kan pressa sjå

ast på som ei eining, og dei teknologiske spreiingsmønstera gjer at vi kunne føye saman aviser som elles ville vore handsama kvar for seg. Ein annan samlande struktur er den politiske orienteringa og organiseringa. Men samtidig må vi hugse at mellom ein fjerde- og femtedel av alle norske aviser har vore upolitiske. Ein god del redaktørar og utgjevarar sa nei til dei politiske partia som banka på døra. Difor har vi òg prøvd å handsame pressa som næring eller bransje. Aviser har visse utfordringar som må løysast anten dei er store eller små: Dei må ha distribusjon og annonsar, rekruttere medarbeidarar og skaffe seg oppslutnad frå lesarar. Vi har prøvd å skildre slike prosessar samla.

Henrik G. Bastiansens bidrag om partipressa i etterkrigstida svulma opp til 500 sider og måtte gjevast ut som eige verk i serien Pressehistoriske skrifter. De har hatt mange slike avgrensingsproblem?

Heilt klart. Fleire av medarbeidarane våre har levert bandsterke framstillingar i Pressehistoriske skrifter. I sjølve verket har vi konsentrert det mest vesentlege om teknologi, politikk og avismønster. Men gjennom tolv nummer av Pressehistoriske skrifter har vi hatt høve til å trykkje meir komplette framstillingar.

Desse skrifta er å rekne som ein del av verket?

Vi ser det slik. Og sjølve arbeidsprosessen strekkjer seg òg ut over verket. I den redaksjonelle verksemda har vi halde seminar med dei skrivande medarbeidarane og med utanforståande som har kome og kommentert. Samarbeidet i Pressehistorisk selskap held fram etter utgjevinga. Om du spør folk i selskapet, ser dei truleg verksemda der som det primære, og samleverket som berre ei hending blant mange.

Med eit hundretal bidragsytarar er det vanskeleg å ha ein strengt disiplinerande, teoretisk innfallsvinkel. Korleis har de hindra forfattarane i å ri i kvar si retning på kvar sin faglege kjepphest? 

Eg trur ikkje dei einskilde medarbeidarane fått beskjed om setje kjepphestane på stallen. Vi har valt medarbeidarar vel vitande om kva synspunkt dei har. Dei synspunkta kjøper vi. Det vi har bede dei om, for at dette ikkje skulle bli ein intern medieforskartekst, er å unngå teoretisk polemikk – vi har ønskt ei open framstilling. Men det ein merksam lesar vil sjå at det er litt ulike meiningar ute og går. Somme forfattarar meiner organisasjonane til pressa til tider har bremsa ei heldig utvikling, andre meiner organisasjonane berre kjempa mot fordommar. Somme meiner tyskarane var hardare mot arbeidarpressa enn resten av pressa, andre ser det litt annleis. Men slike ting har vi i leiinga ikkje brydd oss om å gjere noko med. Det framgår uansett tydeleg kven som har skrive kva.

Dette er først og fremst eit historisk verk. I kva grad er det i tillegg eit mediefagleg verk, i den forstand at medievitskaplege teoriar og metodar pregar det?

Vi kunne ikkje ha skrive eller redigert denne historia utan å ha bestemte teoriar eller syn på medieutviklinga som leiar oss i bestemte retningar. Teoriane er ikkje

eksplisitt tematiserte i dette verket. Men du vil klart finne at rådande, gangbare teoriar i medieforskinga ligg til grunn for framstillinga. I kva grad teoriane er med i framstillinga vår avheng av temaet i det einskilde kapittelet. Medieteoriane lèt seg ikkje bruke på alle felt. Men under samlingane våre har vi diskutert desse tinga på måtar som er grunnleggjande forma av teoriane vi har. Utan teoriar hadde dette verket falle frå kvarandre i lause einskilddelar.

Det er nye tider. Kan ein seie at dette verket kjem i siste liten, som ein svanesong for norske papiraviser?

Sei det. Da vi byrja med forprosjektet for kring ti år sidan, spurde vi oss sjølve om nokon kom til å bry seg om å lese bøker i 2010. Da tenkte at denne historia kanskje ville kome som cd-rom eller noko slikt. Men boka klarer seg førebels bra, medan sjølve studieobjektet vårt, pressa, har blitt langt meir utsett og vaklande fordi så mange funksjonar har gått over til nettet.

Du har snakka om korleis teknologiske endringar har drive fram endringar i pressa. Men det er vel knapt noko i historia som kan måle seg med endringane nettet fører til?

Da telegrafen kom, trudde mange redaktørar at etterspurnaden etter aviser ville forsvinne. Slikt fortel at det ikkje er sikkert at åtaket på papiravisene i dag treng bli fatalt. Det vil vise seg. Men vi har teke opp nettjournalistikken som ei ny form for journalistikk i pressehistoria vår. Så får framtida vise kva slag journalistikk som blir den vanlegaste.

Papiravisa er eit materielt avgrensa objekt med datostempel. Nettavisa er meir flytande, ei blanding av tekst, foto lyd og video, med oppdateringar i stadig straum. Framtidas pressehistorikarar vil ha nye utfordringar med kjeldematerialet?

Det er heilt sikkert. Kva er ei nettavis? Ho flagrar av garde, kva versjon skal du halde fast ved som den utgåva som du skal studere? Utfordringa blir stor. Men for oss pressehistorikarar er det ein annan stor fordel som kjem når heile den norske pressa ein dag ligg føre som ein digital tekstkorpus, i ei form ein kan søkje i gjennom nettet eller andre elektroniske plattformer. Da får vi eit heilt nytt instrument. Pressehistoria vår er skriven medan berre ein brøkdel av dei norske avisarkiva har vore elektronisk tilgjengelege. Folk har stått og rulla eller bladd i aviser og drive gammaldags tekstforsking. I framtida vil elektronikken gje oss ein heilt ny situasjon og store fordelar.

Vi har alt opplevd slutten for papiravisene som den primære offentlege debattarenaen for folk flest. Nettdebattane har ein intensitet og vitalitet som får papirdebattar til å sjå triste og gammalmodige ut. 

Det kan sjå slik ut. Men når det gjeld forma, lat meg minne om at i avisdebatten i gamle dagar viss periode var uttrykksforma til både journalistar og innsendarar det vi vil kalle svært ubeherska og usakleg. Det endra seg. Og eg trur bloggarar og

andre tekstprodusentar på nett vil kome til at det løner seg for alle å leggje seg på eit meir sakleg nivå. Det vil vere ein fordel.

Utan tvil. Men poenget mitt er at nettet er i ferd med å drepe papiravisa som debatt-arena.

Vi får sjå. Vi tenkjer jo i dag at nettet berre skal halde fram å vekse og utvikle seg. Men nettet er ein sårbar teknologi. Og det er farleg å spå om teknologi. Det er ikkje eit felt der ein klarer å gje spådommar som står seg i mange tiår framover, det har vist seg gong på gong. Teknologisk utvikling er svært uføreseieleg.

Du vil ikkje skrive under nokon dødsattest for papiravisa, med andre ord?

Nei, her kjem ingen dødsattest. Nei, nei.