Disciplinary boundaries, like differences between artistic mediums, are a subject of investigation, not denial.1

I leiarartikkelen i Norsk Medietidsskrift nr. 2, 2009 skriv redaktør Lars Nyre at han vil ha slutt på problematiseringa av medievitskapen som disiplin og fagfelt. «Etter tjue år bør me vera ferdige med den disiplinskapande grunnlagsdebatten, og sleppa å jobba i eit slags akademisk limbo av postmoderne ansvarsfråskrivande tverrfaglegheit,» skriv han. Dette får oss til å stusse litt. Er det så at tverrfaglegheit er eit postmoderne fenomen? Og kvifor er det tverrfaglege meir «ansvarsfråskrivande» enn det einfaglege? Det er lett å fyre av ei formulering som denne, men ein skal hugse på at det følgjer eit bestemt intellektuelt ansvar også med ei slik ytring. Vert dette følgt opp? Kan det tenkjast at påstanden i seg sjølv er ansvarsfråskrivande?

Om ein blar fram til side 197 og Ib Bondebjergs melding av Espen Ytreberg si Hva er Medievitenskap (Universitetsforlaget, 2008), vil ein finne eit illustrerande døme på at identiteten til faget på langt nær er så avklåra som redaktøren vil ha det til. Bondebjerg er av den oppfatning at filmmediet vert neglisjert i boka og lurer såleis på om forfattaren oppfattar filmvitskap som ein del av mediefaget (199). Men dette er ikkje hovudsaka her.

Vi har to kommentarar. Den første av dei dreier seg om presentasjon (og presisjon), den andre om innhald.

Som dei fleste har fått med seg, er den nemnde boka ein del av ein etterkvart omfattande skriftserie frå Universitetsforlaget, dei såkalla «hva-er-bøkene.» Mange av desse dreier seg om eit bestemt tema, men fleire av dei har eit tydeleg fagdisiplinært fokus, slik som Hva er Sosialantropologi og Hva er Litteraturvitenskap. Formålet med desse publikasjonane er mellom anna å presentere ulike felt eller emne for eit breitt publikum. I leiarartikkelen vert denne samanhengen heilt utelaten, med den effekten at Ytreberg sin tekst framstår som eit symptom på eit fenomen som er særmerkt for medievitskapen. Noko det altså openbert ikkje er. Vi vil tru at desse bøkene ikkje primært er skrivne som grunnlagsdiskuterande fagkritikkar, men tvert i mot som konsensusformidlande introduksjonar. Ved å ta Hva er Medievitenskap til inntekt for eit fenomen han meiner er kritikkverdig, kan det sjå ut som redaktøren kjem i skade for å gje eit vrengjebilete av tilhøvet. Om ein trekkjer inn denne konteksten, forsvinn dessutan mykje av det empiriske grunnlaget for påstanden om at medievitskapen har vorte gjenstand for overproblematisering den siste tida.

Så til den andre merknaden, som og er den mest sentrale. Det kan verke som ein i denne leiaren har misforstått poenget med, og verknaden av grunnlagsdebattar. Slike debattar er ikkje disiplinskapande, men konsoliderande og fornyande. Å problematisere faget sitt er ikkje eit uttrykk for usikkerheit, men heller tvert i mot: ein skal vere rimeleg innforliva med, og trygg på sitt eige fag og historia, for i det heile å komme på å reflektere over meta-disiplinære problemstillingar. Om ein sluttar å problematisere disiplinen sin, vil det føre til dekadent repetisjon, forvitrande kreativitet og generell stagnasjon.

Det er og grunn til å reagere på sjølve premissen i argumentasjonen ein finn i denne leiaren, som ser ut til å vere at ein ukomplisert og stabil identitet er idealet. Men er no det så sikkert? Kvifor denne apoteosen av det puristiske og homogene? Kvifor er ein enkel identitet noko å etterstrebe? Skal forskarsamfunnet no primært drive med forenkling og nivellering?

Berre så det er sagt: vi meiner slett ikkje at kvar ein medieforskar skal flette inn faglege metaperspektiv i kvar ein artikkel dei skriv. Gud forby. Men vi trur det er uklokt å erklære diskusjonen om grunnlagsproblemer for avslutta. Langt meir etablerte felt enn medievitskap held seg sjølve levande og relevante dels gjennom dei konstruktive innsiktene som ei slik kontinuerleg problematisering av eige fag genererer. Dette er såpass ukontroversielt at det nesten vert trivielt å påpeike det.

I leiarartikkelen vert det også sagt at det ikkje lenger «er slik at faget [medievitskap] genuint lurer på kva det dreier seg om.» Javel, tenkjer ein då, det er jo greitt nok. Men så er det jo det at dei aller fleste fag endrar seg over tid, av og til svært langsamt, stundom raskare. Kva gjer ein med det? Kanskje det ikkje er fullt så enkelt som at eit fag oppstår, tumlar litt rundt i identitetsløysa, for så å finne ei form, som herifrå og ut er uforanderleg? Kan det vere slik at disiplinen faktisk endrar seg i takt med endringar i det landskapet av forskingsobjekt det studerer? Kan det tenkjast at faget ikkje minst endrar seg som følgje av mindre synlege men ikkje desto mindre reelle omkalfatringar av institusjonell og mentalitetsmessig art? Eller som følgje av påverknad frå andre fag og tradisjonar? Er det berre av det gode at alle medieforskarar har «den same grunnleggande forståinga av kva medier er?» Er det ikkje noko smått totaliserande over ein slik konsensus? Og forresten, har alle ei slik grunnleggande forståing?

Samstundes med at vi skriv denne kommentaren, plingar det nye nummeret av Critical Inquiry inn i innboksen. Det er ei temautgåve i heilskap dedikert til spørsmålet om disiplinaritet, «The Fate of the Disciplines.» I introduksjonsartikkelen sin er James Chandler nøye med å historisere disiplinane sin skiftande plass og funksjon i det amerikanske forskingsuniversitetet, og stiller seg mellom anna desse spørsmåla: «What are the reasons for these differences [of disciplinary change] and what can we learn from studying them? And what can we learn from studying disciplinary practices and configurations in other places, other times? These are questions that have not been fully explored or widely discussed, not even in the humanities and social sciences, where one might have expected that kind of self-reflection.»2 Heller ikkje medievitskapen kan ha vondt av opninga ut mot slike perspektiv.