I eit debattinnlegg i Norsk medietidsskrift (nr. 4/2008) kjem professor Helge Rønning med ein underleg og litt bastant påstand om sine kollegaer si mestring av engelsk som publiseringsspråk. «[N]orske forskere tror de er bedre i engelsk enn de egentlig er,» skriv han, og vedgår så at det faktisk ofte er pinleg å høyre dei lese papers (s. 352). Ikkje klarar dei å skilje adjektiv frå adverb, ei heller å halde styr på relative pronomen. Dei uttrykkjer seg altså skrøpeleg på engelsk, rett og slett. Men det stoppar ikkje der. Fordi norske forskarar ikkje berre skriv dårleg engelsk, men dårleg engelsk så ofte, har dei ikkje tid til å skrive for den nasjonale offentlegheita, noko som fører til eit språkleg forfall også på norsk. Generøst nok avsluttar imidlertid Rønning diagnosen sin ved å påpeike at det finst «mange hederlige unntak» (ibid.).

Ein kan stusse over at dette utfallet kjem i den umiddelbare forlenginga av ein kritikk av det Rønning oppfattar som stråmannargumentasjon, men akkurat det får ligge her. Om ein snur situasjonsskildringa på hovudet, trur eg vi nærmar oss eit meir reelt bilete av norske akademikarar sin engelskkompetanse. Det finst dei som gjer enkelte samsvarsfeil og ikkje alltid handterer idiomatiske uttrykk på ein tillitsvekkjande eller elegant måte, ja vel, men eg trur dei blir færre og færre, og dei utgjer i alle fall ikkje ein majoritet. Om det var riktig at norske forskarar går rundt og trur dei er betre i engelsk enn dei eigentleg er, ville neppe arbeida deira ha komme på trykk hjå internasjonale universitetspresser; ei heller ville dei kunne ha reist så mykje ut og snakka på konferansar som dei gjer. Ei problematisk side ved Rønning sin påstand, er at den ser ut til å vere tufta på rein impresjonisme. For å seie noko meir sikkert om norske forskarar sin engelskkompetanse, kjem ein kanskje lenger ved å konsultere eit meir empirisk etteretteleg materiale. Ein kan til dømes ta høgde for det materialet som faktisk føreligg, heller enn å basere problematiseringa si på flyktige, subjektive inntrykk.

Men kan det engelskspråklege nivået til norske medieforskarar bli betre? Heilt sikkert, men det kan det jaggu bli hjå morsmålsbrukarar og. Saman med ein norsk kollega er eg redaktør for ein antologi der alle så nær som ein av bidragsytarane har engelsk som morsmål. Alle er dyktige fagfolk og spesialistar på sine felt, men vi har måtte gå ganske mange rundar med skribentane for at artiklane deira skulle bli språkleg gode nok. Ingenting kjem av seg sjølv, og om det er slik at enkelte norske forskarar gjerne kunne ha skrive betre engelsk, så er det vel relativt ukontroversielt

å tilråde meir øving. Men i Rønnings innlegg kan det nesten verke som dei påstått skrale språkferdigheitene er eit argument mot å presentere forskinga si på engelsk. Men om ein er av den oppfatning at den engelske språkkompetansen berre kan bli betre, så er det å sky bruk av engelsk knapt rette vegen å gå.

Merksemda som vert adjektiv og pronomen til del i Rønning sin argumentasjon er kanskje symptomatisk for eit særeiget slag formalisme som ser ut til å manifestere seg gjennom den til dels anglofobe retorikken som går att mellom enkelte av tellekantmotstanderane. Vitskapleg aktivitet, også i dei såkalla «mjuke» humanistiske og samfunnsvitskaplege disiplinane, bør og skal vere fokusert på innhald, på fagleg substans, på formidling av kunnskap – heller enn på rein formgjeving. Det er den estetiske praksis sitt privilegium å bryte ned skiljet mellom form og innhald – i skjønnlitteraturen, kunsten, filmen osb. er det ikkje berre mogleg men heilt naudsynleg å unngå ein slik distinksjon. Men ikkje i vitskaplege tekstar. Her er det ikkje meininga at språket skal vere ein attraksjon i seg sjølv, det bør heller stå til teneste for det epistemologiske innhaldet. Dette tyder sjølvsagt ikkje at ein ikkje skal setje pris på og nyte elokvent essayistikk når ein er så heldig å komme over det, men det estetiske aspektet bør ikkje framhevast på bekostning av den kunnskapsmessige dimensjonen. Eg vil driste meg til å kaste ut den for mange sikkert skandaløse påstanden at fagtekstar ikkje først og fremst forvaltar og formidlar kulturelle særtrekk gjennom språket som vert brukt, men derimot eit epistemologisk innhald knytta nettopp til det fagområdet det gjeld, enten dette er medievitskap, historie, filosofi eller noko anna. Ikkje det at fagteksten ikkje drar med seg ein kultur- og språkspesifikk resonans som i siste instans er uoversetteleg, men det er vanskeleg å forstå kvifor det singulære omsynet til denne skal bli styrande for kva språk vi som kunnskapsprodusentar skal nytte oss av.

Sidan den lingvistiske og poststrukturalistiske «vendinga» i akademia for rundt 40 år sidan har førestellinga om at «språket snakkar oss» blitt aksiomatisk. Men poststrukturalismen er over, og ein bør no etter kvart kanskje klare å sjå at ikkje alle innsiktene som denne tradisjonen genererte er like pålitelege. Her nærmar vi oss så endeleg det som er den oversette kjerna i diskusjonen om publiseringsspråk: det å ytre seg handlar om eit produktivt bidrag til språksamfunnet. Kvar ytring representerer ei reell, om enn lita, modifisering av det språket ein bruker. Det er nemleg ikkje meininga at vi skal imitere, men omskape og transformere det språklege stoffet vi har med å gjere. Språkleg aktivitet skal vere kreativ, ikkje mimetisk eller repeterande. Set val av lingvistisk uttrykksform grenser for kva som kan seiast? Vel, både ja og nei. På den eine sida finst det språkspesifikke mønstre og leksikalske einingar, men på den andre sida er det ein kan seie på kva som helst språk i prinsippet grenselaust.

«Det er språket vi talar som gir oss vår kulturelle identitet,» seier ein gjerne. Men språket er og på same tid ein arena for projisering av subjektivitet. Språket får sin alltid skiftande identitet frå dei som bruker det. Sjølv eit lingua franca som engelsk – som mange kanskje opplever som fjernt og upersonleg – kan tas ned på eit individuelt og autentisk nivå, men då må det også brukast aktivt. Slik kan ein

gjere det til sitt eige. Ein vert aldri «utlært» i noko språk, inkludert morsmålet, og om ein norsk medievitar stundom snublar i nokre adverb eller pronomen i eit paper, er det neppe katastrofalt for tilhøyrarane si forståing av emnet som vert formidla. Verre er det derimot om angsten for å uttrykkje seg på engelsk forhindrar forskaren frå å gi det paper’et i utgangspunktet.

I Espen Ytreberg sin kommentar «Et forsvar for internasjonal artikkelpublisering» (Norsk medietidsskrift 2/2008), som deler av Rønnings innlegg er ein replikk til, observerer han at dagens ph.d.-kandidatar både «skriver mer og bedre på engelsk» og at dei har ein hyppigare publiseringsfrekvens i internasjonale tidsskrifter (s. 145). Dette er utan tvil ei korrekt skildring av utviklinga; berre sidan eg sjølv var stipendiat på byrjinga av dette tiåret, har bruken av engelsk som publiseringsspråk auka hjå denne gruppa, kan det verke som. Ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB, til dømes, har vi no ein generasjon yngre forskarar som publiserer artikkel etter artikkel i svært gode engelskspråklege fagtidsskrift, om eg først skal tillate meg å vere ubeskjeden nok til å trekkje fram mitt eige institutt som døme. Slik er det sikkert og ved dei andre medievitskaplege fagmiljøa.

At denne trenden så av enkelte aktørar vert oppfatta som eit forfallssymptom, er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande. At ein stipendiatkollega får artikkelen sin på trykk i eit godt engelskspråkleg referee-tidsskrift, burde vere noko å gle seg over (gudane skal vite at det ligg mykje hardt arbeid bak). Om ein i staden vel å rynke på nasen av det, står det kanskje ikkje så bra til verken med kollegialiteten eller forståinga av forskarrolla i eit globalisert kommunikasjonssamfunn.

Eg trur imidlertid at diskusjonen om publiseringsspråk generelt – og då særleg motstanden mot engelsk spesielt – vil vise seg å vere ein tidsavgrensa debatt som vil dø ut med ’68-generasjonen. I alle fall er det mykje som tyder på det, gitt at så mange av dagens forskarrekruttar nyttar seg av, og blir stadig betre i engelsk. Dei er ikkje kulturdesertørar av den grunn. Eg trur til og med at dei aller fleste meir enn gjerne ser verdien av å halde fram med å skrive på norsk og. Slik er det, at det eine styrkjar det andre.