Odd Raaum:Dressur i pressen. Selvjustis i internasjonalt perspektivOslo: Universitetsforlaget, 2003

Festskrift II

Det er med stor glede og tilfredsstilling eg i starten av denne bokmeldinga kan slå fast at meldinga blir ein hyllest. Odd Raaum fekk seg eit eige festskrift i vår (Presseetisk front) i samband med at han gjekk av med pensjon som førsteamanuensis ved Journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Det var eit festskrift redigert av kollegaene Rune Ottosen og Thore Roks­vold og med bidrag frå ei rekkje av oss andre som har delt fagleg interesse med Odd Raaum. Det var eit festskrift for Odd Raaum.

Dressur i pressen er eit festskrift av Odd Raaum. Det er eit skikkeleg stykke arbeid av ein akademikar med full kontroll over temaet og ein unik kunnskapsrikdom. I tillegg formidlar Odd Raaum dette stoffet med ein velkjent språkleg eleganse. Til det siste kunne det, om ein leita etter ting å innvenda, seiast at Raaum si siste større utgiving, Pressen er løs frå 1999, er hakket over denne i elegant formuleringskunst. Som lesaren vil forstå, er dette ei noko krampaktig form for innvending.

Kva er det så Odd Raaum briljerer med på innhaldssida? Jo, det er kunnskap om presseetikk som institusjonalisert fenomen i ei rekkje land. Nettopp det komparative aspektet er særleg sterkt framtredande i denne boka. Tidlegare har eit fokus på norske forhold vore vektlagt. Her blir me innført i både historikk og samtidige tendensar i ei rekkje relevante land. I føreordet seier forfattaren at eit sentralt spørsmål er om den profesjonelle sjølvjustisen har artskjenneteikn som kan gjenfinnast i ulike land, eller om nasjonale særeigne forhold blokkerer forsøk på å gjera presseetikken universell (s. 7). Og i kapittelet «Universell presseetikk?» blir han moderne og oppdatert gjennom å peika på at både den nye medieteknologien og mediekonserna sin ekspansjon, bidreg til framvekst av ein global mediemarknad som i sin tur gir grobotn for utvikling av felles kvalitetsnormer for form og innhald (s. 173). Dei dagsaktuelle utfordringane knytt til Internett og nye medium blir såleis forankra i lange historiske linjer og i system og apparat som tradisjonelt har vore oppteke av andre typar medium.

Samtidig finn ein i denne boka også ei lang linje i Odd Raaum si interesse for dette feltet, i alle fall frå Pressens tøyelige etikk (1986), nemleg fastslåinga av at sjølvjustisapparatet som signal om vilje til sjølvkritikk ikkje berre verkar gjennom kjennelsar i konkrete saker, men like mykje gjennom det faktum at det finst (s. 203).

«Det sentrale analyseobjektet i boka er altså selvjustisapparatet, og perspektivet er komparativt - både historisk, politisk og geografisk», slår Raaum fast (s. 14). Men perspektiva og innfallsvinklane er prega av at han sit som medieforskar i Noreg og skriv. Spørsmåla som blir stilte og problematiseringane som blir gjort, er prega av korleis det norske presseetiske systemet er 'sett saman', så å seia. Han peikar på at Noreg, ifølgje insiderane, stiller sterkt i 'VM i sjølvjustis', men at svenskane gjerne har vore endå tydelegare førebilete og kan ta kampen opp mot britane, ikkje minst fordi britane har hatt ein uryddig historikk med klare brot i sine ordningar. Topp-plassen i VM kan Noreg og Sverige kjempa om fordi ein i desse landa mulegeins i sterkare grad enn i mange andre land har lykkast i å utvikla og revidera apparatet meir eller mindre med basis i presseorganisasjonane sjølve. På den andre sida har britane, gjennom både det gamle Press Council og den nye Press Complaints Commission, i praksis vore eit meir direkte førebilete for nyare apparat og ordningar i ei rekkje land rundt om i verda.

Så kanskje er det Sverige og Storbritannia som har kjempa om sjølvjustisens «pole position» (s. 176), men norske representantar for apparatet har i alle fall innimellom vurdert vårt system som ein klar aspirant til pallplass. I eit slikt bilete plasserer Odd Raaum tenkinga si om denne typen apparat som strategiske fenomen. Han viser mellom anna til den britiske etikk-eksperten J. Clement Jones. Han konkluderte, etter å ha studert klagenemnder og etiske kodeksar verda rundt, med at motiva bak etableringa av slike disiplinerande organ, sjeldan var altruistiske. Tvert om fann han «a strong thread of self-interest and of self-preservation» (s. 29). Raaum peikar då også, både i denne boka og i tidlegare arbeid, på presseetikken som konsekvens- og resultatorientert, og som prega av brannsløkking framfor ideelle fordringar meir lausrivne frå kritikk og stormvindar mot pressa.

Forholdet mellom apparatet og det våre svenske vener så fint kallar etik i praktiken er eit anna overordna og interessant perspektiv i boka. Det er snakk om skiljet mellom ein etikk for pressefolk, for journalistane, og ein bransjeetikk, men det er også snakk om skiljet mellom apparatet og apparatets vurder­ingar og avgjerder og den konkrete journalistiske kvardagen. Her ser ein gjerne uheldige og innimellom merkverdige samanblandingar, der den enkelte journalisten blir mana til varsemd for forhold som vel så gjerne må knytast opp til den større strukturen journalisten arbeider innanfor. Her kviler

Raaum seg mellom anna på den amerikanske medieforskaren John H. McManus som hevdar at presseetiske reglar, som gjerne vender seg til den enkelte journalisten, er bygd på urealistiske myter om kven som har makt over media (s. 69).

Men det er altså også ein maktkamp, eller ein dragkamp, mellom 'pressa' som samla institusjon og relevante motstandarar utanfor pressa. Den språklege elegansen til Raaum er mellom anna representert i omgrep som 'termostatstyrt etikk'. Uttrykket skal dekka tendensen til at utviklinga av apparatet og av etikken er prega av tilpassingar til det rådande politiske klimaet. «Det er en sentral påstand i denne boka at pressens selvjustis ikke blir til i et politisk vakuum i noe land, men tvert imot i livlig interaksjon med omverdenen», seier Raaum ein stad (s. 145). Det kan verka som ein sjølvsagt påstand, men det kan vera like sjølvsagt at den er på sin plass når ein, som forfattaren også peikar på, les ein del av amerikansk filosoferande litteratur på feltet. Her er det gjerne eit fokus på den enkelte journalisten sitt møte med andre individ. Presseetikken blir ein personleg sak og ikkje eit kulturelt eller politisk fenomen. Ein kan med slike inngangar lett snubla i «godhetsfellen», meiner Raaum.

Boka er altså full av fakta og kunnskapar, men Odd Raaum er kanskje mest spenstig og spennande når han opptrer norm­ativt og deler ut karakteristikkar, enten om det er til apparatet samla, til PFU eller til Kulturdepartementet. Sistnemnde får følgjande lakoniske kommentar: «Kulturdepartementet viste flere ganger i 1990-årene interesse for PFUs sammensetning, men kom etter hvert til at staten ikke burde uttale seg om temaet på noen begripelig måte» (s. 147).

Denne bokmeldaren har ved tidlegare høve peika på konflikten mellom apparatet som bidragsytar til ei reell etisk tenking og utviklinga av eit respektert og velfungerande byråkratisk apparat. Ein konsekvens som også Raaum peikar på er juristeriet eller juridifiseringa. Nokon og ein kvar kan vel seia seg samd i at det har bikka over i pedantisk legalisme når Raaum fortel dømet om då det britiske PCC avviste ein klage frå journalistforbundet NUJ over påstått rasistisk omtale av asylsøkarar i avisa Daily Express. Ifølgje PCC hadde klagarane vist til feil heimel i den britiske plakaten, nemleg paragrafen om nedsetjande omtale, medan den rette heimelen ville vore regelen om sanningsgehalt (s. 106). Også det norske apparatet må balansera mellom korrekt saksbehandling, gjerne i møte med juristar som klagarar (oftast på vegne av andre), og drøftingar som må vera opne i enden

skal dei verka til vidare etiske drøftingar og overlegningar rundt om i redaksjonane.

Finst det så interessante innvendingar i all rosen over eit framifrå stykke arbeid? Tja, det er vel slik med dei fleste som får så solid kontroll på eit felt som det Odd Raaum har opparbeidd seg, at ein av og til ikkje ser trea for berre skog. Ein del som har brydd seg med PFU sitt arbeid har innimellom lurt på korleis forholdet eigentleg har vore mellom presse-representantane i utvalet og representantane frå den såkalla ålmenta. På side 62 viser Raaum spesiell interesse for ei sak der utvalet vart delt på midten mellom dei to typane representantar. «Her skjedde det uvanlige at legmedlemmer og de profesjonelle i PFU ble stående mot hverandre», skriv forfattaren. Ja, men før eller seinare måtte det vel skje, kunne ein innvenda. Innimellom finst det dissensar og desse har gått på kryss og tvers av dette skiljet i andre samanhengar. Det skulle med andre ord berre mangla at ein ikkje også fekk varianten lekmedlemmer mot profesjonelle.

Og då eg las formuleringa om at «...Som vi husker, la den amerikanske Hutchins-kommisjonen stor vekt på at pressens ansvarlighet måtte demonstreres offentlig...» (s. 102), kunne eg ikkje anna enn tenkja på Arne Scheie sine stadige hint «som alle vet...» under si fotballkommentering, gjerne om forhold som dei færraste trass alt kjenner til. Men når eg har nemnt at den førre sjefredaktøren (og vel så det) i Stavanger Aftenblad har fått nytt namn (s. 48), og at Hedrum, som bokmeldaren burde veta om, er blitt til Gjerdrum (s. 199), så er det grøvste sagt av vektige innvendingar.

For dette er først og fremst eit festskrift av forfattaren. Norske pressefolk sit langt sjeldnare med halvliteren i presseetikkens Last Chance Saloon enn til dømes britiske kollegaer har gjort det. Mellom grunnane til det er ei solid oppfylling av vaktbikkjefunksjonen på den tidlegare Journalisthøgskolen, no Journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Om ikkje Odd Raaum kan skuldast for å ha drive dressur av pressa, så har han vore ein viktig bidragsytar til å gjera ei rekkje kull med unge journalistspirer klokare på det presseetiske området. Dressur i pressen er eit uomtvisteleg nytt sterkt bidrag i så måte. Den står som ein påle.

Lars Arve Røssland førsteamanuensisInstitutt for medievitenskap, UiB, 5020 Bergen. e-post: Lars.Rossland@media.uib.no