Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Norsk medieforskerlag gjennom 25 år

Borghild Gramstad, var NORDICOM-dokumentalist mellom 1992–2002. Kontakt: bgramst@start.no

Norsk medieforskerlag blei stifta 19. august 1977; på ein folkehøgskule i Orivesi i Finland, med føremålet «å fremme forskning om massekommunikasjon innenfor ulike vitenskapelige disipliner og å utbre kjennskap tilforskningens resultater». Innleiinga til stiftinga kom allereie året før, på IAMCR-konferansen i Warszawa. Då var det Hans Fredrik Dahl som lanserte tanken om ein norsk medieforskar-organisasjon, og Helge Østbye hadde med seg eit utkast til statuttar til møtet i Orivesi.

«Vi fra Oslo hadde spesielt problemer med. betegnelsen lag, vi ønsket heller noe mer høytidelig som. forening eller organisasjon. Lag forbandt vi med primærnæringene, både Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Birøkterlag ble trukket fram i debatten Men delegasjonen fra Bergen vant, og takk for det!»

Sigurd Høst

Sigurd Høst fortel at det han hugsar tydelegast frå stiftingsmøtet, var namnediskusjonen.

Norsk medieforskerlag blei stifta fordi dei norske medieforskarane trengde ein organisasjon som kunne representera Noreg i samarbeidet om dei nordiske medieforskarkonferansane, som hadde byrja fire år før. I dei andre nordiske landa hadde dei stifta, eller var i ferd med å stifta, sine forskarorganisasjonar, og det var naturleg for Noreg å gjera det også.

Den første formannen i Norsk medieforskerlag er Helge Østbye, med Ragnar Waldahl som sekretær og Sigurd Høst som kasserar. Medlemspengane var 100 kroner, som gjaldt for halve 1977 og heile 1978.

Det første året fekk NML inn 2000 kroner i medlemspengar, medan utgiftene var på 107 kroner og 40 øre. Etter framlegg frå kasseraren blir medlemspengane sette ned frå 75 kroner året til 50 kroner.

Samtidig som NML blir stifta, blir den tredje nordiske medieforskarkonferansen skipa til i Orivesi, Finland 19.–20, august, og samlar rundt 120 forskarar. 12 norske paper blir presenterte. Hovudemnene er Massekommunikationsforskningens institusjonella uppbygnad i Skandinavien, som Stig Hadenius, Michael Bruun Andersen og Jørgen Poulsen snakkar om, og Massekommunikationsforskningens objekt och metodologi, som Kauko Pietilä og Frands Mortensen innleier om.

Föreningen för svensk medie- och kommunikationsforskning, FSMK, blir også stifta dette året.

Før stiftinga av Norsk medieforskerlag, hadde følgjande skjedd på mediefronten:

1971

Møre og Romsdal distriktshøgskule, avdeling Volda, hadde sitt første studieår. Utdanninga i media og kommunikasjon var på plass heilt frå byrjinga, med fordjupingar i avis, radio, film og fjernsyn, informasjon, audiovisuell linje og medie- og kommunikasjonsteori.

1972

Den nordiska dokumentationscentralen för masskommunikationsforskning (NORDICOM) blei etablert som prøveprosjekt, med midlar frå Nordisk Ministerråd, og med kontor i Århus, Tammerfors, Göteborg og Bergen. Føremålet var å overvaka og dokumentera litteratur og offentlege dokument frå det nordiske massekommunikasjonsfeltet, laga og senda ut bibliografiar og driva informasjonsverksemd om massekommunikasjon.

1973

Den første nordiske medieforskarkonferansen blei skipa til på Voksenåsen, Noreg. Om lag hundre nordiske medieforskarar samla seg for å drøfta emnet Medieforskning. Kommunikasjon og samfunnsansvar.

1974

Faget Drama, film og teater blei starta ved Universitetet i Trondheim.

Finnish association for mass communication research, TOY, blei stifta.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning blei oppretta av kulturdepartementet for å gi støtte til anvendt presseforsking og etter- og vidareutdanning for joutnalistar.

1975

Den andre nordiske medieforskarkonferansen i Bjerringbro, Danmark, samla rundt 120 medieforskarar, sju norske paper blei presenterte. Emnet er Kommunikasjon og demokrati.

Institutt for Journalistikk, IJ, blei etablert og plassert i Fredrikstad av Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening og Norske Avisers Landsforening.

1976

Sammenslutningen af medieforskere i Danmark, SMID, blei stifta.

NRK opna sitt første distriktskontor, i Alta.

Svennik Høyer tok doktorgraden (dr.philos.) i 1977 på avhandlinga Norsk presse 1865–1965, strukturutvikling og politiske mønstre. Slik blei han den første i Noreg som tok doktorgraden på eit medevitskapleg emne, slik han var den første som fekk ei fast stilling i medievitskap då han blei utnemnd til dosent i presseforsking i 1970.

Etter stiftinga av Norsk medieforskerlag, skjer dette:

1978

Institutt for drama, film og teater blir etablert ved Universitetet i Trondheim.

1979

Norsk medieforskerlag skipar til sitt første seminar, på Ustaoset i september. Desse innleier: Einar Førde: Norsk mediepolitikk i 1980-åra, Svennik Høyer: Medieforskningspolitikken, Helge Østbye og Anita Werner: Nordsat, Sigurd Høst: Medieplanlegging og forskerens rolle, Kjell Olav Mathisen: Om å omsette forskning til praksis, Einar Østgaard oppsummerer til slutt.

Styret i NML er Svennik Høyer (formann), Helge Østbye, Kjell Olav Mathisen (sekretær), Sigurd Høst (kasserar).

Medlemmer i Norsk medieforskerlag hausten 1979

Alme, BjarteVolda
Andenæs, IvarStatens informasjonsteneste
Augedal, EgilInst, for presseforskning
Berg, MieNRK
Boman, ArildInst. for samfunnsforskning
Broch, TomDanmark
Braaten, Lars ThomasHøgskolen i Stavanger
Flick, MarianUniv. i Bergen
Halse, Ketil JarlVolda
Høst, SigurdInst. for presseforskning
Høyer, SvennikInst. for presseforskning
Langhoff, PerInsitutt for markedsføring
Mathisen, Kjell OlavTeleverket
Rolland, AsleMedieutvalget
Raaum, OddJournalisthøgskolen
Sande, ØysteinVolda
Skirbekk, SigurdInst. for sosiologi
Sørenssen, BjørnDrama, film, teater
Vaagland, OlavSenter for medieforskning
Waldahl, RagnarInst. for presseforskning
Werner, AnitaInst. for presseforskning
Østbye, HelgeSenter for medieforskning
Østgaard, EinarFrilans

Den første doktorgraden i filmvitskap i Noreg blir levert: Bjørn Sørenssen sin. «Gryr i Norden»: norsk arbeiderfilm 1928–1940 i internasjonalt perspektiv.

Den fjerde nordiske medieforskarkonferansen går føre seg i Umeå, Sverige, 15.–18. august. Rundt 110 forskarar tar del, fem norske paper blir presenterte. Temaet er Massmedieutvecklingen i Norden: utbud, efterfrågan, konsekvenser. Karl-Hampus Dahlstedt har opningsforedraget. Ivar Ivre og Bo Präntare innleier i den eine plenumssamlinga, den andre er sett av til presentasjon av det som skjer i arbeidsgruppene.

1980

Nyheitsbrevet Norsk medieforskning blir etablert, med dåverande NORDICOM-dokumentalist Kirsti Thesen Sælen som redaktør, og Helge Østbye, først som representant for Norsk medieforskerlag, seinare med tittelen redaksjonssekretær.

Nyheitsbrevet inneheld referat frå møte i NML, ny litteratur, nytt om namn, debattinnlegg med meir.

Første nummer av Masskommunikation – aktuell forskning i Norden, det som seinare blir til NORDICOM-Information, kjem ut, utgitt av NORDICOM.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 1,3 millionar kroner til forsking, 1/6 av den samla løyvinga deira.

1981

Norsk medieforskerlag sin andre konferanse blir halden i dei nye lokala til Institutt for journalistikk i Fredrikstad, 2.–4. april. Det nye styret er: formann: Asle Rolland, kasserar: Egil Augedal, sekretær: Odd Raaum og styremedlem Ketil Jarl Halse. Medlemspengane er 50 kroner.

Som referent Helge Østbye kommenterer i nyheitsbrevet Norsk medieforskning: «Konferansen pågikk i om lag 2 døgn, nokså bokstavelig talt Den sosiale siden ved denne konferansen – som ved så mange andre – var viktig. Men på denne konferansen var også det faglige innholdet av meget: høg kvalitet Det er ikke alle medieforskerkonferanser en kan si det om. »

Den femte nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Reykjavik på Island, nærare 140 forskarar er påmelde, sju norske paper blir lagde fram. Svennik Høyer innleier om Medieteori og mediepraksis i samarbeide og konflikt, Preben Sepstrup snakkar om Massekommunikationsforskningens rolle i samfundet, Lars Höglund drøftar Om kommunikation och välfärd, og Olof Hultén spør: Varför skulle forskningen ändra medierna? Alle innleiingane har ein opponent knytte til seg.

Den første hovudoppgåva i filmvitskap i Noreg blir levert. Det gjer Kathrine Skretting, med Norske barnefilmer etter krigen.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 1 620 760 kroner til forsking. NRKs kontaktutvalg med samfunnsforskningen løyva 479 007 kroner til medieforsking.

1982

Vårkonferansen er lagd til Fredrikstad, 15.–17. april, med rundt 40 deltakarar. Det er seks sesjonar. 1. Regjeringens mediepolitikk, innleiar er statssekretær i Kultur- og vitskapsdepartementet Jan S. Levy. 2. Erfaringer med anvendt medieforskning, her innleier Björn Höijer, PUB/Sveriges radio. 3. Erfaringer med/synspunkter på bruk av forskningsresultater i praktisk programvirksomhet, med innleiarane Björn Höijer, PUB/Sveriges radio og Per Frydenberg, NRK. 4. Undersøkelsen om journalistenes arbeidsmiljø, der Stein Ove Grønsund NJ/IJ og Rolf Kluge, Asker og Bærums Budstikke innleier. 5. Massemedier og makt – diskusjon med utgangspunkt i et kapittel i Maktutredningens massemedierapport, med innleiar Hans Fredrik Dahl, Dagbladet, og eit panel med Kjell Olav Mathisen, Televerkets forskningsinstitutt og Svennik Høyer, Institutt for presseforskning. 6. Medieutvalgets underutvalg for forskningspolitikk, med innleiar Svennik Høyer. 14. april 1982 var medlemstalet 41. Medlemspengane blir auka til 100 kroner. Styret blir sittande, men tar for første gong inn varafolk: Olav Vaagland, Bjørn Petter Ulvær, Eva Bellsund og Ivar Andenæs. Det blir vedtatt å etablera eit undervisningsutval i NML, som skal følga opp og vurdera studietilbod som blir etablerte på høgskular og andre stader. Utvalet har desse medlemmene: Asle Gire Dahl, Ketil Jarl Halse og Jan Johnsen.

Trine Syvertsen og Karl Knapskog skriv: «Dette var kanskje det som overraska oss mest: At så mange møtte med om lag same forventningane som når ein dreg på repetisjonsøving i Heimevernet. Hyggeleg å møtast att, men ikkje sæleg matnyttig.»

På konferansen tar Bjørn Sørenssen og Willy Dahl del som dei to einaste humanistane» Då utbryt ein av samfunnsvitarane: «Dette ville aldri ha skjedd før humanistane kom med!»

Grunnfag i massekommunikasjon ved Institutt for presseforsking, Universitetet i Oslo, blir etablert, med rundt 50 studentar.

Maktutgreiinga kjem med både sluttrapport og rapport om massemedier. Den siste er forfatta av Svennik Høyer, Kjell Olav Mathisen, Anita Werner og Helge Østbye.

Radiomonopolet blir oppløyst under kulturminister Lars Roar Langslet, med mottoet «mangfald i eteren».

Den første private nærradioen går på lufta. Det blir opna for privat lokalfjernsyn og kabeldistribusjon av satellittfjernsyn.

1983

Det nye styret i Norsk medieforskerlag er Ivar Andenæs (formann), Bjørn Petter Ulvær (sekretær), Sissel Lund (kasserar) og Olav Vaagland, med Birger Nymo, Liv Mellum, Kirsti Thesen Sælen og Thore Roksvold som varafolk. Laget har 40 betalande medlemmer.

Den sjette nordiske medieforskarkonferansen går av stabelen i Volda, med rundt 150 deltakarar, og 10 norske paper. Innleiarar er: Gudmund Hernes: Media, informasjon og makt, Hans Fredrik Dahl: Mediepolitikk i Norden. Plenumsdebatt rundt emnet Reklame, kultur og samfunnsendring, med mellom andre Kjell Nowak og Gunnar Andrén. Andre dag er plenumsforedraga: Karen Siune: Massemediene i valgkampen, med opponentar; ein presentasjon av medieforskingsoversikter frå dei ulike nordiske landa, utarbeidd av NORDICOM-dokumentalistane og Svennik Høyer: Norsk forskningsoversikt. Kulturminister Lars Roar Langslet held festtalen. Konferansen blir kritisert i to innlegg i nyheitsbrevet Norsk medieforskning: Marjan Flick og Roel Puijk kallar det «Slektsstemnet i Volda».

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 11 032 000 kroner til forsking og etterutdanning.

1984

Norsk medieforskerlag sin vårkonferanse blir halden i Fredrikstad 3.–5. mai, med innleiingar frå mellom anna Arne Martin Klausen og Stein Bråten. 1. april 1984 har laget 45 medlemmer.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 180 600 kroner til forsking.

Grunnfag i massekommunikasjon og mediekunnskap blir etablert, ved det nyetablerte tverrfakultære Institutt for massekommunikasjon ved. Universitetet i Bergen. 30 studentar blir tatt opp på eit lukka fag, som i Imstilsmagasinet Jeg blir karakterisert som «årets hotteste karrierevalg».

NRK sin nye radiokanal, Program 2, seinare kalla P2, opnar med sete i Trondheim.

1985

Den sjuande nordiske medieforskarkonferansen, på Fuglsøcenteret på Jylland i Danmark, samlar rundt 160 deltakarar, 20 % norske. 14 norske paper blir lagde fram. Første dag er emnet Nye perspektiver på massemedierne, der Karl Erik Gustafsson, Peter Dahlgren, Helge Østbye og Antti Eskola innleier. Så blir deltakarane delte i emnegruppene semiologi, sosialpsykologi og sosiologi/politiologi, før dei samlar seg i arbeidsgrupper for å diskutera paper. Konferansen blir avslutta med ein diskusjon rundt emnet Medieforskning i Norden, der Pertti Hemanus kommenterer den danske situasjonen, Karl Erik Rosengren den finske, Asle Rolland den islandske, Thorbjørn Broddason den norske, og Erik Nordahl Svendsen den svenske.

Norsk medieforskerlag har årsmøtet sitt under den nordiske konferansen. Eit nytt styre blir valt: Birger Nymo (formann), Liv Mellum (sekretær), Kirsti Thesen Sælen (kasserar), Svennik Høyer og Jon Aanerud. Vararepresentantar: Tove Kristiansen, OlavVaagland, Gustav Haraldsen, Knut Lundby og Thore Roksvold. Medlemspengane er 100 kroner. Laget har 44 betalande medlemmer.

Nordisk Ministerråd evaluerer NORDICOM, som etter 12 års drift framleis har status som eit prøveprosjekt. Norske medieforskarar er gjennom spørreskjema med på evalueringa.

NRK Sørlandet og NRK Møre og Romsdal byrjar med prøvesendingar for distriktsfjernsyn.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 100 000 kroner til anvendt presseforsking.

1986

Norsk medieforskerlag held medlemsmøte på Journalisthøgskolen i Oslo 13. mars, der Thomas Mathisen innleier om temaet: Hvor er medieforskerne i mediedebatten?

Vårkonferansen går føre seg i Fredrikstad 12.–13. mai, med temaet Humanistisk medieforsking. Konferansen samlar 35 deltakarar. Desse innleier: Søren Kjørup, Bjørn Sørenssen, Kathrine Skretting, Jostein Gripsrud, Stig Kulset og Astrid de Vibe.

Laget har 28 betalande medlemmer, men medlemstalet blir vurdert til å vera rundt 45.

Norsk medieforskerlag rundar ti år, utan at det blir markert på nokon måte, sannsynlegvis fordi ingen av dei aktive hugsar på det!

Nytt styre: Birger Nymo (formann), Gustav Haraldsen (sekretær), Kirsti Thesen Sælen (kasserar), Svennik Høyer, Jon Aanerud og Kathrine Skretting. Varafolk: Tove Kristiansen, Olav Vaagland, Liv Mellum, Knut Lundby, Thore Roksvold og Søren Kjørup. Medlemspengane blir heva til 150 kroner.

Hovudfag i massekommunikasjon og mediekunnskap (samfunnsvitskapleg) blir etablert ved Institutt for massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen. Eit knapt halvt år etter blir Trine Syvertsen den første i Noreg som blir uteksaminert med hovudfag i massekommunikasjon.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 185 000 kroner til anvendt presseforsking.

1987

Dagsseminar og generalforsamling i Norsk medieforskerlag blir halden 13. mai på Universitetet i Oslo, med temaet: Hvor går mediefaget ved universitetene? Per Olav Reinton og Inge Lønning innleier til debatt. Nytt styre blir valt: Knut Lundby (formann), Jon Aanerud (sekretær), Olav Vaagland (kasserar), Kathrine Skretting. Vararepresentantar: Kirsti Thesen Sælen, Thore Roksvold, Gustav Haraldsen og Tove Kristiansen. Ideen om eit medietidsskrift blir lansert for første gong, frå Roel Puijk, men generalforsamlinga samlar seg ikkje om noko framlegg. Norsk medieforskerlag kjem med sin første medlemsmatrikkel, med oversikt over medlemmene, adresser og fagleg profil. Laget vedtar å peika ut fagreferentar for medieutdanning på ulike nivå og i ulike medieinstitusjonar. Oppgåva deira skal vera å orientera nyheitsbrevet Norsk medieforskning om endringar i fagplanar og undervisningsopplegg; å foreslå initiativ frå NMLs side når det gjeld medieutdanninga, å informera om NML og medieforskinga sine resultat. Desse blir peika ut: Universitetet i Bergen: Olav Vaagland. Universitetet i Oslo: Knut Lundby. Universitetet i Trondheim: Kathrine Skretting. Møre og Romsdal DH: Sigurd Høst. Journalistutdanning elles: Jon Aanerud. Andre distriktshøgskular: Olav Solberg. Brevskule–utdanning/friundervisning: Øystein Sande. Dei pedagogiske høgskulane: Jan Johnsen. Anna høgskuleutdanning pluss grunnskulen: Asle Gire Dahl. Folkehøgskule-utdanning: Lis Karin Andersen. Pedagogisk seminar: Egil Thon. Vidaregåande skule: Ola Svein Stugu.

Den åttande nordiske medieforskarkonferansen går føre seg på cruisebåt i tur-retur-fart mellom. Helsingfors og Leningrad, 10.–12. august, og samlar rundt 190 deltakarar.

I Leningrad blir medieforskarane grundig sjekka av sovjetiske vakter før dei kan fraktast rundt i bussar og få lov til å shoppe suvenirar (les: vodka).

Under middagen fører dette til denne samtalen: Ein datakyndig meiner at dei sovjetiske datamaskinane var store og tunge, noko som får Ivar Havnes til å kommentere: «Var det maskiner? Jeg trodde det var mennesker.»

Dei første studentane blir tatt opp på det nye hovudfaget i massekommunikasjon og kulturformidling (humanistisk) ved Institutt for massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Institutt for presseforskning ved Universitetet i Oslo går inn i det nyetablerte Institutt for medier og massekommunikasjon, som ligg under både det samfunnsvitskaplege og det humanistiske fakultetet. Instituttet har som oppgåve å forska og gi undervisning i «de kulturelle, sosiale og politiske aspekter ved medienes virke i det moderne samfunn», og har ni vitskaplege tilsette.

Institutt for drama, film og teater ved Universitetet i Trondheim byrjar eit nytt 10-vekttalsemne i filmkunnskap.

15 norske paper blir presenterte. Temaet er Massemedieutvikling og kulturell endring i Norden, og innleiarar er Arne Martin Klausen, Keith Roe og Katarina Eskola, med innspel til debatt frå Frands Mortensen, Madeleine Kleberg og Søren Kjørup. I tillegg kommenterer Karl Erik Rosengren og Kaarle Nordenstreng oversikten over pågåande forskingsprosjekt i Norden som NORDICOM-kontora hadde laga til konferansen.

Danvik folkehøgskole etablerer den første kristelege mediehøgskulen i landet, med 27 studentar.

Høgskolesenteret i Nordland set i gang toårig journalistutdanning i Bodø.

Høgskolesenteret i Rogaland etablerer toårig grunnutdanning i journalistikk i Stavanger. Her har ein også eit toårig studium i kultur- og mediefag.

Stortinget vedtar å gjera nærradioordninga permanent.

1988

Norsk medieforskerlag sin vårkonferanse blir halden i Bergen 9. juni, i tilknyting til dei nordiske fjernsynsdagane, med temaet Nye former for finansiering og organisering av medieforskning. Her innleier Knut Lundby frå NML, Bjørn Petter Ulvær frå MMI, Sissel Lund frå forskingsavdelinga ved NRK og leiar ved forskingsstiftinga UNIFOB, Kristen Haugland. Medlemspengane til NML blir heva til 250 kroner, fordi generalforsamlinga vedtar å melda laget inn i IAMCR (The International Association for Media and Communication Research). Nytt styre er Knut Lundby (formann), Jon Aanerud (sekretær), Olav Vaagland (kasserar), Trine Syvertsen. Vararepresentantar: Tove Kristiansen, Thore Roksvold Kirsti Thesen Sælen og Anne Marit Myrstad. Medlemsmatrikkelen til NML blir revidert og send ut til medlemmene.

Det blir tillate med kringkastingsreklame på visse vilkår.

Nordiske TV-dager blir skipa til for første gong, i Bergen 9.–12. juni. I forskarsymposiet drøftar dei temaet Nordic television towards 2000, og i tillegg er det fagtreff, utstyrsmesse og film- og videoframsyningar. Forskarsymposiet har innleiingar ved Cees Hamelink, Graham Murdock, Nicholas Garnham, Karen Siune, Peter Dahlgren og Peter Larsen.

Grunnfag i medier og kommunikasjon blir etablert ved Institutt for medier og massekommunikasjon på Universitetet i Oslo. Dei 60 studentane har eit felles første semester, før dei går til anten humanistisk eller samfunnsvitskapleg studieretning.

Grunnfag i fjernsynsproduksjon kjem i gang ved Institutt for massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Institutt for pedagogikk etablerer emnet mediepedagogikk på Universitetet i Trondheim.

Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda utvidar med eit tredjeårsstudium i dokumentarfilm og fjernsynsreportasje.

TV3 byrjar sendingane sine nyttårsaftan 1987.

TVNorge byrjar sendingane sine i desember.

1989

Vårkonferansen blir lagt til Jevnaker 5.–6. juni, med temaet Fjernsynsforsking. Konferansen er organisert rundt presentasjon og kommentering av konferansepaper, seks til saman. Konferansen munnar også ut i den aller første rapporten i Norsk medieforskerlag sin rapportserie, redigert av Knut Lundby og Trine Syvertsen, med tittelen Fjernsynsforskning. Nytt styre er Jon Aanerud (leiar), Terje Rasmussen (sekretær), Anne Marit Myrstad (kasserar), Trine Syvertsen, med vararepresentantane Jan Johnsen, Gunnar Strøm, Wenche Vagle og Kirsti Thesen Sælen.

Den niande nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til på Öland i Sverige 20.–23. august, med rundt 230 deltakarar og 29 norske paper. Under overskrifta Vad innebär forskning om journalistik? innleier Hans Fredrik Dahl, Ismo Silvo og Karen Siune; og redaktør Herbert Söderström kjem med ein mediepraktikar sitt syn på massemedieforskinga slik denne uttrykker seg i arbeidsgruppene på konferansen. I den siste plenumssesjonen drøftar Esben Højlund Carlsen, Arve Solstad, Kim Weckström og Lena Wennberg Vilken forskning vill mediepraktikerna ha?, og Frands Mortensen og Lennart Weibull innleier under tittelen: Vad svarar forskarna på det?

Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo er frå hausten av i full gang med hovudfaget sitt i medievitskap.

Rådet for samfunnsvitskapelig forsking (RSF) set ned ei referansegruppe i medieforsking, der Ragnar Waldahl, Olav Vaagland og Knut Lundby sit. Rådet for humanistisk forsking (RHF) set også ned ei tilsvarande gruppe, der Søren Kjørup, Peter Larsen, Helge Rønning, Jourunn Veiteberg og Svein O. Haaland sit.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 754 000 kroner til anvendt presseforsking.

1990

Vårkonferansen til medieforskarlaget blid halden i Bergen 6. juni, i tilknyting til dei nordiske fjernsynsdagane, med Historie og historieforståelse i norsk medieforskning som tema. Innleiarar er Anders Johansen, Svennik Høyer, Harald L. Tveterås, Eli Skogerbø, Bjørn Sørenssen, Kathrine Skretting, Henrik Sinding-Larsen og Søren Kjørup. Det nye styret er: Jon Aanerud (leiar), Terje Rasmussen (sekretær), Eli Skogerbø (kasserar), Ove Solum, med vararepresentantane Knut Helland, Gunnar Strøm, Jorun Fougner og Kirsti Thesen Sælen.

Nordiske TV-dager blir skipa til for andre gong, i Bergen.

Filmfaget blir skilt ut som eige fagtilbod ved Institutt for drama, film og teater ved Universitetet i Trondheim, og blir delt i to variantar: ein praktisk-teoretisk, og ein reint teoretisk.

Forskingsprosjektet Levende bilder i Norge blir etablert, med formålet å samla den film- og fjernsynshistoriske verksemda til norske forskarar og studentar. Kathrine Skretting leiar prosjektet.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 367 000 kroner til anvendt presseforsking.

1991

Vårkonferansen er lagt til Fredrikstad, 3.–4. juni, temaet er Bildekommunikasjon, og konferansen er delt i fire bolkar: Under overskrifta Bildekommunikasjonens nye former innleier Kjell Olav Mathisen, Bjørn Sørenssen og Jorun Veiteberg. Del to, Bilder i undervisningen, har Ola Erstad og Gert Nordström som innleiarar, Ragnhild Bjørnebekk innleier om Barnekulturens bilder, og i den siste bolken, Bildemedienes virkelighetsformidling: teoretiske, sosiologiske og institusjonelle perspektiver, innleier Ingrid Rommetveit, Erling Sivertsen, og Trine Syvertsen. Eit nytt styre blir valt: Ragnar Waldahl (leiar), Ove Solum (sekretær), Eli Skogerbø (kasserar), Jorun Fougner.

Den tiande nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Reykjavik på Island 11.–14. august, med temaet Medier og makt – tanke og ettertanke i dagens Europa. Konferansen samlar rundt 210 forskarar, 30 norske paper blir presenterte. Konferansen opnar med sesjonen Makt och medier. Isländskt perspektiv, der miljøminister Eidur Gudnason og forfattar Thorgeir Thorgeirsson innleier. Så drøftar Lally Hoffman, Per Nordangård, Bogi Ágústsson og Sigrún Stefánsdóttir Europa i förändring – mediernas roll och ansvar. I paneldebatten Makt och medier – tanke og eftertanke i dagens Europa er desse med: Karl Erik Gustafsson, Svennik Høyer, Kaarle Nordenstreng og Ole Prehn.

Filmvitskap grunnfag blir etablert ved Oppland distriktshøgskole på Lillehammer, med Eva Bakøy som sentral person. Dette trass i at dei dåverande styrarane ved Institutt for massekommunikasjon i Bergen og Institutt for medier og kommunikasjon i Oslo skriv brev til statsråd Gudmund Hernes, der dei protesterer på opprettinga av eit nytt studietilbod i filmvitskap som forpurrar forsøka på «langsiktig, solid, kompetanseoppbygging på det medievitenskaplige feltet», og som vil tilsetta kandidatar «med en løfterik hovedoppgave som vesentligste kvalifikasjon».

Nasjonalt fagråd for mediestudier blir stifta, som eit samarbeidsorgan for universiteta og høgskulane om mediefaget.

Informasjonsstudiet blir etablert som ei sjølvstendig toårig utdanning ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 2 702 250 kroner til anvendt presseforsking, og gjer for første gong framlegg om to hovudfagsstipend à 30 000 kroner.

1992

Norsk medieforskerlag sin vår konferanse går av stabelen i Bergen 17.–18. juni, under tittelen: Journalistikkforskningen på nye veier? Her innleier Martin Eide, Hanne Berentzen, Sigurd Høst, Terje Hillesund, Jan Inge Sørbø, Peter Watkins, Astrid Gynnild og Oddgeir Tveiten. Nytt styre er Ragnar Waldahl (leiar), Ove Solum (sekretær), Eli Skogerbø (kasserar), Bjørn Sørenssen og Kathrine Skretting.

TV 2 har si første sending 5. september, med opning ved kong Harald og dronning Sonja, og direktesendt opningsshow frå Grieghallen i Bergen.

Generalforsamlinga i Norsk medieforskerlag vel for første gong ein humanist som. leiar, nemleg Ove Solum.

Borghild Gramstad avløyser Kirsti Thesen Sælen som NORDICOM-dokumentalist, og dermed også som redaktør av Norsk medieforskning. Erling Sivertsen blir ny redaksjonssekretær etter Helge Østbye.

Nordiske TV-dager blir skipa til for tredje gong.

Den første medievitaren blir tilsett i den nye stipendiatsamarbeidsavtalen mellom universiteta og distriktshøgskulane, der det faglege ansvaret for stipendiaten ligg til eit universitet, medan det daglege arbeidet skal gjerast ved ein distriktshøgskule. Dette er Anne Lise With, som etter avslutta hovudfag i drama, film og teater i Trondheim blir stipendiat ved Universitetet i Trondheim, med plassering på Oppland distriktshøgskole.

Nasjonalt fagråd for mediestudier går inn for å bruka medievitskap som overgripande nemning på mediefagområdet, og rår til at dei ulike medieinstitutta bruker dette namnet på grunnutdanningstilboda sine.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 3 602 990 kroner til anvendt presseforsking. I tillegg løyver dei 490 000 kroner til etableringa av ein brei kunnskapsbase for mediefeltet, seinare kjend som MedieNorge. Rådet skiftar også namn til Rådet for anvendt medieforskning.

Markeds- og mediainstituttet (MMI) byrjar med kontinuerlege TV-metermålingar på oppdrag frå NRK.

1993

Den ellevte nordiske medieforskarkonferansen blir halden i Trondheim, 8. –11. august, med rundt 120 deltakarar og 31 norske paper. Hovudtemaet er Nordisk medie- og kommunikasjonsforskning i 20 år: forsknings- og medieutvikling. Peter Golding opnar konferansen med foredraget The development of the media and media policy in Europe 1973–1993. Perspectives for media research in the Nordic countries. Ein paneldebatt med «ungdomane» Trine Syvertsen, Hillevi Ganetz, Henrik Søndergaard, Heikki Heilman og Marju Lauristin drøftar Foryngelse innen forskningen? Perspektiver på forskningsinnhold og forskerutdannelse. Siste dagen samlar «veteranane» Kjell Nowak, Thorbjørn Broddason, Frands Mortensen, Anita Werner og Tapio Varis seg i eit panel for å drøfta 20 års nordisk medieforskning. Et perspektiverende tilbakeblikk.

Resten av styret: Oddgeir Tveiten (sekretær), Eli Skogerbø (kasserar), Bjørn Sørenssen, Borghild Gramstad, Henny Wale. Vararepresentantar er Knut Helland, Gunnar Strøm og Jorun Fougner. Generalforsamlinga vedtar også å gi tilslutning til den sjølvoppnemnde interrimsredaksjonen for eit nytt tidsskrift for medieforsking. Dette skal koma ut to gonger årleg, og bli sendt ut til medlemmene i NML. Desse sit i redaksjonen: Borghild Gramstad, Leif Ove Larsen, Rune Ottosen, Terje Rasmussen, Kathrine Skretting, Trine Syvertsen, Oddgeir Tveiten. Tidsskrifter får etter kvart namnet Norsk medietidsskrift.

Norsk medietidsskrift: lanserer sitt første nummer på vårkonferansemiddagen, med temaet: Nytt fjernsyn – gammel offentlighet?

Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda etablerer ei sjølvstendig, toårig utdanning i animasjon.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 745 688 kroner til forskingsprosjekt.

Den privateigde og reklamefinansierte radiokanalen P4 byrjar sendingane sine.

2. oktober er premieredag for NRK sin nye radiokanal. Frå no av sender NRK Radio i tre kanalar: NRK P1, NRK P2 og NRK Petre.

1994

Vårkonferansen blir halden i Bergen 8. –9. juni. Emnet er: Globalisering: Fakta – fiksjon. Her innleier Tapio Varis, Hilde Arntsen, Oddgeir Tveiten, Erling Maartman-Moe, Mikael Bruun Andersen og Jan Martin Tangeraas. I styret sit no Ove Solum (leiar), Oddgeir Tveiten (sekretær), Eli Skogerbø (kasserar), Borghild Gramstad og Henny Wale.

Artikkelforfattarar i det første nummeret: Espen Ytreberg, Knut Helland, Tore Slaatta, Odd Raaum, Wenche Mühleisen og Per Olav Reinton. Det andre nummeret av Norsk medietidsskrift har emnet Kulturell identitet.

Nordiske TV-dager blir skipa til i Bergen 9.–11. juni.

MedieNorge, kunnskapsbase for mediefeltet, byrjar med Geir Engen som einaste tilsette. MedieNorge er lagt til Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Faget Medievitskap blir etablert ved Institutt for drama, film og teater ved Universitetet i Trondheim.

Det nye høgskulesystemet blir innført, og alle distriktshøgskulane blir høgskulesenter.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 685 177 kroner til medieforsking. I samband med at RAM vil prioritere forskingsprosjekt om medieetikk framover, ber dei inn til ein konferanse om medieetikk 17. november i Oslo.

Norsk medieforskerlag avsluttar medlemskapen sin i IAMCR, då dei går over til anten individuelt medlemskap eller institusjonsmedlemskap. Medlemskontigenten blir ikkje redusert

Den første norske dagsavisa kjem på nett 7. mars, Brønnøysund Avis, med Dagbladet som ein god. nummer to 9. mars.

25. august kjem den første nordiske avisa på Internett; det svenske Aftonbladet.

Noreg er vertskap for dei olympiske vinterleikane, på Lillehammer.

I ei folkerøysting seier Noreg nei til å bli medlem i EU.

1995

Vårkonferansen blir skipa til i samarbeid med prosjektet Levende bilder i Norge, i Oslo 8.–9. mai. Temaet er Filmen 100 år. Under tittelen New perspectives on film history innleier Janet Staiger, Thomas Elsaesser og Søren Kjørup. Jostein Gripsrud, Tone Kolbjørnsen og Kathrine Skretting innleier i bolken Film and popular culture. I sesjonen om Den norske filmens historie snakkar Gunnar Iversen, Ove Solum og Marit Bakke, medan Hroar Klempe og Richard Ling held avslutningsforedrag under overskrifta: 100 år og hva nå? I det nye styret sit desse: Ove Solum (leiar), Oddgeir Tveiten (sekretær), Henny Wale (kasserar), Roel Puijk, Borghild Gramstad. Vararepresentantar: Knut Helland, Gunnar Strøm, Ingunn Hagen.

Den tolvte nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Helsingør i Danmark 12.–15. august, med rundt 270 deltakarar og 44 norske paper. Paul Messaris opnar med foredraget Visual language: Cognition and persuasion. Den første plenumssesjonen har temaet Visual media in our cultures. History and a conceptual framework. Her innleier Ib Bondebjerg, Kathrine Skretting og Tarmo Malmberg. Den siste sesjonen i plenum har tittelen Visual media in our cultures. Potentialities, influences and perspectives. Her innleier Gert Z. Nordström, Birgitta Höijer og Terje Rasmussen.

NORDICOM blir på nytt evaluert av Nordisk Ministerråd, den nordiske medieforskarkonferansen vedtar ei støtteerklæring.

Norsk medietidsskrift får eiga nettside. Nummer 1/95 har temaet Journalistikk, og nummer 2/95 bygger på årets vårkonferanse, med emnet Filmhistorie.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 010 202 kroner til forskingsprosjekt.

1996

Vårkonferansen blir avvikla i Bergen, 5.–6. juni, med temaet Ny mediepolitikk. Innleiarar er Philip Schlesinger, Eli Skogerbø, Per Hetland, Erling Maartmann-Moe, Geir Olav Håland, Jørgen Kirksæther og Helge Østbye.

Medlemspengane er 350 kroner, 250 for studentar.

Vårkonferansen dette året blir også hugsa fordi ein mobiltelefon for første gong i laget si historie ringte i plenum. Telefonen tilhøyrte Knut-Arne Futsæter.

Norsk medieforskerlag får sin første kvinnelege leiar, Anne Marit Myrstad. Resten av styret er: Henny Wale (kasserar), Roel Puijk (sekretær), Borghild Gramstad. Vararepresentantar er Ingunn Hagen, Lisbeth Morlandstø, Espen Ytreberg.

Norsk medietidsskrift nummer 1/96 har temaet TV-kritikk. Nummer 2/96 bygger på vårkonferansen, og tar for seg Ny mediepolitikk.

Nordiske TV-dager blir skipa til i Bergen, 6.–8. juni.

Nina Bjørnstad tar over etter Geir Engen som ansvarleg for MedieNorge – kunnskapsbase på mediefeltet.

Kulturdepartementet set ned Allmennkringkastingsrådet, som skal vurdera om programverksemda i NRK, TV 2 og P4 er i samsvar med prinsippa for allmenn-kringkasting. Rådet har desse medlemmene: Jostein Gripsrud (leiar), Trine Syvertsen, Gro Shetelig Kruse, Bjørn Sørenssen, Aud Kvalbein, Helge Rønning og Trude Birkeland.

Forskingsprosjektet Levende bilder kjem med avslutningsrapporten sin, praktverket Kinoens mørke fjernsynets lys. Levende bilder i Norge gjennom hundre år. Filmmediets 100-årsjubileum blir òg markert andre stader i verda.

NRK blir aksjeselskap, og den nye fjernsynskanalen NRK2 har si første sending 31. august, under slagordet «ung og tung».

Norsk Journalistlag feirar 50-årsjubileet sitt.

Universitetet i Trondheim blir lagt om og døypt om til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU. Den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen vekker uro og debatt i dei samfunnsvitskaplege og humanistiske fagmiljøa.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 397 998 kroner til forskingsprosjekt.

1997

NML sin vårkonferanse blir skipa til på Lillehammer, 12.–13. mai, med rundt 50 deltakarar, og med temaet Mediefragmentering. Innleiarar er Terje Rasmussen, Marin Eide, Stig Hjarvard, Eva Bakøy, Nina Berg og Peter Larsen.

20-årsjubileet for laget blir markert under festmiddagen, med tale av Sigurd Høst.

Det blir valt nytt styre, med Anne Marit Myrstad (leiar), Lisbeth Morlandstø (sekretær), Henny Wale (kasserar), Roel Puijk, Borghild Gramstad, Tore Helseth. Vararepresentantar er Ingunn Hagen, Hilde Arntsen, Espen Ytreberg. Hausten 1997 går Roel Puijk inn som leiar for Anne Marit Myrstad, som i svangerskapspermisjonen sin er vanleg styremedlem. Tore Helseth går inn som sekretær for Lisbeth Morlandstø medan ho er i USA, og Ingunn Hagen går inn som fast styremedlem medan Lisbeth Morlandstø er vekke. 22. april har laget 177 medlemmer. Medieforskarlaget gir ut ny medlemsmatrikkel. Denne blir send ut til alle medlemmene i laget, saman med den nye brosjyren som presenterer laget.

Den norske filmskolen blir oppretta som eige institutt ved Høgskolen i Lillehammer og tilbyr treårig høgare film- og fjenisynsutdanning. Skulen tar hausten 1997 opp 36 studentar fordelte på seks linjer: regi, manus, produksjon, klipp, foto og lyd.

Nummer 1/97 av Norsk medietidsskrift hadde Politisk kommunikasjon som tema. Nummer 2/97 var i stor grad basert på vårkonferansen, og hadde Fragmen-tering/differensiering som emne. Leif Ove Larsen, Rune Ottosen, Terje Rasmussen og Oddgeir Tveiten går ut av redaksjonen, og blir erstatta av Eva Bakøy, Gunnar Iversen, Lars Arve Røssland, Eli Skogerbø og Espen Ytreberg.

Den trettande nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Jyväskylä i Finland 9.–12. august, med nesten 300 deltakarar, og 26 norske paper. Paddy Scannell opnar konferansen med innlegget Knowledge and understanding. Så held Dan Steinbock førelesinga Media and information technology: The Internet revolution på video frå USA, ein sesjon som for alvor demonstrerer at teknologien har lenge igjen før han kan erstatta fysisk nærleik. Under overskrifta Teori och metodologi i medieforskning snakkar Jostein Gripsrud, Ullamaija Kivikuru og Jan Ekecrantz. Eli Skogerbø, Jens F. Jensen og Johan Fornäs drøftar Det förändrade medielandskapet–forskning om ny informationsteknologi.

Institutt for drama, film og teater, ved NTNU, skiftar namn til Institutt for kunst- og medievitskap.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 251 458 kroner til forskingprosjekt. Det nye rådet for RAM, som skal sitta i fire år, har denne samansettinga: Norsk medieforskerlag: Ketil Jarl Halse, leiar (vara Terje Rasmussen) og Ingunn Hagen (vara Henny Wale). Norsk Journalistlag: Vigdis Bendiktsen, nestleiar (vara Olav Njaastad). Redaktørforeningen: Gunnar Flikke (vara Arne Blix). NRK Audgunn Oltedal (vara Oddvar Aasen). Norsk filmforbund: Fredrik Hestvold (vara Ove Ingvaldstad).

NRK Alltid Nyheter byrjar sendingane sine 14. april.

1998

Arets vårkonferanse er lagt til Bodø, 11.–12. mai, med temaet Vold og sex i mediene. Rundt 50 deltakarar høyrer på desse innleiarane: Barbara Gentikow, Anne Jerslev, Anne Gjelsvik, Sønnev Skrede, Lars Arve Røssland, Ragnhild Bjørnebekk, Ola Erstad. I det nye styret sit Ola Erstad (leiar), Lisbeth Morlandstø (sekretær), Henny Wale (kasserar), Hilde Arntsen, Tore Helseth, Jens Kjeldsen og Borghild Gramstad (observatør). Varamedlemmer er Tanja Storsul og Dag Asbjørnsen. Det blir vedtatt at NORDICOM-dokumentalisten skal ha fast observatørstatus i styret. Norsk medieforskerlag får sine første internettsider, med informasjon om laget, om vårkonferansen, vedtektene, peikarar til mellom anna Norsk medietidsskrift sine sider. Det er også råd å melda seg inn i laget via nettstaden. Styret vedtar å legga ned nyheitsbrevet Norsk medieforskning, sidan laget no kan informera medlemmene ved hjelp av nettstaden og e-post.

Nummeri/98 av Norsk medietidsskrift har temaet Lyd i mediene.

Trine Syvertsen og Kathrine Skretting var ansvarlege redaktørar for tidsskriftet til og med nummer 1/98, då går dei ut av redaksjonen saman med Borghild Gramstad. Styret i NML peikar ut Eli Skogerbø og Eva Bakøy som nye redaktørar. Eli Skogerbø er ansvarleg redaktør og Wencke Mühleisen fungerande ansvarleg redaktør i Eva Bakøy sin permisjonsperiode. Redaksjonen rekrutterer seg sjølv, og ved sida av redaktørane er no Gunnar Iversen, Erling Sivertsen, Lars Arve Røssland og Espen Ytreberg med i redaksjonen. Nummer 2/ 98 bygger på vårkonferansen, og har tittelen Vold og sex i mediene.

Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen etablerer eit toårig engelskspråkleg masterstudium i manusskriving for film og fjernsyn, med studentar både frå LatinAmerika og Noreg.

Rådet for anvendt presseforskning og etterutdanning deler ut 3 336 000 kroner til praktisk presseforsking.

1999

Over 60 tar del på NML sin vårkonferanse, som blir halden i Oslo 10.–11. mai, med temaet Medier i endring – institusjoner og økonomi. Innleiarar er Karl Erik Gustafsson, Rolf Høyer, Ragna Brekke Trine Syvertsen, Espen Ytreberg og Dag Grønnestad. Det nye styret er: Ola Erstad (leiar), Lisbeth Morlandstø (sekretær), Tore Helseth (kasserar), Jens Kjeldsen, Anne Gjelsvik, Hilde Arntsen. Varamedlemmer er Tanja Storsul og Dag Asbjørnsen. Jens Kjeldsen og Hilde Arntsen er i permisjon mesteparten av perioden, og varamedlemmene fungerer då som vanlege medlemmer. Som Nordicom-dokumentalist fungerer Dag Grønnestad som observatør i styret fram til august 1999, då Borghild Gramstad kjem tilbake frå permisjon.

Laget har 194 registrerte medlemmer 1. januar 1999, medlemstalet; auka. til 205 31. desember 1999.

Rune Ottosen blir Noregs første professor i journalistikk på fulltid.

Norsk medieforskerlag held ei opa høyring om Konvergensutgreiinga i Oslo 10. november, i samarbeid med to prosjekt ved Institutt for medier og kommunikasjon (Internett i endring og Etter kulturpolitikken). Høyringa har form av ein rundebordsdiskusjon, der 15 personar frå dei mest sentrale instansane utvekslar røynsler, meiningar og argument, Nokre av desse har korte innlegg, som dannar utgangspunkt for meiningsutvekslinga. Hilde Lowett, forskar og konvergensutvalgsmedlem, held innleiinga til møtet, og dei andre innlegga er frå Helge Sønneland (Kulturdepartementet og utvalgsmedlem), Per Morten Hoff (IKT-Norge- Bransjeforening for programvareproduksjon og distribusjon), Eli Skogerbø (Norsk medieforskerlag) og Trond Andreassen (Norsk faglitterær forfatter- og overstetterforening).

Nummer 1/99 av Norsk medietidsskrift har Tekstanalyse som yrkespraksis som tema. Nummer 2/99 er i stor grad basert på vårkonferansen, og har Institusjonar og økonomi som tema. Eli Skogerbø og Wenche Mühleisen er ansvarlege redaktørar, og Ragnhild Mølster og Arnt Maasø erstattar Espen Ytreberg i redaksjonen.

Den fjortande nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Kungälv, Sverige, 14.–17. august, med meir enn 350 deltakarar, og 34 norske paper. Emnet er Where do the front lines of mass communication research run today?, og plenumsinnleiarar er Klaus Bruhn Jensen, Sonia Livingstone, Horace Newcomb, Thorbjørn Broddason, Anker Brink Lund, Birgitta Höijer, Terhi Rantanen, Espen Ytreberg og Cecilia von Feilitzen.

NORDICOM etablerer ein eigen prosjektdatabase der aktuelle prosjekt og medieforskarar er registrerte, NPROJ. Alle NML-medlemmene får brev med spørsmål om å registrera seg, sidan databasen erstattar medlemsmatrikkelen som medieforskarlaget har laga tidlegare.

NWL blir registrert i Brønnøysundregistrene.

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 3 305 000 kroner til medieforsking. RAM arrangerer ein konferanse i Oslo med tittelen Medienes samfunnsrolle.

2000

Medieforskarlaget sin vårkonferanse blir skipa til i Trondheim, 11.–12. mai, med emnet: Metode – nye medier, nye metoder? I overkant av 50 personar tar del. Det blir valt nytt styre: Anne Gjelsvik (leiar), Lisbeth Morlandstø (sekretær), Tore Helseth (kasserar), Jens Kjeldsen, Elisabeth Eide, Gunnar Sæbø og Borghild Gramstad (observatør). Varamedlemmer er Knut Helland og Dag Asbjørnsen. Norsk medieforskerlag har 205 medlemmer 1. januar 2000, og talet aukar til 213 ved årsskiftet 2000/2001.

Nummer 1/00 av Norsk medietidsskrift kjem ut i april og har temaet Kropp og medier. Nummer 2/00 er i stor grad basert på vårkonferansen 2000 og har Metoder i mediene som tema. Eva Bakøy og Wencke Mühleisen er ansvarlege redaktørar fram til oktober 2000, då dei blir avløyste av Erling Sivertsen og Ragnhild Mølster.

I samband med statsbudsjettet hausten 2000 blir det gjort framlegg om at Rådet for anvendt medieforskning blir nedlagt. Styret i Norsk medieforskerlag mobiliserer mot nedlegginga på ulikt vis. Det blir gjennomført ein underskriftskampanje på web. Denne samlar 105 underskrifter, som blir sende over til Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité og Kulturdepartementet. I tillegg kontaktar styret medlemmene i komiteen direkte, både gjennom samtalar og e-post. Gjennom NML sin samarbeidspartnar i saka, Norsk Journalistlag, blir saka også tatt opp i eit møte med komiteen. Leiar i NML, Anne Gjelsvik, legg ned mykje tid, innsats og godt arbeid i saka, og i forliket om statsbudsjettet blir RAM redda. I 2000 deler Rådet for anvendt medieforskning ut 3 381 000 kroner til forskingsprosjekt.

2001

Norsk medieforskerlag sin vårkonferanse blir skipa til i Bergen 7.–8. mai, med emnet Virkeligheter. Innleiarar er: Anders Johansen, Gunnar Strøm, Tore Helseth, Magne Lindholm, Alex Iversen, Elise Seip Tønnessen og Styrk Jansen.

Det nye styret har desse medlemmene: Arild Fetveit (leiar), Lisbeth Morlandstø (sekretær), Tore Helseth (kasserar), Jens Kjeldsen, Elisabeth Eide, Gunnar Sæbø og Borghild Gramstad (observatør). Vararepresentantar er Knut Helland og Dag Asbjørnsen. Styret avgjer å ha ein nestleiar, og det blir Lisbeth Morlandstø. Styret lyser ut konkurranse om beste logo til den sekstande nordiske medieforskarkonferansen som skal skipast til i Kristiansand i 2003.

Styret får registrert domenenamna medieforskerlaget. no og medietidsskriftet. no, og det blir laga nye heimesider med ny utsjånad.

Norsk medietidsskrift sitt nummer 1/01 har temaet Fjernsynshistorie og fjernsynsanalyse, og nummer 2/01, som bygger på vårkonferansen, har emnet Virkeligheter. Hilde Arntsen, Dag Asbjørnsen, Anne Gjelsvik og Tore Helseth erstattar Eva Bakøy, Wencke Mühleisen, Gunnar Iversen og Lars Arve Røssland i redaksjonen.

Hovudfag i journalistikk blir etablert som eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo ved Institutt for medier og kommunikasjon, og Høgskolen i Oslo ved journalistutdanninga. Hovudfaget er ein prøveordning over fire år, som skal evaluerast før det eventuelt held fram som eit felles mastergradsstudium mellom dei to institusjonane.

Den femtande nordiske medieforskarkonferansen blir skipa til i Reykjavik på Island 11.–13. august, med rundt 330 deltakarar og 55 norske paper. Kirsten Drotner held opningsforedraget, under tittelen: Nya medier, nya möjligheter, nya samhällen? Neste plenumssesjon har overskrifta Nya generationer, nya medier, og Ellen Wartella innleier, kommentert av eit panel med Gudbjørg Hildur Kolbeins, Ulla Johnsson-Smaragdi, Gitte Bang Stald og Anita Werner. Siste dagen er emnet Mediehistoria, og Ib Bondebjerg innleier, med Lars-Åke Engblom, Hans Fredrik Dahl, Monika Djerf-Pierre, Klaus Bruhn Jensen og Raimo Salokangas i panelet.

I forlenginga av aksjonen året før for å berga RAM tar Norsk medieforskerlag og Norsk Journalistlag (NJ) initiativ til eit nettverk for samarbeid om auka satsing på medie- og journalistikkforsking i Noreg. I tillegg til desse to organisasjonane knyter nettverket til seg representantar frå dei tre universitetsmiljøa, journalistutdanningane ved høgskulane i Volda, Bodø og Oslo, Institutt for journalistikk i Fredrikstad, Norske Avisers Landsforbund, Norsk Redaktørforening og Rådet for anvendt medieforskning. Nettverket set ned ei arbeidsgruppe der Anne Gjelsvik (NML), Olav Njaastad (NJ), Ketil Jarl Halse (HiV), Martin Eide (UiB) og Eirik Moe (IJ) er med. Arbeidsgruppa møter med Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité, og har kontakt med Norsk forskingsråd, Kultur og Samfunn, for drøfting av ei auka satsing på medieforsking. Styret i Norsk medieforskerlag sender ein spesiell takk til dei politikarane som støtta initiativet i RAM-saka. Det blir skipa til eit halvdagsseminar i Oslo 16. mars, der politikarar og representantar for Noregs forskingsråd og andre viktige aktørar er inviterte.

Norsk medieforskerlag slår på stortromma med stor jubileumskonferanse, 25 år etter at laget blei stifta. Konferansen blir halden på Høgskolen i Oslo, 19.–21. september.

Norsk medieforskerlag avgjer å skipa til den nasjonale konferansen annakvart år i forhold til den nordiske konferansen.

Rådet for anvendt medieforskning set ned eit nytt utval for perioden 2001–2005, med desse medlemmene: Vigdis Bendiktsen, Henriette Fossum, Ketil Jarl Halse, Olav Njaastad, Henny Wale, Aage Aaberge. Vararepresentantar: Lisbeth Morlandstø, Audgunn Oltedal, Sven Egil Omdal, Tore Slaatta, Camilla Vinge. RAM deler ut 2 971 000 kroner til forskingsprosjekt.

2002

Rådet for anvendt medieforskning deler ut 2 917 000 kroner til forskingsprosjekt.

Norsk Medietidsskrift markerar med eit spesialnummer med ny design.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon