Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Lærd bok meir enn lærebok

Førsteamanuensis, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

Stipendiat, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

Jo Bech-Karlsen (2000) Reportasjen. Oslo: Universitetsforlaget.

"Reportasjen er en førstehåndsskildring i personlig stil om et menneskelig anliggende av offentlig interesse". Stort nærmare kjernen enn denne glitrande definisjonen til Frode Grytten, kjem vi vel ikkje på dei 350 sidene i boka Reportasjen.

Jo Bech-Karlsen forklarer i dei innleiande kapitla korleis han hadde tenkt seg å skrive "den store reportasjeboka", meint som "en heldekkende lærebok som tok for seg reportasjefeltet i sin store bredde". Men så finn han nokså fort ut at det (med hans eigne ord) var "et stormannsgalt prosjekt" som kan hende ikkje var noko å satse på likevel: "Var det i hele tatt noen god ide å skrive en bok som forsøkte å fange reportasjen i teorier og sjangersystemer?"(s. 23). Han spør seg om kva for kunnskapar som finst, og korleis han best kunne nytte seg av dei, og ender med ei noko annleis bok kring "reportasjen som metode og sjanger".

Reportasjen vart til ei bok som vel likevel er "den store reportasjeboka" her i landet, så langt. Forfattaren konsentrerer seg om den skrivne reportasjen, ikkje radioog fjernsynsreportasjar, og reportasjeomgrepet hans er snevrare enn mange her til lands er van med. Bech-Karlsen skil elles mellom dagsaktuell nyheitsreportasje, tidsaktuelt reportasje og tidlaus reportasje "som behandler emner av eksistensiell og eviggyldig karakter" (s. 16). Dei to siste reportasjetypane biir omfatta av nemninga den klassiske reportasjen, nær det forfattaren tidlegare har omtalt som featurereportasjen, og som er "befridd for etterkrigstidens krav om objektivitet og distanse" (s. 217). Om nyheitsreportasjen skriv Bech-Karlsen at han er "sterkt preget av den moderne nyhetstenkningen i vårt århundre" (s. 185). Dette er han skeptisk til, og ønskjer i staden å sjå reportasjen som ein sjanger i slekt med både vitskap og dikting.

I boka ber forfattaren med seg innsikter han har formidla tidlegare, som i Avisreportasjen (1994) og Feature-reportasjen (1988), og han inntek til dels nye standpunkt. Forfattaren argumenterer på ulike måtar og med mange hjelpemenn og -kvinner for reportasjen som ein sjanger med sterkt subjektivt, litterært og dermed kunstnarisk preg. Og det har vorte ei bok som viser ei breidd innanfor temaet: Dei mange som får komme til orde, er i stor grad ueinige, heldigvis. Dette er ikkje staden for å få vite at ein reportasje skal vere akkurat slik, og ikkje slik. Det beste ved boka er det inspirerande i dei mange eksempla – frå fortid og samtid – som set den skrivne reportasjen inn i ein så brei samanheng: Slik har det også vore gjort!

Boka inneheld referansar til massevis av teoriar og sjangersyn, representert ved dei mange – i tillegg til Grytten – som er omtalte eller siterte. Bech-Karlsen sjølv har villa "la teorien vokse ut av tekstene, i stedet for å presse tekstene inn i ferdige teorier" (s. 24). Det gjer ikkje "Reportasjen" til noko teorifiendtleg verk. Han syner interessante samband og skiljeliner andsynes disiplinar som historie og antropologi, og går grundig inn på forholdet til litterære sjangrar, og straumdrag som modernisme og realisme. For mange vil dette gje både ny kunnskap, aha-opplevingar og stoff til ettertanke.

Bech-Karlsen har eit bestemt syn på reportasjar og metodane som kan brukast. M.a. blir det lagt vekt på at sjangeren er erfaringslitteratur, med klare litterære kvalitetar. Bech-Karlsen stiller også krav til at "mennesker, miljøer og hendelser ikke kan være oppdiktet, men må eksistere i virkelighetens verden (være ekte), og at framstillingen av dem må være samvittighetsfull og bygge på grundige undersøkelser og kildekritikk (være pålitelig)" (s. 155). Dette er det dokumentariske grunnlaget Bech-Karlsen opererer med for reportasjen.

Det er mogleg at framhevinga av det subjektive og nedtoninga av nyheitsreportasjen kan irritere somme lesarar. Og påstanden hans om at det blant 7500 norske journalistar ikkje kan vere særleg fleire enn 200 som er gode forteljarar, kan provosere. Men dei færraste som har kjennskap til takt og tone i dagens journalist-Noreg (og til forfattaren), blir nok sjokkerte over dei posisjonane Bech-Karlsen elles tek etter grundige utgreiingar. Han formidlar fornuftig journalistkritikk, tenkjer nytt, ser i uventa retningar og er dyktig til å sjå analogiar og samanhengar. BechKarlsen er m.a. kritisk til den journalistiske læresetninga "Don't tell it, show it" – han fryktar at refleksjonen kan forsvinne: "Jeg vil foreslå et mer konstruktivt slagord: Tell, show and reflect /" (s. 147). Han tek avstand frå ein postmoderne posisjon som seier at alt er tillate, og er kritisk til å bruke dramaturgisk fridom i rekonstruksjon av verkelege hendingar (s. 158–159). Vi vil også nemne at Bech-Karlsen – prisverdig – tydeleg held fram eit humanistisk menneskesyn som ein grunnstein for reportasjen.

Boka er også eit bidrag til reportasjens litteraturhistorie: I det fyldige kapitlet "Reportasjens lange linjer" er utgangspunktet heilt tilbake hos Thukydid i Hellas for 2500 år sidan, og vi kan vere med på ei synfaring hos ei lang rekkje tekstforfattarar opp til vår eiga tid. Her står denne reportasjeboka i gjeld til ei anna bok som journalistar og skrivande folk bør kjenne til: The Faber Book of Reportage, redigert av John Carey og gitt ut i 1987.

Skulle boka "Reportasjen" ha vorte gjort større (vi meiner eigentleg det motsette), kunne ein ha teke med nokre fleire av eksempla hos Carey: Ein kan t.d. hevde at Bech-Karlsen hoppar for lett over dei omfattande krøniketekstane frå seinmellomalderen. Carey har der teke med to utdrag frå den særs kjende og produktive Jean Froissart (eller John F. som britane kallar han) som opererte i Frankrike under hundreårskrigen. Han har som krønikeskribentar flest fått dårleg ettermæle hos historikarane for ikkje å ha vore påliteleg nok. Ei aktuell problemstilling kunne ha vore om kjeldekritikken hos mange notidsjournalistar er så mykje betre.

Ei annan slags diskusjon kunne ha vore mysteriet kring Samuel Pepys, som er gjengitt med brotstykke frå reportasjen hans frå brannen i London 1666 (ikkje ein brann, men sjølvaste Londonbrannen). Samuel Pepys var "journalisten" som ikkje hadde tenkt å ha lesarar: Han skreiv dagbøkene sine gjennom ein tiårsperiode i kode, og gøymde papira. Dei hemmelege reportasjane frå 1660-åra vart først avkoda og lesne på 1800-talet. Reportasjens verdshistorie, som enno ikkje er skriven, er i det heile full av spørsmål og overraskingar. Slik sett er Reportasjen også ein god start, som ei hjelpebok mot historieløysa hos journalistar.

Boka inneheld mange døme på og frå reportasjar. I kapittel 2 har Bech-Karlsen teke med to av sine eigne reportasjar, og han går grundig og kritisk inn på arbeidet sitt. At han kan bruke sine eigne erfaringar som reportasjejournalist, er ein styrke ved boka. Dei to siste kapitla i boka, i alt 70 sider, er om reportasjar av ekskollegaen Frode Grytten i Bergens Tidende. Bech-Karlsen bruker reportasjane hans til å gå meir i djupna. Arbeidsmåtar og sluttprodukt blir analyserte, og Grytten kjem også sjølv til orde med sine meiningar om reportasjesjangeren og erfaringar frå reportasjeskriving. Det er dristig å la så mykje av ei slik bok vere knytt til ein journalist og hans skrivestil (ar), men det fungerer godt. Om det er nokon del av boka som verkeleg kan skape lyst til å skrive reportasjar, er det bolken med Frode Grytten!

Bech-Karlsen er innom fleire emne enn vi kan komme inn på her, som problematisering av kjeldeomgrepet. Positivt er det at han har funne plass til eit kapittel om reportasjefotografiet, men det kunne med fordel ha vore meir enn eitt foto i kapitlet. Boka er sparsamt illustrert, og hadde tent på å ha fleire illustrasjonar. Somme vil nok sakne ei meir utførleg behandling av språk i reportasjar. Nokre småting fortel om for lite korrektur: Slik blir Alexander Kielland på side 81 omtalt som redaktør av Stavanger Aftenblad. Det var han aldri, men derimot i Stavanger Avis. Polfararen Monica Kristensen (Solås) skriv ikkje etternamnet sitt med 'ch'. Men dette er pirk. Verre er det at boka manglar eit stikkordregister, og at forlaget ikkje har vore hard nok i korrekturen.

Reportasjen er eit innsiktsfullt verk, og for sjangerhistorikarar og – teoretikarar må boka vere uunnverleg. Ein styrke ved boka er kunnskapsrikdommen og dei ulike synspunkta forfattaren formidlar. Men dette grundige og skikkelege ved boka svekkjer henne også, etter kvart som ein les. Lesaren må følgje BechKarlsen på refleksjonsreisene hans, og får da sett kva hån har meint og sagt tidlegare, og kva han "heller til" i dag. I tillegg kjem det andre har skrive, og som blir referert og sitert. No er ikkje dette i seg sjølv negativt. Problemet ér heller ikkje at BechKarlsen har valt å vere synleg i si eiga bok, men det biir så altfor mykje av det, for mykje "tell, show and reflect! " Forfattaren refererer slitsamt hyppig til seg sjølv, og ofte får ein inntrykk av at ein har lese (nesten) det same før. Same emne kan vere behandla på vidt forskjellige stader – boka er heller ikkje skriven slik at det er lett å hoppe over delar utan å miste den tråden forfattaren vil vi skal følgje. Den lause komposisjonen gjer det også tyngre for læreviljuge lesarar som ikkje bryr seg om alt BechKarlsen tek opp. Dumt, for det krevst stor motivasjon for å gje seg i kast med heile denne boka.

I forordet skriv Jo Bech-Karlsen at Reportasjen "er en lærebok for journalister og journaliststudenter. Men boken nøyer seg ikke med å lære ut (sic!) et håndverk. Jeg undersøker, reflekterer og diskuterer. Jeg går i dialog med leseren, og håper leseren vil delta i dialogen" (s. 7). Trass i at forfattaren gjerne vil skape reaksjonar hos lesarane, få dei i tale, er hans eigne monologar til tider irriterande dvelande, ikkje stimulerande. Forfattaren veit sjølvsagt at ein reell dialog ikkje er mogleg, men det er den søkjande tilnærminga til emnet BechKarlsen gjerne vil syne oss. Det opnar også for svekkjing av "hovudmålet" boka har, å lære lesarane eit handverk. I første kapittel skriv BechKarlsen at "En troverdig lærebok trenger et kunnskapskritisk (og dermed selvkritisk) perspektiv. Jeg forsøker derfor i denne boken å spille med åpne kort og vise fram usikkerheten, i stedet for å skape illusjonen av et trygt og sikkert terreng" (s. 27). Bech-Karlsen vil ikkje gje lesarane reportasjeoppskrifter, og det er greitt nok, men dessverre gjer han emnet for uoversiktleg og utflytande. På siste omslagsside står det at Reportasjen "henvender seg også til avislesere som vil diskutere og reflektere over journalistiske reportasjer." Dersom dette er "sidemålet", er vårt inntrykk at forfattaren lykkast betre med det enn med "hovudmålet".

Reportasjen har vorte meir ei lærd bok enn ei lærebok. Også etter å ha forlate tanken om å skrive den store reportasjeboka, meiner vi at Jo BechKarlsen siktar for breitt (!). Årsaka er at handverket (eller reportasje sten) blir overskygga av problematiseringane og utlegningane til BechKarlsen og dei tallause tilvisingane til journalistar, forfattarar og teoretikarar. Når forfattaren i tillegg ikkje er av dei som sparer på orda, eignar boka seg best for lesarar som er meir enn vanleg interesserte i reportasjesjangeren. Vi har fått ei bok som etter vår meining er 100 sider for lang – og for lite lærebok. Hadde forfattaren sagt at Reportasjen skulle vere ein synkron og diakron studie av reportasjesjangeren i skrivne medium, punktum, ville kritikken vore noko annleis.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon