Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Ein lyttande filmteoretikar

Stipendiat, Universitetet i Bergen/ Høgskulen i Volda.

Birger Langkjær (2000) Den lyttende tilskuer. Perception af lyd og musik i film. København: Museum Tusculanums Forlag.

Feltet av lyttande filmteoretikarar veks. I Skandinavia er dansken Birger Langkjær no ein av dei fremste. Den nye boka hans må lesast av dei som seier dei forskar på lyd, enten det er i radio, fjernsyn, musikk eller film. For Langkjær strekkjer seg mykje lenger enn boktittelen kan gje inntrykk av, og legg fram ei rekkje matnyttige tankar for meiningsteorien om mediene. For å få det publikumet den fortener, skulle nok boka blitt skriven på engelsk, men til gjengjeld er den eit nybrottsarbeid i skandinavisk filmforsking.

Langkjær har omarbeidd doktorgraden sin til ein publikasjon som fagfolk vil få stort utbyte av, mens generelt interesserte vil falla fort av lasset. Dette er i all hovudsak ei kompleks akademisk behandling av lydleg og musikalsk meining, i film og i kvardagslivet. Langkjær sin argumentasjon er sjølvsikker, kompleks og konfronterande. Han er ikkje redd for å kritisera autoritetane innafor feltet, slik som Rick Altman, Michel Chion og Christian Metz. Trass i sin sjølvstendige stil vidarefører Langkjær samla sett den tankegangen som har utvikla seg dei siste tjue åra, og bra er det. For filmlydteorien lid ikkje av fatale feil, og treng ikkje å bli revolusjonert.

Lyd lagar situasjonar

Langkjær vil bort frå oppfatninga av at lyden vert forankra i biletet. Han legg opp til ein slags paradigmeskifteretorikk, særleg når det gjeld det vanskelege spørsmålet om forholdet mellom lyd og bilete. Korleis kan dette best beskrivast? Langkjær er ikkje tilfreds med dei rådande svara. Rick Altman meiner at lyden er visuelt forankra, som for eksempel når han skriv at lyden spør ’kvar?’ og biletet svarar ’her!’. Christian Metz har ei setning som også kan tolkast slik: "Genkendelsen af en lyd leder direkte til spørgsmålet: en lyd af hvad?" (s. 117). Biletet identifiserer og lokaliserer lyden sin årsak, seier dei to autoritetane. Men dersom lydmeininga vert uttømt i visualiseringa, kvifor er det då lyd i film, spør Langkjær? "Er den så ikke overflødig? Med andre ord synes kategoriseringen af lyden via en visuel forankring langt fra at udtømme, hvad det er, lyden gør i film" (s. 118). Langkjær har som ambisjon å kompensere for denne mangelen.

Kva er så Langkjær sin posisjon når det gjeld lyd i mediene? Lyd er ekspressiv og viktig i sin eigen rett, seier han. Lyd har "begivenhedskarakter". Den indikerer at noko skjer, og er under utvikling. Når du høyrer lyden av ei skrivemaskin, "refererer lyden ikke så meget til skrivemaskinen som objekt men til situationen og maskinskrivningen som aktivitet. Lydens objekt er altså ikke kun ting, men også aktiviteter samt de mer omfattende situationer, som aktiviteten indgår i" (s. 117).

Lyd er dessutan alltid noko emosjonelt, seier Langkjær. Han er spesielt subjektivt orientert i diskusjonen om musikk. Han vil "argumentere for én differentieret, dynamisk og tilskuerorienteret model for perception af musik i audiovisuel fiktion, der inddrager tilskuerens følelsesmæssige engagement som et afgørende element i skabelsen af betydning" (s. 41).

Materieli kognitivisme

Hjå Langkjær står difor begrep som ekspressive kvalitetar, persepsjon, kinetiske møte, følelsar og affektar sentralt. Han overlet ikkje dette feltet til psykologane og psykoanalytikarane. Langkjær vil både vera sansespesifikk, og vera følsom for overskridande ekspressive kvalitetar. Dette peikar mot ei materiell og konkret utforsking av mediene, lik haldningane til ’mediumteoretikarar’ som Marshall McLuhan og Anders Johansen. Viljen til å vera mediumspesifikk kjem indirekte fram i kritiske kommentarar mot andre filmteoritradisjonar. Hans hovudinnvending mot fleirtalet av teoriane han diskuterer, er at dei er for generelle og sjeldan kan brukast fornuftig i ein analyse (s. 13). Særleg kritiserer han semiotisk teori for å vera på "et sådant niveau, at den er fuldstændig uafhængig af udtrykkets reelle konkretisering i et givent medie" (s. 29).

Langkjær sjølv er veldig konkret, og ikkje minst veldig kategoriserande. Han foreslår å identifisera fire nivå av audiovisuell betydning. Dei er basert på tilskodaren si aktive bearbeiding av filmen som forløp, for Langkjær lagar ein erfaringsbasert filmteori, ikkje ein tekstbasert. Her er dei fire kategoriane: a) sansing, som er analytisk, og gjenkjenner gestaltar og deira uttrykkskarakter (bottom-up), b) persepsjon, som syntetiserer og får lyden til å handia om noko i fiksjonsuniverset, og såleis tilfører lyden referensialitet, c) resepsjon, som er tilskodaren sitt emosjonelle og kognitive forhold til den filmiske heilheita, og d) narrasjon, som er basert på mentale forteljeformer som vert aktiverte på bakgrunn av karakteristiske handlings- og erfaringsstrukturar (s. 50 og 61).

Langkjær meiner emosjonar er viktige i all forståing av lyd, men dei er spesielt viktige i oppfatninga av musikk. Han skil mellom tre emosjonsg radar: følelsar, som er fokuserte på eit objekt, stemningar, som har grunnmodal karakter og er meir stabile, og affektar, som er kortvarige automatreaksjonar (s. 62). Langkjær identifiserer vidare tre typiske instansar som lyttaren relaterer seg til og kan forstå den musikalske ekspressiviteten i forhold til: rollefigurane sin subjektive tilstand, den dramatiske situasjonen, og tilskodaren sin eigen overordna sympatistruktur (s. 75).

Ekspressiv lytting

I staden for å gå inn i Langkjær si permutering av desse kategoriane, vil eg løfta fram måten han tenkjer omkring det materielle. Etter mitt syn er dette boka sin klaraste styrke. Dette perspektivet kjem spesielt tydeleg fram i Langkjær sin kritikk av Chion.

Chion har blitt mykje sitert for sine tre grunnleggjande måtar å lytta til film på (i Audio-Vision, 1994). Kausal lytting er orientert mot lokalisering, årsak, kategorisering. Semantisk lytting er orientert mot språkleg meiningsinnhald. Og redusert lytting er orientert mot lydens akustiske/estetiske kvalitetar. Chion si tredeling passar godt saman med skiljet mellom reallyd, tale og musikk. Men det passar for godt, meiner Langkjær. Han meiner spekteret er ufullstendig skildra, og supplerer med ein fjerde: ekspressiv lytting. Den lydlege dimensjonen har ein eigen ekspressivitet som ikkje kjem skikkeleg til syne i Chion si kategorisering.

"Lyde rapporterer om mødet mellem materialer. Læder, plastic, gummi, glas, sten og metal har hver deres karakteristiske lyde. Lyde udtrykker noget taktilt, en materieil kollision. Lyden er meget fysisk, dens udspring er mødet mellem masser og lyden mødets effekt, dets efterdønninger. Heraf lydens undertiden erotiske, taktilt sanselige og intime karakter" (s. 124). Dette uttrykksfeltet gjev rom for den ekspressive lyttinga: "Tilskueren projicerer lydens taktile og kinetiske kvaliteter ind i den samlede oplevelse af fiktionen, en form for ekspressiv tilskrivning, der netop giver fiktionsuniverset karakter af at være et fysisk begivenhedsrum, et sanseligt og konkret rum" (s. 125). Dette er eit felt av materiell meining som eg er einig med Langkjær i at dei fleste teoriar skildrar for dårleg. Men det har kome fram veldig tydeleg hjå Rick Altman i artikkelen "The Material Heterogenity of Recorded Sound" (i Sound Theory. Sound Practice) og den trur eg Langkjær er djupt inspirert av.

I analysane freistar Langkjær å praktisera denne ekspressive lyttemåten, noko han lykkast godt med. Han er meir presis og følsom som filmanalytikar enn læremeistrane sine, særleg synest eg det gjeld i analysen av Terminator 2. Her skildrar han den audiovisuelle erfaringa på ein veldig materiell måte, og fordi eg har sett Terminator 2 mange gonger, kjenner eg nesten filmen i beingrinda når eg les om den.

Tre kritiske punkt

Langkjær driv med uteoretisert fenomenologi, og det er ei unnlatelsessynd. Han seier eksplisitt at han (blant anna) har eit fenomenologisk perspektiv. Denne tradisjonen har vore comme il faut i mediefaget heilt frå starten av, og difor er det interessant at Langkjær løftar den fram. Det handlar om å fjerna seg frå semiotisk epistemologi gjennom å gå innover i erfaringsdimensjonen. Kva meiner Langkjær med ’fenomenologi’? Ein stad kallar han det "verden som vi rent faktisk oplever den" (s. 31). Han forankrar seg også til Mark Johnson. "Slagsordsagtigt sagt eksisterer bevidstheden ikke før kroppen, men kroppen går forud for og former bevidstheden, vores bevidsthed om os selv og verden, eller snarere om oss selv i verden" (s.32). Med slik vekt på kroppen si rolle i forståinga, høyrest dette ut som fenomenologi i tråd med tankar frå Martin Heidegger, Maurice Merlau-Ponty og Don Ihde, så vel som Vivian Sobchack og Paddy Scannell innafor mediefaget. Men sjølv om den begrepsmessige følsomheita til Langkjær verkar typisk fenomenologisk, er den altså heilt uteoretisert som fenomenologi.

Tilskodaren står sentralt hjå Langkjær, sidan han skriv ei tilskodarorientert bok. I analysane sine er det klart at han tenkjer seg lyttaren si oppfatting av lyden. Her er Langkjær i eit farleg teoretisk landskap, for korleis kan me vita at Langkjær si skildring er realistisk? Langkjær snakkar i realiteten om "tilskueren" som ein reint teoretisk storleik, omtrent som ein ’implisitt lesar’. Det handlar om ein lyttar som vert føresett av filmen, eller rettare sagt av teoretikaren sin analyse av filmen. I dette tilfellet altså Langkjær sjølv.

Det finst eit viktig felt i lyden sitt ekspressive uttrykksrom som vert gløymt hjå Langkjær, nemleg stemmebruken. Særleg sidan Langkjær er følsom for emosjonelle kvalitetar i lyden, er det merkeleg at han ikkje drøftar dette. Stemma fortel alltid noko om haldning, truverd, energi, humør etc. Dette er eit. heilt univers av ekspressivitet som det er synd at filmteoretikarane ikkje fangar opp.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon