Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Pressa, dei kriminelle og vanlege folk

The press, the criminal and ordinary people

Lars Arve Røssland, stipendiat, Institutt for medievitskap i Bergen

Identifisering av involverte i kriminalsaker er ein av dei mest debatterte tematikkane i den norske mediedebatten. Det eksisterer verken full identifisering eller full anonymisering i norsk presse. Grensa blir trukken ein stad. Denne artikkelen teiknar opp ein muleg modell for betre å forstå denne grenseoppdraginga.

One of the most debated issues in the Norwegian media debate concerns identification of those involved in criminal cases. Both debates and press ethical theory focus mainly on the level of identification. This article has as its starting point a situation where the media must make choices concerning who they will identify. Which choices are made? Why? What kind of possible crime political consequences can these choices have? The article discusses a model to better understand the identification choice, or the drawing of the line between those identified and those not identified. This model thinks of crime journalists as having a role to expose criminals, and defend the public against them, as a service to the public – and, at least in consequence, to the police and government.

Fleire norske presseetikk-teoretikarar har vore opptekne av identifiserings-spørsmålet, særleg knytta til kriminalsaker, men perspektivet deira har først og fremst vore det samme som i den generelle mediedebatten, spørsmålet om identifiseringsnivå eller identifiseringsmengd. Jan Inge Sørbø (1991) meiner at samfunnet kan bli halde orientert om kriminaliteten uten å veta namnet på dei som utfører den. Han understrekar at dersom omsynet til å informera ålmenta blir sett i høgsetet, så vil detaljrikdommen frå uhyggelege kriminalsaker bli tona ned. Svein Brurås (1995) inntar eit liknande utgangspunkt:

There are urgent concerns in favor of identifying the criminal as well as in favor of withholding the identity. But it seems that the concern of the sacrifices of the criminal connected to identification must take priority over other concerns. The preferance of the “audience” in favor of identification are an objectively minor concern which is at a lower level of moral importance than the urgent interest of the criminal in favor of not revealing his identity (Brurås 1995: 66).

Sørbø og Brurås har det til felles at deira merksemd rettar seg mot spørsmål som omhandlar det eg vil kalla identifiseringsnivå. Mitt utgangspunkt, mellom anna basert på eit nyleg avslutta arbeid med eit identifiseringsprosjekt (Kvam og Røssland 1998), er at det kan vera vel så interessant og relevant å innta grenseoppgåings-perspektiv meir enn identifiseringsnivå-perspektiv. Dette byggjer eg på den observasjonen at det i den faktiske pressepraksisen i dag ikkje eksisterer verken full anonymisering eller full identifisering. Prosjektet fokuserer nærmare på dei vurderingane som blir gjort av identifiseringsspørsmålet, i Pressens Faglige Utvalg (PFU) – mellom alle involverte partar – og i det norske rettsapparatet.1 Desse vurderingane gjeld ikkje minst grenser for kven som skal identifiserast i slike saker og kven som ikkje skal det. Dersom visse vedgåingar blir gjort ovanfor visse pressekritikar-hald, kan ein seia at det blir drege opp grenser for kven som potensielt skal plasserast i gapestokk og kven som ikkje skal det. I den første Vær Varsom-plakaten frå 1936 står det: “Sett ikke folk unødig i gapestokk. “ Legg her merke til ordet “unødig”. På denne tida såg ein altså at det også fanst saker der avisa kunne fungera som gapestokk og at dette var “nødig”, altså nødvendig, rett eller til og med viktig.

Denne tankegangen finst i norsk presse også i dag. Den er, som eg vil koma tilbake til, spesielt godt uttrykt i landets største avis, Verdens Gang. Den finst også uttrykt i TV 2 sin policy for dekking av kriminalsaker. Desse redaksjonane kan sjåast på som sentrale premissleverandørar for dekkinga av denne typen saker i ei rekkje andre, mindre redaksjonar. Såleis er identifiseringspraksis generelt her i landet ei blanding av medviten rådslagning og uklar tenkjing. Det står likevel fast at praksis i seg sjølv kan innebera kriminalpolitiske ståstader gjennom den grenseoppdraginga som nodvendigivs må føregå i ein situasjon med verken full anonymisering eller full identifisering.

Eg vil låna sider ved begrepsbruken og tenkjinga til den svenske statsvitaren Olof Petersson2 for å klargjera. Petersson har snakka om journalistane som klasse og journalismen som ideologi (Petersson 1994). I “journalisme”- begrepet legg han korleis journalistane har utvikla seg frå ein profesjon til ein samfunnsklasse, der medlemmene er sameinte av felles vilkår og av ein felles ideologi. Klassen blir ei sosialt verkande kraft gjennom sosial handling. Petersson sitt utgangspunkt er at dei som kontrollerer informasjonen har ei nøkkelstilling i informasjonssamfunnet. Journalistane har vore svært sentrale mellom desse informasjonskontrollørane, sjølv om Petersson også peikar på at framveksten av pr-folk og informatørar kan verka til å redusera denne viktigheten. Journalistme-modellen kan ein tenkja seg slik: Journalistane ser på seg sjølve som å inneha eit “avsløringsoppdrag”, på “folket” sine vegne, andsynes “makta”.

Journalismen som ideologi inneber i stor grad eit bestemt sett av verkeleghetsførestillingar:

Ideologier erbjuder därmed kognitiva kartor som hjälp att orientera i det politiska landskapet. Ideologier sägs också ofta vara handlingsinriktade. De är inriktade på att, för att travestera Marx, inte bara förstå utan också att förändra världen (Petersson 1994: 29).

Ifølgje Petersson sin journalisme-modell består samfunnet av tre grupper: makthavarane, vanlege menneske og journalistar. Han teiknar opp journalismen si utlegning av forholdet dei tre gruppene i mellom først og fremst på det politiske området. Han snakkar til dømes om at ein journalist si oppgåve, ifølgje journalismen, er å granska makthavarane og å fungera som ein advokat for dei som ikkje får fram si røyst. Journalistane skal stilla “publikum sine spørsmål”, dei skal vera “borgarane sin reiskap”. Eit nøkkelbegrep i denne ideologien er avsløringa. Verda ligg liksom gøymt bak eit slør. Det er ikkje kven som helst forunt å kunna rydda vekk dette sløret. Til dette trengst det ein heltedåd – ein journalistisk heltedåd.

Essensen i denne tenkjinga, det om journalismen som ideologi, kan haldast fast ved når eg spinner vidare på Petersson og innfører begrepet kriminaljournalismen, på bakgrunn av arbeidet med identifiseringsprosjektet. Kriminaljournalismen skal her fungera som ein modell for å få eit betre inntak til forståing av identifiserings-problematikken. Det er ein påstand om ein eigen kriminaljournalistisk medielogikk som ikkje nødvendigvis treng vera kopla opp til ei medviten tenkjing frå journalistar eller fra redaksjonar.

I journalismen ligg det ein særskilt medielogikk, særskilde (språklege) grep som journalistane arbeider på grunnlag av. Grepa blir ein innbakt del av det å driva journalistisk verksemd. Gudmund Hernes har mellom anna vist korleis denne medielogikken gjer konfliktar intense, tilspissa, konkrete, forenkla, polariserte og personifiserte – dei blir medievridde (Hernes 1978). Eg vil hevda at spørsmålet om identifisering – grenseoppgåinga for kven som blir identifisert og kven som ikkje blir det – kan sjåast på som eit medielogisk grep innanfor kriminaljournalistikken. Ved ein praksis med full identifisering eller full anonymisering hadde ikkje det vore tilfellet. I ei kvar kriminalsak blir det føreteke eit “val” omkring identifiseringsspørsmålet. Hermeteikna antydar at valet blir gjort med eller uten stor grad av medvit. I nokre redaksjonar kan ein ha grep om grepet, så å seia. Det kan vera ope reflektert over i det daglege arbeidet, i andre er det i langt mindre grad framme i ei open drøfting. Som del av identifiserings-prosjektet vart det undersøkt korleis dei innklaga avisene argumenterte for seg i PFU-saker av denne typen i perioden 1991-1996. I dei 52 sakene vart argumentasjonen kategorisert på denne måten:

Avisene ber, heilt eller delvis, om orsaking:5saker(9,6 %)
Avisene viser i all hovudsak berre til saka i seg sjølv:25saker(48,0 %)
Avisene viser til overordna begrep:3 310saker(19,2 %)
Avisene utdjuper også dei overordna begrepa:12saker(23,0 %)

Denne oversikten kan takast som eit teikn på ressurs-skilnader mellom medier. Dei største har i langt høgare grad ressursar til å driva med kontinuerleg drøfting av problematikken enn dei mindre. Nokre av dei største redaksjonane har også eigne personar som arbeider med presse-etiske og pressejuridiske problemstillingar på heiltid. Men identifiseringspraksis må veljast i alle redaksjonar som har å gjera med kriminalsaker, og dette valet kan sjåast på som eit kriminaljournalistisk medielogisk grep. Over tid vil desse vala, denne grenseoppdraginga, innebera ståstader i forhold til kven som bør identifiserast og kven som ikkje bør det. På bakgrunn av nokre av dei mest eksplisitte og mest underbygde grunngjevingane for identifisering i materialet er det muleg å teikna opp ein modell for å forstå denne grenseoppdraginga over tid. Det er denne modellen eg kallar for kriminaljournalismen. Kriminaljournalisme-modellen kan ein såleis tenkja seg slik: Kriminal-journalistane ser på seg sjølve som å inneha eit “avslørings - og forsvarsoppdrag”, på “folket” og “makta” sine vegne, andsynes “dei kriminelle”.

Dersom det er rett å kalla forholdet mellom journalistikken, makta og folket innanfor journalismen for eit “avsløringsoppdrag” (Raaum 1992), så er det rimeleg å kalla forholdet mellom journalistikken, dei kriminelle og folket innanfor kriminaljournalisme-modellen for eit “avslørings- og forsvarsoppdrag”. Journalistikken skal verka til å forsvara såkalla “vanlege folk” mot “dei kriminelle”, både ved å hjelpa politi og påtalemakt i å avsløra dei kriminelle og ved å opplysa ålmenta om desse slik at vanlege folk kan stå sterkare rusta til eige forsvar. Andre har framheva korleis medielogiske grep i kriminaljournalistikken kan frambringa moralske panikkar (Bennett 1982, Cohen 1972). Gjennom sin måte å omtale avvikande handlemåtar på er mediene med på å framstilla noko som kanskje er noko anna som eit lov-og-orden-problem.

Dei medielogiske grepa i kriminaljournalistikken kan altså, i sin konsekvens, innebera spesielle kriminalpolitiske ståstader. I identifiseringsspørsmålet føregår det ei grenseoppgåing mellom dei kriminelle og dei som ikkje er det, eller meir presist mellom dei mest kriminelle og dei mindre kriminelle. Dette inneber også at kategoriane makthavarar, journalistar og vanlege folk frå journalisme-modellen må nyanserast ein del. Den politiske journalistikken handlar om politikarar, som er mellom makthavarane. Kriminaljournalistikken handlar om “dei kriminelle”. Dette er ein langt meir uklar kategori. Berre dersom lovbrytarane er såkalla “offentlege personar”, kan dei seiast å befinna seg mellom “makthavarane” i den tradisjonelle tydinga. Dersom dei tilhøyrer kategorien “vanlege folk”, blir dei straks utdefinerte. Dei er ikkje lengre “vanlege folk”, fordi ein med kriminaljournalismen som modell kan tenkja seg kriminaljournalistikken som ein service for vanlege folk om kven “dei kriminelle” er og kva dei føretar seg til ei kvar tid, i tillegg til det meir generelle forsvarsoppdraget. I denne tydinga er det rettare å sjå på “dei kriminelle” som makthavarar, altså mellom slike som har makt til å få innverknad på vanlege folk sin kvardag. Fundamentet for ein slik modell er at journalistane, makthavarane i tradisjonell forstand og “vanlege folk” er samde i at om kriminaliteten får for stort omfang, kan samfunnet sine institusjonar bli undergravne.

Den ideologiske dimensjonen i journalismen botnar ikkje minst i den uproblematiske tilnærminga i journalistikken til begrepa “makt” og “makthavarar”. Det blir ikkje skilt mellom legitim og illegitim makt (sjå t.d. Skjervheim 1985). Avsløringsoppdraget blir tenkt etter måten firkanta: makta er til for å avslørast for folket.

Den ideologiske dimensjonen i kriminaljournalismen botnar særleg i at kategorien “dei kriminelle” blir ein overforenkla og statisk kategori.

Kriminaljournalisme-modellen sine kategoriar “vanlege folk” og “dei kriminelle” er meir fastfrosne enn samfunnet ellers ser på kategoriane. Det får mellom anna til konsekvens at modellen gir mindre opning for at folk som har vore dømt for kriminelle forhold skal kunna tre inn mellom “vanlege folk” igjen. Det blir registrert at storsamfunnet har dette til generelt utgangspunkt, men kriminaljournalisme-modellen vil i alle fall innebera ei anna prioritering i tenkjinga: For kriminaljournalismen er på “vanlege folk” si side. Difor følgjer den eit “føre var”-prinsipp på desse sine vegne.

Kriminaljournalismen er truleg klarast uttrykt i Verdens Gang. Av dei 52 PFU-sakene i materialet gjeld ein fjerdedel, 13 saker, denne avisa. Avisa ligg i teten når det gjeld det prinsipielle nivået i argumenteringa. Eit talande døme på VG sin uttrykte kriminalpolitiske ståstad fekk ein i saka i Oslo byrett mot leiaren av den såkalla “vestkantbanden” i januar 1998. Då mannen vart tiltalt for lovbrota i oktober 1996, var VG den einaste av dei største avisene som omtalte mannen med fullt namn. Då rettssaka starta, avsa retten avgjerd om at omsynet til privatlivets fred tilsa at pressa ikkje fekk lov til å namngi tiltalte eller på annan måte identifisera han. 7. januar kommenterte VG avgjerda på denne måten: “Han er tiltalt for 150 lovbrudd. Du får ikke vite hvem han er. “VG påklaga avgjerda til Borgarting lagmannsrett, der avgjerda vart oppheva. I avisa sine husreglar skriv redaktør Bernt Olufsen uttrykkeleg kva for saker VG meiner krev identifisering:

Når det gjelder kriminalsaker har VG en publisistisk tradisjon for å navngi siktede, tiltalte eller domfelte personer i forbindelse med grov narkotikakriminalitet, økonomisk kriminalitet av betydelig omfang og overlagte, grusomme drap eller tilsvarende voldsbruk. På bakgrunn av avisens kriminalpolitiske oppfatning mener vi at det i noen tilfeller kan være berettiget, ut fra allmennhetens informasjonskrav, å oppgi navnet til den saken gjelder. Det samme kan være tilfelle når man står overfor spørsmål om maktmisbruk eller misbruk av spesiell tillit som samfunnet har gitt den enkelte borger, eller saker hvor kriminelle handlinger kan ha direkte betydning for tilliten som samfunnet viser en bestemt person. Men det er ingen automatikk i dette heller. Hver sak må vurderes grundig ut fra sakens faktiske opplysninger. (Sitert frå NOU 1996: 12, s.93)

Det finst både sterke og svake variantar av kriminaljournalismen. VG kan seiast å representera ein sterk variant. Ikkje minst kviler skilnadene på variasjonar i om medie-redaksjonane har ressursar til å underskriva på noko program i det heile.4 Styrken i variantane kan også målast ut frå graden av uttalt kriminalpolitisk ståstad.

Eg vil hevda at “kriminaljournalismens forsvarsoppdrag” – beslekta med journalismens fokusering på avsløringa av makta – er eit interessant perspektiv å leggja på identifiseringsproblematikken.

Eg har ikkje med dette gløymt dei reine etiske vurderingane, eller kritikken om at overtramp blir produserte ut frå ein kommersiell situasjon for mediene. Desse perspektiva er i staden her undertrykte for eit nytt, for eit perspektiv som kan vera opnande på eit felt som har vore prega av stadig dei samme perspektiva og dei samme debattane. Min ståstad er at ein del av forklaringa på identifiseringspraksis kan vera å finna i møtet mellom kriminaljournalisme-modellen og det som kan oppfattast som relevant kritikk mot denne.

Eg vil i framhaldet sjå på møtet mellom kriminaljournalismen, avis-praksis og PFU-ståstader i ein del PFU-saker innanfor valds- og drapssaker og innanfor brotsverk knytta til sex-relaterte saker. Dei illustrerande sakene finst dels mellom dei 52 PFU-sakene i materialet og dels er dei trukne fram av sentrale redaksjonsleiarar i norsk presse, som vart intervjua som del av grunnlaget for identifiseringsprosjektet.

DRAPSSAKER

Det vanlegaste drapet, viser statistikken, er samlivsdrapet.5 Drap er kriminelle handlingar gjort av i utgangspunktet “vanlege folk”. Familietragediar er eit stikkord. Offera som kan gjevast ansikt og kjensler er først og fremst dei pårørande. Ei av dei mest kjende, og mest omdiskuterte, sakene innanfor dette feltet er den såkalla “brudebilde-saka” frå 1983. “Til døden skiller oss ad… “ stod det øvst på framsida til VG 19. januar 1983. Avisa brukte eit brurebilete som illustrasjon etter at ein mann skaut og drap si fråseparerte kone under skilsmisseforhandlingar i ein rettssal på Lillestrøm. I reportasjen blei namn på barna til paret oppgitt, i tillegg til gjerningsmann og offer.

“Luksusprostituert DREPT”, frå Dagbladet 6. januar 1995, er 90-åras symbolsterke sak. Her identifiserte avisa den døde kvinna med namn og eit fargebilete frå ei kontaktannonse. Ho var halvnaken, med ein arm gøymde ho ansiktet. Det særeigne med denne saka er at den identifiserte er eit offer. Begge desse sakene førte til både klare fellingar frå PFU og orsakingar frå presseorgana. Orsakinga sat lengre inne hos VG og sjefredaktør Andreas Norland i ‘83 enn hos Dagbladet og Bjørn Simensen i ‘95.

Eg vil hevda at kriminaljournalisme-modellen er lite eigna som grunnlag for legitimering av identifisering i drapssaker av denne typen. I denne typen saker er det såleis ingen konflikt mellom modellen og PFU, noko mulegeins orsakingane frå avisene også viser. Sinnslidande som begår alvorleg kriminalitet skal også haldast anonyme, i den grad sakene dei er involverte i skal omtalast i det heile. Sinnslidande kan seiast å vera ein fare for “vanlege folk”, men det vil vera vanskeleg å plassera kriminalitet gjort av sinnslidande som maktovergrep som skal “avslørast” innanfor kriminaljournalisme-modellen.

Annleis kan det stilla seg når ein kan stå ovanfor massedrap, til dømes. Dette var tilfellet i Landås-saka frå våren 1995. Landås-saka var den mest omtalte saka innanfor dette feltet då sentrale pressefolk vart intervjua til identifiseringsprosjektet. Seinare vart saka også behandla av rettsapparatet. I denne saka var det ikkje snakk om nokon familietragedie. Ein hjelpepleiar blei sikta for å ha teke livet av ti pleietrengande eldre. Det var påstand om eit klart maktovergrep mot forsvarslause menneske. Ifølgje kriminaljournalisme-modellen måtte den sikta avslørast dersom ho var skuldig, fordi vanlege folk har krav på forsvar mot slike kriminelle handlingar. Det springande punktet i denne saka gjeld såleis ikkje først og fremst identifiseringa, men tidspunktet for identifiseringa. Bergens Tidende og TV2 identifiserte kvinna, tilsynelatande på grunnlag av berre politiet si førebelse sikting av ho. Ein slik situasjon vil kreva at kriminaljournalistane går inn i rolla som eit slags ekstra kriminal politi og vurderer bevismengde og bevisstyrke. VG forsøker å halda sin sti reinare ved å visa til at avisa har som politikk, i denne typen saker, å venta til ein forhøyrsrett har prøvd den førebelse siktinga.6

Men dersom ein er for raskt ute med å fordømma kriminaljournalistane sin iver etter å vera kriminalpoliti, så er det verdt å minna om Bjugn-saka. I denne saka skulle pressa halda makta i øyrene, på vegne av “vanlege folk”. Vanlege folk var her – i alle fall slik det er blitt heitande i ettertid, når alle veit korleis det gjekk – både dei påståtte offera og deira foreldre og dei sikta. Også her var det nødvendig for kriminaljournalistane å vurdera beviskvalitet for å kunna gjera jobben sin (Bodahl-Johansen og Østbye 1996).

SEX-SAKER

Såkalla sedeleghetsbrotsverk var omtalt alt i den første Vær Varsom-plakaten frå 1936. Truleg kan ein med rette hevda at kriminaljournalisme-modellen kan gjenfinnast i reinare form i denne plakaten enn i dag, fordi dagens retorikk er prega av å ha blitt avslipt i møte med kritikk over lang tid. I denne plakaten heiter det:

Sedelighetsforbrytelse bør ikke omtales undtagen hvor det gjelder å advare mot en farlig person eller hvor det gjelder å efterspore en sedelighetsforbryter.

Her er altså unntaka heimla i eit slags forsvarsoppdrag. Sex-brotsverk er problematiske, fordi forholdet mellom “vanlege folk” og “dei kriminelle” er av ein heilt spesiell natur. Å bli utsett for ein type sex-brotsverk kan vera noko av det verste som kan henda eit menneske. Samtidig blir denne typen saker ikkje sjelden nedtona i det offentlege rommet. Det er ofte særskilt audmjukande for offer å gjennomgå rettsprosessen i slike saker.

Det store spriket mellom kriminaljournalismen og identifiseringspraksis innanfor denne typen brotsverk gjeld først og fremst at ifølgje kriminaljournalismen burde utpeikinga av “dei kriminelle” ha vore langt meir utstrakt enn det som er tilfellet. Praksis fortel om at det er høg grad av anonymisering innanfor denne typen brotsverk.

Incest-saker tydeleggjer problematikken. Her er det eit særleg forhold mellom offer og overgripar. Bruk av begrepet “incest” kan i seg sjølv innebera at presseorgan trår feil.7 Samtidig vil det, ifølgje kriminaljournalisme-modellen, vera problematisk at anonymiseringa også er tilnærma gjennomført i valdtektssaker. Her er ikkje forholdet mellom offer og overgripar like openbart. Det er ytterst alvorleg kriminalitet, som på brutal måte er eit maktovergrep mot “vanlege folk”. Det burde såleis, etter kriminaljournalismen, vera ein del av avsløringsoppdraget å avsløra også denne typen maktovergriparar.

I Storbritannia har ein forsøkt å løysa dilemmaet mellom dette avslørings-oppdraget og vernet av offeret også i incestsaker. I ein britisk variant av Vær Varsom-plakaten, Code of Practice, frå april 1994, heiter det såleis:

The press should not, even where the law does not prohibit it, identify children under the age of 16 who are involved in cases concerning sexucal offences, whether as victims, or as witnesses or defendants. In any press report of a case involving a sexual offence against a child

  1. the adult should be identified

  2. the term “incest” where applicable should not be used

  3. the offence should be described as “serious offences against young children” or similar appropriate wording

  4. the child should not be identified

  5. care should be taken that nothing in the report implies the relationship between the accused and the child.

Her har ein altså i fem spesifiserte punkt laga ei oppskrift for både å verna offeret, og å identifisera overgriparen. Dette vil, prinsipielt, vera heilt i tråd med kriminaljournalisme-modellen: Den som skal forsvarast, blir verna. Den som det skal åtvarast mot, blir identifisert.

La meg ta eit anna perspektiv. I 1991 blei ein tidlegare kyrkjetenar i ein Agder-kommune teken i promillekontroll. Mannen var ein kjent avhaldspolitikar, kasserar i Blå Kors, medlem av menighetsrådet og dessutan Arbeidar partiet sin alkoholpolitiske talsmann og største stemmesankar ved kommunevalet i 1991. VG og Dagbladet identifiserte begge mannen, noko PFU godkjente (PFU – 91/108 – 91/109). Mannen forblei populær og vart seinare valt til ordførar. Hausten 1996 blei mannen, no altså ordførar, dømt til 45 dagars fengsel, utan vilkår, for utuktig omgang og utuktig handling – under ein fest. No vart det ikkje brukt namn eller bilete av mannen. Dette er både i strid med maktavslørings-oppdraget i den tradisjonelle journalismen og med forsvarsoppdraget i kriminaljournalismen. Mannen var både makthavar i tradisjonell tyding (ordførar) og det han blei dømt for kan også sjåast på Hom eit maktovergrep mot offera, noko vanlege folk må forsvarast mot. Sex-brots verk har ei særstilling. Skilnaden i identifiseringsterskel mellom dei to sakene har ikkje å gjera med eit ulikt forhold mellom liv og lære. Hadde mannen blitt dømt for heimebrenning eller bedrageri er det grunn til å tru, ut frå praksis, at mannen var blitt fullt ut identifisert, uavhengig av kor nært forhold det ville ha vore mellom gjerninga og ordførarrolla.

Eit anna døme kan hentast frå den såkalla “statsadvokat-saka”. Sommaren 1992 blei ein statsadvokat funnen full og naken i ein park i Oslo. Han blei sikta for blotting. VG omtalte saka og identifiserte, etter kvart, mannen med namn og bilete. PFU felte VG for dette (PFU – 92/094). Fleirtalet i utvalet meinte at forholdet var “av mindre alvorlig karakter”. VG og mindretalet i utvalet, Nordlands Framtid sin redaktør Thor Woje, kan ein seia plasserer seg på kriminaljournalismen sin grunn. Dei legg hovudvekta på at “… det kan være berettiget å identifisere vedkommende dersom forholdet kan ha betydning for tilliten til vedkommendes fremtidige arbeid”. Samtidig kan det understrekast at denne typen døme viser det problematiske i å overforenkla kategoriar. Det er utvilsamt rett at statsadvokaten vart mellom “dei kriminelle” i og med denne siktinga, men ei einsidig vektlegging av dette forholdet verkar til å unndra journalistikken og journalistane allmenn-menneskelege vurderingar i den konkrete situasjonen.

GJENGANGARKRIMINELLE OG PEDOFILE

Praksis viser at valdsutøvarar sjelden blir identifiserte i pressa. Det samme er tilfellet med vinningsforbrytarar, meir eller mindre uavhengig av lengda på deira “karriere”.

Det aller største spriket mellom oppdraget i kriminaljournalisme-modellen og dagens praksis kan seiast å gjelda kriminalsaker der enten såkalla gjengangar-kriminelle eller pedofile er involverte. Begge grupper vil ifølgje modellen vera slike som vanlege folk treng å blir verna mot. Gjengangarkriminelle vil vera slike som har ei rekkje dommar, for endå fleire lovbrot, bak seg. Dei tilhøyrer, etter kriminaljournalismen, såleis pr. definisjon “dei kriminelle”. Ein kan nærmast oppfatta det som ei plikt å avsløra kven desse er. Fleire aviser har gjort forsøk på dette. Både Dagbladet, avisa Tromsø og Bergensavisen har forsøkt seg med å presentera oversikter over politiet sine “ti på topp”-lister eller over “verstingane” i samfunnet, altså dei med flest valds- og vinningsdommar bak seg i eit lokalmiljø. Då til dømes “Tromsø” forsøkte seg på dette, i 1991 (PFU – 91/087), syntest ikkje PFU avisa hadde anonymisert dei ti godt nok. Dette blir etter kriminaljoumalisme-modellen eit absurd standpunkt, sidan ei slik “ti på topp”-liste ikkje bør vera anonym, skal det vera noko poeng i ho.

Pedofile er ei svært aktuell gruppering. Her ser det ut til at kriminaljournalismen passar godt overeins med den rådande opinionen. Vanlege folk ønskjer å bli skjerma mot dei pedofile, pressa og kriminaljournalistikken synest å vilja ta jobben. Her er representantar for kriminaljournalismen også snøgge til å understreka og gripa tak i alt som viser ein høg tilbakefallsprosent for pedofile. Dette underbyggjer at pedofile må identifiserast, må avslørast.

Representantar for kriminaljournalisme-modellen vil vera glad for den folkelege støtta på dette punktet, men dette vil samtidig aktualisera den manglande støtta for å avsløra valdtektsutøvarar, til dømes.

KRIMINALJOURNALISMEN, KRITIKKEN OG PRAKSISEN

Ein gjennomført kriminaljournalisme vil innebera at vurdering av verdig og ikkje-nedverdigande omtale av kriminelle ikkje er avisene sitt bord. Det er “vanlege folk” som er dei anstendige. Fråstøtande forhold er rett og slett ein del av kriminalitetens vesen. Det er ille å bli avslørt som kjeltring, men det er verre at alle får veta om det. Men på den andre sida er det nødvendig “for samfunnet” at det blir teke eit oppgjer med uønska åtferd.

Vidare vil kriminaljournalisme-modellen innebera at det er ein grunnleggande rett for borgarane å bli best muleg verna mot overgrep. Pressa si overvaking av kriminaliteten og av justisvesenet – makta sine to sider ifølgje kriminaljournalismen – er heilt sentralt: Borgarane har ein klar rett til å få veta om kriminalitetens betydning for samfunnet, korleis kriminaliteten utviklar seg (nye typar kriminelle forhold, til dømes), kva for enkeltsaker som verserer, og til ein viss grad kven som begår straffbare handlingar.

Sett frå den enkelte borgaren si side er det ein viktig rett å få veta kva som skjer. Anonymiseringspraksisen er eit utrykk for at samfunnsborgarar ikkje treng – og ikkje ønskjer? – å få kjennskap til alt som skjer i eins omgivnader.

Pressens Faglige Utvalg på si side er oppteke av å stilla krav om anstendighet i presentasjonen, å unngå uverdig og nedverdigande omtale, også av kriminelle. Utvalet er langt meir oppteke enn avisene av å verna lesarane mot det som står i avisa, medan avisene er opptekne av å verna lesarane mot maktmisbruk, både frå makthavarar og frå “dei kriminelle”.

Utvalet er oppteke av at avisene kan og skal informera om hendingar, det er mindre oppteke av informasjon om “dei kriminelle”.

Kriminaljournalisme-modellen er éin måte å sjå på grenseoppgåinga for kven av “dei kriminelle” som skal identifiserast og kven som ikkje skal det. Ein må skilja mellom dette og ei drøfting av totalt identifiseringsnivå. Dette siste inneber eit drøftings-utgangspunkt som først og fremst deler debattantane inn i ein anonymiseringsleir og ein identifiseringsleir, eller i dei konservative og dei liberale. I stor grad er grenseoppgåinga undertrykt i den norske debatten, til fordel for denne identifiseringsnivå-debatten. Dermed blir grenseoppgåinga i unødvendig grad tilfeldig. Den blir prega av opinionen eller av relevante kritikarar si generelle meining om identifiseringsgraden. PFU-sakene omkring identifisering meir enn antydar at dei færraste innklaga avisene har eit gjennomtenkt prinsipielt forhold til grenseoppgåinga. I fem av sakene i PFU-materialet ber avisene heilt, eller delvis, om orsaking. Desse fem er Bergensavisen (91-044), Adresseavisen (92-092), Dagbladet (95-001), Telemark Arbeiderblad (94-146) og Verdens Gang (91-105).8

Men mellom dei mest prinsipielt tenkande redaksjonane finst det grunnlag for tilsvar mot pressekritikarar i identifiseringsdebattar, tilsvar tufta ikkje minst på stor sans for kriminaljournalisme-modellen sitt innhald - som i tilfellet VG. Når kriminaljournalistar blir skulda for å begå overgrep mot dei som journalistane skal tena, då blir det reagert instinktivt på visse pressehald. Dei som skal tenast er jo “vanlege folk”. Alt i journalismen, ifølgje Petersson, er det ikkje rom for forståing for at kritikk mot offentlege personar, som makthavarar, skal vera gale. Når offentlege personar, som makthavarar, begår kriminelle handlingar, må dei tåla søkelys på seg, også at dei blir identifiserte. Ja, når det gjeld makthavarar av denne typen treng det slett ikkje vera snakk om kriminelle handlingar før avsløringa trer inn som legitimeringsgrunnlag for oppslag. I ein tankegang som følgjer kriminaljournalisme-modellen, er det like sjølvsagt at “dei kriminelle” må avslørast ovanfor “vanlege folk”. Det er såleis ikkje noko vesentleg skilnad på avsløringsoppdraget i den klassiske, politiske journalistikken (Raaum 1992) og avsløringsoppdraget i kriminaljournalistikken: Det er i ein forstand makthavarar som skal avslørast i begge tilfella, og det er “vanlege folk” som er pressa sin oppfatta “oppdragsgivar” i begge tilfella.

Når pressa likevel tar kritikk alvorleg, også kritikk som etter dette vil synast svært urimeleg, ja då er det nettopp fordi at pressa er avhengig av folk flest sin tillit. Pressa er forundra over at “vanlege folk” ikkje forstår kva kriminaljournalistikken i mange tilfelle gjer når den identifiserer, men når pressa får innspel om dette, korrigerer den likevel sin praksis. Meiningsmålingar viser at publikum har ei svært restriktiv haldning til identifisering, sjølv i tilfelle der kriminaljournalisme-modellen vil sjå på identifisering som eit openbart alternativ.9 Det er mindre identifisering i pressa i dag enn for eit par tiår sidan og vesentleg mindre enn i åra før krigen (Fremo 1994, Kvam og Røssland 1998). Eg vil hevda at det i stor grad er møtet mellom ei tenkjing som ligg tett opp til kriminaljournalisme-modellen og ein sterkt kritisk opinion som er styrande for den faktiske identifiseringspraksisen i norsk presse.

Paradokset i modellen ligg nettopp i den klassiske journalismen. Ifølgje den skal “makta” og “makthavarane” avslørast. Dei skal haldast i øyrene. Det er snakk om pressa som vaktbikkje og som fjerde statsmakt. Ifølgje kriminaljournalismen så er det i staden høgverdig for pressa og journalistikken å spela på lag med makta og makthavarane, konkret med politi og påtalemakt. Dette har truleg ikkje vore eit så framtredande paradoks i den norske situasjonen, fordi politi, påtalemakt og rettssystemet har hatt ei etter måten høg tiltru hos folk flest. Dersom ein trend med lågare tiltru til desse institusjonane held fram, ja då vil også dette paradokset mellom kriminaljournalismen sitt avslørings- og forsvarsoppdrag og journalismen sitt maktavsløringsoppdrag tre sterkare fram. Samtidig ser ein tendensar, særleg i tilfellet pedofili-saker, til at opinionen og kriminaljournalisme-modellen finn felles grunn.

Eg har i denne artikkelen vore mindre oppteken av å innta nokon kritisk ståstad til innhaldet i den tenkinga som kjenner seg heime i kriminaljournalisme-modellen. Eg har vore meir oppteken av å bidra til å flytta fokus frå eit identifiseringsnivå-perspektiv til eit grenseoppgåings-perspektiv. Det er ikkje vidare interessant å konkludera med at ein på eitt hald går inn for liberalisering av identifiseringspraksis og på eit anna hald går inn for konservering av eksisterande praksis eller for meir anonymisering. I staden må ein understreka at det finst ei grenseoppgåing mellom dei identifiserte og dei ikkje-identifiserte i dagens kriminaljournalistikk, ei grenseoppgåing som kan ha kriminalpolitiske konsekvensar og at pressa må utfordrast på grunngjevingane for denne grenseoppgåinga.

Referansar

Bennett, Tony (1982) “Media, ‘reality’, signification” – i Gurevitch, Bennett, Curran & Woollacott (eds.): Culture, Society and the Media , Routledge, London/New York

Bodahl-Johansen, Gunnar og Helge Østbye (1996) Bjugn-saken og pressen . Norsk Redaktørforening/Institutt for Journalistikk, Fredrikstad

Brurås, Svein (1995) “Naming Criminals in the News: A Scanlon Corrective to Media Ethics” – i Presseetikk og moralfilosofi . Møreforsking/Høgskulen i Volda

Cohen, Stanley (1972) Folk Devils and Moral Panics: the Creation of the Mods and Rockers. MacGibbon & Kee

Fremo, Skjalg (1994) Presseskikk . Institutt for Journalistikk, Fredrikstad

Hernes, Gudmund (1978) “Det mediavridde samfunn” – i Gudmund Hernes (red.) Forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon . Universitetsforlaget, Bergen

Kvam, Bjarne og Lars Arve Røssland (1998) Tilfeldig gapestokk . Pressens identifisering i kriminalsaker : John Grieg Forlag, Bergen

NOU 1996: 12 Medieombud

Petersson, Olof (1994) “Journalisterna som klass, journalismen som ideologi”– i Terje Steen Edvardsen (red.) Media og samfunnsstyring . Fagbokforlaget, Bergen

Raaum, Odd (1992) “Avsløringsoppdraget – en gammel historie” – i Pressens Årbog 1991 . Pressehistorisk Selskab, København og Instiutt for Journalistikk, Fredrikstad

Sand, Gunnar og Knut Helland (1998) Bak TV-nyhetene. Produksjon og presentasjon i NRK og TV2 . Fagbokforlaget, Bergen

Skjervheim, Hans (1985) “Den nye mediaideologien” – i Nytt Norsk Tidsskrift nr. 1

Sørbø, Jan Inge (1991) Offentleg samtale. Innføring i presseetiske grunnspørsmål . Det norske Samlaget, Oslo

1Datagrunnlaget til prosjektet består av tre delar: 1) 52 saker frå PFU i perioden 1991-96 med tema identifisering. Særleg har vurderingane til utvalet og til avisene (i mindre grad til klagarane) stått i fokus. Sakene er henta ut frå PFU-basen ved Institutt for Journalistikk i Fredrikstad. Det er gjort søk på identifisering” og identifikasjon” i fritekst-søk. Kryss-sjekkingar er blitt gjort ved søk på navn”, navn og bilde” og navngitt”. Hol er også blitt velvillig fylt av Kjell Børringbo ved PFU-sekretariatet i Oslo. 2) Saker frå det norske rettssystemet som omhandlar identifisering over ein lengre tidsperiode, hovudsakleg fordi det er etter måten få saker av denne typen innanfor rettssystemet. 3) Kvalitative intervju med sentrale redaksjonsleiarar i norsk presse, og uformelle bakgrunnsintervju med representantar for Institutt for Journalistikk og Norsk Presseforbund/Pressens Faglige Utvalg.
2Petersson leia den svenske Maktugreiinga (1985-90).
33Begrep som allmenn interesse”, berettiget informasjonskrav, offentleg person, og så bortetter.
44Ovanfor såg ein at PFU-sakene viser at ein del av dei større avisene, med større ressursar, argumenterer betre, og meir prinsipielt, oftare. Eit par av desse avisene har også eigne personar som arbeider særleg mykje med dette feltet i det daglege.
5Dosent Paul Leer-Salvesen ved Høgskolen i Agder tok i 1991 doktorgraden på temaet skuld og straff. I eit intervju med NTB 1. november 1996 slår han fast at det er det samlivsrelaterte drapet som er det klassiske mordet i Norge. Den typiske drapsmannen er ikkje den ukjente valdsmannen i ei svart bakgate, men ein fortvila mann i eit vanskeleg samliv. I liten grad er desse drapa planlagde, ifølgje Leer-Salvesen.
6Om TV 2 sine vurderingar i Landås-saka sjå også Sand og Helland 1998: 146.
7I PFU-sak 93-108 er det nettopp ein uforsiktig bruk av begrepet incest” som gjer at Indre Smaalenenes Avis blir felt.
8Oppslaga er: Bergensavisen: Bergens farligste voldsforbryter fengslet igjen”, Adresseavisen: Politijakt på knivstikker”, Dagbladet:“Luksusprostituert drept”, Telemark Arbeiderblad: 75 samleier med stedatter” og Verdens Gang: Slått ihjel/Politiet jakter på rovmorder” & Hevn mot homofile – mulig drapsmotiv”.
9Dette ser ein til dømes i Opinion si undersøking frå desember 1996 i samband med Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag sitt etikkprosjekt (sjå Kvam og Røssland 1998).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon