Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

På jakt etter kjærleiken

Førsteamanuensis i medie- og kommunikasjonspsykologi, NTNU

Monica Rudberg (1997): Kjærlighetsartikler. Ungdom, kjønn og kjærlighet i forandring Oslo: Tano Aschehoug.

”Hvorfor er det så vanskeleg å omtale bøker om kjærlighet i verdikommisjonenes tid? ” spør Tom Egil Hverven i Dagbladet (13.2.98). I si motmelding (til andre bokmeldingar) av to bøker om kjærleik hevdar han at kjærleik er det vanskelegaste av alle verdiord.

Då eg blei bedt om å omtala Monica Rudberg si bok Kjærlighetsartikler var påskotet frå litteraturansvarleg i Norsk Medietidsskrift at ”den er jo relevant for fle/sesyetøcen-prosjektet dykkar, så du må jo lesa boka uansett…”. Prosjektet det er snakk om er: "Reisesjekken en moderne Kirsten Giftekniv eller en grov kommersiell utnytting av kjærlighetslivet? ” som underteikna, saman med Eva Bakøy, Trine Syvertsen, og Eli Skogerbø, er i gang med. Sjølv tenkte eg at det høyrdest artig ut å lesa ei bok om kjærleik – det er eit tema som eg alltid er nysgjerrig på, anten det er i litteraturen eller som verkeleg fenomen. Å lesa om kjærleik blir jo mest som å lesa ein roman, tenkte eg.

Det er likevel ei akademisk bok Monica Rudberg har skrive, den er endåtil empirisk basert. Halvparten av kapitla i boka er direkte relevante for medieforskarar, i form av at medietekstar som film og fjernsynsprogram blir direkte omtalte og karakteriserte. Andre kapittel handlar om kjærleik – blant ungdom, i ulike generasjonar kvinner og hos gutar.

Boka til Rudberg er eit forsøk på å ta kjærleiken på alvor. Ho argumenterer også overbevisande for kvifor det er viktig for pedagogikken å setta tema som kjønn og kjærleik på dagsorden. Med Rudberg sine ord: ”Etter mitt syn er kjærlighet – både diskursene om den og de faktiske følelser som er innblandet – definitivt av betydning for kvinners utdanningsstatus” (s. 12). Det er nok å minna om fnisande ungdomsskulejenter som brått mistar interessa for skulearbeidet, samstundes som klede, sminke og gutar blir ”livsviktige”.

Grunnen til at forfattaren – som er professor ved Pedagogisk institutt, Universitetet i Oslo – interesserer seg for mediebilete av kjærleik er at dei fungerer som ”oppskrifter på hvordan vi skal tale om kjærlighet'' (utheving i original). Rudberg held fram: ”Jeg tror nesten ikke man kan overdrive den refleksivitetsoppdragelse som den unge generasjon i dag får gjennom såpeoperaer og talkshow” (s. 16). Her er eg overbevist om at Rudberg har rett; min jamnlege omgang med ein 13-åring indikerer at han nettopp hentar mange av sine innsikter om kjønnsrelasjonar frå den typen seriar.

Rudberg framhevar at sjølv om filmane og fjernsynsprogramma ho har studert seier noko vesentleg om ungdom, kjønn og kjærleik, så drøftar ho ikkje utbreiing, påverknad eller resepsjon. Likevel vurderer ho filmane og fjernsynsprogramma som empiri til si analyse av kjønn og kjærleik i vår tid. Det er ikkje først og fremst diskursane om kjærleik Rudberg er interessert i, men ”kjærlighet som erfaring i det virkelige liv” (s. 17). Ho erkjenner imidlertid – som ein ekte postmodernist – at dette er eit usikkert skilje, ettersom informantar ofte lever ut kulturelle diskursar i tida. Men skilje finst der; mellom tekstar og menneske av kjøt og blod, mellom diskursar og levd liv.

Det første kapitlet i boka, "Hungry Heart – moderne mannlighet og kvinnelighet på vei” er skrive av Erling Bjurstrøm og Monica Rudberg. Her analyserer dei såkalla ”road movies” ved å peika på korleis det mannlege representerer rørsle medan det stasjonære (stillstand) blir tilskrive kvinner. Filmar som mellom anna Easy Rider (1969), My own Private Idahoe (1991), Rebel without a Cause (1955), Thelma & Louise (1991) og Wild at Heart (1990) blir analyserte med tanke på desse temaene som er viktige symbol for mannlegdom og det kvinnelege i vår del av verda.

”Den offentlege skamløshet – sjekking på tv” er kapitlet som er mest relevant for meg forskingsmessig, og som eg har lest før i artikkelform. Her framstiller Rudberg den romantiske diskurs som kjenneteiknar Reisesjekken. I Reisesjekken er ”vanlege menneske” deltakarar, noko som ho omtalar slik:

Det er moderne mennesker, som lever i en kultur hvor det forutsettes et visst monn av kvinneemansipasjon (alle har et yrke), seksuell frigjøring (man kan spørre om de har tilbrakt reisen i samme soverom) og evne til selvframstilling i det offentlige (s. 47).

Rudberg peikar på kva kvalitetar ved deltakarane som tel i Reisesjekken: ”det er det indre som teller”. Dette er noko vi også ser tydeleg i vår analyse. Samstundes viser ho til kjønn og sex som ikkje-tematiserte i programmet. Til dømes:

Å spille på seksuelle strenger er derfor ikke noen god måte å gjøre seg bemerket på i programmet. Det betyr selvsagt ikke at det er tillatt å være prippen – tvertimot må man delta i eventuelle frivoliteter fra programlederens side, som øker jo yngre deltakerne er og nesten utelukkende er rettet mot jenter (s. 50).

Det at kjønn ikkje er eksplisitt tematisert, betyr ikkje at det er fråverande. Rudberg hevdar at ein tradisjonell kjønnsrollediskurs er ein ”klam forutsetning” for programleiar Helge Hammelow-Berg sine (ofte underbuksehumor-) replikkar. Reisesjekken innbyr til kikkarglede, utan at vi sjølve set noko på spel. Men ifølgje Rudberg kan det også framkalla skam, fordi deltakarane utleverer seg for mykje, og over vår eiga kikkargiede. Casanova (som blei sendt tidlegare på TV2) blir omtalt som ein meir ironisk diskurs om kjærleik, der det er spelet i seg sjølv som tel.

Kapittel 3 ”Krangel, kjønn og kjærlighet i Real World' handlar om desse temaene i tre såkalla ”real world”-seriar: NRK sine Uproduksjonar 8 1/2 (1993) og Tur/Retur (1995), samt MTV- kopien Real World på TV3 (1996). Kapittel 4 handlar om mangel på kjærleik – i Stefan Jarl sine ”mods”-filmar: Dom kallar oss mods (1968), Ett anstendig liv (1978) og Det sosiala arvet (1993). Begge analysane er interessante, men den sistnemnde blei kjedelegare for ei som berre hadde sett ein av Stefan Jarl sine filmar.

Dei siste kapitla handlar om kjærleik som risikofaktor (”What’s love got to do with It? ”), om kjærleikshistoriene til tre generasjonar av kvinner, om kjærleiken i gutar sine liv, og om draumen om parforholdet. For meg var dei siste kapitla vel så interessante som dei første (kanskje bortsett frå kapittel 2, om Reisesjekken og Casanova). Rudberg skriv svært innsiktsfullt og på ein så fengjande måte at eg fekk lest det meste av boka på senga (og det skjér ikkje ofte med faglitteratur). Analysane er basert på psykoanalytisk, feministisk teori, og særleg inspirert av Julia Kristeva sine bøker. Dei gir glitrande innblikk i den psykologiske og kulturelle konstitueringa av kjærleiken – både diskursane om den og erfaringa eller kjenslene av den.

Utlegginga av den psykoanalytiske, feministiske teorien er informativt gjort – sjølv om underteikna ofte opplever innsiktene i denne teorien som litt klisjeprega og predikerbare. Men teorien fungerer tydelegvis som eit glimrande analytisk verktøy for Rudberg sine analysar. Analysane er skarpe og dristig formulerte. Viss eg skal seia noko negativt, så må det vera at eg blei litt plaga av ”anglofisering” av språket i dei første kapitla. Det er mogleg at det er vanskeleg å unngå med det empiriske materiale som blir brukt. Men dette blei gløymt etter kvart, for Kjærlighetsartikler er rett og slett ei fascinerande bok, som ikkje er vanskeleg å omtala, sjølv i verdikommisjonen si tid…

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon