Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Når kildene byr opp til dans

Forskar ved ARENA, Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo

Sigurd Allern (1997) Når kildene byr opp til dans, Oslo: Pax Forlag

Sigurd Allern har skrive ei viktig bok om nyheitsproduksjon og nyheitenes politiske økonomi. Boka er sett saman av kapittel frå doktoravhandlinga til forfattaren, men er gitt ut som ei populærvitskapleg fagbok. Ein av konsekvensane av denne publiseringsstrategien er at boka er prega av å tilhøyra fleire sjangrar: doktoravhandlingar er vanlegvis meir omfattande og mindre lesarvennlege enn fagbøker. Det er også dette verket prega av: Av dei seks kapitla som finst i boka, er fem svært lange, heilt opp i tretti – førti sider, og stoffet er ikkje alltid presentert like lett tilgjengeleg.

Temaet for boka er som tittelen seier, nyheitskjeldene og den profesjonaliseringa som denne delen av nyheitsproduksjonen har gått gjennom. I innleiinga blir det Overgripande teoretiske perspektivet for undersøkinga lagt fast: Allern hentar sitt syn på nyheitsproduksjon frå to teoritradisjonar: institusjonelle perspektiv på sosial endring, spesielt struktureringsteorien til Anthony Giddens, og politisk økonomi. I kapittel to som handlar om kjelder som strategar, går han gjennom det meste som er skrive om forholdet mellom kjelder og journalistar i Norge, i tillegg til ei rekke internasjonale bidrag. Dette kapitlet inneheld ikkje så mye nytt, men det er ei utmerka oppsummering av status, blanda med god kritisk drøfting.

Dei neste fire kapitla inneheld dei empiriske analysane: Kapittel to er via PR-byråa, kapittel tre handlar om public relations som journalistikk, kapittel fire handlar om profesjonaliseringa av kjeldeorganisasjonane, mens kapittel fem drøftar casestudiar av tre kjeldeorganisasjonar. Allern dokumenterer kor profesjonelle PR-byråa er blitt, kva metodar dei bruker for å få sakene sine på trykk eller på skjermen, og kor effektive dei er, målt i talet på nyheits-oppslag som er genererte av reine påverknadsagentar som Geelmuyden. Kiese eller hybridbyrå som NewsWire. Gjennom eksempel etter eksempel viser han kor fabrikkerte nyheitene er, og kor lite flinke eller villige nyheitsjournalistar er til å avsløra strategiane.

Allern skriv innsiktsfullt og opplysande om verksemda til dei profesjonelle PR-byråa, og gir morosame og avslørande glimt inn i bakromma til nyheitsprodusentane. Boka teiknar eit bilde av journalistar som ukritisk refererer saker som dei veit stammar frå profesjonelle PR-byrå, eller som dei bare har ei kjelde på. Forfattaren dokumenterer veksten i profesjonelle informatørar, og er svært kritisk til samanblandinga av journalist- og mediestrategrollene, som han særleg finn i NRK. Dei fleste nyheitsredaksjonar har etter kvart skjerpa krava og godtar ikkje lenger at journalistar har bijobbar som informatørar, driv marknadsføring eller medietrening, men i allmennkringkastaren er desse reglane ganske nye. Alt i alt er dette svært interessant stoff, som i alle fall denne lesaren sette pris på.

Dei sterke sidene ved boka er altså at ho fyller ut eit stort hol i kunnskapane om nyheitsproduksjon ved å visa i detalj korleis ”the manufacturing of news” foregår i medie- og informasjonssamfunn. Dette er ting det tidlegare har funnest lite om på norsk, og som det etter mi meining er stort behov for. Det politisk-økonomiske perspektivet fungerer bra, og set nyheitsverksemdene inn i ein samanheng der marknad, etterspurnad og tilbod er sentrale omgrep. Det er òg eit stort empirisk arbeid som kombinerer metodar som dokumentanalysar og intervju.

Boka har likevel ein del svake sider, og den viktigaste er at ho er for lite gjennomarbeida. Den innvendinga refererer ikkje bare til dei lange kapitla, som godt kunne vore delte i mindre bitar, men mest til presentasjonen av dei empiriske resultata. Allem har, med nokre unntak, valt å presentera data som eksempel fortløpande i teksten, og overlet til lesaren å tolka og systematisera funna. Teksten er full av namn på eigarar av PR-firma, og journalistar som har hatt tvilsame bijobbar. Me får òg detaljerte opplysningar om korleis forfattaren gjekk fram for å f inna talet på 191 PR-firma (s. 95), eit avsnitt som med fordel kunne vore lagt til eit appendiks for metodedrøfting.

Det er muleg at mitt vitskapssyn er forelda, men eg saknar dei gode analytiske grepa som presist oppsummerer kva analysane har gitt innsikt i, og kva konsekvensar det har for teoribygginga på dette feltet. I tillegg til at alle detaljane gjer teksten tung å lesa, blir analysane svakare enn dei kunne blitt. Dei får både ”datostempel”, og mindre teoretisk tyngde. Minst vellykka i så måte synest eg dei tre casestudiane av kjeldeorganisasjonar i kapittel fem er, ettersom dei tre organisasjonane blir drøfta kvar for seg, utan at valet av dei eller strategiane deira er kontekstualiserte. At Storebrand og Kulturdepartementet fekk både meir og meir ukritisk mediedekning enn Statens helsetilsyn, er eit resultat eg ville ha venta ut frå det faktum at Folkehelsa er eit direktorat som har andre funksjonar og andre reglar enn både eit selskap og eit departement. Allern trekk òg denne konklusjonen post hoc, men teoretiserer ikkje valet av kjeldeorganisasjonar på førehand.

Slik boka er skriven, er ho så detalj- og ordrik at det blir vanskeleg å skilja mellom unødvendige detaljar og analytiske innsikter, og ho burde vore stramma opp. Det er for mange gjentakingar, og eg trur dette skuldast dei manglande analytiske grepa. I tillegg finst det ein del slurv som forlaget burde sett: skrivefeil, manglande referansar og slikt. Det er synd, for boka er et viktig og interessant bidrag til eit felt medievitskapen i Norge lenge har vore relativt svak på, den politiske økonomien.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon