Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Media og samfunnsstyring

Informasjonssjef i Sparebanken vest, Bergen

Terje Steen Edvardsen (red) (1994) Media og samfunnsstyring, Bergen: Fagbokforlaget.

Det er uvant for "praktikarar” å bli sett søkelys på frå forskarhald. Kva veit forskarane eigentleg om kva som skjer i media? Kan det føre til ny innsikt når forskarar og andre synsarar fokuserer på medias rolle i samfunnet?

Spørsmåla var fleire då LOS-senteret i mars i fjor inviterte til konferanse om ”Media og samfunnsstyring” i Bergen. I etterkant har Fagbokforlaget gitt ut ei artikkelsamling med samme tittel. Artikkelsamlinga er ein dokumentasjon av det materialet som vart lagt fram på konferansen. Redaktør er Terje Steen Edvardsen, som er direktør ved LOS-senteret.

Konferansen i fjor var godt planlagt og gjennomført, og dei faglege innslaga var i hovudsak interessante og tankevekkande. Det var eit prisverdig initiativ LOS-senteret tok for å samle mediefolk, informasjonsfolk og forskarar til drøfting av tema som vedkjem desse gruppene frå ulike ståstader.

Det er også prisverdig at innlegga på konferansen i etterkant blir utgitt i ei artikkelsamling, slik at fleire kan få med seg det som vart formidla.

Utgangspunktet for tema ”Media og samfunnsstyring” er medias rolle som den fjerde statsmakt, der oppgåva er kritisk å kontrollere at dei tre andre statsmaktene utøver si makt på ein samfunnsgagnleg måte. I tillegg har media tradisjonelt ei viktig oppgåve i å sette saker på dagsorden, samt å forsvare den “vesle mann” i forhold til makta.

Spørsmålet er med andre ord korleis forholdet er mellom media og demokratiet. Og korleis utviklinga i media påverkar medias rolle i forhold til demokratiet.

Store og viktige spørsmål – men fekk vi svar? Tja, i alle fall fekk vi interessante synspunkt og spennande innfallsvinklar til viktige utviklingstrekk i media. Sentrale stikkord er kommersialisering, teknologisk utvikling og eigarkonsentrasjon.

Dosent i statsvitskap, Olof Petersson, ved Universitetet i Uppsala, som har leia den svenske maktutgreiinga, framstilte journaliststanden som ein ny maktelite. Når folk flest brukar mange timar kvar dag til forbruk av media, er det journalisten som er tolkar og fortel. Petersson meinte det ligg i ”journalismens” ideologi at journalistane skal vere mellommenn mellom dei som har makt og folk flest.

Synspunktet kan ha noko for seg, men det mest interessante er at ”journalismens” tidsepoke alt går mot slutten, noko Petersson også påpeikte. Datateknologien kan langt på veg komme til å eliminere journalisten som mellommann. Informasjonen vil i større grad kunne gå direkte, utan tolk og forteljar. Internet og ”info-bahn” er stikkord som fortel om ein ny kvardag for oss alle om ikkje så alt for lenge.

Professor Helge Østbye ved Institutt for Massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen tar for seg eigarforholda i media. På dette området har det skjedd ei sterk utvikling i retning eigarkonsentrasjon, med Schibsted som den største, fulgt av Orkla og A-pressen. Østbye drøftar om denne konsentrasjonen kan føre til at medias samfunnsoppgåver blir svekka.

I februar i år leverte det offentlig oppnemnde ”Eierskapsutvalget” ei innstilling som omhandler samme emne. Østbyes synspunkter er interessante sett i samanheng med dei framlegg til eigargrenser som utvalet kjem med.

Førsteamanuensis Martin Eide, ved samme institutt som Østbye, viser på ein illustrativ måte korleis element frå sportsjournalistikken har gjort seg gjeldande på stadig fleire område. Det var ei tid då journalistar kunne få politikarar med på dei fleste krumspring for å komme på trykk. Etterkvart har somme politikarar overgått journalistane i påfunn. Dermed er det media sin tur til å avsløre det heile som spel for galleriet. Eide avsluttar optimistisk med å sitere Torbjørn Jagland, som skal ha sagt at folk kanskje ikkje vil ha profilering, men politikk.

Førsteamanuensis Trine Syvertsen, ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, har eit interessant innlegg om kommersialiseringa av fjernsynet. Ho viser til at målet med laussleppet på 1980-talet var å auke breidda i programtilbodet. Spørsmålet er om dei verkemidla som er tekne i bruk er gode nok til å hindre ei einsretting?

Syvertsen gjer greie for kor ulikt utgangspunkt ein kommersiell TV-stasjon og ein allmennkringkastar har. Den kommersielle TV-stasjonen tek utgangspunkt i informasjon om publikum, medan i allmennkringkastaren er utgangspunktet programskaparane og deira interesser.

Eit poeng i Syvertsen sitt bidrag er det såkalla ”femti-prosent-skillet”. Når marknadsdelen til NRK kjem under 50 prosent, er det grunn til å vente auka uro om lisensfinanseringa. Kvifor skal folk betale avgift til NRK, når dei stort sett ser på andre kanalar som er gratis? Dersom ikkje NRK klarer å hindre at marknadsdelen kjem under 50 prosent, kan dette bli eit kjempeproblem for statskanalen.

I artikkelsamlinga er det også eit innlegg av forskar Gøran Palm, ved Høgskolen i Växsjø i Sverige, om offentligheten, EU og journalistikken. Interessant nok, men ikkje så nært etter at Norge sa nei til EU i fjor haust.

Professor Inge Lønning, ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, filosoferer over temaet ”Kan media styres? ” på sin vanleg skarpsindige og arrogante måte. Hans skildring av utvelging av redaktørar held god Lønning-standard: ”Man finner frem til mennesker som garantert er kjønnsløse og fri for tilbøyeligheter til å utvikle noen selvstendig reflektert profil i noen retning.”

Til slutt i artikkelsamlinga er det tatt med ein del av den debatten som var etter innleiingane på konferansen. Deltakarar her var kringkastingssjef Einar Førde, direktør Lene Løken, journalist Gunnar Ringheim og Alf Skjeseth, leiar i Norsk Journalistlag.

Departementsråd Anne Karin Lande Hasle, som er leiar av LOS-komitéen i Norges forskningsråd, har skrive eit kort forord. Redaktør Terje Steen Evardsen har skrive eit noko lenger forord, som på ein fin måte trekker saman det viktigaste i dei presenterte artiklane.

Mediefolk har opplagt godt av å bli kikka i korta av forskarar som kan sjå det daglege strevet i media i eit lengre perspektiv og med større overblikk. Sjølv om forskarane knapt kjenner så godt til arbeidsmåtar i media, så har dei evne til å analysere resultatet av strevet. Det er interessant, og bør vere det, sjølv for journalistar.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon