Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Etikk for journalistar

Programsekretær ved allmennavdelinga, NRK-fjernsynet

Svein Brurås (1994) Etikk i journalistikk, Fredrikstad: Institutt for journalistikk.

’Dette er det minimum av kunnskap om pressetikk som uerfarne journalister bør besitte før de slippes løs i et krevende, hektisk og ansvarsfullt yrke’ skriv Svein Brurås i forordet til Etikk i journalistikk. Boka har som formål å formidle det som er anerkjent yrkesetikk for journalistar i Noreg i dag, og utgangspunktet er ei deskriptiv framstilling av eit gitt presseetisk normsett og bruken av dette i praktisk journalistikk. Svein Brurås har sidan 1988 arbeidd som amanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda. Ein viktig del av bokas forhistorie er forfattarens eigne røynsler frå journalistarbeid i radio og avis, og diskusjonar med journaliststudentar i Volda.

Vi har ikkje noko lovfesta vern om ytringsfridomen her til lands, men grunnlovas paragraf 100 slår fast at ’trykkefrihet bør finde sted’, og ’bør’ er her å forstå som ’skal’. Brurås sitt kapittel om Lovverk og selvjustis gjev ein grei gjennomgang av det presseetiske apparatet med m.a. Vær Varsom-plakaten, Pressens Faglige Utvalg og klagenemnda for kringkastingsprogram. Vedlagt i boka ligg òg programreglane for NRK, tekstreklameplakaten, redaktørplakaten og etiske retningsliner for nærradioverksemd. Viktige paragrafar i grunnlov og straffelov er også med.

Så fylgjer ein omtale av journalistrolla og pressas oppgåver og funksjonar med m.a. ei drøfting av objektivitetsidealet. Spørsmålet om korleis journalisten skal ivareta integritet og uavhengigheit er handsama konkret og med døme som journalistar vil kjenne seg att i. Også kapitla om sanning og kildekritikk og tilhøvet til kjeldene gjev handfaste døme på kva krav som gjeld for journalistens bruk av kjelder og for presentasjon av stoffet. Å få fram fakta og informasjon er pressas første bod, men samstundes skal pressa ta omsyn til personvernet. Å skilje rett mellom desse to omsyna høyrer til dei vanskelegaste sidene ved journalistjobben. Brurås går ikkje utanom dei etiske konfliktane journalisten her støyter på, og drøftar personvern i rettsjournalistikk, dekking av ulykker, sosialreportasjar, bruk av namn og bilete.

Lover og reglar for pressas bruk av bilete blir også gjennomgått og drøfta. Alt i alt er Etikk i journalistikk blitt ei god bruks-og oppslagsbok som vi har bruk for i det daglege journalistarbeidet.

Sentrale omgrep i boka er etikk, presseetikk og journalistikk, og det kan vere grunn til å stille nokre spørsmål til måten omgrepa er brukte på.

’Etikk er teorien, moralen er praksis. Etikk er morallære’, seier Brurås og definerer området for etikken i journalistikken vidt: ’Etiske problemstillinger ligger latent i alt fra journalisters virkelighetsopptatning og forståelse av egen rolle til alle journalistikkfagets bestanddeler: stoffprioritering, kildetilfang, kildearbeid, metoder, språkbruk, sjangervalg, redigering, presentasjon, publikumskontakt osv.’ Brurås konstaterer at etter åtak utanfrå, så aukar ofte pressas eige arbeid med presseetikk, og han spør om presseetikk i realiteten berre er taktikk for å hindre lovgjeving som avgrensar pressas fridom. Svaret han gir, er at det ikkje er grunn til å hevde at pressetikk berre handlar om taktikk frå pressas side, men at presseorganisasjonanes arbeid for å heve den etiske standarden er alvorleg meint. Det er nok rett, samstundes er det eit stykke att før etiske vurderingar sit som dei skal sitje i ryggmargen på journalist og redaktør. I siste kapitlet drøftar Brurås om presseetikken har eit verdigrunnlag og kva det eventuelt er, og legg fram forslag til ein modell for presseetisk analyse. Han ser dei tre verdiane ’humanitet’, ’sannhet’ og ’åpenhet’ som basisverdiar for all menneskeleg samkvem, og ’uavhengighet’ som ’en fundamental verdi for pressens rolle og vesen i dette samfunnet’. Forfattaren tek også lesaren med på ein særs rask svipptur gjennom ulike modellar for etisk tenking, og grupperer dei i sinnelagsetikk, den gyldne middelvei, pliktetikk, konsekvensetikk og utilitarisme.

Avslutningsvis foreslår Brurås ein metode for presseetisk analyse som er tenkt som eit hjelpemiddel til å ta etikk på alvor i det daglege arbeidet i redaksjonane, for det er slett ikkje slik at det alltid finst klare og eintydige svar på kva som er etisk rett å gjere i ei aktuell sak.

Brurås inviterer til å klargjere presseetiske dilemma ved å stille åtte spørsmål til ei sak, av typen ’tåler mine motiv og metoder dagens lys? ’, ’hvor plasserer jeg min lojalitet?’, ’hva er vesentlig informasjon for publikum?’. Dette er eit interessant forslag, og det ville vore spanande om Institutt for Journalistikk fylgde opp denne konkrete ideen og f.eks. fekk nokre aviser til å prøve ut metoden i det praktiske arbeidet.

Brurås brukar gjennomført omgrepet presse og presseetikk, og definerer desse til å vere noko forskjellig frå omgrepa media og medieetikk. Ordet presse blir i boka brukt som fellesnamn for alle nyheitsmedier, inkludert kringkasting. Og grunngjevinga Brurås gjev, er m.a. at bruk av ordet ’presse’ om nyheitsmedier gjer det lettare å ’kunne omtale journalistikk som ett fag, på tvers av mediegrenser’.

Han avviser omgrepet medieetikk fordi det kan oppfattast som etikk for alle medier, ’både forleggere, filmimportører og databasevarer. Alle er ’mediefolk’, men med et relativt begrenset yrkesmessig fellesskap med journalister’. Og omgrepet journalistikk definerer Brurås slik: ’Journalistikk er aktuell og sannferdig formidling av fakta og synspunkter, lettfattelig presentert av en uavhengig redaksjon eller journalist’, og seier vidare:’med en slik definisjon har vi signalisert at nyhetsformidling er et kjerneelement i journalistikken’. Men når Brurås går djupare inn i journalistrolla og definerer pressas oppgåver, så nemner han at i tillegg til å gje informasjon, kommentarar og ha ein overvakingsfunksjon, så er det også pressas oppgåve å vere rettleiar for forbrukarar,gje kulturell opplysning og så skal den underhalde.

Når driv journalisten journalistikk og når driv han underhaldning, og strir ikkje også aviser med si stoffprioritering mellom tungt og lett, fakta og underhaldning? Omgrepet ’presseetikk’ gjev assosiasjonar til dagsaviser og ikkje til fjernsyn og radio. Verknadane av å bruke uttrykket presseetikk til skilnad frå medieetikk, kan bli at etermedier meir og meir blir utdefinerte som arena for seriøs journalistikk, og i stigande grad blir forstått som berre underhaldning. Ettersom stadig fleire journalistar får jobb i radio og TV, må det vere viktig å sikre seg at dei forblir i journalistikken og ikkje gjer journalistikk til underhaldning.

På dette feltet kan det vere behov for nytenking og nyorientering i dei tradisjonelle journalist- og presseorganisasjonane, og Brurås’ bok er på dette punktet lite nytenkande. Ho går lite inn i den utfordringa som flaumen av nye TV-kanalar representerer for journalisten og journalistikken.

Synet på kva journalistisk handverk er, reiser også fleire spørsmål: ’det er et kjernepunkt i det journalistiske handverket å nettopp vurdere viktigheten av informasjoner og nyheter’, skriv han. Vi har sett ei profesjonalisering og ei avideologisering av journalistikken dei siste 15-20 åra, der aviser og media meir og meir blir oppfatta som ein sams arbeidsmarknad. Likevel har ulike aviser og ulike medier forskjellig profil, og det betyr at stoffval og stoffprioritering også vil vere forskjellig i ulike medier. Også blant journalistar som kan handverket sitt godt, kan det vere svært ulike oppfatningar av kva som er stoff, og kva som er ei stor eller ei lita nyheit. For også journalisten har interesser, han er ikkje verdifri eller nøytral, også journalisten har meiningar om kva som er viktig og uviktig. Det er difor problematisk å seie at kjernepunktet i det journalistiske handverket er å kunne vurdere kva informasjon og nyheiter som er viktige.

Det er den skrivande journalisten, fyrst og fremst i dagspressa, som er målgruppa for Brurås si bok. Han nemner rett nok etermediene, men ein får likevel ei kjensle av at dei er hengde på. Å arbeide med nyheitsstoff i fjernsyn kan vere noko forskjellig frå journalistarbeid i aviser, m.a. når det gjeld bruk av bilete, vinkling av stoff, utval av fakta. At Etikk i journalistikk har den skrivande journalisten som primærgruppe, og i så liten grad er skriven også for TV- og radiojournalisten, er ein veikskap ved boka.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon