Proust og den paradoksale aldringa

I På sporet av den tapte tid utforskar Proust tida og korleis ho artar seg. I romanen, som for oss alle, går ho stendig og renn ut gjennom fingrane på personane, men forteljaren opplever at ho òg kan gjenfinnast og gjenlevast ved hjelp av minnet og kunsten. Den proustske tida utgjer altså eit paradoks som gjennomsyrer heile På sporet. Når ein kjem til slutten av siste bind, «Den gjenfundne tid», til delen som ofte blir kalla «Le Bal de têtes», blir møtet med dei aldrande andleta og kroppane til forteljaren sine venner og kjende prov på at tida og aldringa held fram, ubønnhøyrleg, trass i minnet og kunsten. Aldringa har altså både ein viktig funksjon og ein framståande posisjon i verket, men likevel har ho fått lite merksemd i den akademiske litteraturen om Proust.

Utgangspunktet for studien min var det fylgjande spørsmålet: Kva fortel metaforane ein finn i skildringane av aldrande personar i «Le Bal de têtes», om den proustske førestillinga om aldringa og om det aldrande sjølvet? I tillegg ville eg undersøka implikasjonane den oppfatninga av tida som paradoksal har for oppfatninga av aldringa i verket, samanhengen mellom aldringa og den proustske estetikken og forholdet mellom kunsten og aldringa i romanuniverset til Proust.

Det er fleire grunnar til at eg valde å undersøka nettopp metaforane i «Le Bal de têtes». På sporet er kjend for dei mange metaforane og dei komplekse vevane dei skaper i teksten. I tillegg har metaforen ein viktig funksjon i romanuniverset. Ifylgje forteljaren er det nemleg gjennom metaforen at forfattaren kan nå ei sanning og ein «essens», og på den måten kan både ting og opplevingar unndragast tida sine verknader (Proust 2000, 7, 231). Metaforen er òg tett knytt til minnet i På sporet, og dermed til spenninga mellom tida som går, og tida som blir bevart.

Det teoretiske rammeverket for avhandlinga mi bygger på kognitiv metaforteori, som blei lansert på 1980-talet av mellom andre George Lakoff, Mark Johnson og Mark Turner (2003; 1989), og Paul Ricœur sitt syn på metaforen, slik det er presentert i La Métaphore vive (1975). Ifylgje kognitiv metaforteori er metaforen eit grunnleggande trekk ved menneskeleg tenking. Me nyttar oss av abstrakte strukturar – omgrepsmetaforar – for å forstå verda rundt oss. Lakoff, Johnson og Turner skil metaforen frå det språklege uttrykket han får i bruk, og dermed kan éin omgrepsmetafor uttrykkast på mange ulike måtar.

Kognitiv metaforteori gjer det mogleg å identifisera omgrepsmetaforar som bidrar til strukturen i dei deskriptive passasjane hjå Proust, og slik kan ein nøsta opp i dei tette metaforiske vevane. Det gjer det òg lettare å sjå samanhengar både mellom ulike metaforiske uttrykk og mellom ulike passasjar. Likevel er ikkje kognitiv metaforteori eigna til å gjera greie for alle aspekta ved den proustske metaforen, og eg har derfor tatt med meg noko frå Ricœur sitt perspektiv.

Desse to teoretiske tilnærmingane deler nokre grunnleggande tesar. Den viktigaste er kanskje at metaforen speler ei rolle i måten me forstår verda på. Dei har òg til felles synet på likskapen mellom dei to omgrepa metaforen samanstiller. Det er ikkje ein likskap som alt finst, og som metaforen kan visa til – han blir til gjennom metaforen. Men for Lakoff, Johnson og Turner er denne likskapen ufullstendig: Trekka ved kjeldedomenet som ikkje enkelt passar inn i måldomenet, blir utelatne. Ricœur, derimot, understrekar at spenninga er ein ibuande eigenskap ved metaforen. Trekk som ikkje passar, blir ikkje gøymde – dei er òg ein del av metaforen, som på den måten uttrykker både det som er, og det som ikkje er (1975, 282). Denne spenninga har hjelpt meg å utforska metaforane til Proust. Sidan metaforen samanstiller to ulike og gjerne motsetnadsfylte domene eller termar, er han i seg sjølv eit slags paradoks som speglar det paradoksale i tida og aldringa.

I «Le Bal de têtes» er metaforar som speler på ulike kunstformer, blant dei mest brukte. Endringane personane har gjennomgått, blir ofte skildra som ein kunstnarleg skapingsprosess – til dømes som utviklinga av eit måleri:

Den kopien av Odettes ansikt som jeg, den dagen jeg hadde truffet Bergotte for første gang, hadde sett et forsiktig utkast til i Gilbertes ansikt, hadde Tiden endelig utviklet til den mest fullkomne likhet, på samme måte som disse malerne som arbeider på et verk over en periode av flere år (7, 283).

Dei to sidene av tida – den endrande og øydeleggande, og den oppsamlande og bevarande – smeltar saman i skildringane i «Le Bal de têtes». Den opphøgde funksjonen til kunsten i På sporet smittar av på aldringa når desse to domena blir samanstilte, og aldringsprosessen blir på den måten oppvurdert, samstundes som han heilt tydeleg er skildra som knytt til tap, forfall og død. I mykje av den akademiske litteraturen om Proust, blir det proustske synet på aldringa presentert som svært pessimistisk. Mine analysar av aldringsmetaforane i «Le Bal de têtes» nyanserer desse tolkingane. I På sporet, der kunsten er så verdsett, kan ein ikkje ignorera fleirtydigheita dette domenet introduserer i skildringane av dei gamle personane.

Medvit om aldringa blir eksplisitt presentert som ein føresetnad for kunstnarleg skaping, når forteljaren tenker på møtet med dei aldrande personane som ein «spore» (7, 393). Men samanhengen mellom den proustske estetikken og aldringa går endå djupare. Dei gamle personane hjelper forteljaren til å sjå bandet mellom tida som blir bevart i minnet og tida som endrar menneska. Dei har samla opp så mange lag med tid at dei er blitt «kjemper» (7, 411) – ei endring som samstundes kan sjåast som ei oppsamling av tida dei har opplevd.

Som i dømet der ein «målar» arbeider med andletet til Gilberte, er det ofte tida, personifisert som kunstnar, som står bak akkumuleringa av aldringsteikn. Når denne kunstnaren arbeider med verka sine – altså personane – gjev han dei stadig meir djupn gjennom å legga på lag med måling. Tida blir på denne måten eit kunstnarleg førebilete for forteljaren, som vil formidla den temporale djupna til personane i romanen sin ved hjelp av metaforen. Laga av meining som blir skapte når ein legg domene eller termar oppå kvarandre, gjer det mogleg for metaforen ikkje berre å uttrykka det paradoksale i aldringa, men òg å illustrera korleis lag med tid samlar seg opp på og i dei aldrande kroppane i På sporet.

Aldringa, slik ho blir presentert i «Le Bal de têtes», er meir nyansert og kompleks enn ho verkar ved fyrste augekast. I metaforen kan ho forbli eit uløyseleg paradoks som omfattar både endring og oppsamling, øydelegging og skaping, brot og kontinuitet, og som kan vekka både pessimisme og frykt, fascinasjon og beundring.

Litteratur

Lakoff, George og Mark Johnson. 2003. Metaphors We Live by. Chicago: University of Chicago Press.

Lakoff, George og Mark Turner. 1989. More than Cool Reason: A Field Guide to Poetic Metaphor. Chicago: University of Chicago Press.

Proust, Marcel. 1999–2000. På sporet av den tapte tid. 7 bind. Omsett av Anne-Lisa Amadou. Oslo: Gyldendal.

Ricœur, Paul. 1975. La Métaphore vive. Paris: Seuil.